May Grethe Lerum
røyking påbudt
Rykende ferskt 3: Hans Sande (ein favoritt!)
Hans Sande: Slepe rundt på døde dyr
-------
Hans Sande går tett innpå si eiga yrkeserfaring som både forfattar og psykiater når han i denne svart-lyse forteljinga skildrar galskapen i diktardraumen hjå både Olav Hauge og ein fiktiv psykiatrisk hjelpepleiar.
Ingen kan så leikande lett som Sande veksle mellom skildringar av mørkaste avgrunn og ellevill humor. I eit bokstavleg tala grenselaust språk unnar han lesaren både lettfordøyeleg bokmål, etymologisk småsnadder og meir krevjande nynorsk/dialektprega innslag. Forteljarstemma opnar for både pompøse metaforer og latterleg klønete feilformuleringar. Lesaren ler både med, til og av hovudpersonen midt i denne eigentleg svært tragiske og mørke historia.
Romanen startar med hjelpepleiar Andor Skorpen sin store lengt og draum - om at noko av genialiteten skal drypa på han frå den tvangsinnlagde Olav H. Hauge. Han femner Hauge varleg, men så fort diktarhovdingen blir nokonlunde frisk viser han ikkje den vesle hjelparen sin noko merksemd. Den fine bergenskona hans er heller ikkje interessert i Andor sitt innfløkte sjelsliv, og venelaus tykkjest han. Frå eit slags indre eksil observerer Andor meir enn han kjenner, og greier ikkje ein gong finne tak i andre kjensler enn skuld når sonen døyr. Men når den vaksne naboguten vender heim frå ei mislukka arkitektkarriere og byggjer seg ”vagl” i furua losnar både assosiasjonsevne og størkna sorg. Han skriv dikt, basert på dei få gardsreiskapa Hauge ikke har dikta om. Sett utanfrå utfører hovudpersonen ei rad underlege handlingar, men inne i hovudet hans går reknestykka stadig betre opp. Og han når til sist inn i det riket der han sjølv har sett Hauge til gud – der galskap og kunstnardraum møtest.
MAY GRETHE LERUM
Posted at 12:19AM sep 04, 2009 by mayway in Diverse | Kommentarer[6]
En informativ,orienterende bokomtale.Konsist og og greit språk."Reine ord for pengene".Dette er er skrevet så man absolutt husker innholdet du beskriver om boken. Hmm,denne boken fikk jeg absolutt lyst til å lese.
:)
jan-otto
Skrevet av Fauske , 04:42, fredag 4. september 2009 #
Skrevet av mayway , 01:14, lørdag 5. september 2009 #
Skrevet av ArteMisia , 01:27, lørdag 5. september 2009 #
Skrevet av mayway , 01:47, lørdag 5. september 2009 #
http://www.nrk.no/programmer/sider/bok_i_p2/
Skrevet av mayway , 20:49, tirsdag 8. september 2009 #
Skrevet av Nadiyya , 12:50, torsdag 10. september 2009 #