Black Magic Woman


...Svart på innsida altso

 
lørdag jul 24, 2010

Skillsmissefestival anyone?

I helgen er det duket for skilsmissefestival På Christian Gaard Bygdetun i Trandal.
Det finnes vel knapt et vakrere sted å feire skilsmisse synes jeg :)


Bildet er henta fra Christian Gaard gjesteside


De færreste av dere har vel hørt om Trandal men her oppe vet alle hvor det er og at det er her det er liv, hele sommeren gjennom. Takket være Frank Storeide som drev dette stedet. Ingen har vel samlet flere kjendiser i fylket enn han (med unntak av jazzfestivalen i Molde).


Hva har skilsmissefestival med litteratur å gjøre?
Jo en kan f.eks ta turen til denne vakre og gjestfrie bygden lengst inne i en fjord for å hente inspirasjon.
Eller man kan dra på skilsmissefestival i håp om å treffe likesinnede.
Kanskje det er mulig å begrave litt sinne og bitterhet etter å ha vært på en sånn festival.

Eller man kan rett og slett bare dra dit for å slå ut håret?

http://www.christian-gaard.no/?side=hovedside

http://www.gpduo.dk/7820597

 

mandag jun 07, 2010

Knekt, knakk, har knukket?

Eg slit med bøyingane og er tydelegvis ikkje åleine om det.
Her seier me brotna istadenfor knekt. Då vert det bryt, braut, har brotna tenkjer eg.

Men eg las ein artikkel i VG nett i dag der det stend at Knausgård kunne knekt av presset.
Eg fekk nokre skrekkelege bilete i hovudet her...kvar ville han brotna?
Kvar er det best å brotne når det fyst skulle skje?

Eg han enda ikkje bestemt meg om eg skal lese Knausgård eller la vere.

søndag feb 28, 2010

Ein grepa kar...

"Alle" les Knausgård for tida. Det er liksom det som gjeld i litteraturverda no. Alle skriv om han òg, eller meinar noko om han.
Eg var fast bestemt på å starte å lese han etter eg las dei fyste anmeldelsane men no tvilar eg på at eg vil det. Det er kome til eit metningspunkt, eg er metta av forfattaren før eg har byrja å lese bøkene.
Dette har skjedd mange gongar før. Når nokon vert so overeksponert som dette så går eg lei, misser interessa.

Knausgård er for dummies vert det hevda. Soleis skulle bøkene passa perfekt for meg. Nokon hevdar det er sosialpornografi på sitt verste, eller kanskje beste. Sosialpornografi kan eg ikkje utstå. Eg maktar ikkje lese om andre sin navlelo. Det finnast overhovudet ikkje interessant for meg. Men det er vist interessant for dei fleste. Å lese om andre sitt privatliv meinar eg.
Vi vert fòra med kjendisar sine tankar, lyster, problem og komplekser. Slikt som vi før berre kunne finne i Se & Hør, er no i alle aviser, vekeblad og tv.
Elles så vert ein og overfòra med andre sitt privatliv gjennom blogg og facebook. Nokon trur dei treng utlevere seg heilt for å bli interessant.
"Alle" meinar sosialpornografi er ein uting. Merkeleg igrunnen sidan dei som utleverar seg mest får òg mest merksemd.
Media trur kanskje dei har informasjonsplikt kva kjendisane til ei kvar tid gjer, meinar og tenkjer. Kjendisane sjølv trur heile livet deira er til allmenn interesse.
Eg finn det utidig når folk skal brette ut heile innsida si.

Det er dette mange meinar Knausgård gjer, brettar ut privatlivet sitt og utleverar andre. Eg har ikkje noko motforestillingar mot for tidleg sædavgang men føler ikkje trong til å lese om det.
Kanskje eg ventar til heile Knausgård-hysteriet har lagt seg så vurderar eg på nytt om eg vil lese bøkene. I mellomtida les eg bøker som ikkje får slik merksemd og trivast med det.


Eg les no 3. bok av Levi Henriksen på kort tid. Det er noko med han eg set pris på, men veit ikkje heilt kva. Berre det at bøkene hans gir meg leseglede. Treng vel ikkje å utdjupe det meir enn det?  Mannen verkar som ein grepa forfattar.

torsdag feb 18, 2010

Are we human or are we authors?

