plugga ut
ein landsens bibliotekar
Det føkkings problemet
Eg kom dit omlag samstundes med alle dei andre. Eg var glad for det. Då kunne eg gå inn i lokalet på likt med dei andre, i staden for 1) anten å koma for tidleg og sitja i ein tom sal og nikka til det eine ukjende andletet etter det andre og sjå at alle kjende kvarandre og at eg vart halden utanfor, slik at eg ville sitja der og kjenna meg som ein idiot og trekkja eit lettelsens sukk når møtet byrja, eller 2) koma etter at alle andre hadde funne plassane sine og bli beglodd etter alle kunstens reglar. Men eg kom altså omtrent på same tid som dei fleste andre og vandra ubemerka inn. Det gjorde meg til ein av bygdefolket allereie, berre det.
Skjønt, "mange" og "dei fleste".
Det var toppen ti stykker på møtet, og ingen var under femti år.
Eg fann ein stol heilt bakerst.
Det var ein triveleg stad, eg kunne ikkje seia anna. Lyst var det, varmt også, og det lukta godt. Ingen tok nokon notis av meg, verka det som, sjølv om eg visste at alle hadde lagt merke til at eg var der. Det var omlag like mange menn som kvinner, men berre to-tre par som såg ut til å høyra saman. Eg var glad for at eg hadde kledd såpass fint på meg, for eg såg at mest alle mennene gjekk i dress.
Ei hand la seg på skuldra mi.
- Så kjekt at du kunne komme..
Eg såg opp. Det var Pedersen, meir strigla og glattslikka på håret enn nokon gong. Han let den bleike handa kvila på skuldra mi ei god stund før han slepte taket. Korkje handa eller mannen sjølv såg særleg sterk ut, det var snarare noko veikt over han, men samstundes strålte han ut ei usynleg kraft som gjorde meg heilt makteslaus. Eller rettare sagt, gav meg ei kjensle av å vera makteslaus, sjølv om eg inst inne visste at eg ikkje var det. Når han var i nærleiken opplevde eg det konstante maktspelet det er mellom alle menneske. Og her var det han som hadde makta.
- Ja, eg tenkte... Sidan du spurde.
- Godt, sa han og klappa meg lett på skuldra. - Det var såvidt jeg slapp fra selv. Så det vart godt jeg kom. For din skyld. Du kjenner vel ingen her.
- Nei.
- Jeg ble oppholdt.. Men jeg nådde fram.
- Var det jobb? spurde eg. Sant å seia visste eg jo ingenting om denne fyren.
- Ja. Jeg driver et gravferdsbyrå. Dødsfall. Brått.
Eg sa ingenting til det. Det trengde eg heller ikkje, for etter endå eit lite klaps på skuldra gjekk han fort fram til talarstolen og snakka med ein kraftig, kvithåra mann i dobbelspent dress som var open foran. Den andre mannen nikka og fann fram nokre papir som han kikka fort gjennom. Pedersen gjekk opp bak talarstolen. Bak meg kom eit eldre par inn og sette seg.
Pedersen skrudde på mikrofonen. Det kom ein skingrande lyd som straks vart dempa. Ingen snakka lenger. Pedersen byrja med å ønskja velkomen til møtet og introduserte talaren, som han sa ikkje trong nokon introduksjon, det var tydelelegvis ein talar som dei alle kjende, og Pedersen avslutta med å minna om at predikanten ville koma tilbake etter jul til møteserien som dei tenkte å halda på nyåret. Då han sa det såg han på meg. Så gjekk han ned dei to stega frå podiet og sette seg
Eg høyrde ikkje mykje etter. Talaren var av den lågmælte og milde, men myndige sorten. Ikkje noko roping og dramatiske fakter her. I staden snakka han mykje om soning og Lammets blod. Eg høyrde som sagt ikkje etter. Det var andre ting som stal tankane mine. Som galleriet på høgre side av salen. Eg kunne vanskeleg tenkja meg at det kunne bli så fullt på bedehuset at dei ville få bruk for galleriet i tillegg. Men kven visste. Var det nokon der oppe no? Eg sat heile tida og skotta opp for å sjå om det dukka opp eit andlet eller noko, men ingenting skjedde.
