Bokliste


 

Oddbjørn By


Memo

 
torsdag mai 27, 2010

Nerd

Er du nerd, har du lyst å bli nerd eller vil du berre lære et nerdete triks?

http://www.youtube.com/watch?v=_z7x71_5SMY

High five!

tirsdag mai 12, 2009

En forfatters beste link

Tidenes mest nyttige link for forfatterstanden:

 http://www.forsinkelsesrente.no/

søndag apr 27, 2008

Sjukemeldt forfattar?

Eg har spørsmål til mine kollegaer om sjukemelding. Kva gjer ein forfattar når han blir skada og ikkje klarer å jobbe? Ikkje klarer å holde foredrag, eller skrive lengre enn tre minutt per time. Andre folk kan jo sjukemelde seg, men er det noko ordning for oss? Eg har enkeltmannsforetak, har det innvirkning? Tenkte det er meir fornuftige svar å få her, enn hos NAV.

mandag sep 10, 2007

Terningkast og sånt

Ei veninne av meg søkte på internett etter ei bok. Nærmare sagt den siste boka ho hadde vore redaktør for, ho jobbar på eit forlag i utlandet. Eit søkeresultat viste at eit eksemplar låg ute på nettauksjon. Det var litt rart sidan boka ikkje var lansert enno. Selgaren hadde adresse like ved, så redaktøren fikk ein kamerat til å ringe på, for å kjøpe boka. Det viste seg at selgaren var bokmeldar. Ho ville tydeligvis selge boka for å tjene litt ekstra.

"Var boka bra", spurte kjøparen.

"Veit ikkje", sa selgaren. "Eg har ikkje lese den."

Ho gav boka terningkast fem i avisa. Gjett kven som aldri fikk fleire bøker frå det forlaget.

torsdag apr 26, 2007

Skatt og sånt på royalty

Ser at nokre forfattarar skriv at veldig mykje av lønna går til skatt. Tenkte berre å seie at det finns såkalla kunstnarskatt. Så vidt eg forstår betyr det for min del:

Eg begynte å skrive Memo i 2004 og blei ferdig i 2006. Dermed kan inntekta fordelast over dei åra. Som for min del betyr mindre skatt. (Utbetalinga for bøkene kjem for øvrig i 2007.)

Er det fleire som veit meir om skatt for forfattarar?

onsdag jan 24, 2007

Dagbladet på nynorsk!

Oj! Sjekk ut den her:

NRK: Redaktør Anne Aasheim delte i dag tidlig ut gratis eksemplar av Dagbladet på Stord. Med flere artikler på nynorsk.

- Vi ønsker å respektere leserne. Vi er i 2007, tiden har vært inne lenge, sier Aasheim.

Ved at Bergens Tidende trykker avisa som blir sendt ut til vestlandet slipper dessuten østlendinger å gremme seg over nynorsk.

- Vi så rett og slett ingen grunn til å la vere, sier Aasheim. - Vi trykker jo avisa for vestlendinger, på vestlandet. Dessuten kan våre mange nynorskjournalister nå få skrive noen artikler på nynorsk. Og nye journalister får anledning til å skrive den målformen de vil.

Noen bokmålsartikler vil de likevel bli i den vestlandske versjonen, men Aasheim håper å komme opp i førti prosent nynorsk til nyttår.

Driv gjøn på forfattarbloggen. Den fiktive artikkelen om Dagbladet på nynorsk blei skriven her.

lørdag nov 18, 2006

Gromtale (norsk for blurb)

Nytt ord for blurb: Gromtale.

Og mi første og siste gromtale i år:

Norsk skribentrett

Førstehjelp for forfattar og skribent. Tar vare på dine interesser.


http://www.bokkilden.no/SamboWeb/produkt.do?produktId=1642612


 
© Oddbjørn By