Det kan`kje vere lett å vere ein forfattar.
Særskilt ikkje når ein må nedverdige seg til å lese korrektur frå kven som helst. Enkelte idiotar har ikkje betre vet enn at dei sende inn sine makkverk som ikkje høyrer heime nokon annan stad enn i eiga kommodeskuffe.
Greitt nok at ein får betalt for å nedverdige seg til å lese makkverk frå idiotar, men når dei forventar å verte behandla med respekt, då må ein setje ned foten.

Lukkelegvis veit både forfattarar/konsulentar og forlag råd.
Dei let desse manusa ligge å godgjere seg hjå forlaget slik at desse toskehovuda skal byrje å tru det dei har sendt inn er interessant. Desse lavpanna idiotane feirar nok med Champagne og blomar og ventar på ein straum av gratulasjonar.
I verkelegheita så har forlaget og forfattar/konsulent det morosamt på bekostning av desse fjottane. Kan dei forvente noko anna når dei ikkje utviser betre sjølvinnsikt enn å plage viktige folk med sånt idioti?

Eg synast verkelig det er synd at forfattarar skal verte belemra med manus som ikkje held mål. Det kan sanneleg ikkje vere lett for dei. 
So kva kan ein gjere for å betre vilkåra for dess stakkars forfattarane/konsulentane?
Jau, dei kan starte med å invitere enkeltpersonar/bloggarar til å sende inn manus. Då har ikkje so mange bloggarar rævsleika desse forfattarane forgjeves.
Nett som å slå to floger i ein smekk.

Ein skulle nesten tru at den vanlege mann i gata gjeng kring og trur at forfattarar er i same klasse som alle oss hine.

søndag feb 14, 2010

No er det for seint...

Til å bli verdame meinar eg.
Hadde eg satsa på ein opptreden som verdame kunne eg i dag ha vore forfattar, hatt ei songkarriere, programleiar, profilert i alle slags aviser og vekeblad.
Eg hadde fått tilgong til alle slags urpremierer og andre premierer berre fordi eg las opp eit ferdiglaga manus nokre minutt i veka.
Til og med eg kunne klare det.

Ein treng ingen talent for å vere forfattar så lenge ein er kjendis i utgongspunktet.
Det er trynefaktoren som gjeld.

Terje Thorsen kritiserar Tiger Gartè for å ha eit stort ego og for å bli styrt av sitt kjendisbehov. Men det er no akkurat det som sel.

No er det for seint. Ingen vil ha ei verdame på 40 +
Det er ingen døropnarar for meg.

mandag jan 25, 2010

Jaja, no veit me kva som gjeng føre seg på forlaga sine sommarfestar..

Det kjem vel neppe som ei bombe for nokon at det ikkje berre er raudvin dei nyttar på desse festane.
Ruben Eliassen hevdar at fleire forfattarar nyttar narkotika når dei mengar seg på forlaga sin sommarfestar. Då i form av kokain og amfetamin.

Vidare seier Eliassen:" forfattere er som andre kreative tiltrukket av å utprøve grenser og utfordre sansene."

Det er vel noko av det dummaste eg har høyrt på lenge. Klarar ein ikkje å utfordre sansane utan å ty til narkotika, så er ein ikkje kreativ nok.
I mi verd er ein rimeleg avflata om ein må bruke narkotiske stoff for å klare utprøve grenser og utfordre sansane sine.


 

onsdag des 16, 2009

Dagsrevyen opnar for personifisering?

Det var tv2 som fyst starta med personifisering. Verdamene var viktgare enn vermeldinga. I fleire av programma på tv2 er det større fokus på programleiarane enn på sjølve programmet.
No kan det sjå ut som NRK haltar etter. For Ingerid Stensvold har fått medhald i å tale si eiga dialekt.
Hugsar du Ingolf Håkon Teigene? Han snakka perfekt etter mitt syn. Men hadde han anvendt dialekta si ville fleire fått vanskar med å forstå han. Eg har same dialekta som han.

Kva med alle dei som slit med å skjøne det norske språk generelt? Vil dei skjøne måselv dialekta til Ingerid Steinsvik?

