plugga ut


ein landsens bibliotekar

 
torsdag jan 21, 2010

Det føkkings problemet

Eg kom dit omlag samstundes med alle dei andre. Eg var glad for det. Då kunne eg gå inn i lokalet på likt med dei andre, i staden for 1) anten å koma for tidleg og sitja i ein tom sal og nikka til det eine ukjende andletet etter det andre og sjå at alle kjende kvarandre og at eg vart halden utanfor, slik at eg ville sitja der og kjenna meg som ein idiot og trekkja eit lettelsens sukk når møtet byrja, eller 2) koma etter at alle andre hadde funne plassane sine og bli beglodd etter alle kunstens reglar. Men eg kom altså omtrent på same tid som dei fleste andre og vandra ubemerka inn. Det gjorde meg til ein av bygdefolket allereie, berre det.

Skjønt, "mange" og "dei fleste".
Det var toppen ti stykker på møtet, og ingen var under femti år.
Eg fann ein stol heilt bakerst.

Det var ein triveleg stad, eg kunne ikkje seia anna. Lyst var det, varmt også, og det lukta godt. Ingen tok nokon notis av meg, verka det som, sjølv om eg visste at alle hadde lagt merke til at eg var der. Det var omlag like mange menn som kvinner, men berre to-tre par som såg ut til å høyra saman. Eg var glad for at eg hadde kledd såpass fint på meg, for eg såg at mest alle mennene gjekk i dress.
Ei hand la seg på skuldra mi.
- Så kjekt at du kunne komme..

Eg såg opp. Det var Pedersen, meir strigla og glattslikka på håret enn nokon gong. Han let den bleike handa kvila på skuldra mi ei god stund før han slepte taket. Korkje handa eller mannen sjølv såg særleg sterk ut, det var snarare noko veikt over han, men samstundes strålte han ut ei usynleg kraft som gjorde meg heilt makteslaus. Eller rettare sagt, gav meg ei kjensle av å vera makteslaus, sjølv om eg inst inne visste at eg ikkje var det. Når han var i nærleiken opplevde eg det konstante maktspelet det er mellom alle menneske. Og her var det han som hadde makta.

- Ja, eg tenkte... Sidan du spurde.
- Godt, sa han og klappa meg lett på skuldra. - Det var såvidt jeg slapp fra selv. Så det vart godt jeg kom. For din skyld. Du kjenner vel ingen her.
- Nei.
- Jeg ble oppholdt.. Men jeg nådde fram.
- Var det jobb? spurde eg. Sant å seia visste eg jo ingenting om denne fyren.
- Ja. Jeg driver et gravferdsbyrå. Dødsfall. Brått.

Eg sa ingenting til det. Det trengde eg heller ikkje, for etter endå eit lite klaps på skuldra gjekk han fort fram til talarstolen og snakka med ein kraftig, kvithåra mann i dobbelspent dress som var open foran. Den andre mannen nikka og fann fram nokre papir som han kikka fort gjennom. Pedersen gjekk opp bak talarstolen. Bak meg kom eit eldre par inn og sette seg.

Pedersen skrudde på mikrofonen. Det kom ein skingrande lyd som straks vart dempa. Ingen snakka lenger. Pedersen byrja med å ønskja velkomen til møtet og introduserte talaren, som han sa ikkje trong nokon introduksjon, det var tydelelegvis ein talar som dei alle kjende, og Pedersen avslutta med å minna om at predikanten ville koma tilbake etter jul til møteserien som dei tenkte å halda på nyåret. Då han sa det såg han på meg. Så gjekk han ned dei to stega frå podiet og sette seg

Eg høyrde ikkje mykje etter. Talaren var av den lågmælte og  milde, men myndige sorten. Ikkje noko roping og dramatiske fakter her. I staden snakka han mykje om soning og Lammets blod. Eg høyrde som sagt ikkje etter. Det var andre ting som stal tankane mine. Som galleriet på høgre side av salen. Eg kunne vanskeleg tenkja meg at det kunne bli så fullt på bedehuset at dei ville få bruk for galleriet i tillegg. Men kven visste. Var det nokon der oppe no? Eg sat heile tida og skotta opp for å sjå om det dukka opp eit andlet eller noko, men ingenting skjedde.

Mannen der oppe surra og surra, eg hadde forlengst slutta å følgja med i det han sa. I staden tok eg til å lura på kor Gud var. I sanning eit stort og viktig spørsmål. Først måtte ein jo ha som føresetnad at Gud fanst. Men om me no sa det, at Gud finst - så vert neste spørsmål: kven eller kva er Gud, og kor er han?  Og kan ein eigentleg snakka om han eller ho når det gjeld Gud? Vanskelege spørsmål, det er klart. Det var vel noko av dette mannen der oppe stod og snakka om. Etter uttrykka i andleta til medtilhøyrarane mine så det mest ut som dei skjøna kva han snakka om. Eg skjøna det ikkje. Men altså - kvar fanst Gud? I himmelen? Det var jo det me alltid hadde lært. Det var kanskje vel og bra i gamle dagar, før nokon hadde vore oppe i himmelen og sett etter. Men den gjekk ikkje i dag. Ja, sjølvsagt var Gud og englehæren usynleg, men likevel. Kunne det derimot tenkjast at...

Lenger kom eg ikkje i den teologiske tankerekkja. Plutseleg fekk dei andre det travelt med å bla opp i ei lita svart bok. Eg såg meg rundt. Kva var dette? Ja, dei hadde funne fram ei sangbok. Eg fekk litt panikk med det same, ville så gjerne vera med, ikkje skilja meg ut. Så fekk eg auge på ein stabel med svarte sangbøker borte på eit bord i enden av lokalet. Eg beit hovudet av alle sjenanse og reiste meg. Gjekk bak i lokalet med bestemte steg, tok ei bok og gjekk tilbake utan å sjå meg til den eine eller andre sida. Det einaste eg fekk meg med var eit gløtt av det mørke andletet til Pedersen. Var det noko som minna om eit anerkjennende smil i munnviken hans? Eg bladde opp på måfå i boka og song med, det vil seia, eg berre lot som eg song. Det gjekk tolug bra. Om nokon avslørte bløffen, så var det berre Pedersen, og noko sa meg at han ikkje ville røpa meg. Han ville ha meg her, og viss han skulle klara det måtte han spela med. Elles ville han mista meg. Det visste me begge. Nok ein gong tenkte eg: kva gjer du her? På eit landsens bedehus, skjult for all verda? Du, som i denne stunda heller ville vore... Nok!

Og kvar var Gud?
Kanskje Pedersen visste det? Han såg ut som han gjorde det, men eg tvilte på det.
Eg visste dessutan at eg var svak.
Då songen enda var det slutt på møtet. Folk tok til å letta på seg.
Eg gjorde det same. Eg ville ikkje vera den som berre gjekk sin veg, så eg venta. Nikka til ein gråhåra mann, ei eldre dame med stokk, to endå eldre damer som også hadde stokk, så kom Pedersen sigande.
- Nåh, det var et godt møte, sa han, som eit slags spørmål.
- Jo, sa eg.
- Ja, du har vel gått på mange møter. Jeg mener, der du kommer fra?
- Jau, sa eg. - Nokre. Han spurde ikkje om kva slags møte.
- Ja, det er en dyktig predikant vi har her.
- Det er det.
- Ja, du vil vel kanskje helsa på han?
Nei, sa det inni meg. Høgt sa eg: - Jo. Klart det. Litt for vulgært, eg retta det til: - Naturligvis.
- Godt.

Dei andre var plutseleleg borte. Lokalet var tomt, bortsett frå oss tre. Eg fekk ei kjensle av at for Pedersen var det ikkje så farleg, det var oss tre som galdt no. Han tok meg lett i armen og førte meg opp midtgangen. Predikanten var oppteken med å rydda saman sakene sine. Det var ein stor, røsleg mann med tett, lyst hår med skill i midten, smilehol i kinna og sterke, blå auge. Ei ganske intetsigande  skildring, eg er klar over det, men det er den einaste måten eg kan seia det på - ein sterk, sunn mann som frå min ståstad var fullstendig ugjennomtrengeleg. På kvar sin vis var dei begge som to rovdyr som leikte med byttet.
Eller slik kjende eg det.

- La meg presentere, sa Pedersen. - Dette er... Han såg på meg.
Eg strekte fram handa og sa namnet  mitt.
Han blotta ein perfekt tanngard.
Eg gjekk feil då eg heiv meg på Tomase Harrison-toget på 60-talet. Eg var stygt redd for at eg hadde kome på feil tog her også.
Men det var for seint å gjera noko med det no.
Og slike trivelege lokale det var. Eg kjende ein indre ro her, i desse moderne, lyse romma, kor ein fjern dugnad framleis var til stades.
- Ja. Pedersen såg på meg. - Han er ny bibliotekar her i bygda.
- Biblioteksjef, retta eg.- Eg er ikkje bibliotekar.
Dei såg på meg, som om det gjorde nokon skilnad. Var eg no ikkje berre ein som stulla med bøker, uansett?
- Eg meiner, eg er ikkje utdanna.
Predikanten blotta den sterke, perfekte tanngarden. Han såg heile tida ut som han visste noko eg ikkje visste. Han kjende løysinga på livets mysterium, eg gjorde det ikkje. I det minste var det slik det vart utveksla mellom oss.
Pedersen la ei hand på den eine skulderen min. - Ja, han er nå en ordets mann, sa han og gav meg ein klaps. - Skal vi ikke si det slik?
- Jau. Predikanten nikka. Han snudde seg og tok til å ordna med papira sine att.
Pedersen rakte meg handa. Den var varm, det var eit fast handtrykk, eg tenkte at denne handa nett hadde stelt med eit lik. - Ja, sa han. - Da sier vi det slik at det var en fin kveld.
- Det var det.
- Og jeg håper vi ser deg igjen her.
- Ja, takk.
- Ja, sa Pedersen og geleida meg mot inngangs/utgangsdøra, med den eine handa over skuldra mi att. Me gjekk gjennom garderoben, med ein rad tomme knagger på den eine veggen. Han opna døra med den ruglete glasruta. - Det er godt å ha en ordets mann med oss, det må jeg si. Jeg håper at du har det i tankene på biblioteket også.
- På biblioteket har eg alltid ordet i tankane, sa eg.
- Det er godt, ja. Det er godt.

Han hadde sloppe taket i handa mi, eg kjende kor kjøleg det var ute.
Så var eg ute att, i haustmørkret. På vegen som gjekk framom bedehuset kunne eg sjå dei to der inne gjennom dei store panoramavindauga, Pedersen og predikanten. Dei stod framme ved talarstolen, under den lysande krossen, framleis med den same atmosfæren av trivsel og hygge, desse to som visste alt som burde vitast.
Eg stakk hendene i jakkelommen og gjekk heimover.

Det var kaldt, framleis stjerneklårt slik det hadde vore dei siste dagane.
Eg visste at eg aldri ville koma til å setja mine bein i bedehuset meir. Men samstundes var det noko med denne Pedersen, han hadde hekta seg på meg og eg visste at eg aldri ville bli kvitt han. Aldri. Og i det same tenkte eg ein annan tanke som var ganske umogleg. Du har livet ditt her og du kan ikkje anna enn å døy. Det et livet som er problemet. Og om du slår deg vrang og bryt nokre reglar - kva har det å seia? Eigentleg?
Svaret var så brutalt at det fekk meg til å kveppa der eg gjekk åleine på den smale bygdavegen i haustkvelden.
Alt. Det har alt å seia.
Det var det som var det føkkings problemet.


mandag jan 18, 2010

Framleis sundag, eg kler meg

Så var det på tide å gå.

Men ikkje før eg hadde kledd meg skikkeleg. Det var ikkje ofte eg gjekk ut mellom folk. Rett nok skulle eg berre på bedehuset, men likevel. For meg som aldri gjekk ut var det som å gå ut. Eg tok meg god tid framfor spegelen på soverommet i andre høgda. Prøvde det eine med det andre, jakke og slips, slips utan jakke, jakke utan slips, genser. Til sliutt endte eg opp med jakke, grå bukse, den buksa som eks'en hadde kalla "Høgre-buksa", dei måtte då godta dette. Bygdebiblotekaren at your service.
Jepp, eg bestemte meg for det.

Eg kjende meg i form. Eg hadde gått naken att og fram, mønstra meg sjølv, eg såg ikkje så verst ut, syntest eg, for alderen meiner eg, eg kjende som ein slags kløe i pungen, lemmet var lite og pynteleg sjølv om eg i nett dette kjende ein enorm erotisk spaning, det var kaldt i rommet, det var haust, øybuarane hadde kome seg heim og dusja og sat og masserte føtene etter marsjen og drakk sundagskaffi. Og eg skulle på bedehuset.

Det er underleg, no når eg tenkjer på det, eg meiner, eg hadde vakse opp i ein storby og levd eit storbyliv alle mine dagar, eg hadde vore ute på livet, eg kjende utestadene, eg kjende til og med mange kulturkjendisar, forfattarar, kunstnarar osv. - og her stod eg, opprømd over å gå på eit møte i bygda sitt bedehus.

lørdag jan 16, 2010

Sundagsgalskap


Møtet med Pedersen hadde gått meir innpå meg enn eg ville trudd. Resten av ettermiddagen gjekk eg berre og førebudde meg mentalt til møtet på bedehuset om kvelden. Eg la meg på sofaen i stova att og låg og såg at det var ein fin dag ute.

Eg kunne ikkje hugsa at ein dag hadde vore så stille før. Sola skein, det var blå himmel og det var kaldt. Den første frostnatta. Det sette meg i ei stemning av den typen det ikkje finst ord for. Ei god stemning. Ei kjensle av noko frå barndommen. Noko som reiv med meg i fantasien. Ein dag for Narnia og barndomsminne. For Jim Hawkins og korallrev. Ein dag for å gå stilt kring i huset og lyda etter noko. Ein dag for å sjå på tømmervegger og undra seg.

Eg visste at det var gale av meg å bli liggjande. Men noko med tanken på bedehusmøtet og samtalen med Pedersen hadde teke kreftene frå meg.

Til slutt kom eg meg opp med eit rykk. Det var framleis mykje att av sundagen. Eg fann fram nokre fine klede, dvs. den dongerien eg likte best pluss den beste vindjakken, og gjekk ut i haustdagen.

Eit minne frå tida i Stavanger følgde meg heile tida. Det var eigentleg ikkje eit minne. I grunnen var det ingenting. Likevel måtte det ha noko å seia for meg, for det var av den sorten minne eg hadde bore med meg i åravis. Det er fort fortalt - eg går i Mosvannsparken ein sundag om hausten, det er solskin, lauvet har falle av trea, sundagsfolk i sundagsklede på sundagstur. Og nokon spelar gitar. Det er det heile. Likefullt eit minne som støtt og stadig dukkar opp.

Eg ruslar litt rundt huset, opp dei tre trappetrinna til den gamle eplehagen på baksida, ned trappa att og ruslar mot hovudvegen. Ikkje for å gå heilt ned til busskuret, berre for å gjera ein sving halvveges og gå heim att.

