plugga ut


ein landsens bibliotekar

 
mandag jan 18, 2010

Framleis sundag, eg kler meg

Så var det på tide å gå.

Men ikkje før eg hadde kledd meg skikkeleg. Det var ikkje ofte eg gjekk ut mellom folk. Rett nok skulle eg berre på bedehuset, men likevel. For meg som aldri gjekk ut var det som å gå ut. Eg tok meg god tid framfor spegelen på soverommet i andre høgda. Prøvde det eine med det andre, jakke og slips, slips utan jakke, jakke utan slips, genser. Til sliutt endte eg opp med jakke, grå bukse, den buksa som eks'en hadde kalla "Høgre-buksa", dei måtte då godta dette. Bygdebiblotekaren at your service.
Jepp, eg bestemte meg for det.

Eg kjende meg i form. Eg hadde gått naken att og fram, mønstra meg sjølv, eg såg ikkje så verst ut, syntest eg, for alderen meiner eg, eg kjende som ein slags kløe i pungen, lemmet var lite og pynteleg sjølv om eg i nett dette kjende ein enorm erotisk spaning, det var kaldt i rommet, det var haust, øybuarane hadde kome seg heim og dusja og sat og masserte føtene etter marsjen og drakk sundagskaffi. Og eg skulle på bedehuset.

Det er underleg, no når eg tenkjer på det, eg meiner, eg hadde vakse opp i ein storby og levd eit storbyliv alle mine dagar, eg hadde vore ute på livet, eg kjende utestadene, eg kjende til og med mange kulturkjendisar, forfattarar, kunstnarar osv. - og her stod eg, opprømd over å gå på eit møte i bygda sitt bedehus.

Kommentarer:

Bra kontraster: By vs land, Bedehus vs. nakenhet/erotikk. En setting jeg føler kunne være interessant om du dvelte litt ved, uforsket hva som kan utspille seg i dette rommet.

Og: er osb. gått av moten? Liker det bedre enn osv. (hjertesukkjepphest....;)

Skrevet av Underdog , 12:04, mandag 18. januar 2010 #

Nydelig skrevet unplugged. Jeg har en mistanke om at skrivingen din er mer enn en hobby;-)

Ensomheten hans er lett gjenkjennende, Det er også måten han moter seg opp på, foran speilet.

Så er det dette med det nynorske språket som er så lett for en helgelenning å lese.

Takk

Skrevet av SNyHETTa , 13:14, mandag 18. januar 2010 #

Et spørsmål, unplugged, jeg prøver å legge identitetspuslespillet: Hvilket tiår var du i Bladkompaniet?

Off topic, men skitt au.

Skrevet av Johnsen , 17:47, mandag 18. januar 2010 #

Du driv på, Johnsen!
Eg "var" ikkje i Bladkompaniet. Eg omsette bøker for dei - og skreiv også ei. Perioden 1977 - 1993 - deretter ein del gjestespel. Omlag 80-90 bøker, trur eg. I Finn Arnesen si tid, han var kjempegrei. Ok, har du fått ein clue no? Uansett - hald det for deg sjølv. Eg vil fortsatt gjerne vera unplugged med dette prosjkektet.

Skrevet av unplugged , 19:46, mandag 18. januar 2010 #

Underhund - Ja, kan vera samd i det. Eg skriv jo elles relativt konservativt nynorsk.
Takk, SNy! Ja, eg er / har vore profesjonell skribent.

Skrevet av unplugged , 19:48, mandag 18. januar 2010 #

***


Oh,
hva er erotisk spaning ?
Spening ? Bibliotekaren ?
Tomheten ? Aleneheten ?
Unpluggenheten ? Skribentheten ?

Skrevet av Zamoyski , 20:23, mandag 18. januar 2010 #

What can I say, unplugged? Annet enn at jeg er en nysgjerrig jævel? Men jeg kan holde på en hemmelighet :)

Skrevet av Johnsen , 20:27, mandag 18. januar 2010 #

erotisk spaning, Zamoyski = erotic undercover agent

Skrevet av unplugged , 21:19, mandag 18. januar 2010 #

Haha ! La han mestre hvite og sorte våpen !

Skrevet av Zamoyski , 11:45, tirsdag 19. januar 2010 #

Skriv en kommentar til innlegget:

For å kommentere må du være innlogget.
 
© plugga ut