Vega Lind
Kjærleiken eig mange farger
1
du makelause menneske og min medsyster
kor underleg det er å høyre din kviskring
i alt som ikkje lenger er, i kvart eit bibelsk tomrom
som den blinde les eg deg inn i historia att
høyrer eg din gråt, sansar eg din sorg
over din elskede og ven, Maria
til skuggane blei du forvist
kanonisert som dei prostituertes verje
men som mann hadde du vore stor
eg målar deg i purpur og ljos
2
du ber kvar ei kvinne i dine andefylte hender
og gjer kjærleiken til eit blomstrande andlet
der du tenner ljoset i alle mørklagde rom
søk sanninga i kvart eit ord og hjartekammer, seier du
og held fram, sjå alt i ei einaste rot
og eg takkar deg fordi du ærar meg og mine sysken
med denne visdomsgåva
2 millenium for seint riktig nok
men eg vil alltid halde av deg for akkurat det
du min gemini
3
kjære lille guddommelege ven
med auge som grønt hav og
lokkar som skinnande stjernestøv
deg vil eg alltid elske, hegna om
deg vil eg vaska føtene for heile livet
og eg kan berre vona
at du ein dag gjer det same for meg
innan eg døyr
Posted at 10:37PM sep 04, 2009 by Vega in Dikt | Kommentarer[3]
Nynorsk er hjartespråket for meg, så eg kan bli både kritisk og - mjuk.
Eg får lyst til å ta fram raudblyanten, javisst, det er typisk meg -
Men du har ei nerve, ein bodskap som piplar mellom bokstavar og linjeføring - ei slik indarleg og EKTE teneste for målet og litteraturen-
Så eg vil halde kjeften.
Inntil vidare :)
Skrevet av mayway , 01:59, lørdag 5. september 2009 #
Skrevet av mayway , 02:00, lørdag 5. september 2009 #
Hyggelig at du stakk innom:) Takk, for fine ord også! Du må gjerne kommentere mine tekster og også bruke ditt røde blekk.. Jeg må dog innrømme at jeg foretrekker at rødblekkommentarer osv skjer på skriveforumet www.underoverflaten.no der jeg bearbeider mine tekster. Men, som sagt over, så står du fritt til å ta fram din kvasse penn hvor som helst:) Riktig så nysgjerrig på hvor du vil plassere den, hvor mange felter som er igjen. Diktet har vært gjennom diverse filtre allerede:D
Fargerik dag til deg!:)
Skrevet av Vega , 11:02, mandag 7. september 2009 #