Men eg har ikkje kome langt før eg oppdagar at det er noko som ikkje er som det plar vera. Fem, seks menn spring forbi. Dei er i kortbukser, nokre av dei, dei har nummer på brystet og dei bit tennene saman. Så følgjer ein større pulje, og deretter endå ein. Eg går ned i vegkanten og vert ståande der. Bak løparane kjem eit tog av menneske, ein heil liten hær av øybuarar som marsjerer taktfast og innbitt, heile øya kjem gåande i ein uryddig, bølgjande masse, i joggebukser og joggejakker og med store nummer på brystet, dei skyv på barnevogner og dreg på hundar i band, det er lite smil å sjå,  her gjeld det om å gå på, det er nedoverbakke no, men eg har ein mistanke om at dei kjem til å snu nede i dalen, ved kommunesenteret og vandra den lange vegen tilbake til ferjekaien og butikkane. Det er hundrevis av dei, her er dei alle saman, alle innbyggjarane på øya, tømrarane, nordsjøarbeiderane, husmødrene, småbarnsmødrene, ekspeditørene og kassadamene, butikkeigarane, elektrikarane, lensmannen, ordføraren, kommunelegen og presten. Ingen tok nokon notis av meg då dei toga forbi. Eg snudde og gjekk tilbake opp bakken. Meir enn nokon gong kjende eg meg heilt utanfor. Deira marsj var ikkje min marsj.

På tunet stoppa eg og såg lenge opp på den blå himmelen.
Det var jo berre snakk om gassar og sollys osv  som gjorde himmelen så blå. Og det fanst ingen Gud der oppe. Ingen himmelsk hærskare, ingen englar. Det var ein skremmande tanke. Eg hadde vakse opp med tanken på at Gud fanst der oppe ein stad. Saman med dei døde. Men det var ikkje slik det hang saman, det hadde eg oppdaga for lenge sidan. Det som plaga meg her eg stod, og som tok til å plaga meg meir og meir, var tanken på at me var åleine i universet. La gå om det kunne finnast liv andre stader, det var mindre interessant og hadde ikkje noko med poenget å gjera. Det eg stod her og tenkte på i tunet utanfor det gamle huset denne flotte haustdagen, den første frostmorgonen, var at me som budde her på jordkloten ikkje hadde nokon til å hjelpa oss om det skulle bli for gale. Ingen. Me var åleine. Det var ingen der ute.
Tanken var skremmande. Me kunne berre finna fram atombombene, slå kvarandre i hel, utrydda kvarandre så mykje me ville til jorda låg der som en rykande ruinhaug, bomba tilbake til steinaldernivå, og ikkje ein kjeft nokon stad ville bry seg.

Eg orka ikkje gå her ute meir. På veg inn i huset tenkte eg at Zappfe kanskje hadde rett. Dersom me gjekk ut frå utviklingslæra, evolusjonsprosessen, som utan nokon som helst guddommeleg styring ville innebera at utviklinga hadde følgd sine eigne spor, så var mennesket ein feil som helst burde viskast ut. Me gjorde best i å utsletta oss sjølve, slutta å formera oss. For meg var det ikkje noko problem. No meir. Eller enn så lenge, det var ikkje det...

Ettermiddagssola fall på skrå inn stovevindauget, filtrert gjennom dei nakne greinene på den høge bjørka utanfor.

Eg la meg på sofaen, greip ei avis, eit gammalt nummer av BT, tenkte på at det var sundag. Sundag - den dagen då ein gjekk og slang på tunet i finkleda, sparka etter katten i rein og skjær keisemd. Gjekk i kyrkja eller på møte (vel, det skulle eg jo), drakk sundagskaffi. Sakna eg noko slikt? Alle desse øybuarane som nett hadde svingt tilbake til Øyvågen, gjekk dei heim til dei fint møblerte husa sine og drakk sundagskaffi? Ja, sikkert. Kva med meg? Eg dreiv no her åleine. I det gamle huset, langt frå folk. Med bøkene mine, cd'ane, mac'en. Det var sikkert ikkje mange som hadde så stor boksamling som meg. Ikkje så mange cd'ar heller. Og det gav dei vel blanke i. Men no det var sundag, slapp av.

Det tok til å bli litt kaldt her eg låg, eg burde eigentleg stella i stand sundagskaffi, eg óg. Få meir orden på tilværet. Orden, rutine. Eit liv. Eg sakna det, sjølv om eg var fri til å la vera.  Eg hugsa sundagane heime, me drog i dress då, i alle høve slips og kvit skjorte, det var ein tur på museet om føremiddagen, fårikål til middag og kino om ettermiddagen. Og sundagskaffi. Det var høgtid om sundagen.

Og no låg eg her. Åleine, fri. Og fraus. Det tok til å bli kaldt, det vart tidleg mørkt. Eg hadde funne ein stabel ved ute i den vesle løa, men det tok til å bli slutt no. Det byrja gå opp for meg at eg burde gjera noko med det snart. Eg hadde inga aning om slike ting. Men noko sa meg at det ville bli kaldt og surt her om vinteren. Eg måtte få tak på ved ein stad. Kanskje ein biblioteklånar eller einkvan visste om ein plass der eg kunne få kjøpt.

Det var jo ikkje meir enn eit par timar til eg skulle or or huset, så eg  bestemte meg for å spara på veden så lenge.

fredag jan 15, 2010

Pedersen

Eg skvatt til, lurte på om eg høyrde rett. I dei vekene og månadene eg hadde budd her hadde dørklokka aldri ringt før. Eg tenkte ein fort tanke, eg hadde minna meg sjølv på å setja batteri i klokka, eg hadde altså gjort det.

Det ringde på nytt.
Eg reiste meg fort. Kvifor hadde eg alltid denne skuldkjensla når det ringde på ei dør, eller telefonen ringde (det skjedde heller ikkje så ofte meir), eller nokon kom bort for å snakka med meg - kva kom det seg av?
Eg opna døra og fekk straks auge på ein fyr i mørke klede som berre stod der, som om han venta at eg ville dukka opp og at det ikkje var naudsynt å ringa på meir, og at det var slik ein gjorde det her, for ikkje å vera uhøfleg. Han var som sagt kledd i svart, ikkje dress akkurat, men noko nære på. Pluss kvit skjorte og mørkt slips. Håret var også svart, endå han var mykje eldre enn meg, og i dei endå mørkare auga stakk det stundom i eit kvasst blikk som trefte meg som nålestikk eller kva eg no skal seia ein augneblink eller to, som skarpe refleksar som fekk meg til å blunka. Det var noko ved han som lokka meg. Eg skjøna straks at eg stod framfor ein mann som hadde skoda forbi det meste av det denne verda hadde å by på, ein mann som kjende ei sanning og som gjerne ville gje denne sanninga vidare til andre. T.d. til meg.

- Bibliotekaren? sa han. Eg høyrde straks at han snakka med nordnorsk aksent. Ikkje påtrengjande, men meir avslipt.

- Eh, ja. Det er meg. Eigentleg er eg ikkje bibliotekaren, stotra eg forfjamsa, det kom brått på. Det var framleis han som hadde overtaket.  - Eg er...
- Ja, eg veit kven De er, sa han.

Det trefte meg meir enn eg ville trudd. For det første sa han De til meg, for det andre meir enn påstod han at han visste noko om meg, og det høyrdest beint ut sagt nokså ubehageleg ut. Eg hadde mykje å skjula. Svært mykje. Og denne mannen såg ut som han kjende kvar einaste løyndom eg hadde, jamvel slike ting eg ikkje visste om sjølv. Han fylte meg med ei uhygge som ikkje eingong Algernon Blackwood eller Sheridan LeFanu ville makta å driva fram i meg. Samstundes var eg fascinert av han. Eg var ynkeleg klar over at eg heile mitt liv hadde vandra rundt i ein dal full av åndeleg mørkre. Om nokon dukka opp og sa dei kjende sanninga, eller i det minste delar av sanninga, så ville eg svært gjerne høyra på kva dei hadde å seia. Eg flytta blikket frå dei svarte augene og dei mørke kleda og såg på hendene hans. Dei var kvite, finslege, utan lyte.

Eg påstår ikkje at eg tenkte medvite på alle desse tinga då eg stod med denne mannen framfor meg i gangen i huset eg leigde, eg seier berre at desse tankane likevel kom til meg i ein slags sum, ein fasit - denne mannen er kanskje sendt til deg, av ei makt som vil deg vel, tenkte eg. Og om han verkar ubehageleg, ja, så er det fordi sanninga er ubehageleg...

- Ja, eg meinte berre, eg er ikkje utdanna bibliotekar. Eg er biblioteksjef. Bibliotekar er ei eiga...
Det verka ikkje som han høyrde. Han såg på døra inn til stova.
- Å, sa eg. - Ja, vil du ikkje stiga på?
- Takk.

Han gjekk foran meg inn i stova og såg seg rundt. Eg gjorde det same. Utanfor skein sola no. Det var ein strålande haustdag. Stille.
- Det var frost i morges, sa gjesten min. - Tre minusgrader.
- Å.
- På tide å tenke på vedfyring. Ikke for det, jeg og kona har fyrt lenge. Nesten hele september.

Eg hadde fått unna det verste og sette meg i ein stol attmed sofaen. Han sat i den andre stolen. - Skal eg fyra?
Han veifta med handa. - Ikke for min del. No høyrde eg endå meir tydeleg aksenten av nordnorsk når han snakka. - Jeg skal ikke være lenge. Tenkte bare jeg ville hilse på. Så du er altså den nye bibliotekaren... Han sette dei mørke augene i meg så hardt at eg kvapp. - Ja, jeg kjente jo godt ho som var der før. Ho Helga oppe i Øvregarden. Ho hadde biblioteket i en hel mannsalder. I det gamle skolehuset rett nedenfor sagbruket. Ved bekken der. Du ser det nesten ikke i dag. Det er så tilvokse alle steder nu.

Eg nikka. Sjølv om eg ikkje visste korleis det kunne ha sett ut før.
- Ja, sa han plutseleg og letta litt på seg, som om det var ein reint sjølvsagt ting han hadde gløymt. - Det er jeg som bor i det gule huset nede ved sjøen.
Eg kunne ikkje hugsa at eg hadde sett noko gult hus nedmed sjøen. Ikkje for det, når eg tenkte meg om syntest eg at eg kunne hugsa eit lite, knallgult hus med spisst tak og små vindauge, ein kvit veranda og eit svart smijarnsgjerde, ei brygge og eit naust, kanskje det var der?
- Ja, nettopp.
- Pedersen, sa han og gav meg handa. Ho var ikkje berre bleik og slank, ho kjendest slik også. Eg kjende ein sterk trang til å turka av handflata på buksa etterpå. Og tenkte på Uriah Heep. Dessutan sa han det på ein slik måte at han nærast var oppgjeve over at han endeleg var nøydd for å seia det, som om eg burde ha visst det og at han slapp å opplysa om det. Men eg gjekk ut frå at det trass alt fanst ei viss forståing for innflyttarar. Helt sikker var eg ikkje.

- Hm. Kven var det som kremta?  Det var eg.
- Ja, du vet, ho Helga, ho var eit samvittighetsfullt menneske, sa Pedersen etter at han hadde lagt det eine kneet over det andre. - Ho var nøye på ka ho lånte ut. Det var ikke få bøker som ble kassert der i gården, nei.
- Neivel?
- Nei, for du vet det var mye stygt som de sendte ho. Det er mye dårlig som kommer ut mellom to permer. Mye. Og kunst kaller de det også. Kultur. Det siste ordet vart uttala med ein dyster mine.
- Ja. Jo.
- Men ho Helga, vet du, ho bladde gjennom hver eneste bok. For å se om den holdt mål. Det er mye stygt som står i bøkene, du. Han såg på meg som om det var ein sjølvsagt ting at eg var samd. Eg kjende at han hadde sett meg i ein slags sosial klemme det skulle godt gjerast å vri seg ut av.  Eg ville gjerne ha eit liv her, så eg sa han ikkje imot. Kanskje seinare ein gong, i ei anna setting. Men ikkje no. Han hadde meg her. Eg var ikkje heilt sikker på kvar han hadde meg, men han hadde meg.

- Ja, det er sant. Det ikkje alle bøker som er like gode. Men...
Pedersen dreiv på, han ansa ikkje meg. - Det er så mange dårlige bøker. Det er så mye dårlig i samfunnet rundt oss, er du ikke enig?
- Jo, jo.
Han tok ein pause og målte meg på nytt. - Jaså, så du er han nye bibliotekaren, du? Ein rad matte tenner kom til syne då han opna leppene på gløtt og smilte. - Er det noe arbeid for en voksen mann det, da?
Eg kjende at vart varm og mjuk og gelé. Stramma meg opp. - Ja, er det ikkje det?

Det var Sanninga som lo. Ikkje mindre enn sanninga med stor S. - Ja, du har vel lønn deretter også, kan jeg tenke meg!
Eg smilte - kva kallar dei det? Fårete. - Eg får løn.
- Jeg har en svoger. Bror hans lider av sånn... ja, nu husker jeg ikke. En muskelsykdom. Men det kunne jo vært noe for han. Å sitte på biblioteket.
Det svarte eg ikkje på.
Han tok til å reisa seg, men ombestemte seg att. - Ja, jeg har vært mye i dette huset, sa han. - Du vet, han dreiv og skreiv litt, han som bodde her.
Eg lente meg interessert fram. - Gjorde han?
- Ja, litt i blada her og sånn. Dikt og... sånt forskjellig. Tull.
Eg tenkte på lydane eg hadde høyrt i huset om nettene. Var det han...?

- Nei, avrunda Pedersen og gjorde nok ein gong mine til å reisa seg. - Hva jeg ville ha sagt, vi skal ha et møte i kveld, her i grenda. Vi er noen venner som pleier å møtes. I bedehuset, du har sikkert sett det. Nede i svingen, forbi saga.
- Eg trur ikkje...
- Det er klokka seks, sa Pedersen.
- Ja, men...
Han reiste seg halvt opp. Såg mørkt på meg. - Så du har noe bedre fore, kanskje?
- Nei, det er ikkje det, men.
- Nåh. Han gjorde seg ferdig med meg og gjekk mot døra.
Eg tenkte fort og gale som eg ofte gjer. Eg hadde kome hit for å bu her, leva her, bli ein del av eit anna  samfunn enn det eg kom frå. Sjølv om eg aldri hadde tenkt så langt fram, låg det i korta at eg skulle bli her til eg vart pensjonist. Eg skulle vera ein del av lokalsamfunnet, av bygdafolket. Og då ville det så avgjort vera dumt av meg å visa meg så arrogant at eg blankt avviste ein slik invitasjon som Pedersen kom med no - ja, som han hadde umaka seg med å koma ekstra heilt hit opp til huset for. Eg var ein vennleg mann, rimeleg, og kva kunne det skada om eg gjekk på bedehuset og helsa på bygdafolket. Eg såg det alt føre meg, dei ville ta godt imot meg, dei ville rekkja meg handa, me ville koma på nikk, eg ville vera ein av dei. Sant nok spøkte det ein stad i bakgrunnen at det slett ikkje var det eg ønskte. Tvert om, eg ville vera i fred. Med meg og mitt. Det var difor eg hadde kome hit. Dessutan hadde han fått eit tak på meg, svak som eg var.
- Eg kjem, sa eg.
Han stoppa med handa på dørhandtaket. Eit fort smil gleid over leppene hans. - Verkeleg?
- Ja. Det skal bli hyggeleg. Umerkeleg hadde eg teke til å snakka som han.
- Nåh. Han gleid ut i den solfylte kalde haustdagen og vart vekke.

torsdag jan 14, 2010

Lazy Sunday Afternoon

Då eg vakna sundag morgon var det langt på dag. Med åra hadde eg teke til å vakna tidlegare, no var det som eg var tilbake i ei tid… for lenge sidan. Den gongen eg kunne liggja til både to og tre, om så var. Eg heiste meg opp på albogen og såg at klokka var tolv. Ikkje så altfor gale. Eg var tørst og kjende meg skiten i munnen. Det tok nokre augneblink før alt tok til å venda tilbake til meg, kvelden før, eg tenkte på kva tid eg skulle bli vaksen, ein mann som var trygg og hadde tyngd i seg sjølv ville ikkje finna på slikt, men på den andre sida - livet  var eit mysterium og eit galehus. Heile verdshistoria var ei oppvising i galskap. Og kven var det som var mest galne? Dei normale. Den mannen eg nett hadde ønskt å vera. Han var gal. Så ta det med ro…

Ei sak var at eg kjende meg skiten i munnen, ein annan ting var at eg hadde vondt i hovudet og kjende det dirra i heile kroppen. Det var som det gjekk ein serie raske skjelvingar gjennom ledda, om att og om att. Når eg seier "var som", så er det fordi eg ikkje veit kva det var. Det einaste eg visste var at eg ikkje kjende meg bra og at det var noko anna enn fyllesjuke.

