Dette er ikke en blogg.
Tre. mm. galskap. skriftlig.
Englar dalar ned i synd

Ifølge verdas største bestselgjar snakka alle folk i heile verda same språk for nokre år sidan. Dette kan nok verke som løysing på integreringproblemet i Noreg i dag. Men dessverre var dette fellesspråket eit tiltak som vart verande særleg lenge.
Bibelen fortel med sin oldtids gammalnorsk, på grensa til uforståeleg, at alle forsto kvarandre. Dette hadde nok sine fordelar, det er det nok ingen tvil om. For eksempel var det ingen irriterande tekst som tok halvparten av plassen på TVen, og gjorde slik at ein aldri fekk med seg kva som skjedde nederst på skjermen. Ein annan fordel med dette er sjølvsagt at ein ikkje hadde det velkjende problemet med ordbøker, ganske enkelt fordi behovet for desse ikkje eksisterte. Gamle millionærar trong ikkje å kjøpe norsk-russisk ordbok fordi dei må oversette kvar setning som den nye kona, (nyinnkjøpt frå Russland for den nette sum av 3500,- + porto) seier. I tillegg trong ikkje trykkeria trykke så mange språkversjonar av same bok, og kunne heller konsentrere seg om andre ting, som for eksempel å trykke ein horde Biblar, noko som The Big Master Upstairs sikkert sette stor pris på. Når ein tenker etter så er det eigentleg ganske rart at det faktisk var Gud som rota til dette fantastiske opplegget til slutt¿ Men det var faktisk han. Og ein kan jo ikkje anna enn å spørre seg kvifor i hattifnattland han gjorde det. Kanskje var han litt mentalt forstyrra for augneblinken. Eller kanskje var han ivrig etter å overgå seg sjølv ? Det var jo trass alt ei stund sidan sist han stakk skallen ned fra Paradis og kødda litt med legofolket på den store klinkekula¿Kanskje syntest han det blei litt kjedeleg å berre fucke opp ein fyr, og bestemte seg difor for å rote til litt fleire på ein gong? Sist gong var det jo trass alt berre Noah som måtte til pers.
Det var kanskje ein fin sommardag. Gud satt på den rosa yndlingsskya si og tvinna tommeltottane sine, og syntest nok at det hadde vorte litt stille der oppe i bomullsverda i det siste. Alt hadde liksom vorte så keisamt sidan han kasta ut Eva og Adam , da dei tok seg ein eplebit i sommarvarmen. Det skulle for så vidt berre mangle.. Fedon Lindberg hadde jo for lengst sagt klart i fra om at frukt inneheld masse fruktsukker , noko som fekk GI-nivået til å skyte i veret med ein utåleleg fart. Dei hadde berre seg sjølv å takke.. Dei burde jo ha vist betre, hadde dei kanskje ikkje fått med seg kva som hende med Snøkvit?
Uansett var det uuthaldeleg stille og fredeleg. Så Gud avgjorde at no var det slutt. Som sagt så gjort. Han scanna Tellus med Laseren sin, og, der sat jammen Noah! Og kva gjorde han? Jo han støvsugde på ein søndag! Dette med å halde kviledagen heilag gjekk verkeleg over alle støvleskaft for tida. Han hadde sett gjennom fingrane lenge. Så lenge at tanken på det motsatte verka tiltalande. Så Gud plukka ganske enkelt stakkars Noah opp og sa med si sintaste og strengaste stemme:- Noah, dette går ikkje lenger. Dette må straffast. ¿Kva er det du driv med, Herre? svara Noah og vrei seg noko grueleg i kjortelen.. ¿Kva eg driv med? No snakkar vi om kva du skal drive med den nærmaste tida, Noah. Ikke skift tema her! For no skal du ta deg ein tur i skamme kroken og etterpå skal du gå deg ein liten spasertur og samle to stk av kvart dyr. ¿Løvene også?, mumla ein vettskremd Noah og såg for seg ein temmeleg svolten utgave av Simba sitte og vente på middagen sin medan Noah kom vandrande forbi med ei lita skrøpeleg hundelenke i den skjelvande neven. ¿Åja, sa Gud, Løvene også. Men når eg tenker etter så er det nok kanskje blåkvalane du kjem til å få mest problem med¿Du er ikkje akkurat og ein blåkval veg omlag førti tonn. ¿Jaha¿ sa Noah. ¿Og ikkje nok med det!, ropte Gud, som nok syntest Noah verka litt vel uentusiastisk over oppgåva. ¿For etterpå skal du nemleg bygge ein usannsynleg stor båt og stappe alle kreka inn, også skal du sette deg i båten og vente. ¿Kona mi då?, spurde Noah. ¿TIL HELVETE MED DEN JÅLETE KONA DI!!, skreik Gud. -Tenker du ikkje på anna enn kona og borna dine?Du er jammen meg ein egoistisk liten fjott!! Pass deg no, ellers må du samle ti løver i staden for to!! Berre ta med deg sjøsjuketablettar og gi blankt faen i resten!! Så kasta han Noah ned att og gjekk for å vatne blomane sine. Og han vatna dei lenge. Så lenge faktisk, at heile jorda held på å drukne av gartnarfetisjen hans.
Dette var altså det siste peiket Gud hadde gjort på ei stund, så ein kan jo forestille seg kva som måtte til neste gang han skulle underhalde seg sjølv¿ Og no scanna han altså planeten vår på nytt og såg ein liten hær av småfjottar som, av alle ting, var i full gang med å byggje eit tårn.Og det var jaggu høgt det tårnet! Gud hjelpe meg, tenkte Gud. Her må noko gjerast. Og det fort! Så han løfta neven, og starta byrjinga på verdas undergang¿¿
Posted at 03:41PM des 11, 2006 by picassa in Mange våte tekster i gummistøvler | Kommentarer[1]
Skrevet av Alexandra , 20:44, mandag 11. desember 2006 #