Mannen der oppe surra og surra, eg hadde forlengst slutta å følgja med i det han sa. I staden tok eg til å lura på kor Gud var. I sanning eit stort og viktig spørsmål. Først måtte ein jo ha som føresetnad at Gud fanst. Men om me no sa det, at Gud finst - så vert neste spørsmål: kven eller kva er Gud, og kor er han? Og kan ein eigentleg snakka om han eller ho når det gjeld Gud? Vanskelege spørsmål, det er klart. Det var vel noko av dette mannen der oppe stod og snakka om. Etter uttrykka i andleta til medtilhøyrarane mine så det mest ut som dei skjøna kva han snakka om. Eg skjøna det ikkje. Men altså - kvar fanst Gud? I himmelen? Det var jo det me alltid hadde lært. Det var kanskje vel og bra i gamle dagar, før nokon hadde vore oppe i himmelen og sett etter. Men den gjekk ikkje i dag. Ja, sjølvsagt var Gud og englehæren usynleg, men likevel. Kunne det derimot tenkjast at...
Lenger kom eg ikkje i den teologiske tankerekkja. Plutseleg fekk dei andre det travelt med å bla opp i ei lita svart bok. Eg såg meg rundt. Kva var dette? Ja, dei hadde funne fram ei sangbok. Eg fekk litt panikk med det same, ville så gjerne vera med, ikkje skilja meg ut. Så fekk eg auge på ein stabel med svarte sangbøker borte på eit bord i enden av lokalet. Eg beit hovudet av alle sjenanse og reiste meg. Gjekk bak i lokalet med bestemte steg, tok ei bok og gjekk tilbake utan å sjå meg til den eine eller andre sida. Det einaste eg fekk meg med var eit gløtt av det mørke andletet til Pedersen. Var det noko som minna om eit anerkjennende smil i munnviken hans? Eg bladde opp på måfå i boka og song med, det vil seia, eg berre lot som eg song. Det gjekk tolug bra. Om nokon avslørte bløffen, så var det berre Pedersen, og noko sa meg at han ikkje ville røpa meg. Han ville ha meg her, og viss han skulle klara det måtte han spela med. Elles ville han mista meg. Det visste me begge. Nok ein gong tenkte eg: kva gjer du her? På eit landsens bedehus, skjult for all verda? Du, som i denne stunda heller ville vore... Nok!
Og kvar var Gud?
Kanskje Pedersen visste det? Han såg ut som han gjorde det, men eg tvilte på det.
Eg visste dessutan at eg var svak.
Då songen enda var det slutt på møtet. Folk tok til å letta på seg.
Eg gjorde det same. Eg ville ikkje vera den som berre gjekk sin veg, så eg venta. Nikka til ein gråhåra mann, ei eldre dame med stokk, to endå eldre damer som også hadde stokk, så kom Pedersen sigande.
- Nåh, det var et godt møte, sa han, som eit slags spørmål.
- Jo, sa eg.
- Ja, du har vel gått på mange møter. Jeg mener, der du kommer fra?
- Jau, sa eg. - Nokre. Han spurde ikkje om kva slags møte.
- Ja, det er en dyktig predikant vi har her.
- Det er det.
- Ja, du vil vel kanskje helsa på han?
Nei, sa det inni meg. Høgt sa eg: - Jo. Klart det. Litt for vulgært, eg retta det til: - Naturligvis.
- Godt.
Dei andre var plutseleleg borte. Lokalet var tomt, bortsett frå oss tre. Eg fekk ei kjensle av at for Pedersen var det ikkje så farleg, det var oss tre som galdt no. Han tok meg lett i armen og førte meg opp midtgangen. Predikanten var oppteken med å rydda saman sakene sine. Det var ein stor, røsleg mann med tett, lyst hår med skill i midten, smilehol i kinna og sterke, blå auge. Ei ganske intetsigande skildring, eg er klar over det, men det er den einaste måten eg kan seia det på - ein sterk, sunn mann som frå min ståstad var fullstendig ugjennomtrengeleg. På kvar sin vis var dei begge som to rovdyr som leikte med byttet.