Stova var eit trist syn i det stille grålyset. Golvet var overstrødd med lp-plater. Eg hadde gløymd å skru av stereoanlegget. Møblar var drege fram og stod hulter til bulter. Sofakroken var full av glas - herregud, kvifor hadde eg drukke av så mange glas? Heile huset var som ein einaste stor dass. Linoleumen var kald og fråstøytande då eg tassa barbeint gjennom den rotete stova og ut på det endå verre kjøkenet. Stablar av skitne kjørler, gryter, ei steikepanne, glas med mjølkerestar, eg hadde ikkje rydda eller teke oppvasken på heile veka. Kvifor er det slik at ein først legg merke til slikt på ein sundag? Sundagen er den dagen då ein vaknar til sokskin og strekkjer seg så lang ein er, sundagen er den dagen då ein tek på seg finkleda og steikjer oksekjøt med brun lauk, sundagen er ikkje den dagen då ein kjem tuslande barbeint når klokka nærmar seg halv eitt til eit hus som treng ein storvask.

Eg sette på ein kopp kaffi, kledde på meg, drakk kaffien og gjekk i gong med å få skikk på huset. Og eg gjorde det grundig. Eg vaska opp, eg støvsugde, eg rydda, eg pynta, eg tok på meg reine klede og bar alt skitentøyet ned i vaskekjellaren, den gamle kjellaren under huset der det var så lågt at eg måtte gå krum i ryggen, eg stelte i stand ein skikkeleg middag, og då eg la meg på sofaen for å kvila middag etterpå var klokka ikkje meir enn tre, eg kjende at eg var kome i takt med tida og verda og alle andre att, eg hadde grunn til å kjenna meg nøgd med det meste og det gjorde eg mest òg, men berre nesten.

Så låg eg der og hadde grunn til å slappa av. Det var sundag. Då skulle ein gløyma alt. I morgon vart det tidsnok måndag.
Angsten låg og murra under huda.
Angsten slepte aldri taket.
Det ringde på døra.

onsdag jan 13, 2010

Ulven i meg

På eit eller anna tidspunkt gjekk eg ut. Eg reiste meg og gjekk ut i kvelden, natta. Bak meg tok den dystre stemma til Jim Morrison farvel, han ville drepa faren eller var det mora, samma faen, eg rava inn i mørkret, ned over den opne marka på nedsida av huset. Den kjølege haustlufta gjorde meg klar i hovudet på ein blunk. Slett ikkje edru, det var berre slik at eg sansa alle moglege ting dobbelt så sterkt som elles, luktar, lyder og ikkje minst kjensla av å vera til stades, her, no, i ein augneblink som kom og vart vekke, i ein augneblink som høyrde til i æva, ja, æva, i alt, alt som fanst, hadde funnest, kunne finnast. Eg gjekk over ei mørk eng i haustnatta, ein stor gul måne hang på himmelen, eg styrde skritta opp mot ein haug som eg kunne skimta mot den lysare himmelen. Eg ville normalt kjend meg andpusten etter ein slik klatretur, men då eg nådde toppen var det som eg kunne pressa meg endå meir og framleis ville eg ha mykje å gå på.

Frå toppen hadde eg utsikt ned til hovudvegen. Nokre bilar suste forbi der nede. Eg vart sitjande mest utan å pusta. Det var som eg var rykt laus frå alt som var meg sjølv, eg meiner frå alt som heldt meg nede, batt meg. Ei ange av jord og nesten-frost. Månen som hadde lyst slik i all si tid. Ein stad der tida ikkje skjedde - eller gjekk tida på månen òg? Om eg ikkje hadde vore så full ville eg fått ein skikkeleg brennar og lege meg på magen og elska med jorda, slik eg hadde lese at Lars Hertervig hadde gjort som gut, då han tømde seg i den fuktige mosen, men det var i ein roman og sikkert ikkje sant, anna enn for å illustrera eit poeng, eit poeng som sikkert var meir enn sant nok, men det var det eg kunne gjort no, om eg ikkje hadde vore så pisse full, eg visste det var meir eg skulle gjort, men det var ting, faens saker og ting som kroppen min og nervesystemet og jobb og pengar og alle dei mange tinga eg aldri ville tenkja på, alt dette som heldt meg tilbake og nede og hindra meg i å vera den eg var, men no skulle det bli ei endring på det, det svor eg på, eg løfte hovudet mot månen og ulte.

Eg ulte. Som ein ulv. Eg helsa månen, eg helsa jorda. Eg helsa meg sjølv. Frå meg sjølv.
Det var på tide å stå opp.
Bli den eg var.

Eg veit ikkje kor lenge eg sat der oppe på haugen, i mørkret, under den lysande, tunge gule fullmånen. Men ein eller annan gong om natta, eller var det framleis kveld, visste eg at det hadde gjort meg så godt, eg visste at eg hadde funne det eg hadde kome for å finna, eller hadde ei eller anna makt styrt meg dit, eg var ferdig der, eg kunne kjenna meg lukkeleg, eg reiste meg og sjangla ned bakken, snubla og merka mest ikkje at eg fall pladask i det frostvåte graset  Eg såg huset mitt, det var langt vekke, eg såg dei lysande vindauga og tenkte at det kunne vera ein mann som var godt nøgd med livet som budde der, frå no av skulle eg vera det, eg hadde vore på toppen av haugen og blitt vis, eg ville koma heim som ein rik mann. Baby, you're a rich man, baby you're a rich man…

Då eg kom tilbake i stova stod lp-plata med The Doors og spant. Eg gjekk bort og løfte stifta vekk frå den inste sirkelen. Eg merka at eg var fullare enn eg hadde vore klar over. Samstundes kjende eg ein underleg tryggleik. Det var ingen ute og gjekk i nattemørkret. Det var eg som gjekk der.
Og eg hadde blitt ein vis mann.

Det var seint. Klokka nærma seg halv to. Eg pla bruka dei seine nattetimane til porno på internett, men eg visste at i natt vart det noko anna. Eg rota i platehaugen til eg fann plata eg leitte etter - ein ep med den svarte sangerinna Marion Anderson. Plata var gammal og slitt, ho knitra, eg la meg på rygg i sofaen og høyrde den mørke røysta syngja Der Erlkönig, eg såg ut på fullmånen gjennom vindauget, såg ein grå sky kanta med sølvskimmer segla forbi, tenkte at eg stirde inn i æva… ja, kva tenkte eg ikkje då…

tirsdag jan 12, 2010

Laurdag


Takk for kommentarar!  Sidan sist har eg byta ut den gamle pc'en med ei ny, så det vart eit opphald i arbeidet med dagboka til den landsens bibliotekaren. Den som byter ut ein god gammal pc med ei flunkande ny veit kva eg snakkar om - det tek tid å overføra alle program og funksjonar til ei ny, i tillegg viste det seg at korkje printer eller scannar funka under Win7, så dermed måtte eg bruka mykje tid på å kjøpa nytt utstyr. Sant nok er eg eigentleg mest Linux-fan, og på den berbare maskina mi har eg siste versjon av Ubuntu - men då vert ein på ein måte set utanfor resten av verda. På den andre sida - er det ikkje nett det me syslar med her inne?    

Laurdagar et eg lite, det har eg alltid gjort. Så det var nok grunnen til at eg vart full så fort som eg gjorde. Eg hadde tv'en på, på NRK, det sikra laurdagsstemninga, ein treng slike markeringar, og no når ingen går i kyrkja meir får Tore på sporet og Aidensfield gjera nytten, etter at det norske maktapparatet har gjort sitt fredagskvelden. Eg veit ikkje om eg er den einaste som har lagt merke til at det er ein 10-12 personar som går att i snakkeprogramma fredag kveld, viss de skjønar kva eg meiner.

Det var ein pokkers god vin, ein skulle mest tru den kom frå ei flaske, eg meiner ei flaske kjøpt på polet, men den kom frå ekstrakt og eigenhendig opptappa vatn, eg hadde laga brygget sjølv, det smakte som ekte raudvin og det var raudvin, og på eit eller anna tidspunkt, ganske snart vil eg tru, tok eg til å mista interessa, tv'en stod der og dura i veg med sitt pjatt, eg var fin i farta no, det var tid for alle dei gamle platene mine, eg hadde framleis ein platespelar som hadde overlevd  cd-invasjonen, og det same hadde lp-platene mine gjort, eg hadde drege dei meg med hit, eg hadde drege dei med meg alle stader eg hadde budd, eg kom aldri til å kvitta meg med dei, ikkje då, ikkje no. Og no snakkar eg om kremen av lp'ar, min krem - Velvet Underground, Jefferson Airplane, Jimi Hendrix, The Beatles, Jethro Tull, Captain Beefheart, Cannonball Adderley.

Eigentleg hadde eg vakse frå dei, eg høyrde lite på denne musikken meir, rocken hadde døydd for lenge sidan, eg meiner som opprør, eg snakkar om den rocken som tok seg sjølv alvorleg, det var det desse  skivene frå 60-talet dreidde seg om.  Eg skjenka i glaset og starta forsiktig, nippa til vinen, visste eg kunne ta det med ro så lenge eg ville, eg byrja roleg med musikken også, det vart Velvet Undeground fordi dei alltid hadde engasjert meg minst, så eg lytta til Lou Reed, han venta på mannen, eg drakk, nippa berre, fekk ein tanke, kvifor hadde eg kvitta meg med sykkelen min, den kunne vore fin å ha no, men ikkje tenk på det no, tenk på noko anna… waiting for my man, I'm waiting for my man…

fredag jan 08, 2010

Sundag morgon, midt i oktober

Eg vakna med ein dundrande hangover og lurte på kor laurdagen hadde teke vegen. Men laurdagen hadde vore ein bra dag. Når eg først fekk tenkt meg om. Ja, visst pokker hadde det vore ein bra dag. Eg hadde stått tidleg opp, det hugsa eg no. Eg hadde stått tidleg opp, kokt meg ein masse svart kaffi, sett meg til mac'en og hadde heldt meg langt unna internett, berre sjekka eposten men ikkje svart på noko (det var heller ikkje så mykje å svara på), eg hadde skrive på romanen min og kome godt i gong med den, eg hadde skrive intenst og målretta og hadde fått til opningskapittelet, som skulle opna med slutten, med at far til Dani var død og skulle gravleggjast og at me i gjengen møttest nede i undergangen ved torget og gjekk saman opp til kyrkjegarden, eg hadde fått det bra til og var så nøgd at eg bestemte meg for å slutta av medan leiken var god, og deretter hadde eg jobba trutt og jamnt med omsetjinga resten av dagen til eg hadde skrive den doble dagsrasjonen, eg hadde klart 25 sider før eg gav meg utpå ettermiddagen, det var ikkje ofte eg skreiv så mykje i eitt strekk, eg kunne ikkje hugsa at eg hadde gjort det på fleire år, så då klokka var rundt seks på kvelden kunne eg gje meg for dagen med godt samvit. Jo, det hadde vore ein bra dag.

Kva som hadde skjedd etterpå var kanskje ikkje like bra. Eller jo, det hadde vore bra. Det var det å venda tilbake til røynda, eller rettare sagt den verda eg var nøydd for å forhalda meg til, som ikkje var bra. Slik var det. Eg hadde ikkje noko å ha dårleg samvit for. Det var det verda som burde ha. Eller det folk kalla verda.

Saka var at eg hadde sett ein plastdunk med tjue liter hurtigvin for eit par veker sidan. Og fredagskvelden hadde tida vore inne for å smaka på vinen. Det var ein raudvin som eg, trass i den dårlege kvaliteten, hadde lært meg å lika, eg drakk ikkje så mykje, eit par glass til kveldsmaten etter at eg hadde kome heim frå biblioteket om kvelden, vinen hadde varma og sett meg i godt humør, eg såg lysare på tilværet enn på lenge, men eg drakk ikkje meir enn dei to glasa og sette meg inn på arbeidsrommet mitt, sat der under skråtaket og surfa på internett resten av kvelden til eg vart så trøytt at eg heldt på å somna, og neste morgon vakna eg tidleg og fekk ein god arbeidsdag.

Laurdag kveld tappa eg opp to flasker av vinen, heldt dei opp mot lyset, dei var klare og fine. Ei flaske vert aldri så klar som når det er vin i den. Det er noko underleg og hemmelegsfullt med vinen, ja, med alkohol i det heile, men særleg når det gjeld vin. Vinen har ingenting av det djevelske elementet som ein finn i brennevinet, eller den vulgære sida som ølet har å by på. Vinen er som ein katt, du vert aldri klok på han, han er elegant, mystisk, held seg for seg sjølv om han vil.

Så langt sakna eg ingen. Heilt sidan eg kom hit i sommar hadde eg vore åleine. Eg hadde aldri besøkt nokon, ingen hadde invitert meg, og eg hadde heller aldri invitert nokon, kven skulle det vera? Rett nok var eg blitt invitert heim til kulturkonsulenten, Hannelore, ein laurdagskveld eit par veker etter at eg hadde kome hit, eg hadde sagt nei takk og ho hadde aldri spurd meir, eg hadde forstått det var av rein plikt ho hadde bede meg. Eg såg fram til desse helgane då eg kunne få vera mutters åleine eit par heile dagar.


torsdag jan 07, 2010

I mørkret ein stad drøymer eg tittelen på boka mi

Me trefte kvarandre i undergangen nede ved torget, heile gjengen - Spikeren, Long John, Monsieur M. Me hadde frakkar og slips på oss og såg sikkert nokså komiske ut, berre at me hadde ikkje syn for slikt nett då. Nei, ikkje no. Me prøvde å sjå alvorsame ut, og det gjekk heilt fint. Ingen tykte det var noko komisk i det heller. Me gav kvarandre lov. Me hadde frakkar og slips og såg alvorsame ut, og det var heilt ok.
Folk hasta forbi oss. Det var ein heilt vanleg kvardag. Me stod inne i undergangen, ein stad i nærleiken av bladkiosken ved utgangen, og utanfor var det vinter. Det hadde snødd om natta, det var meir vinter i sikte, og tanken på det gjorde meg roleg. Eg har alltid kjent meg roleg om vinteren. Eller rettare sagt, eg har alltid kjent uro resten av året.
Me var der, heile gjengen.
Me hadde god tid. Hadde avtala det slik.
Ingen prøvde seg på noko tull.
M såg på klokka si.
- Skal me gå? sa han.
 Me nikka.
- Me går, sa eg.
Greitt å vera tidleg ute. For det var langt å gå. Og det snødde.
Bak oss dukka Ian Anderson og resten av Jethro Tull opp. Dei dansa og herja verre i snøen. Men me brydde oss ikkje.