Dessutan driv Dagsrevyen med dialekt diskriminering sidan nokon vert nekta å bruke si dialekt. Er måselv dialekta lettare å skjøne enn totendialekta?
Eg skjønar ikkje heilt hensikta med dette, men antek det har noko med å sette sitt heilt personlege preg på det dei formidlar.
Eg ville laga eit himlandes spetakkel om nokon fekk bruke dialekta si medan eg vart nekta. 

Tenk om ein med mi dialekt skulle framføre nyhendene, mange ville rett og slett slite med å skjøne kva som vart sagt.

"Ho hadde so låkt i kolbøtene at ho sto over 500 meteren. Ho la sej rett og slett føre."
" Ho hekje men ho hi ho he"
"Politiet såg det naudsynt å kverrsette sertifikatet på staden."
"  Korkje Jens eller Erna he tekje omsut til sine, dei gjenge over på hi sia....."

Sikkert forståeleg for nokon men slett ikkje alle.

Er ikkje det nok med bokmål og nynorsk i media?

søndag des 06, 2009

Veit dykk kva AKH stend for?

Assistert Kone Henting.
Eg har funne på det sjølv.
No når Gunn Karin Gjul (AP) har gått ut med at det er urettferdig at einslege kvinner ikkje skal få assistert befruktning på lik linje med lesbiske og kvinner i parforhold.
Men samstundes så kjempar vi ( Noreg) for likestilling mellom kjønna. Det har altso Gunn Karin Gjul gløymt.
Men eg har ikkje gløymt det.

Eg trur no at det er på trappene ei lovfesting der å få born vert ein rett vi menneske har uansett om vi parar oss eller ikkje.

Difor lanserar eg no korleis vi kan sikre at einslege menn får same rettar som einslege  kvinner.
Anten kan dei få statsstøtte til å reise avstad for å finne seg ei kone ( AKH), eller ein må finne ei anna løysing.
Då tenkjer eg på statlege rugekasser, slik einslege menn slepp å pare seg for å verte far ( på lik linje med einslege kvinner).


Er ikkje dette eit glitrande forslag?
Bør ikkje eg eigentleg få ein pris, àla likestillingsprisen eller noko slikt?


Henv.kilder:
http://forfatterarena.blogspot.com/2009/12/gunn-karin-gjul-vil-befrukte-single.html


http://gunnkaringjul.blogspot.com/2009/12/assistert-befruktning-til-single.html#comments

torsdag nov 26, 2009

Når er ein ferdig sjølvutvikla?

I dag kan ein lese ei rekke bøker om sjølvutvikling. Det er vel knappast ei metode som ikkje sel.
Likeeins er det med kurs. Synest eg les om sjølvutvikling kurs ut i eitt.
Eg har ikkje gått på nokon sånne kurs eller lese noko bok om dette emne, er eg kanskje ikkje ferdig sjølvutvikla då?
I dag las eg i ei avis her heime ei som kallar seg seriøs og treffsikker. Ikkje noko nytt det. Dei fleste hevdar å vere det. Men eg las og at ei anna driv med englereading (ikkje engleriding altso). I tillegg driv ho med auralesing ++.
Eg er sikker på ho har kundar i hopetal for det ser ut til at dette er ein trend som er komen for å bli.
Kanskje eg burde prøve det?
Men skjønar ikkje kvifor.

Då eg las ein artikkel med prinsesse Martha L og hennar makkar så virka ikkje det med englane som noko nytt og revolusjonerande. Det minte meg om tradisjonell sjølvutviklingsmetodikk ( om ein kan kalle dette metodikk). Det kunne og likne på kognitiv terapi og ein rekke andre veletablerte metoder.
Kvifor treng eg finne engelen min? For det handlar om å verte trygg på seg sjølv, verte nøgd med seg sjølv og sånt noko. Det kan eg då finne uten å ha ein engel kring oklane?

Adolph reklamerte i si tid for spåing i fiskeslo. Det er kanskje like anvendeleg som alt det andre ein kan lese om.

