Bokliste


 

May Grethe Lerum


røyking påbudt

 
torsdag okt 08, 2009

Barnebok-gull!!!

Maria Parr: Tonje Glimmerdal

For alle oss som er interessert i norske nyskapende barnebøker byr denne bhøsten på en virkelig gull-kandidat. Av respekt for forfatteren, skriver jeg omtalen på nynorsk.

--------

Maria Parr har levert tekst til ei svært god biletbok før, men denne romandebuten slår verkeleg gneister av forteljarglede og kreativitet. Parr legg seg nok svært tett opptil Astrid Lindgren i stil og tematikk, har attpåtil fleire referanser mot det Lindgrenske univers og andre klassiske barnebøker. Men smaken av kopi blir aldri tydeleg, aldri beisk.

Tonje Glimmerdal er Glimmeredalens vesle ”dunder”, eit vedunder av ei fri sjel. Mor er stort sett ute på havforskar-jobb for å redde klimaet, medan far kokar kakao og er tryggleiken sjølv. Den gretne gubben på nabogarden er besteven, for andre barn finst ikkje i dalen. Heilt til den rigide campingplass-eigaren i vanvare slepp til ein familie, har Tonje knapt leika med jamnaldrande.

Fart og sjølvtillit er hennar livsmotto, inspirert av to tøffe tanter. Tonje er rettfram og frekk, men også hjartevarm og tenksam. Forfattaren drodlar over mange tema, frå djupaste  dødslengt til lattervekkjande rampe-påfunn. Språket er heile tida levande og med ein passeleg ironisk/humoristisk undertone. Særleg i møtene med nye aktørar veks hovudpersonen til eit vesen av kjøt og blod, tårer og lått. Det er lett å bli glad i rampejenta Tonje, og lett å ønskje seg til Glimmerdalen for å leike med ho.
Den raude tråden i forteljinga er musikk (felemusikk) og barnet sin lengt etter å bli elska, prioritert, tatt vare på. I ei storslagen scene kombinerer forfattaren dette så lesaren mest kjenner seg til stades i den hemmelege grotta, fylt av duetten mellom fele og elvesus. Parr er generelt dyktig i omgangen med poetiske verkemiddel, og røper ein vilje og eit stort talent når ho kombinerer litterær kvalitet med støyande, halselaus dramaturgi. Dei røffe, svartkvite teikningane i boka fell litt på sida av den fargerike teksten. Når dei ikkje framstår harmonisk med lesaren sine eigne bilete blir dei lett oppfatta som irriterande, grunne, sjellause. Boka hadde vore betre utan, og sjølve omslaget når heller ikkje opp til kvalitetsnivået i sjølve teksten.

Sjeldan ser vi ein norsk debutant av dette format. Når eg ikkje sleng seksaren på terningen no, er det berre fordi eg mistenkjer at Parr kjem til å heve lista for seg sjølv – og kanskje både norsk og internasjonal  barnelitteratur – endå nokre hakk.
Då vil ho kanskje rydde bort ein sliten metafor eller to, og bli sikrare på relasjonshistoria mellom personane sine. Glimmerdalen vil heilt sikkert freiste til fleire vitjingar.

Kommentarer:

Mayway
Absolutt et godt tips.En fin presentasjon som vekket min lyst til å sjekke denne boken.
:)
jan-otto

Skrevet av Fauske , 07:46, torsdag 8. oktober 2009 #

Høres spennede ut! Herved notert.

Skrevet av Petronella , 09:00, torsdag 8. oktober 2009 #

Jeg mistenkte at dette kom til å være bra. Så bra. Virker som noe for seksåringen.

Skrevet av mary , 09:22, torsdag 8. oktober 2009 #

Ja, jeg tror denne boken vil ha mye å gi til såvel voksne som barn ved høytlesing.
Noe eldre barn vil ha glede av å lese den selv.

Skrevet av mayway , 15:19, torsdag 8. oktober 2009 #

Jeg har hørt mye godt om boka, blant annet fikk jeg med meg Cathrine Straumes entusiastiske anmeldelse i Boka i P-2. Du kaller forfatteren romandebutant, men var ikke Vaffelhjertet en liten "barneroman"? Anyway, jeg lurte på om boka blir lett å lese for min leseflinke niåring som ennå ikke har hatt nynorsk på skolen, men som "snuser" på egen hånd på sidemålet for eksempel ved å lese deler av din omtale av boken?

Skrevet av semjar , 21:54, torsdag 8. oktober 2009 #

Hores svaert spennende ut - den Astrid Lingrenske stil appelerer til meg og jeg griper meg stadig i a more meg over bokene, selv om jeg pa visse omrader er noe over seks ars og ni ars stadiet.

Skrevet av Thymallus , 07:35, fredag 9. oktober 2009 #

Eg har lese denne boka for mine to yngste. (nesten 6 og 7 år). Det var artig både for stor og liten, sjølv om eg måtte forklare litt ekstra eit par stader.

Og vi gler oss alle til neste bok! :)

Skrevet av Sylja , 11:19, onsdag 3. februar 2010 #

Skriv en kommentar til innlegget:

For å kommentere må du være innlogget.
 
© May Grethe Lerum