Ein tittel!
Ja, ein tittel. Eg treng han - no.
Byen i snøen.
Vinterbyen.
Ein by, ein vinter...
Ja, kvifor ikkje?
Ein by, ein vinter. Ei kjærleikshistorie.


onsdag jan 06, 2010

Krig og fred - ein annan gong, kanskje

Eg gjekk roleg opp trappa.
Soverommet var ein lun stad. Nattlampa kasta alt det lyset over senga eg kunne trengja, men ikkje meir. Resten av rommet låg i skuggjer, det var gode skuggjer. Eg åt kveldsmaten min under dyna, kjende eg vart varm og avslappa, etterpå la eg meg på ryggen,  med nakken støtta mot hovudputa, og opna Krig og fred, det store leseprosjektet mitt denne vinteren, oppfyllinga av den livslange draumen om den gode boka, og eg ville ikkje berre lesa heile verket, eg  ville bli ein autoritet på det, eg ville lesa om det, og om forfattaren, Tolstoi, og om dei historiske hendingane som låg bak, eg ville la Krig og fred bli til sjølve boka for meg, seinare ville eg kanskje lesa andre verk på same måten, Don Quiote, t.d., eller Rødt og svart, eller Dei elendige, men nett no - ja, eg har bestemt meg!

Opninga av Krig og fred går føre seg i salongen til enkekeiserinna si høffdame og nære fortrulege venninne Anna Pavlovna Scherer. Me er i Moskva, året er 1805, det er i juli. Ho tek i mot ein gjest, først Vassili Kuragin, ein eldre herre som er overhengt med ordenar.. Dei pratar vennleg saman om hendingar og personar og teikn i tida som høyrer heime i ei anna verd, i ei anna tid og eit anna land, i det minste. Etter kvart kjem gjestene som hoffdama har invitert denne dagen, det er fyrstar og fornemme damer og dei held fram med å prata om uforståelege ting, dels på fransk, og etter tjue sider somnar du frå boka, vel vitande om at du aldri kjem til å lesa Krig og fred denne gongen heller, trass i at du seier til deg sjølv at du berre var for trøytt til det i kveld og at du vil halda fram i morgon tidleg…

Ein eller annan gong i løpet av natta, det kan ha vore midt på natta eller kanskje mot morgonen, eller kanskje berre ei stund etter at eg hadde somna, vakna eg men vakna ikkje, det var som eg flaut opp frå eit djupt mørkre til ei mjuk, elastisk overflate som eg visste at eg kunne bryta om eg ville, om eg berre brukte meir krefter, men eg ville ikkje bryta sømnen, eg ville sova, eg ville synka ned att i mørkret og bli vekke, men i staden vart eg liggjande og flyta rett under den mjuke hinna, eg vugga att og fram og sansa at det var vinter, eg tenkte at eg måtte ha sove lenge, for det hadde teke til å bli vinter allereie, så skjøna eg at eg var der att, eg var tilbake ein annan stad i livet mitt, til noko som ein gong hadde hendt og framleis vedkom meg, eg tenkte at det var boka eg skulle skriva og då kunne eg liggja slik og drøyma på denne måten, sjølv om eg helst ville synka ned i djupet att.


mandag jan 04, 2010

Det spøkjer

Godt nyttår!
Juleferien er over - eg er på plass ved skrivebordet att og den traurige forteljinga om vår stakkars bibliotekar på ei forblåst vestlandsøy held fram der me gav oss før jul. Det går ikkje så fort, dette - men det kjem  fleire personar med etter kvart - ein bonde, ein eks-strippar og ein eks-major. Samt den nervøst etande kulturkonsulenten Hannelore. Ei gammal kjærleikshistorie skal bli roman. Og kjem eigentleg Tomas Espedal? Heng med.  

Med boka i handa strekte eg ut armen for å skru av lampetten då eg i det same høyrde ein lyd. Eg bråstoppa, kjende meg heit. Det hadde berre vore ein augneblink. Men det var ikkje til å ta feil av. Det var nokon her - i den avstengde delen av huset. Med handa frose stiv over lysbrytaren vart eg stånde som nagla fast medan blikket mitt, nasen, høyrsla, kvar einaste sans eg måtte ha, tok inn omgjevnadene - stova, situasjonen, jamvel landskapet og  huset sett i fugleperspektiv: den mørklagte stova, den totale stilla og fråveret av nokon form for fysisk rørsle, konturane av spisebordet som stod midt på golvet i den inste stova, omrisset av tv-apparatet og sofagruppa, det lysande displayet på stereoanlegget. Alt var på ein måte stivna i tid, ei blanding av den gamle stova som høyrde til i ei anna tid, til andre menneske, og mine  ting som var plassert her, eg stirde på eit bilete som var frose fast og sett bort på ei bortgøymd hylle i universet. Utanfor kasta glansen frå den lysande fullmånen ei bleik, mest gjennomsiktig kappe over landskapet, det var då eg plutseleg vart merksam på at det hadde klarna opp utanfor, tunge skyar hadde skilt lag, eg såg konturane av dei mot den månelyse himmelen, kvitkanta med tungt grått.

Så høyrde eg lyden att. Denne gongen var det svakare, fjernare. Som ein dør som vart lukka, som steg opp trappa der inne. Eg hadde vore der, det var ikkje anna enn nokre tomme rom kor det var stabla inn øskjer med rot og skrot som husverten ønskte å bli kvitt, og som han ikkje hadde plass til heime. Det var faren hans som hadde budd i den delen, før husverten sjølv flytta til byn og faren døydde. Og etter at den gamle døydde var hans del av huset blitt ståande tom. Det er så rart med det.

Så høyrdest det ut som ei dør vart slått i. Og alt vart stilt.
Eg vart ståande på same viset, urørleg. Eg hadde ei ubehageleg kjensle av at nokon stirde på meg. Samstundes visste eg at det ikkje kunne vera nokon der. Men det er rart med det, når du bur i eit leigd, gammalt hus der ein del av bygningen står avstengd kan du ta til å fantasera om det eine og det andre. Som i Jane Eyre. Mystiske tårn og låste dørar som kunne skjula uhyggelege løyndommar. Det var ikkje rart at ein kunne ta til å fantasera. Men kjensla av å vera betrakta ville ikkje forlata meg. I det same visste eg at det berre var her, i dette rommet, at uhygga fanst, no i kveld, i mørkret. Eg kjende at om eg berre vreid om brytaren, om eg berre fann makt til å gjera det, så ville forbanninga bli broten. Eg talde til tre og vreid om. Det vart stummande mørkt. Eg stod der med boka i handa og stirde ut vindauget, speida etter skuggjer. Men ingenting. Sjølvsagt ikkje. Og heller ikkje ein lyd.

(Framhald...)

tirsdag des 22, 2009

Onsdag kveld, andre veka i oktober

Somme tider har ein på kjensla at ein har sett i gong eit eller anna spel, eller noko mekanisk snarare, som ein ikkje burde ha sett i gong. Kanskje ein til og med har sett det i gong for lenge sidan. Eg levde eit roleg liv som bibliotekar på landsbygda ein obskur stad på vestkysten av Noreg. Eg levde også på ein gedigen livsløgn. Det gjer me vel alle.

Då eg låste meg inn i det mørklagte huset i halv ni-tida om kvelden tok det til å regna. Eg hadde merka det ei stund at det ville koma eit verskifte. Det er slikt ein legg merke til når ein bur på landet. Det hadde teke til å bli mørkt for alvor, om eit par veker skrudde me klokka tilbake og det var vintertid i vinterlandet. Det gjorde ikkje meg noko. Eg likte vintermørkret, dei regnfulle, uoversiktlege haustkveldane. Og framfor alt likte eg å vera åleine. Tenna i omnen, sjå tv, vera for meg sjølv. Kvelden var tida for å gjera slikt. Det var ikkje tida for skriving, ikkje for data eller internett, heller ikkje for musikk. Det var tida for å laga seg mat, noko godt, sjå etter kalde potetar eg kunne steika, saman med eit speilegg og ein løk, eller ei skive med masse mjuk honning. Og stolen framfor tv. Eg er ein hund etter tv. Eg følgde fleire seriar fast. Men denne kvelden let eg vera å skru på tv'en då eg kom heim. Eg var framleis ganske lemster etter den lange marsjen i går kveld. Eg kjende meg sømnig. Så då eg hadde laga meg ein solid kvelds bestemte eg meg for å gå tidleg til sengs med ei god bok. Torsdag var skrivedag heime, så eg ville heller koma meg tidleg opp i morgon tidleg og jobba. Eg trengde å koma tritt med omsetjinga. Så eg sette maten på eit brett og gjekk opp på soverommet. Det var kaldt då eg kledte av meg, men det vart snart varmt under dyna. Det var då eg oppdaga at eg hadde gløymt den gode boka.

Det er mange draumar me menneske ber i oss. Draumen om det gode liv. Draumen om det perfekte ekteskapet. Og draumen om den gode boka. Draumen om den boka som får deg til å gløyma tid og stad, boka som dreg deg inn i ei verd av spaning og eventyr, romantikk og hat og intrigar, draumen om å leggja ut på den store ferda, draumen om den boka som endrar livet ditt. Ikkje alle har den draumen. Men mange har den. Eg hadde den. Eg hadde enno ikkje slutta å tru på den. Sjølv om eg inst inne visste at det berre var ein draum.

Tydde det at den gode boka ikkje fanst?
Å, sjølvsagt fanst den. I minnet mitt levde den gode boka. Korleis kunne eg gløyma Den svarte pilen, Kong Salomos miner, Skattøya, Ivanhoe? Hopalong Cassidy? Det var dei gode bøkene. Og seinare, i tenåra - ikkje så mange, ikkje så intense… Hjartet er ein einsam jeger, Weekend-mannen, Ray Bradbury. Og seinare... nokre store bøker. Draumen om den gode boka levde framleis. Eg hadde aldri slutta å tru på den.
Og no vakna draumen att.

Trass i at det var kaldt i huset, og at eg hadde sløkt lysa overalt, kasta eg dyna til side og gjekk berrføtt ned trappa i stova for å leita i bokhylla. Eg hadde nokre store draumar, no var tida inne for å realisera dei. Eg hadde dei i hylla, tida var der. Ulysses. Krig og fred i alle fire banda. Ringenes herre. Snorre, både på bokmål og nynorsk. Den guddomelege komedien. Vestens tenkere.

Eg tende ein lampett og vart ståande i det blaute halvlyset medan blikket gleid att og fram over den øvste hylla, der eg hadde dytta inn alle desse bøkene. Kvar og ein av dei representerte draumen. Ja, no var tida her. Alt hadde snudd seg for meg no, i morgon skulle eg ta fatt på romanen min, alt var bra, klokka var berre kvart over ni om kvelden, eg ville gå til sengs med ei god bok og liggja varmt og trygt under dyna og lesa til langt på natt, eller til eg somna, med den mørke haustnatta der ute.

Eg vurderte Snorre ei lang stund. Slo Ulysses frå meg. Tenkte på Dante, på Vestens filosofihistorie. Nei, det måtte bli ein roman. Ein god, gammaldags roman med ei ordentleg episk handling, ein Dickens-roman hadde vore perfekt, men eg hadde lese alle Dickens-romanane mine og trudde ikkje at eg kom til å lesa dei opp att, endå særleg Pickwick-klubben stod for meg som draumen om den gode boka. Mange drøymde om at dei ein gong i livet skulle ta seg tid til å lesa Krig og fred.  Eg hadde alle fire banda. Eg tok fram det eine, det første bandet, og bladde gjennom det. Bøkene hadde kome til meg for ein slikk og ingenting for eit par år sidan. No var tida inne. Heile denne vinteren skulle eg fordjupa meg i Krig og fred. Det ville koma dagar med storm og regn, tagalle kveldar med fullmåne og ugleskrik og gneistrande hard snø, det ville koma netter der eg låg godt under dyna og følgde personane i boka i krig og fred, i Russland, under Napoleon sitt felttog. Eg gledde meg til det store leseprosjektet mitt, i heile vinter skulle eg berre lesa Krig og fred, skriva på romanen min, sysla litt med omsetjinga mi og passa biblioteket. Det ville bli ein bra vinter, det skjøna eg no -  alt det eg hadde kome hit for såg ut til å laga seg.


mandag des 21, 2009

Onsdag ettermiddag, andre veka i oktober

Det eigentlege hovudbiblioteket i kommunen låg på ungdomsskulen i Øyvågen. Det var det største biblioteket og det einaste som hadde ei datamaskin. Det var dessutan moderne og lyse og trivelege lokale. Datamaskina hadde eg på deling med bibliotekbrukarane. Det gjekk greitt, det var ikkje det, og eg skulle ikkje klaga. Det var ingen ungdommar som sat og hang over skjermen i timevis slik dei gjorde andre stader, med si evinnelege chatting eller sine like evinnelege spel, så det var godt for noko. Det var få ungdommar som kom på biblioteket om ettermiddagen. Eg hadde avdelinga i lag med skulen, som kombinasjonsbibliotek, og jobba her to føremiddagar i veka, i skuletida. Det kunne stundom vera tøft.
Men.

Desse ettermiddagsopningane i Øyvågen kunne vera litt ubereknelege. Nokre gongar fossa det inn med folk, andre dagar kunne det vera dørgande stilt. Som i kveld. Eg vart sitjande åleine ved skranken, sat berre der. Eg tenkte.litt på romanen eg skulle skrive. Eg var glad for at det hadde teke til å bli så konkret. Det burde vera enkelt. Det burde vera mest som ei utfyllingsoppgåve. Eg rekna ut at viss eg heldt eit snitt på tre? fire? fem? sider pr. dag, i tillegg til omsetjinga, då ville eg iallfall ha manuskriptet i boks til sommaren. Så kanskje eg kunne få boka ut til hausten. Jo meir eg tenkte på det, jo sikrare vart eg. Til hausten ville eg få ut ei bok, ein roman, og eg var sikker på at boka ville bli ein suksess. Og då kunne eg ta til å sjå på denne staden med eit smil. Eit mildt, litt trist smil, kanskje.
Ja, det kunne eg.


søndag des 20, 2009

Vinden att

Eg merka at eg tok til å bli svolten. Det er underleg å gå kring i eit hus på dagtid, åleine, i det harde dagslyset. Særleg når det er eit hus du har leigd. Når det er eit hus som ikkje er ditt. Eg syntest ofte at eg kunne sjå og høyra dei menneska som hadde budd her før meg. Eg hadde tapeta deira på nokre av veggane, bortsett frå dei var det nake tømmer i dei fleste rom. Det likte eg. Nakne tømmervegger er slik det skal vera. Det er naturleg, det er ærleg, det skjuler ingenting. Du kan slå i ein spiker, du kan trekkja han ut att seinare. Det er med tømmervegger som med folk, i grunnen. Du likar best dei som ikkje skjular noko. Sjølv om dei kan vera røffe. Nokre av møblane hadde også tilhøyrt dei som budde her før.