Eller slik kjende eg det.
- La meg presentere, sa Pedersen. - Dette er... Han såg på meg.
Eg strekte fram handa og sa namnet mitt.
Han blotta ein perfekt tanngard.
Eg gjekk feil då eg heiv meg på Tomase Harrison-toget på 60-talet. Eg var stygt redd for at eg hadde kome på feil tog her også.
Men det var for seint å gjera noko med det no.
Og slike trivelege lokale det var. Eg kjende ein indre ro her, i desse moderne, lyse romma, kor ein fjern dugnad framleis var til stades.
- Ja. Pedersen såg på meg. - Han er ny bibliotekar her i bygda.
- Biblioteksjef, retta eg.- Eg er ikkje bibliotekar.
Dei såg på meg, som om det gjorde nokon skilnad. Var eg no ikkje berre ein som stulla med bøker, uansett?
- Eg meiner, eg er ikkje utdanna.
Predikanten blotta den sterke, perfekte tanngarden. Han såg heile tida ut som han visste noko eg ikkje visste. Han kjende løysinga på livets mysterium, eg gjorde det ikkje. I det minste var det slik det vart utveksla mellom oss.
Pedersen la ei hand på den eine skulderen min. - Ja, han er nå en ordets mann, sa han og gav meg ein klaps. - Skal vi ikke si det slik?
- Jau. Predikanten nikka. Han snudde seg og tok til å ordna med papira sine att.
Pedersen rakte meg handa. Den var varm, det var eit fast handtrykk, eg tenkte at denne handa nett hadde stelt med eit lik. - Ja, sa han. - Da sier vi det slik at det var en fin kveld.
- Det var det.
- Og jeg håper vi ser deg igjen her.
- Ja, takk.
- Ja, sa Pedersen og geleida meg mot inngangs/utgangsdøra, med den eine handa over skuldra mi att. Me gjekk gjennom garderoben, med ein rad tomme knagger på den eine veggen. Han opna døra med den ruglete glasruta. - Det er godt å ha en ordets mann med oss, det må jeg si. Jeg håper at du har det i tankene på biblioteket også.
- På biblioteket har eg alltid ordet i tankane, sa eg.
- Det er godt, ja. Det er godt.
Han hadde sloppe taket i handa mi, eg kjende kor kjøleg det var ute.
Så var eg ute att, i haustmørkret. På vegen som gjekk framom bedehuset kunne eg sjå dei to der inne gjennom dei store panoramavindauga, Pedersen og predikanten. Dei stod framme ved talarstolen, under den lysande krossen, framleis med den same atmosfæren av trivsel og hygge, desse to som visste alt som burde vitast.
Eg stakk hendene i jakkelommen og gjekk heimover.
Det var kaldt, framleis stjerneklårt slik det hadde vore dei siste dagane.
Eg visste at eg aldri ville koma til å setja mine bein i bedehuset meir. Men samstundes var det noko med denne Pedersen, han hadde hekta seg på meg og eg visste at eg aldri ville bli kvitt han. Aldri. Og i det same tenkte eg ein annan tanke som var ganske umogleg. Du har livet ditt her og du kan ikkje anna enn å døy. Det et livet som er problemet. Og om du slår deg vrang og bryt nokre reglar - kva har det å seia? Eigentleg?
Svaret var så brutalt at det fekk meg til å kveppa der eg gjekk åleine på den smale bygdavegen i haustkvelden.
Alt. Det har alt å seia.
Det var det som var det føkkings problemet.
Posted at 09:25AM jan 21, 2010 by unplugged in Diverse | Kommentarer[1]
Skrevet av molle , 18:31, fredag 22. januar 2010 #