Vert eg meir sjølvutvikla av å finne auraen min?
Eg er overbevist om at min aura er så innrøykt at den liknar på ozonlaget. Tynn, illeluktande og gjennomtrengjeleg.
Men eg er god på å verne om meg sjølv så eg treng kanskje ikkje byte ut auraen min.

Sjølvrealisering er og noko som er in i dag. Vi sjølvrealiserar oss som aldri før.
Eg har trudd at sjølvrealisering var noko vi utelukkande gjorde på bekostning av alle kring oss. Som ein slags egotripp. At no hadde vi slete nok med mann, born og arbeid. No er det på tide å bryte ut for å sjølvrealisere....


Eg er nok verken sjølvrealisert eller sjølvutvikla.

Sei meg, gjeng eg glipp av noko?

lørdag nov 21, 2009

Einsam men ikkje einsleg...

Eg føler meg som ein gamal lenestol frå Hjellegjerde.
Ein som skjeldan vert siten i
Som ikkje lenger har heidersplassen
Som er plassert inst i stova
Og samlar støv
Til den dagen den vert erstatta med ein nyare modell

torsdag nov 05, 2009

Er det mogleg å få litt merksemd her?

Med det ytrar eg eit ynskje om attendemelding på dette diktet:

Du kveikte ein eld i meg

Du let meg tru eg var den einaste eine
at eg hadde deg heilt åleine
Du ga meg att trua på kjærleiken

Tunge tankar fordufta
det låg kjærleik i lufta
Du kveikte ein eld i meg

Eg starta å sjå kyrkjeklokker i det fjerne
ville gi deg mitt ja meir enn gjerne
du ga meg trua på ein lukkeleg ende

Men ein dag tok det slutt
du likte betre ho Ruth
Ljoskjegla i meg slokna


Sler dette an så kjem eg til å gje ut ei diktsamling :D

onsdag okt 21, 2009

Here we go again....

Egentlig hadde jeg tenkt å skrive litt om meg selv.
La oss nå snakke litt om meg liksom.
Men neida, jeg skal ikke plage dere om meg og mitt selv om man på mange bloggportaler utbroderer sitt innerste og ytterste i utrengsmål. Men dette er ikke en sånn bloggportal så dere skal slippe.
Sånne mellommennesklige greier hører hjemme i rl. RL betyr real life altså.
Jeg vet ikke engang om jeg har et real life. Det føles ikke alltid sånn. Spesielt ikke nå som jeg har sluttet å røyke på jobb. Men skal ikke plage dere med detaljer om det. Hvem bryr seg vel med at jeg i arbeidstiden vandrer rundt som en furie? Jeg ser ut som sinnataggen, bare med klær på og uten mannlige kjønnsorgan.
 Jeg visste ikke at det var så mye jeg mislikte. Jeg hater egentlig mange ting og irriteres over en lang rekke med personer. Har ikke lagt merke til det før. At folk ikke tenker over hvordan de opptrer. På møter sitter noen og lager trutmunn, mens en annen lager sånne eh, eh- lyder mens h*n venter på å få ordet. Noen sitter å fingrer med et eller annet idiotisk og lager irriterende lyder. Men tenker de over at det er forstyrrende? Neida, de er seg selv nok.
Det er så forbanna irriterende at jeg blir gal!
 Og det lukter så inni f.. av kjøleskapet på jobben. Folk er nødt til å trykke inn all verdens slags jævlige oster som de gafler inn i hodene og tåkelegger hele spiserommet. Det lukter all slags f... skap, død og elendighet.
Jeg må ut på verandaen og lufte meg med jevne mellomrom for ikke å klikke totalt. Jeg har fått noen få "raserianfall". I anførselstegn fordi jeg mente det var å si min mening klart  og tydelig så ingen skulle misforstå.