Det hadde teke til å bli eit stykke ut på dagen, eg kjende eg var verkeleg svolten. Kanskje det hadde med den lange marsjen i går kveld å gjera. Eg hinka bort til kjøkenskapet og opna skapdøra. Som vanleg var det ikkje mykje der, eg tenkte stadig vekk på å handla ordentleg inn, men det vart aldri. Kanskje eg burde hengja opp ei handleliste på kjøleskapsdøra eller noko. Eller kanskje det vart for mykje å bera på. Eg hadde høyrt dei kunne få varene køyrt heim på døra, på fredagene, men den ettermiddagen var eg aldri heime, eg var på jobb, på biblioteket i Øyvågen.

Men det var litt å finna. Ein pose potetmos, nokre karbonadar i frysen, jamvel nokre djupfrosne grønsaker. Og sidan eg var så svolten og klokka nærma seg eitt bestemte eg meg like godt for å laga middag. Det var fort gjort å finna fram steikepanne og måla opp vatn i ei gryte. Alle mine middagar var fort gjort. Dei hadde teke til å bli nokså like også. Ikkje einsformige, men mykje det same - aldri fisk, t.d. Eg rydda plass og sette meg til inne i stova med maten. Trass i at dei fleste møblane stod her frå før då eg flytta inn og var nokså slitne hadde eg greidd å gjera det ganske triveleg, syntest eg sjølv - det var bbb-reolane med alle bøkene som gjorde det, og cd-stativa. Eg eigde svært mykje bøker som eg las lite i, og svært mange cd'ar som eg lytta lite på. Etter middag ordna eg litt opp, la meg på sofaen og lytta til vinden.

Vinden er mystisk.
Du vert aldri klok på han.
Ein skulle stundom tru at han leid vondt.
Men eg trur ikkje det. Dyster er han, det er sant.

Og nett i dag brusa han kring huset som bassen i eit fjernt orgel. Kva var det han ville fortelja meg? Han ville ikkje fortelja meg noko som helst. Vinden fortel aldri historier. Det høyrest berre slik ut. For det er historier i han, det står ikkje til å nekta. Han tok meg med til forblåste gater i Stavanger, til breie striper av asfalt som var skurt reine for haustløv. Vinden budde der, i Stavanger. Men det var ikkje han som fortalde.


lørdag des 19, 2009

Epost, Viagra og porno

(Framhald frå førre innlegg:)

Det var fem epostar i postkassa mi. Fire av dei tilbaud sex-partnarar og Viagra og gunstige lån, den femte var ei massesending frå ein fyr eg knapt nok kunne hugsa, han bad oss alle saman klikka på ei lenkje for å sjå noko morosamt. Eg gjorde ikkje det. I staden vart eg sitjande lenge og stira på den lange remsa av epostadressar. Dei fleste av dei var ukjende for meg, nokre av dei kjende eg sånn halvveges. Eit kollegium som sat og hygga seg med ei morosam helsing no på morgonen. Kor mange av dei kjende kvarandre? Kvifor hadde han inkludert meg på lista? Eg såg dei for meg, denne veneflokken hans som eg no var inkludert i, eg såg dei der dei sat på kontora sine og humra av på kanten-filmsnutten han hadde sendt ut, kanskje nokre av dei skulle ut saman i kveld, ta ein halvliter og preika skit, eg tenkte på kor hyggelege slike publokale kunne vera, dei sat foran pc'ane sine i lyse og trivelege kontorlokale med pottepalmer, fint kledde og med fine hårfrisyrar som dei brukte tusenlappen på, dei var rett nok skilde nokre av dei, men dei hadde dyre bilar og dyre husvære og dei var lukkelege, dei hadde kvarandre og denne artige spøken på morgonen. Eg fornemma det som eit taust ekko frå alle desse  kontora, pubane, røystane. Og her sat eg, einsam framfor skjermen, med ein eksistens, med mitt liv som aldri hadde kome ordentleg i gong og no byrja det hasta, eg hadde runda førti og åra gjekk.

Men eg hadde romanen.
Ja, visst pokker. No hadde eg den.

Tanken løfta meg opp att. Eg lukka for eposten og opna for webradioen. Også her hadde eg ein regel. Så tidleg på dagen var det berre klassisk musikk som galdt, eg hadde lagt inn eit bokmerke på Play Classical UK. Mr. Lambourne dukka opp i høgtalarane og ønskte meg velkomen. Så lenge mr. Lambourne var der kjende eg at alt stod bra til med verda. Med det same klikka eg meg vidare inn på mappa med nettaviser. Eg hadde ein fast rutine på dette,  eg starta med Aftenposten og jobba meg ned gjennom alfabetet, frå Aftenposten til Bergens Tidende og Dagbladet, Dag og Tid og Dagsavisen, Morgenbladet, Nettavisen, NRK osv.

Det var lite nytt i dag, bortsett frå kidnappardramaet i Trøndelag som hadde heldt det gåande i avisene dei siste par dagane, eg sveipte dessutan innom  litteraturavdelinga i Dagbladet og gjekk rett over på mappa med utanlandske aviser og tidsskrift. Mr. Lambourne dukka opp med den mjuke, djupe røysta si att og fortalde at musikken kjende ingen grenser, eg tenkte at Play Classical UK for det meste bestod av svisker, men det var noko med denne kanalen som gjorde at eg alltid starta dagen med den, og deretter såg eg innom eposten på ny for å sjå om det var kome meir mail sidan sist, det var det sjølvsagt ikkje, det var sant å seia ingen som sendte mail til meg, difor abonnerte eg på fleire nyheitsbrev slik at det alltid var noko i postkassa. Eg måtte for all del framstå som ein travelt oppteken mann.

Utan at eg greidde å stoppa det byrja eg å bryta regel nummer to, eller nummer tre viss eg rekna med avisene, eg skreiv inn url'en til pornosida eg kunne fortapa meg i time etter time, om det skulle vera. Eg hata meg sjølv for det, eg prøvde av all makt å styra unna, men eg var åleine og det var ikkje lett. Eg sakna naken hud. Svært lite  ved desse bileta og filmsnuttane var naturleg, det var snarare som eg stirde beint inn i eit kjøthelvete, gledene deira var kortvarige, sjølv ein djevel smiler, ja, det er til sjuande og sist berre djevelen som smiler, og sjølv når eg omsider sleit meg laus frå denne pølen fortapa eg meg i private heimesider, eg las om hobbyar og familie og sakna det, det øvde mest den same makta over meg som pornoen, eg ønskte heile tida at eg kunne bruka nettet til noko fornuftig, men slik vart det aldri, fordi livet var ikkje fornuftig, livet bestod av sex og hobbyar og familie, eg sat her i denne vesle avkroken av verda og var alle stader, eg kunne læra og vita og sjå og studera kva eg ville, kvar eg ville, som eg ville det, det fanst ingen grenser, nettet batt heile verda saman og alt eg gjorde var å surfa kring mellom silikon og glatt hud og fornedra meg sjølv.



onsdag des 16, 2009

Så det var altså denne boka...

Eg heldt mest på å le høgt, eg kjende korleis det bobla i meg. Så det var denne boka eg hadde gått og bore på i alle desse åra, denne lange vandringa i ørkenen!. Og så låg stoffet der heile tida, så nær, til å snubla i.

Eg lente meg tilbake i stolen med kaffikruset i handa. Drakk meir. Det verka i heile kroppen, eg var ør og lemster mest på grensa til å få feber.

Men det kjendest godt også. Eg bestemte meg der og då for å gå lange turar. Det var det forfattarar gjorde. Dei av dei som  budde på landet. I det minste i min fantasi. Eg hadde det frå eit tv-program om ein engelsk thriller-forfattar, kanskje det var  Frederick Forsythe, eg hugsar det imponerte meg at han gjekk lange turar med hundane sine og kom heim og sette seg til å skriva, og eg hugsar eg såg programmet i lag med søstera mi og ho sa: "Den som kunne hatt det slik…" Ja, definitivt. Eg budde ikkje på ein country etstate, og ikkje hadde eg hund heller, langt mindre ein liten flokk, men eg kunne leva slik, eg også, ja visst kunne eg det, stå tidleg opp om morgonen og vandra ein tur i skogen før eg kom heim og sette meg til mac'en og skreiv på romanen min med litt omsetjing attåt, nærast for å skaffa litt ekstra drivstoff til motoren. Ja, klart eg kunne det. Og dette var den første dagen i det nye kapittelet i livet mitt.

Eg hadde allereie den første lina til det første avsnittet i romanen min. Det var nok for no. Eg måtte ikkje skunda på, måtte ikkje forkludra noko. Berre ta den tida det tok. Eg hadde så mykje i boks no. Eg såg det for meg, side for side, såg det grafiske biletet, eg såg den ferdige boka, eg kunne lesa ho, høyra ho, eg kjende orda og setningane og avsnitta, eg visste korleis alt skulle vera. Og best av alt, eg hadde heile historia, frå ende til annan - stemninga, kulissane, karakterane. Det stod berre att å skriva ho.

Ja. eg var nøgd. Eg hadde gjort nok for i dag.

Eg hadde dessutan omsetjinga å tenkja på. Eg hadde byrja å koma skeivt ut tidsmessig. Det var ingen fare, eg hadde rekna ut at eg berre trong å leggja på to ekstra sider kvar dag i tre veker for å henta inn att det eg hadde tapt. Eg stirde på boka. Forlaget pleidde alltid å flekkja av omslaget før dei sendte bøkene til meg. Det hadde ingenting å seia for meg, men eg vart alltid sitjande, anten eg visste om det sjølv eller ei, og stira på desse bøkene medan eg lurte på korleis omslaga eigentleg såg ut. Sjølvsagt visste eg det, det var berre å sjekka på nettet - og det gjorde eg stundom. Det var ikkje det. Det var berre det at ei bok der omslaget var flekka av… 

Eg hadde endå skjøna det om dei hadde nytta originalomslaget på dei norske utgåvene. Men her var alt alltid annleis. Dei hadde laga nye teikningar då mine utgåver kom ut. Eg lurte på det, endå det ikkje hadde noko å seia. Men det var rart med det, eg sat med desse bøkene  i fleire veker, dei fleste av dei strekte seg opp i 400 sider og dei vart ein del av livet mitt for eit par månader i slengen. Boka eg jobba med no handla om den dydige og prektige Susan Windthorpe, ei ung adelsfrøken frå England som hamna i klørne på ein arabisk sjeik som sjølvsagt viste seg på vera ein engelsk lord som hadde søkt einsemda i ørkenen, skuffa og bitter på alle kvinner etter ei ulukkeleg kjærleiksaffære. Det var gjerne slik i denne sjangeren - mennene var røynde med kvinner, men samstundes eigde dei ikkje forstand på kvinnekjønnet, og dei opplevde først frelse frå forbanninga gjennom ei rein og edel jomfru som heller ikkje var fri for lidenskaplege drifter, ei klassisk oppskrift som gjekk tilbake til Jane Eyre og kanskje endå lengre og som ein finn i alle romansebøker. Bortsett frå det kunne den ytre handlinga i denne sjangeren variera frå 1990-talets USA til mellomalderens England, sjølv om det vart mykje London-adel og grever og grevinner og lordar og gods på landet. Det eg prøver å seia er at desse bøkene, som eg sjølvsagt ikkje tok alvorleg, danna grunnlaget for mykje av inntekta mi og hadde gjort det i årevis, og at eg tok oppgåva seriøst.

Eg fann fram til den staden der eg hadde slutta sist og byrja skriva ei stund, men anten det no kom seg av at eg kjende meg ganske mørbanka etter den lange fotturen i går kveld, eller tankane mine krinsa kring romanen eg skulle skriva, eller om eg rett og slett hadde ein av dei dagane då tankane berre vandra - det skal eg ikkje seia sikkert - men eg braut ein av dei reglane eg nyleg hadde sett meg, nemleg at eg aldri skulle byrja dagen med å sjekka epost. Kor mange arbeidsdagar hadde ikkje gått i vasken med det? Men eg kunne ikkje stå imot freistinga, musepeikaren gleid mot epostsymbolet.


tirsdag des 15, 2009

Ja, på Skavlan

Eg vakna av at sola skein inn på senga og trefte meg i andletet. Det var ei god kjensle å vakna slik. Eg visste at eg hadde meistra noko, eg hadde greidd meg gjennom noko som var større enn meg, og her låg eg, eg var like heil, ein ny dag venta, ein dag som kunne visa seg å vera den dagen eg hadde venta på heile mitt liv. Og kva var det å vera så redd for? Det var ein fin dag utanfor, sola skein, eg kunne få til mest kva eg ville.

Eg snudde meg i senga og kjende at det verkte i beina. Og eg kjende at eg hadde fått gangsperr i magen. Men eg hadde greidd det, eg hadde gått den lange vegen tvers over øya og her låg eg varmt og godt i mi eiga seng, verre var det ikkje. Så byrja resten å koma tilbake til meg også - minnene frå den gongen eg var i tenåra og opplevde mitt livs store kjærleikssoge, det var det eg hadde venta på, her hadde eg opplegget til den romanen eg inst inne hadde gått og visst at eg ville skriva, om min kjærleik og dei vaksne si vonde verd. Eg kjende meg oppløfta av tanken, svingde beina ned på golvet, skar ein grimase då eg reiste meg. Eg var ør og lemster, men det gjekk. Klokka var ikkje meir enn ti på ti. Det sette meg i eit endå betre humør. Kva tid kom eg heim i natt? Eg visste ikkje. Kanskje det hadde vore tidlegare enn eg trudde. Eg kjende meg utsoven. Drog på meg dongeribuksa som hang over stolryggen borte ved døra, tusla ned på kjøkenet og fekk fart på kaffitraktaren.

Det var ein bra dag. Eg kjende det i heile meg. Dagen var bra, og eg kjende meg bra. Alt var som det skulle. Då kaffien var ferdig helte eg den opp i ein termos og tok med meg opp til arbeidsrommet mitt, som låg vegg i vegg med soverommet. Som det meste i huset var dei tømra veggene heilt bare, det hadde aldri vore måling eller tapet på dei. Eg hadde funne eit stort bord som eg hadde bore opp trappa og plassert foran vindauget. Her stod den kvite iMac'en min. Ved sida av maskina låg boka eg jobba med for augneblinken halvt oppslege, med boksidene som eit trekkspel som nokon berre hadde gått frå. Det hadde vore eit heilt perfekt opplegg, som ein seier. Eg hadde levd av å omsetja pocketbøker dei siste femten åra - vel, me hadde vore to om den samla årsinntekta, men eg hadde tent rimeleg bra på omsetjinga og jamvel skrive nokre pocketbøker sjølv. Så då me skilde lag vart det for lite med berre pocketbøkene, og det var då denne bibliotekjobben dukka opp, heilt ut av det blå. Eg var ikkje einaste søkjar, men eg fekk då jobben   Det kunne ikkje passa meg betre. Fem og tjue timar i veka på biblioteket, dei fleste på kveldstid, tre føremiddagar i veka til å jobba med omsetjing, fire viss eg rekna med laurdagen, og kvifor skulle eg ikkje det? Det gav meg ikkje berre sjansen til å halda det gåande med det frie livet som omsetjar, men eg fekk også det høvet eg hadde venta så lenge på - til å sleppa vekk frå alt og alle, vera åleine, tenkja, finna tilbake til meg sjølv, skriva den store romanen, byrja eit nytt liv, feia vekk alt på tavla og starta på skrætsj, tabla rasa.

