plugga ut
ein landsens bibliotekar
Det beste ut av det
Eg skrur på lyset, opnar neste dør og skrur på lyset der også. (Kvifor seier me skrur når me eigentleg trykkjer på ein knapp? svirrar det gjennom hovudet mitt. Kvifor kan ikkje språket oppdatera seg på same måten som resten av verda?) Den turre, støvete lufta i lokalet er det første som kjem deisande mot meg, som ein vegg du aldri vil klara å slå sunder fordi den er usynleg, som trollskap. Det er ei lukt du venner deg til, som det meste her i verda - ei tung lukt av gamle bøker, av... ja, sei det. Jau, eg veit det. Det skuldast det tjukke filtteppet som dekkjer golvene, i kombinasjon med innpå 10 000 bøker. Lokalet er lite, reolane står tett i tett, ein må mest gå sidelengs for å røra seg frå den eine enden av rommet til hi. Og heile tida denne tette atmosfæren, så ein mest fryktar for at dei ørsmå støvkorna skal samla seg i halsen og hindra for pusten.
Medan Nilsen byrjar å saumfara hyllene tek eg av meg kleda og skrur på resten av lysa. Det irriterer meg at han alltid dukkar opp så tidleg, alltid står der på døra når eg kjem, for elles plar ingen koma nett på denne tida. Eg har teke til å setja pris på å vera åleine med meg sjølv den første stunda, koka ein kopp kaffi på traktaren inne på opphaldsrommet som eg deler med rektor på den kommunale musikkskulen, sitja ved pulten etterpå og samla tankane, vakna - filosofera litt, etter gammalt. Eg får berre gjera det beste ut av det.
Posted at 10:07AM nov 21, 2009 by unplugged in Diverse | Kommentarer[3]
Skrevet av Sosima , 10:19, lørdag 21. november 2009 #
Slike språklege sjölvsagthetar er spanande og överlevningar frå ei tid som er borte. Ein gång skrudde me på ljoset, men det finnes no kun i orda, men ikkje i handlinga.
Skrevet av Thymallus , 10:22, lørdag 21. november 2009 #
Skrevet av Sosima , 10:24, lørdag 21. november 2009 #