Ja,ja, nok om meg og mine lidelser. Jeg lider iallefall ikke av anoreksia ( himler med øynene). Hadde jeg vært mann ville jeg blitt omtalt som korpulent. Men jeg er kvinne i høyeste grad (med alle mine hormoner herjende rundt i min omfangsrike kropp).
Jeg har vært så glup (!) at jeg har plassert et digert speil på en vegg så når jeg går på do, på badet eller på soverommet, så ser jeg meg selv i helfigur. Det er et syn som slår meg ut hver gang. Jeg er en krysning av Mumimamma og Fru Pigalopp.
Jeg orker ikke utsette meg for sånne påkjennelser lenger så lyset i gangen er av. I dagslys så ser jeg kun ned på føttene mine for å slippe se meg selv komme vraltende.
Men gjør jeg noe med det?
Ja, jeg tenker på det. Tenker på å gjøre noe med det.
Jeg er ikke feit, bare næringsrik.
Det hjelper å holde på den tanken.

Jeg kunne f.eks luftet noen av mine tanker med dere, men da ville jeg bare fått bekreftet at jeg er en avviker. Jeg kunne fortalt dere om hvilken bok jeg leser. For det er jo tross alt et sted der vi snakker om sånt (skriver iallefall).
Men det er her jeg har problemer. Jeg har flere interessante bøker på nattbordet. Sånne som jeg har gledet meg til å lese. Men jeg får det ikke til. Jeg klarer ikke lese to sider i en bok, selv om jeg er helt sikker på at bøkene er gode og vil gi meg en flott leseopplevelse. Men nei, jeg klarer ikke. Fordi hodet mitt er fullt. Det er ikke plass til å ta inn noe mer (som om det var noe nytt, tenker vel dere).
Noe må ut før jeg fåt ta inn noe mer. Men vet ikke hvordan jeg skal få det ut. Hodet mitt er proppfullt av to manus jeg går og bærer på (i hodet). Jeg omskriver dem (i hodet) og planlegger skriveprosessen (i hodet).
Jeg har hatt dem der lenge og har fint klart å legge dem til sides for å gjøre plass til annet, som å lese en bok f.eks. Men nå er det altså fullt.

Noen annen som har hatt det sånn?

lørdag okt 17, 2009

Hvorfor legge seg flat?

Aslak Nore beklager at han klasket til Morgenbladets journalist Simen Sætre under et debattmøte på Litteraturhuset i kveld.

Det er kanskje ikke helt stuerent å gå til fysisk håndgemeng under/etter en debatt, men fullt forståelig for sånne som meg.

Jeg hørte litt av debatten og må si at Sætre opptrådte både smålig og uprofesjonelt.
Debatten var vel ment å omhandle Nores bok "Ekstremistan", men det jeg hørte (foranledningen til angrepet) så gikk Sætre til angrep (språklig) på Nore.
Sætre fortalte han heller burde vært hjemme å feiret dattera sin bursdag istedet for å møte opp på Litteraturhuset. Han mente alle som møtte opp burde vært andre steder.
Nå brukte altså Sætre sin tid til å snakke om personlig anliggende fremfor å gjøre den jobben han er satt til som journalist i Morgenbladet.

Jeg driter vel i om dattera til en skarve journalist har bursdag. Jeg driter egentlig i hva en journalist mener om en bok. Var han der for å fortelle hva han personlig mener om boka?
Det er jo ganske symptomatisk, der er sånn jeg oppfatter mange journalister nå. Deres personlige meninger gjennomsyrer alt de skriver. Lite nyanserte og plumpe.
Tror Sætre folk hadde kommet til denne debatten for å høre hans personlige meninger om boka? Så interessant er han vel ikke og han representerte jo Morgenbladet. Mener Morgenbladet det samme som Sætre?

Det er mulig litt ekstremt å klaske til en journalist. Kanskje det hadde vært bedre om publikum hadde kastet tomater på journalisten i stedetfor?


mandag okt 12, 2009

I just died in your arms tonight...

Eg kan ikkje hugse eg nokon gong har vore so emosjonell at eg har svimt av framfor føtene på ein mann. Eg ser ikkje bort frå at det kan kome av at eg ikkje har hatt so sterke emosjonelle kjensler for nokon.

No les eg i Dagbladet at ein jakten-friar segna om i Moholts armar etter ho vart dumpa av bonden ho beila til.
Spesialist i klinisk psykologi, Atle Solbue Jensen seier at dette vert for drygt. At det er ein slags emosjonell "jackass". Det med jakten på kjærligheten på tv 2 altso.
Vidare seier han : "Det er jo bra at de får hjelp av psykologer i disse situasjonene, men når det er et så stort behov for psykologer i samfunnet ellers, kan man jo diskutere hvor mye ressurser man bør bruke på dem som faktisk bedriver risikosport."