Eg drakk av den svarte, glovarme kaffien. Kjende meg bra.
Skrudde på mac'en, bladde litt i boka eg jobba med for tida. Som det meste anna dei siste par åra var det ein såkalla dameroman. Det var greitt nok for meg, eg likte dei, det var eit eige fag å skriva slike bøker, eg skulle ønskja at eg kunne klart det sjølv, men eg innsåg at når alt kom til alt var det best på denne måten, eg laga ein norsk versjon av ei bra bok, fekk betalinga mi og kunne ta fatt på neste. Tanken hadde heile tida vore å skriva sjølv ved sida av. No hadde eg ingen fleire orsakinger.

Og eg hadde opplegget klart.

Eg såg det for meg, alt saman - korleis eg ville bli intervjua på tv når boka kom ut, på eit eller anna talk show, eit av desse som gjekk på fredagskvelden - ja, på Skavlan. Boka kom til meg i ein draum, ville eg seia. Nei, ho kom til meg medan eg sat på ein landsens bibliotekfilial og keia meg, du veit der skjer det ikkje stort anna enn ein og annan katt som kjem forbi vindauget, så fall eg heilt i stavar og såg heile boka for meg, komplett,  ned i kvar minste detalj, byen, snøen, du veit bakgrunnskulissane som det har vore snakka så mykje om i omtalene, og kontrastane mellom den store ungdomskjærleiken og dei vaksne si vanskelege verd, og… Ja, eg vart altså sitjande slik til eg brått oppdaga at klokka hadde sprunge frå meg og eg nådde ikkje bussen heim. (Byrjande latter frå salen)  Så dermed måtte eg gå heim i mørkret, over fjellet, det var ein kald haustnatt og det regna, to mil gjekk eg, eller var det tre, eg hugsar ikkje heilt, og då eg kom heim var eg så trøytt at eg snubla til sengs, og heile natta låg eg og fabla om denne historia. (Humring) Neste morgon vakna eg tidleg, eg gjekk rett inn til datamaskina mi, vel, eg trakta kanskje eit krus svart kaffi først, så sette eg meg til og skreiv, eg skreiv som i ein rus, dag og natt til eg hadde dei første ti kapitla ferdig, då visste eg det ville bli bra, og frå den dagen av såg eg meg aldri meir tilbake… (Applaus, eg nikkar mot publikum og smiler…)
Før eg gjorde noko anna opna eg tekstbehandlaren og skreiv dei første linene i romanen: "Det var den vinteren det snødde så mykje".
Der. No visste eg at eg ville greia det.


mandag des 14, 2009

Natt til onsdag, andre veka i oktober

Då eg låste  meg inn i huset hadde eg inga aning om kva klokka var. Eg visste berre at det var midt på natta, det måtte det vera, det hang ei eiga slags tåkeaktig dis rundt veglyktene,   den mørke lufta var tett og dreiv meg inn døra, over den digre bjørka på den andre sida av vegen som førte opp til huset lyste ein gul halvmåne. Å ja, det var så definitivt natt. Eg kjende ei mest overstraumande glede over å vera heime. Slik ein oppdagar kor mykje ein eigentleg har gleda seg over og kor godt ein har det. Eg var svolten, eg kunne gå inn på kjøkenet og smøra meg mat, sjølvsagt kunne eg det, men i staden heldt eg fram opp trappa til soverommet og la meg i senga, strekte meg tvers ut og drog pusten djupt. Eg hadde greidd det, eg hadde gått den lange vegen, eg var heime, og her hadde eg det godt. Eg såg alt så klårt no. Eg hadde ordna meg bra. Ja, sanneleg hadde eg det. Eg hadde det eg trong. Eg hadde all den tida eg trong. Den dyrebare tida eg alltid lengta slik etter, no hadde eg den. Eg hadde all den tida ein kunne drøyma om. Eg hadde den tida eg ville ha til å skriva boka mi og bli forfattar. Om eit år eller to kunne eg debutera, koma meg ovanpå. Og eg hadde dessutan debutert, sjølv om det hadde byrja å bli ganske mange år sidan den vesle diktsamlinga mi hadde kome ut. Eg skulle finna boka fram att, leggja ho på skrivebordet, ho var ikkje noko å skjemmest av, boka hadde fått gode kritikkar, jamvel i Aftenposten og Kritikkjournalen, eg ville leggja henne på pulten og la omslaget gje meg det motet eg trengde.

Eg var svolten, men altfor trøytt til å gjera noko med det. I staden drog eg av meg kleda og krølla meg saman under dyna, kjende korleis det tok til å verka alle stader. Eg var sjuk, eg var viss på at eg  hadde feber. Eg visste at eg rota, men likevel rota eg. Eg fantaserte om kulturkonsulenten og Tomas Espedal. Eg blanda heile tida yoghurt-begeret inn i fantasiane mine. Underlege, springande bilete vart blanda saman som to filmrullar. Glimtvis var det eit bilete, ei scene, som heile tida prøvde å koma fram, eg visste det hadde noko med at bussen stansa i Øyvågen å gjera, noko med butikken der, men kunne ikkje hugsa kvar det var, det var berre noko eg måtte hugsa. Så dukka scena brått fram, mellom virvaret av bilete som ikkje kunne høyra heime i ei fysisk verd, det var snarare som eg flaut gjennom ei verd måla av Hieronymus Bosch, men no visste eg det, det var ein stad i Jugoslavia, i Kroatia, det var ein hollendar som sa at eg måtte få i meg ei skål med yoghurt kvar dag når ein reiste slik me gjorde, for å få i seg næring, det var bra for magen, sa han, og eg tok til å kjøpa eit beger yoghurt kvar dag medan me sakte, dag for dag, tok oss søretter, ned mot grensa til Albania, ned gjennom Makedonia, me var hippiar, grensene var nett opna, yoghurt fanst ikkje heime, me hadde sprengt banda og var i ferd med å oppdaga oss sjølve.

Eg vart liggjande i ein halvdøs, rota att og fram om far til Dani og gravferda, om snøtunge bygater, eg hadde byrja på ein fantasi då eg miste bussen, no kom det tilbake til meg, alt saman, eg la meg på rygg i senga i det tette, lodne mørkret, ingenting hasta, eg hadde nådd heim, eg kunne leggja meg sjuk i morgon om eg ville, det kjendest godt å liggja slik no, eg var tilbake i dei mjuke bygatene heime att, vassa gjennom djup snø, det var sjeldan det var ein slik vinter i byen vår, men dette var den vinteren då alt skjedde for meg, det var den vinteren Dani kom springande med  The Magical Mystery Tour rett frå platebutikken og me gjekk inn på rommet hans og vart endå meir overtydde om at ingen nokon gong ville bli  større enn The Beatles.

---

Ein eller annan gong djupt inne i natta, ein stad i mørkret og sømnen, høyrde eg noko som tok til å romstera nedanunder, i stova - nei, det var ikkje i stova, det var i rommet på den andre sida av veggen, i den avstengde delen av huset, det gjekk nokon der inne, eg høyrde steg, men det kunne ikkje stemma.
Så somna eg.


søndag des 13, 2009

Eit buss-skur og stemmer i mørkret

Noko, ei eller anna fast form, dukka opp i mørkret, rett framfor meg. Det tok litt tid før eg skjøna kva det var. Eit buss-skur. Det blåmåla buss-skuret i vegkanten like ved vegkryssen der ein smal privatveg førte ned i skogen ved enden av vatnet. Då visste eg straks kvar eg var. Eg befann meg ved toppen av dei bratte bakkane som førte ned i dalen. Det ville seia at eg hadde lagt den lengste strekkja bak meg. Eg gjekk inn i skuret og sank ned på benken. Her kunne eg sitja, eg var trygg, og i det same kom det ein bil nede frå dalen, eg sat der, heilt roleg, kvilde, følgde billyktene med augene, sat berre der, la hendene i fanget og sat slik då bilen suste forbi, runda svingen og vart vekke i natta. Kva var klokka? Eg heldt armbandsuret opp til andletet, men det var umogleg å sjå visarane. Eg prøvde å rekna etter. Kjende korleis føtene verka. Hadde eg gått i to timar? Då måtte klokka vera ni. Eller ti? Hadde eg hol i den eine skoen? Nei, det berre verka slik. Skoen var like heil då eg kjende etter. Eg kjende dei var våte, men det var ingen rifter eller noko slikt.

Eg kunne sitja her ei stund. Det hasta ikkje. Det kjendest godt å berre sitja her i mørkret, det hadde ingen hast, ingenting hasta, eg hadde natta for meg og sat eg her lenge nok kom jo bussen også ein gong, i morgon tidleg. Og visst pokker låg sjokoladen min i veska, eg hadde ikkje ete den likevel, eg hadde berre drukke Cola'en. Eg fann fram sjokoladen, kjende med fingrane på det glatte papiret, det var ein king size Japp, og medan eg sat der og gumla på sjokoladen høyrde eg brått ei røyst og såg ei lommelykt i kanten på den andre sida av vegen, det var ein mann og ei dame, og dei gjekk rett forbi buss-skuret utan å leggja merke til meg, dei gjekk og prata saman utan avbrot og svingde ned den smale vegen ved skogkanten. Det var kvinna som snakka det meste av tida. Eg høyrde mannen fylla inn med eit og anna "Jaså" og "Seier du det?", så vart dei vekke i natta.

Eg kjende meg oppliva. Utan armbandsuret var det som tida hadde stoppa opp for meg, eg visste ikkje om det hadde gått kort eller lang tid, det hadde gått passe tid, nett det visste eg i det minste, vissa om det gjorde godt, eg reiste meg og byrja gå att, eg kunne vegen no, det var langt å gå enno, men eg ville snart vera nede i dalen og sjå lys og kjenna at alt var som det skulle, så eg gjekk på, utan å bry meg om den vonde foten, eg gjekk ned bakken, rundt dei krappe svingane, gjekk forbi garden som låg der kloss i vegen, eg hadde kontrollen, eg kunne sjå veglysa som byrja dukka opp lengre nede i vegen, eg kunne framleis stansa og ta pauser om eg ville, men eg ville ikkje, eg ville berre gå på og gå heim, og no då eg hadde byrja å gløyma tida og berre lot den strauma tvers gjennom meg, fann eg krefter til å gå, eg vart varm i heile kroppen og visste at no kunne eg halda på slik så lenge eg berre ville...


lørdag des 12, 2009

Alltid like sikker på at livet framleis ville byrja

Har vore på farta nokre dagar, men her kjem eit nytt avsnitt før helga (me er framleis i den møkre skogen, til fots over fjellet):

Vatnet låg der stort og blikkande stilt i kveldslyset. Det tok til å mørkna for alvor. Skuggjene gjorde konturane av landskapet mjukare. Dette var ein av dei mest aude strekningane på heile øya. Ingen hadde nokon gong slege seg ned og rydda ein gard her. Ingen dyr gjekk på beite her, det var rått og kaldt, det kjende eg no då det tok til å mørkna for alvor.

Framleis hadde det ikkje kome eit einaste køyrety framom. Ei stund medan eg gjekk syntest eg at lyden av ein moped nærma seg, eller kunne det ha vore ein motorsag? Lyden var der heile tida medan eg gjekk, ein stad der framme, men som eg gjekk korkje auka eller minka den i styrke.

Vegen bar rett framover no. Når mørkret først hadde byrja å falla på gjekk det fort. Brått oppdaga eg eit lys som gleid over tretoppane i eit skogholt eit langt stykke unna, nede ved enden av det store vatnet som eg mest ikkje kunne sjå lenger. Det kom frå ein bil. Eg veit ikkje kvifor, men eg hadde ikkje lyst til å møta nokon her oppe på fjellet, eg ønskte ikkje å bli sett, ikkje slik, så eg tok til å leita på begge sider etter ein stad å smetta vekk, gjera meg usynleg. Eg ville smyga meg inn mellom trea, gjera meg mjuk og bli borte mellom trestammene. Men nett her gjekk det ein steil berghammar langs vegen, så eg måtte sjå meg om etter ein stad på den andre sida, mot vatnet. Eg visste mest ikkje kva eg gjorde, men løfta veska mi og skrevde over autovernet, kjende at frakken hekta seg fast i eit eller anna, reiv den laus og hoppa ned mot vasskanten.

Det hasta ikkje. Det tok tid før bilen kom. Eg såg frontlyktene feia over vegkanten, frå den eine sida til den andre, så vart lyset vekke ei lita stund før det dukka opp att, det var mange svingar nett her, eg kjende eit gufs av vatnet og undra meg over kor rått og lite vennleg alt var på nært hald, så raste bilen forbi der oppe på vegen. Det var ein stor bil, høyrde eg, motorduren var ei stund det einaste som fylte det tette mørkret som hadde lagt seg over landskapet og skjult det, teke det i si eiga, eg tok til å krabba opp mot vegen att. Lufta var skarp og høyrde til årstida, det var ein haustkveld i oktober og folk levde sine liv som folk flest gjorde, eg var ein slik som ikkje gjorde det, eg var ein slik som hadde falle av lasset ein stad, eller hadde eg hoppa av vogna sjølv, eg visste ikkje heilt, men her gjekk eg på vegen att, eg fraus, eg kjende meg åleine i verda, utanfor alt, berre ein som var utanfor alt ville koma hit til denne staden og passa på den offentlege boksamlinga, berre ein einsam stakkar ville gå på ein aude veg i mørkret og gøyma seg for verda, skamfull for den han var. Eg prøvde å seia til meg sjølv at eg ikkje gjorde noko gale, det var då ei ærleg sak å koma for seint til bussen. Men eg visste at det var fåfengd. Eg kunne aldri sjå det slik, eg kjende alltid at eg gjorde noko gale, eg hadde alltid dårleg samvit, eg var alltid full av skuldkjensle, eg var skapt slik, eg kunne ikkje gjera noko med det.

Mørkret gjorde det vanskelegare å gå. Eg måtte konsentrera meg om å halda meg i vegbanen, finna vegen og retninga. Samstundes kjende eg meg tryggare. Ingen kunne sjå meg meir, ikkje her, og om det kom ein bil ville eg oppdaga det lenge før. Det å gå var berre det no - å gå. Det kjendest mest som eg gjekk utan mål og meining. Eg hadde inga aning om kor langt eg hadde kome. Eg hadde køyrt denne strekkja med buss mange gongar, men det,  oppdaga eg no, var noko ganske anna enn å gå. Eg tenkte at eg kunne ha brukt tida til noko nyttig, kanskje tenkt gjennom boka eg ønskte å skriva, den boka eg hadde byrja på utallege gongar, den boka eg visste at eg kunne skrive, den boka eg kjende innhaldet til og hadde sett for meg så mange gongar, ja, så mange gongar, så mange gongar, altfor mange gongar, men eg kom aldri i gong, eg fekk aldri til dei avgjerande første avsnitta, eg skreiv noko, vart misnøgd, skreiv på nyt, vart misnøgd på nytt. Likevel var eg alltid så sikker på at eg ein gong ville skriva boka og at det ville bli ei bra bok, eg var alltid like overtydd om at livet framleis ville byrja, at eg hadde ein lang forfattarkarriere framfor meg, det var berre eit spørsmål om tid før eg hadde debutboka mi i boks.

