asymmetri


sjå opp i nasa

 
mandag feb 23, 2009

Ein sånn dag

I dag er ein sånn dag. Ein dag eg gjerne skulle krype inntil ein fin og god mann og sovna til lyden av hjarta hans som slår og slår og slår.

 

Og vakna av eit kyss i panna og eit "god morgon, søta" og kjenne at han trekkjer meg tett inntil seg. Så kunne me slumra og slumra og slumra heilt til det berre vart akkurat nok tid til å springe til bussen.

søndag jan 25, 2009

Eh. Bok og neglelakk

Eg må seie at det er kritikkverdig at Bokklubben brukar dobbelt så lang tid som det tek å få sendt noko frå USA eller Kina, på å få sendt noko frå eine sida av Oslo og til den andre. Menmen, no har eg fått boka mi.

eg leste Mannen som elsket Yngve og Kompani Orheim (begge av Tore Renberg) så hadde eg akkurat flytta frå Stavanger og var rimeleg kjend i området. Så det var ei fryd å lese gatenamn og vite at der har eg gått óg. Og kor bra passar det ikkje då, at handlinga i den siste boka Charlotte Isabel Hansen er lagt til Bergen? Byen eg akkurat har flytta frå! Som om ikkje det er nok så er då altså Jarle Klepp student i litteraturvitskap og OH MY GOD! det har jo eg også vore. Nei, dette må jo vere ei bra bok. Alt tyder på det.

Ellers går dagane med til sying, teikning, jobbing, reise med bussen, vaske opp (det minner meg på at eg må kjøpe ny oppvaskmaskin asap) og netthandel. Eg har ikkje så mykje tid til shopping, og er eigentleg ikkje så glad i butikkar, men netthandel <3 eBay <3 Mineralsminke <3 Neglelakk <3 Ventar no på ni deilige neglelakkar som skal kome i posten frå USA. Pokker ta tollgrensa på 200 kr som hindra meg i å bestille fleire!!!

 

torsdag sep 25, 2008

Alltid er det noko.

I dag har eg vore nesten ti timar på skulen. Klokketimar. Det var like før eg forsov meg i dag tidleg. Rakk bussen med naud og neppe, den køyrde forbi huset eg bur i då eg låste døra og eg måtte løpe til busstoppet for å komme med. Det gjekk akkurat. Eg vakna kl. 08.00 etter å ha sove heilt fabelaktig i omlag sju timar. Du forstår - eg la meg nemleg nydusja i nyvaska og nytørketromla sengetøy i går kveld. Alle veit jo at det er det beste. Nja, kanskje utanom å leggje seg nydusja i nyvaska og nytørketromla sengetøy og krype inntil ein kjekk mann då. Det vil eg gjere no, men ikkje er eg nydusja og ikkje er sengetøyet nyvaska og nytørketromla og eg må i tilfelle krype veldig langt, for ikkje er han her heller. Alltid er det noko.

onsdag sep 24, 2008

Pudding, anyone?

Eg skulle ønske eg hadde ei vaniljepuddingmaskin. Gjerne sånn som på kjøleskåpa no til dags, kor ein kan få både iskaldt vatn og isbetar og allslags. Eg vil ha det, pluss ein ekstra funksjon som gir meg VANILJEPUDDING! Aner ikkje om noko slikt fins, men i så fall ynskjer eg at nokon skal finne det opp og gi det til meg, slik at eg alltid kan ha tilgang på vaniljepudding...

 

 

Ååååh, vaniljepudding! Noko av det beste eg veit.

 
© asymmetri