Det å jakte på ein make kan vere alvorlege saker og det har me no sett på tv2 (dei av oss som har sett dette).
Når ein må ha psykologhjelp og treng sjukmelding i etterkant, då har det kanskje gått litt for longt?

No veit ikkje eg korleis det er å jakte på nokon med eit kamerateam hengande i skjørta då, og ikkje kjem eg til å erfare det heller, av omsut til mine omgjevnader og evt. sjåarar.

Eg har vanskar med å sjå føre meg at ein bonde skulle fått meg medvitlaus. Nei då er det meir sannsynleg at det er lukta av dyra som sler meg ut.

Om det hadde vore noko anna enn bønder so kunne eg blitt freista til å prøve ut dette konseptet. Men då føretrekkje eg finansfyrstar og den slags.
Eg trur ikkje eg ville trengt nokon psykologbehandling i etterkant. Då er det meir sannsynleg mennene hadde trengt det.

Det skal ikkje vere lett nei...


mandag okt 05, 2009

Det hjartet er fullt av...

...renn munnen over med, seies det.

I dag er eg irritert igjen. Eg ergrar meg over regjeringa, som om det var noko nytt.
Eg ergrer meg over dykk som sit der og plukkar navlelo og er berre opptekne av det som skjer i dykkar eiga lisje sfære. Eg ergrar meg grøn over overfladiske uinteresserte menneske som ikkje evnar opne augene for anna enn det dei sjølv treng og vil ha.
Gje dykk hadde fått ei jerndør rett i trynet!

Det toppa seg skikkeleg då eg las at Noreg var det best landet å bu i.
Kva meinar dei med det beste landet å bu i?
Her går ein stor del av befolkninga på uførestønad, eller venta på å få det innvilga.
Over 50 000 av våre skuleborn vert mobba kvar einaste dag. Og undersøkelsar for to år sidan viste at norske born er ulukkelege.
Her vert dei som mottek ei eller anna form for hjelp av det offentlege, behandla som annanrangs borgarar og so kan dei seie at Noreg er det beste land å bu i?

Dei reknar dette utfrå forventa levealder, lese- og skriveferdigheiter, skulegong og brutto nasjonalprodukt (BNP).

Danmark kom langt ned på lista fordi dei lever 1,5 år kortare enn oss. Dei er mykje meir lukkelege jmf. undersøkelsar, men det tel ikkje sidan dei døyr 1,5 år før enn oss.
Sei meg, kor lukkeleg trur du ho Johanna  eller han Hermann er der ho sit og ventar på å sleppe meir? Ho får mat og tòrr bleie, ei seng å sove i, men elles er ho til stor byrde både for det offentlege og for sine pårørande. Og dei veit å signalisere dette so ofte anledninga byr seg.
Det er meir snakk om å legge år til livet eller liv til åra. (eller noko slikt)

Om ein hadde endra kriteria slik at livskvalitet, likeverd, inkludering m.m  så ville ikkje Noreg kome so høgt opp. For til trass for auka BNP og auka løn for det private m.m. så er det ikkje alle som er lukkelege.
Då tenker eg særskilt på dei som er avhengig av hjelp frå det offentlege, dei som vert mobba, dei som fell utføre anten i arbeidslivet, det sosiale eller begge delar. Dei eldre og sjuke og fleire.


Eg opplever ikkje Noreg som verdas beste land sjølv om eg har det godt på alle måtar. Det kan kome av at eg ser lenger enn til navlen min, eg ser det ikkje står so bra til som vi likar å tru.
Men vi har det betre enn Kongo, det skal vi ha.

Slike rangeringar fungerar berre som ei kvilepute. Då slepp vi gjere so mykje sidan ein stor del av innbyggarane har det so godt og betre enn både Sverige og Kongo.
Dessutan slepp dei av oss som er redde for å måtte ta stilling til anna enn seg sjølv og sitt, å engasjere seg.

Eg ergrar meg til inga nytte...og det ergrar meg mest av alt!

 
© Black Magic Woman