Men tida gjekk, eg var så smerteleg klar over det sjølv, livet, om ein kunne kalla det det, hadde skylt meg i land på denne staden og eg var lengre frå å skriva boka mi enn nokon gong. Eg prøvde å tenkja på boka no, freista finna ein annan måte å skriva på, ikkje vera så misnøgd og perfeksjonistisk frå første stund, men eg fann ingen andre måtar å skriva på, dessutan tok det til å gjera vondt i høgrefoten, ikkje slik at eg hinka eller vart nøydd til å stansa eller noko, men eg kjende det og det gjorde vondt.

torsdag des 10, 2009

Smyga meg inn mellom trea


Vatnet låg der stort og blikkande stilt i kveldslyset. Det tok til å mørkna for alvor. Skuggjene gjorde konturane av landskapet mjukare. Dette var ein av dei mest aude strekningane på heile øya. Ingen hadde nokon gong slege seg ned og rydda ein gard her. Ingen dyr gjekk på beite her, det var rått og kaldt, det kjende eg no då det tok til å mørkna for alvor.

Framleis hadde det ikkje kome eit einaste køyrety framom. Ei stund medan eg gjekk syntest eg at lyden av ein moped nærma seg, eller kunne det ha vore ein motorsag? Lyden var der heile tida medan eg gjekk, ein stad der framme, men som eg gjekk korkje auka eller minka den i styrke.

Vegen bar rett framover no. Når mørkret først hadde byrja å falla på gjekk det fort. Brått oppdaga eg eit lys som gleid over tretoppane i eit skogholt eit langt stykke unna, nede ved enden av det store vatnet som eg mest ikkje kunne sjå lenger. Det kom frå ein bil. Eg veit ikkje kvifor, men eg hadde ikkje lyst til å møta nokon her oppe på fjellet, eg ønskte ikkje å bli sett, ikkje slik, så eg tok til å leita på begge sider etter ein stad å smetta vekk, gjera meg usynleg. Eg ville smyga meg inn mellom trea, gjera meg mjuk og bli borte mellom trestammene. Men nett her gjekk det ein steil berghammar langs vegen, så eg måtte sjå meg om etter ein stad på den andre sida, mot vatnet. Eg visste mest ikkje kva eg gjorde, men løfta veska mi og skrevde over autovernet, kjende at frakken hekta seg fast i eit eller anna, reiv den laus og hoppa ned mot vasskanten. Det hasta ikkje. Det tok tid før bilen kom. Eg såg frontlyktene feia over vegkanten, frå den eine sida til den andre, så vart lyset vekke ei lita stund før det dukka opp att, det var mange svingar nett her, eg kjende eit gufs av vatnet og undra meg over kor rått og lite vennleg alt var på nært hald, så raste bilen forbi der oppe på vegen. Det var ein stor bil, høyrde eg, motorduren var ei stund det einaste som fylte det tette mørkret som hadde lagt seg over landskapet og skjult det, teke det i si eiga, eg tok til å krabba opp mot vegen att.

Lufta var skarp og høyrde til årstida, det var ein haustkveld i oktober og folk levde sine liv som folk flest gjorde, eg var ein slik som ikkje gjorde det, eg var ein slik som hadde falle av lasset ein stad, eller hadde eg hoppa av vogna sjølv, eg visste ikkje heilt, men her gjekk eg på vegen att, eg fraus, eg kjende meg åleine i verda, utanfor alt, berre ein som var utanfor alt ville koma hit til denne staden og passa på den offentlege boksamlinga, berre ein einsam stakkar ville gå på ein aude veg i mørkret og gøyma seg for verda, skamfull for den han var. Eg prøvde å seia til meg sjølv at eg ikkje gjorde noko gale, det var då ei ærleg sak å koma for seint til bussen. Men eg visste at det var fåfengd. Eg kunne aldri sjå det slik, eg kjende alltid at eg gjorde noko gale, eg hadde alltid dårleg samvit, eg var alltid full av skuldkjensle, eg var skapt slik, eg kunne ikkje gjera noko med det.

onsdag des 09, 2009

Berre gå

Vegen var bratt, den førte over fjellet som gjekk stupbratt ned i dalen som førte fram til den staden der eg budde. Eit par mil unna. Eller var det meir? Eg visste ikkje. Eg visste berre at det var å gå. Det var kveld, det hadde vore ein lang dag, det var ei æve sidan eg hadde teke bussen til kommunehuset i morges, med den kvinnelege sjåføren som sat der bak rattet med ein evig kamelflir rundt munnen, det var ei heil verd sidan og eg hadde ei heil verd å gå, eg var einsam i verda, eg høyrde ikkje til her, eg høyrde ikkje til nokon stader, aller minst på denne gudsforlatte øya vest i landet, eg hadde stranda her som eit anna stykke rekved, men det var ikkje anna å gjera, det var berre å gå, så eg gjekk, eg tok fatt på den lange bakken, eg gjekk og gjekk til eg gløymde kvifor eg gjekk der, eg ansa knapt at eg gjekk forbi eit hus med ein stor hage og at det stod ein mann der og helsa, han sa nokre ord også, eg trur han snakka austlandsk, eg la bustadfeltet og alt saman bak meg, då eg stansa for å ta ein pust og sjå meg tilbake oppdaga eg at eg hadde gått langt allereie, skulen med biblioteket hadde minska og eg såg skulegarden i fugleperspektiv, eg såg bygda og busatdfeltet med husbankhusa som ein stad som ikkje vedkom meg stort meir, eg hadde kome opp på toppen av bakken, no gjekk det strakt oppetter lia.
Eg gjekk.

Ein bil braste forbi. To andlet stirde på meg.
Eg merka ikkje den våte foten meir. Eg hadde gått meg varm. Eg gjekk vegen over fjellet i frakk og med ei veske i handa. Det slo meg at det var det einaste som var galt med dette, kleda mine. Om eg hadde gått slik i turre klede ville det vore ei ganske grei sak, ein heilt naturleg ting. Men slik det no var, og trøytt og svolten i tillegg, var det noko anna. Dessutan gjekk det framleis oppoverbakke. Det var ein bakke som var så lang og dryg at eg ikkje såg enden. På høgre sida dukka det opp ein tett granskog, tung og fuktig og dyster i halvmørkret. Så mykje kunne bu i ein slik skog.  

Eg hadde teke til å gå meg varm. Om eg sakka litt på tempoet kjendest det som eg kunne gå slik alltid. Å gå hadde noko av meditering over seg. Ein gløymde tid og stad, ein var berre til, utan å ansa noko. Og eit par mil, kva var det? Eg tenkte på alle desse som hadde gått lange vegar, gjennom heile land og kontinent, bakken gav meg god motstand, eg trengde det nett no, trengde å ta meg ut, eg skifta veska over i den andre handa, eg gjekk.

Det var stille, ingen fleire bilar kom. Bakken tok slutt, eg stansa litt og pusta på, såg meg tilbake, såg nedetter den tomme asfaltvegen som snodde seg som eit tungt svart band langs skogkanten og vart vekke rundt svingen eg hadde kome, eg hadde gått så langt som dette no og det var ikkje anna å gjera enn å gå vidare. Klokka nærma seg åtte, eg hadde gått i snart ein time. Landskapet endra seg, eg hadde kome opp på sjølve fjellet, no vaks det skog på begge sider. Eit stykke framme glinsa det i eit vatn. Eg kunne skimta den blenkjande vassflata mellom grantrea. Det fossa frå ein bekk eller ei elv eg ikkje kunne sjå. Eg var åleine i naturen. Asfaltvegen fortalde om tida eg levde i, elles kunne eg vore i kva tidsalder som helst. Eg kunne følgd ein stig her ein gong på 1800-talet, eg kunne vore ein kristen pilgrim, eg kunne vore ein steinaldermann. Medan eg gjekk prøvde eg å tenkja meg at eg var ein slik mann, ein som hadde gått her for lenge sidan, medan mi tid og eg høyrde framtida til, det ville seia at mi tid og eg var utan eksistens, kven var dei, desse som hadde gått her før meg, i alle desse hundreåra, anna enn skuggjer i mi tankeverd? Me kom hit og gjekk, kvarv og vart gløymde, ein mann fann ville ber medan ein annan drukna, berre tida og staden fanst her alltid, til alle tider, eg gjekk og gjekk og merka at tankane mine byrja svirra i ein bane der dei helst ikkje skulle svirra. Eg måtte berre gå.


tirsdag des 08, 2009

Lang dags ferd mot natt

Eg vart ståande slik.
Og stod.
Så gjekk det opp for meg. Det fanst ingen andre måtar å gjera det på enn å gå. Byrja å gå. Eg måtte heim, hadde ikkje noko her å gjera meir, ikkje før om ei veke, bussen hadde gått og det var berre å gå. Starta å gå. Så eg gjekk. Frå skulen og ned til kyrkja i enden av vegen var det kort veg. Men eg gjekk lenge før eg kom bort dit. Ein diger kassabil raste forbi, pressa meg ut i vegkanten. Eg trakka i ein søledam. Kjende det surkla iskaldt vatn opp (eller ned, eller inn eller gjennom) den høgre skoen. Eg trekte opp beinet og gjekk fort nedetter vegen, stansa ved kyrkjemuren. Eg visste at det var slik at viss eg skulle halda fram med å gå ville det vera eit spill av krefter, men eg opna porten til kyrkjegarden, gjekk inn, rusla opp bakken mellom gravsteinane, trengde å tenkja. Eg måtte heim, bussen hadde gått, eg kunne ringja etter drosje, eg hadde ikkje nummeret, eg kunne gå ut på vegen og haika, men  noko heldt meg tilbake, det var difor eg hadde gått inn på kyrkjegarden, for å tenkja. Så eg rusla rundt og såg at dei fleste gravsteinane var like og dei fleste namna var like, og kyrkja var lik dei fleste kvitmåla kyrkjer ein finn alle stader, og då eg hadde gått der ei stund skjøna eg at eg berre utsette noko som ikkje kunne utsetjast, så eg gjekk ut på vegen att og byrja gå.

mandag des 07, 2009

Fortapt ein stad der eg ikkje høyrde heime

(Framhald frå laurdag)
Eg vakna opp av tankane mine med eit  rykk. Herregud, kor lenge hadde eg sete slik? Utanfor hadde det stilna av. Kveldshimmelen var blank og tom. Eg kasta eit blikk på armbandsuret, såg det var berre nokre få minutt til bussen gjekk og kunne ikkje begripa kvar tida hadde vorte av, eg sprang opp og pakka veska, slukka lyset, låste døra etter meg, sprang opp trappa og  ned gjennom den tomme korridoren, fekk ein gløtt av den asiatiske vaskedama, ho stod bøygd over ei bøttte i eit klasserom, byrja å helsa, så var eg ute i haustkvelden og sprang ned bakken mot vegen.
Men det var for seint.
Eg såg den raude og kvite bussen svinga rundt hjørnet nede ved kyrkja, så høyrde eg at den skifta gir, ei lita stund seinare dukka den opp att, på veg opp den lange bratte bakken som førte opp og over fjellet.
Eg stod fortapt att på ein stad  der eg ikkje høyrde heime.

lørdag des 05, 2009

Blar i dikt, ser på klokka


Eg vart sitjande åleine att. Livet der ute, det vesle som fanst av det her, hadde vore innom, no var det vekke att.
Klokka var nokre minutt over seks. Eg kjende på meg at det ikkje ville koma fleire, no høyrde eg lydar frå ein annan stad i bygningen, eg visste det var ho som vaska, ho kom frå Fillippinene, trudde eg, kanskje ho var gift med ein kar frå bygda. Eg hadde helsa på henne ein gong, prata med henne. Men det var noko med måten ho oppførte seg på, ho hadde på eit vis signalisert at skulebygningen var hennar i desse ettermiddagstimane og eg hadde kjend det på same måten, så eg hadde heldt meg unna sidan.
Eg reiste meg, gjekk og dreiv litt, bladde litt i diktsamlingene som stod gøymd i den borteste kroken på veggen. Ein eller annan gong hadde biblioteket vorte forsynt med Cappelens nordiske bibliotek frå 50-talet. William Heinesen, Herman Bang, Gustav Wied, Emil Aarestrup, Sophus Claussen. Eg kunne like gjerne gje vekk eller kasta bøkene no. Om nokon i det heile hadde lånt dei.

fredag des 04, 2009

Praten etterpå

Eg opna veska, fann fram den vesle blokka mi, ein kulepenn. Skreiv eitt ord. Ei line. Så kom det ikkje meir. Eg dytta tinga på plass att.
No hadde han funne nokre bøker og kom gåande over golvet. Lokalet var audsleg. Med berre dei to vegghyllene pluss den eine frittståande hylleseksjonen var det enormt mykje golvplass. Ein brunleg linoleum som fekk stega til å lyda harde og illevarslande. Noko ved det fekk meg til å tenkja på sjukehus, men eg slo tanken frå meg like brått som den kom og ville ikkje vita kva det var. Noko med høge vindauge, ei kvit metallseng, eit bleikt, innsunke andlet mot puta. Utanfor vindauga snødde det. Ja, no hugsa eg det.
Men eg fekk anna å tenkja på.

- Ja, eg fann då nokre, sa han og la bøkene på disken (som eigentleg berre var ein avlang skulepult eg hadde funne i skulen sitt lagerrom då eg byrja her). - Eg har nok lese dei før. Denne har eg lese før, det hugsar eg. Men denne er eg ikkje heilt sikker på. Dei andre hugsar eg ikkje. Men eg har nok lese dei.
Eg tek korta ut av baklomma på kvar bok og stempla ein månad fram.
- Har du posen min?
- Å. Ja. Eg hadde kasta posen hans i bosbøtta og måtte fiska den fram att.

- Jaja, sa han, og no visste eg at han ikkje ville gå med det same. Det hende at han gav seg litt til, ville prata. Han var ferdig med ærendet sitt, han hadde god tid. Og sidan han alltid kledde seg slik opp når han skulle på biblioteket, tok på seg fin skjorte og slips og alt mogleg, fortente han ein god prat viss han ville. Eg hadde ikkje anna å ta meg til, eg heller.
- Kvar var det du budde igjen, sa du?
- Eg leiger huset til gamle Svebjørn, sa eg.
- Du meiner i Vassbygda?
- Ja. Nett der.
- Gamle Svebjørn, ja. Kven leiger du hos, då?
- Sonen hans.
- Så han ville ikkje bu der sjølv?
- Nei. Han har bygd hus. Bur inne i byen.
- I byen, du? Kvar gjer han der?
- Han er lærar.
- Hm. Og kona hans?
- Eg trur ho er lærar, ho også.
- Hm. Augene hans vart fjerne. Eg kunne sjå korleis han skoda inn over eit landskap av tid, tilbakelagt tid. - Huset til gamle Svebjørn, seier du? Det seiast at det spøkjer der. Han flirte gjennom skrukkene i andletet. - Har du merka det?
- Eh, nei.
- Jo, dei seier det… folk.
- Kven er det som går att, då?
- Å, gamlingen sjølv. Hehe. Han togg litt medan han lo. - Tenar du noko på dette her?
- På biblioteket?
- Ja.
- Eg får då løn.

