Kråkesølv til kvardags


Noveller, dikt, anna og slikt.

 
onsdag feb 03, 2010

And "Aliksandrrrybakk" has left the building!

Pjokken har vorte fem-og-eit-halvt år. Han høyrer no til eldste-gruppa i barnehagen, og han trivast med å vere stor gut. Men han har gjort det klinkande klart no i haust at han ikkje lenger heiter Pjokken. Han heiter nemleg "Aliksandrrrybakk"!!(Og dette navnet er alltid etterfulgt av hallingkast medan han gnålar felesoloen av full hals. Ljio-ljio-liii!)

Det er ikkje til å unngå at mor av og til har sukka litt når ho trøytt og sliten skulle hente Pjokken, og berre fann "Aliksandrrrybakk" og hallingkasta.Har du nokon gong prøvd å få regnklede på ein femåring som dansar halling? Ikkje det, nei? Vel, det er ikkje akkurat enkelt, for å seie det slik. Så tolmodet til mor har vore sett på prøve meir enn ein gong. Men vi har kome heilskinna ut av det så langt. Og etter at vi har kome oss ut i friluft, så er det noko lett sjarmerande med ein ung mann som dansar halling og gnålar felesolo i pøsregn. Han har i alle fall lokka fram mange smil på heimveg, sjølv om veret har vore heller grått!

Men her om dagen såg mor ei merkbar forandring då ho henta Pjokken. Han hadde fått ny skyggelue, og fortalte ivrig om dagens tur til brannstasjonen. Mor laga til støvlane og regnbuksa slik ho brukte, sånn at det vart "brannmannstøvlar", og spurte om ho skulle hjelpe til. Pjokken såg på henne, omtrent slik ein vaskeekte pedagog kan sjå på ein utfordrande ungdom, heldt blikket hennar fast, og forklarte: Du må halde fram regnjakka mi. Når eg har telt til tre, så går alarmen." Og mor heldt jakka, og Pjokken talde til tre.

I det han sa tre, så hoppa han ned frå benken, trakka i støvlane, drog på seg regnbuksai ei inderleg fart, smette på seg jakka, treiv lua og sprang mot døra medan han ropte: "Ta med sekken med utstyret, eg startar bilen!"

Då mor hadde nådd att femåringen på utrykking, spurde ho forsiktig: "Så du er ikkje Aliksandrrrybakk i dag?" Han såg overberande på henne og svarte: "Du ser då vel at det er meg, Brrrannmann Pjokken?"

Og mor sukka nok eit slikt usynleg, innvendig sukk, medan ho lurte på kor lenge Pjokken skulle vere brrrannmann og stikke av på utrykking for å intervjue folk på heimveg om røykvarslarane deira og fortelje om når ein kan ringe 110. Heldigvis såg også dette ut til å lokke fram smil i gråver.

torsdag jan 28, 2010

Mellom svevn og vake

Det er nett her
i landet mellom svevn og vake
at eg kjenner du er nær

eg kjenner det lette trykket
av ei varsam moderhand
som stryk meg over håret

og eit lite pust
som ein mild sommarbris
kjærteiknar eit tårevått kinn

eg kan fornemme lukta
av kvite roser
og liljekonvall

før kroppen rykkjet til
og eg er vaken att
og kjenner i heile meg
at du er borte....

Regndans

Store dråpar fell tungt
mot hard, solbrend jord
kjærkomen læske renn
i små, strie bekkar
mellom blomar og strå

sommarkledde står vi der
armane ut, andletet opp
nyt det kjølege regnet
som forfriskar sjel og kropp

lukkeleg lått og fjollete smil
vi ter oss som reine tåper
to små og ein vaksen fær
i frydefull dans mellom dråpar

Og atter ein gong ser eg klart
kor velsigna dei er desse små
for det er ikkje alle forunt å sjå
at dagen er vakker
sjølv om skya er grå...

onsdag jan 27, 2010

Hei

Eg er altså Sylja. Hustru, dotter, mor og mormor. Venninne, tidvis sjelesørgar, hobbyskribent og medmenneske. Dette er første forsøk i denne bloggen. Innlegget her er berre for å prøve ut bloggen. Det kjem stoff her etter kvart, når eg berre får litt tid til å finne ut av ting...

 
© Kråkesølv til kvardags