Eg såg korleis han gjorde eit lite kast med hovudet og lo. Eg visste ikkje korleis eg skulle tolka låtten hans og lo med, endå eg kjende meg dum og audmjuka.
- Jaja, sa han. - Kor lenge har du tenkt å vera her, då?
- Å, ei stund enno.
- Han vart no berre eit års tid, forgjengaren din. Han køyrde ikkje bil, han heller.
Korleis visste han det, at eg ikkje køyrde bil? Svaret kom til meg sekundet etter: det ville vore endå meir underleg om han ikkje visste det. Her visste folk det meste om dei fleste og dei visste ganske sikkert alt om meg. Mest alt. Det gjekk heitt gjennom meg - kor mykje visste dei? Ikkje det verste. Håpa eg.
- Det var frå Rogaland du var, sa du?
- Ja, men det er lenge sidan.
- Umogleg å hyøyra.
- Eg budde i Oslo sidan.
- Ja, då forstår eg. Kva jobba du med der?
- I eit forlag. Men så fekk eg lyst til å flytta vestpå att, og så… Eg trivialiserte livet mitt no, eg var klar over det, eg gjorde meg ynkeleg, men det var slik ein kjempa og slo kring seg.
Han spurde ikkje meir. Eg såg det vart vanskeleg for han. Oslo og forlag og vestpå.  Dette greidde han ikkje å ta inn over seg.

- Jaja, sa han berre. - Eg får vel koma meg heim.
Eg sa noko, men han høyrde ikkje etter meir. Her gjorde folk ofte nett som det passa dei., då lukka dei øyrene og gjorde som dei ville, det var slik det var her og lite å gjera med, eg måtte berre justera meg til det. Men det var ikkje slik eg hadde lært.

Eg såg han opna døra og sette den eine foten over terskelen, plastposen med bøkene i den andre, så forsvann han ut døra og lukka ho hardt igjen etter seg . Eg kunne framleis høyra han romstera utanfor, der han hadde hengt frå seg yttertøyet på dei blanke knaggane, så vart det brått stilt. Stilla i denne stunda var mest slik at ein kunne ta og kjenna på han, som det heiter. Endå noko av dette som det ikkje fanst ord for, og som det aldri ville vera mogleg å ordsetja. Ikkje for meg, sikkert aldri for nokon. Ei stund seinare kunne eg høyra at det small i ei bildør, så starta han opp og køyrde sin veg.


torsdag des 03, 2009

Den gamle fiskaren kjem

Eg høyrde steg.
Døra nede i enden av lokalet gleid opp, ho knirka. Den gamle fiskaren steig inn. På eit eller anna vis greidde han å få det til å verka som han tilfeldigvis berre kom forbi. Han skrudde alltid opp lyden på høyreapparatet samstundes som han gjekk tvers over golvet bort til disken, med eit blikk som var fråverande, som stirde inn i noko hinsides dette rommet medan han fikla med apparatet sitt.

- God kveld, sa han.
- Hei, sa eg.
Han såg seg rundt. - Det var no ikkje mykje folk her…?
- Mnei.
- Det plar aldri vera nokon?
- Eh. Jo. Stundom, pynta eg på det.
- Eg har no aldri sett nokon. Før var det mange som kom. Folk i bygda pleidde å treffa kvarandre her. Det var alltid einkvan. Fru Bergø, ser du henne?
- Kven? Nei, eg trur ikkje det.

Han sette ein plastpose på disken. Posen var stappfull av dei bøkene han lånte her sist. Han høyrde til den sorten lånarar som tok med seg alt mogleg, frå Hamsun og Ibsen til Runa-bøkene. Og dei vekene bøkene var i heimen hans vart dei innsett med ein sterk lukt av tobakk som hang ved dei i vekevis. Det var dessutan noko utypisk over han. Eg såg svært få menn på denne øya, ingen andre enn han, faktisk, som gjekk med slips og fin jakke, det dufta til og med aftershave av han. Det undra meg litt, men gledde meg mest. Elles var han å sjå til som andre bygdafolk, hardbarka, med grove arbeidsnever der jord og fiskeslo og alskens skit hadde gravd seg inn for evig og alltid, never som bar preg av eit ærleg kav for utkomet, det var som eg kunne sjå og høyra eit brus av hav og måkeskrik og kjenna gyngande, sleipe båtdekk under føtene. Nei, det var ei løgn, ei gedigen løgn, det kunne eg ikkje. Om det var den siste mannen her i verda som kunne det, så var det meg.

- Vel, sa han. - Eg fekk ikkje lese alle. Og ei bok hadde eg lånt berre band to av. Eg får gå og sjå om eg finn band ein.

Han tok seg alltid god tid med å sjå gjennom veggen med bøker, endå han måtte kjenna samlinga utanåt og vel så det. Eg såg korleis han byrja i den eine enden og flytta seg langsomt over mot den andre sida, med den eine handa i lomma og hovudet på skrå. Han tok aldri ut ei bok for å bla i den. Det såg ut som han vurderte bokryggane nøye og bestemte seg ut frå tittelen, eller kva det kunne vera. Eg hadde lese ein stad at dei fleste bøker vart valde ut etter omslaget, men det galdt ikkje her. Eller kanskje det var fordi han kjende alle bøkene frå før. Det var synd å seia at samlinga var blitt særleg fornya opp gjennom åra. Det aller meste av innkjøpsbudsjettet gjekk til hovudbiblioteket som vart drive i lag med skulebiblioteket  på barne- og ungdomsskulen i Øyvågen. Kanskje det hadde vore ein umedviten politikk for biblioteksjefane i dei seinare åra å sabotera filialen her på den andre sida av øya for å få lagt den ned? Var det slik eg inst inne tenkte?

Eg datt ut ei stund medan han såg i vegghyllene. Det skjedde stundom. Heile tida gnog det i meg at eg burde bruka tida til noko meir fornuftig. Tida rann frå meg. Livet var her og no. Det låg ikkje eingong bak meg. Det var alltid noko som skulle byrja. I kveld. I morgon, neste veke. Romanen eg skulle skriva, dikta, novellene, bøkene eg skulle lesa, verda var stor og det fanst så mykje og her sat eg.


onsdag des 02, 2009

Lukta av gamle, fillete bøker, eimen av våte klede

Ein skule har ein heilt spesiell lukt. Ei samansetning av mange konkrete, avgrensa luktar, men mest av vaskemiddel, trur eg, sjølv om lukta av vaskemiddelet i seg sjølv er så svakt at du mest ikkje ensar det. Så er det lukta av gamle, fillete bøker, eimen av våte klede som heng att etter ungane når dei har gått heim for dagen, av tavle og kritt, kjemikalier, lukta av harddisker, gardin som vert tekne ned og  vaska ein gong i året, kald haustluft som siver inn i gangane. Og stilla no etter skuletid - blanda den seg også inn i denne stilleståande skulelukta?

Eg gjekk sakte ned trappa til bibliotekfilialen. Det hadde ingen hast. Til vanleg kom det ingen. Ein eldre fiskar, ei gammal dame. Kanskje nokre gutar som sprang og herja i korridorane til eg kasta dei ut att. Men det kunne gå veker mellom kvar gong. Eg tente lyset der inne og hang frå meg tøyet. Eg hadde sete på heile bussturen med lukta av steikt løk og kjøttkaker og potetsalat, no kunne eg ikkje halda meg meir. Eg låste meg inn på skulekjøkenet som låg vegg i vegg, fann tallerken og bestikk, eit glas.  Henta biblioteksakene i siderommet, dvs. den vesle skuffen med kartotekkort og utlånsstempelet, tenkte at ingen kom og åt av hjartans lyst.

Etterpå kjende eg meg betre. Eg var mett, eg kjende meg avslappa. Eg hadde framleis ein Cola og ein sjokolade. Eg sat og stirde ut i lokalet ei lang stund. Så stirde eg ut dei høge vindaugene. Utanfor vaks det sprikande tre eg ikkje visste namnet på. Dei nakne greinene teikna eit svart silhuettmønster mot den gråkvite himmelen. Rørte seg att og fram, vart kasta snart den eine vegen, snart den andre. Trea ville stå der til dei rotna og bles ned, eller til nokon kom med ei sag. Men dei ville få eit langt liv. Like langt som eit menneske, kanskje. Det slo meg som noko ein kunne misunna. Å leva heile sitt liv på same staden. Å sjå verda dukka opp og dra forbi og ha nok med det. På ein måte var det slik eg kjende det her. Livet, det rørlege livet, fanst ikkje her. Eg hadde stukke meg unna. Berre for ei stund, det var så. Her, i denne vesle bibliotekfilialen ved ein bortgøymd fjord eg ikkje visste namnet på, kjende eg ikkje eingong bruset av det levande livet utanfor veggane. Her var livet noko som fanst langt borte ein stad. Eg var eit tre.

Etter ei stund reiste eg meg og dreiv rastlaust langs hyllene. Biblioteket bestod av to langvegger med hyller - barnebøker på den eine sida, vaksenbøker på den andre. Ei frittståande hyllerekke på golvet, i vinkel mot veggen med barnebøker. Hyllerekka på golvet inneheldt Gyldendals leksikon i ei utgåve frå 70-åra, pluss faktabøker (reisebøker heilt tilbake til 50-talet, nokre medisinske oppslagsverk og diverse anna - samt ei komplett utgåve av Arne Dørumsgaard sitt mangebands verk om orientalsk poesi som eg ein gong hadde høyrt Georg Johannesen gje det glatte lag.)

Veggen med barnebøker likte eg. Alle dei gamle Stompa-bøkene fanst der, i lag med dei originale GGG-bøkene. Og klassikarane frå Norsk Barneblad. I augneblink som denne spann verda rundt. Eg let fingrane gli over dei slitne bokryggane. Hugsa andre bibliotek, frå ei fjern tid, lukta, lydane, men mest av alt kjensla av å låna ei slik bok, putta den i veska, skunda seg heim…


tirsdag des 01, 2009

Filialen på den andre sida av øya

Bibliotekfilialen heldt til i kjellaren på ein stor skule. Ein prangande bygning frå 60-talet, bygd i ei tid då det fanst fleire elevar på staden enn det gjorde no. Det var ikkje ein levande sjel å sjå nokon stad då eg gjekk opp den bratte bakken frå endehaldeplassen. Eg venta før eg gjekk inn. Lente meg over nettinggjerdet og stirde utover fjorden, på mærene som flaut i sjøen, på dei snøkledde fjella i det fjerne. På det urørlege bustadfeltet oppe i lia. Ein skulle ikkje tru det budde eit menneske der. Og likevel budde det mange menneske der. Kvar var dei, kva gjorde dei? Nett no åt dei middag, dei hadde nett kome heim frå jobb. Dei budde komfortabelt, dei hadde bilar og ungar og gjeld, dei hadde sitt å stri med. Kvar gong eg såg opp mot den staden kjende eg meg utanfor. Nei, eg kjende meg ikkje berre utanfor - eg visste at eg stod utanfor. Deira vesle, trygge og opplina verd var ikkje mi, ville aldri bli mi. Eg stod her nede, utanfor ein bibliotekfilial som mest ingen brydde seg om å vitja. Om dei visste om meg ville dei kanskje seia: "Der kjem den fyren att. Stakkars mann, kjem og dreg med rutebussen." Det var noko slikt det var, ei slags føremålslaus sysselsetting. Eg såg bussen svinga ut frå endehaldeplassen og setja kursen tilbake til Øyvågen. Sjåføren kasta eit blikk opp mot meg idet han trilla forbi, tom. Eg hadde teke det opp med Hannelore, kulturkonsulenten, ein gong tidlegare, eg ville nemna det på ny - kvifor ikkje leggja ned desse filialane der ingen likevel kom? Eg visste kva ho ville svara - det er på ein måte viktig at det finst eit kulturtilbod i alle bygdene. På same vis som det er viktig å oppretthalda det offentlege transporttilbodet på ein måte. Sjølv om bussen som oftast køyrde rundt på øya utan ein einaste passasjer.

Eg fann fram nøkkelen og låste meg inn. Det er noko underleg med å låsa seg inn i ein tom bygning og vita at du er den einaste der. Frå inngangspartiet måtte eg gå opp ei bratt trapp, ned gjennom ein lang korridor med opne dører på venstre side, eg passerte tomme klasserom og høyrde lyden av mine eigne steg, det var noko audsleg over atmosfæren som eg innbilte meg høyrde heime på ein storbyskule og ikkje her ute på landet. Frå korridoren gjekk det ein trapp ned i kjellaren der biblioteket heldt til. Men eg gjekk ikkje dit, ikkje med det same. Eg likte å gå rundt i den tomme skulebygningen, eg hadde nøklar til toalettet på lærarrommet og gjorde meg eit ærend dit opp, det var straks trivelegare her, trekvite møblar med raudt trekk, arbeidspultar, ein svak duft av kaffi, samtalar som hang i veggene. Eg sette meg ned i ein sofa og tenkte meg eit liv her, som lærar på denne skulen langs ei stille fjord med nedlagte butikkar og eit bustadfelt med 10-12 ungar, det måtte vera eit bra liv, eit trygt liv. Som så mange gongar før kom det over meg mest som ei sorg at eg aldri hadde fullført noko formell utdanning. Det hadde ikkje skorta på vilje, det var ikkje det, men det hadde mangla på så mykje anna som eg ikkje orka å tenkja meir på no. Eg hadde ikkje skjøna at eg hadde opplevd byrjinga på noko den gongen, noko som framleis ikkje var overstått.


mandag nov 30, 2009

Ein ro eg aldri elles kjende

Og ferja kom.
Inn kveltra det med skuleungdommar som pendla til dei vidaregåande skulane på fastlandet, dei trengde inn, den eine etter den andre, såg ut til å gå i si eiga verd dei fleste av dei, trøytte og samstundes oppspilte etter ein lang dag. Nokre av dei ropte og prata over skuldra, men straks bussen sette seg i rørsle og svingde ut frå kaien vart det stilt i bussen. Eg hadde ein busstur på førti minutt framfor meg.

Det var den beste stunda i heile veka for meg. Eg gleid inn i ein eigen ro eg aldri elles kjende. Det var som ein form for meditasjon. Eg berre sat der, såg landskapet gli forbi utanfor bussvindauget, alle i bussen hadde sunke inn i seg sjølv, nokre halvsov, andre stirde ut på landskapet på same måte som meg sjølv, eg skulle ønskja at bussen kunne halde fram slik i all æve.

Etter ei stund svingde bussen over mot den andre sida av øya. Her tok landskapet til å endra seg. Me køyrde langs lange, flate strender i det tunge haustveret, med låge naust i strandkanten, nokre kaiar med ein nedlagd landhandel med eit par kilometers mellomrom. Bussen svingde inntil den eine staden etter den andre, slepte av folk. Til slutt var det berre meg og ein annan mann att. Og enno var me ikkje framme.


 
© plugga ut