plugga ut
ein landsens bibliotekar
Framleis tysdag morgon, det gamle tinghuset
Her er eg, altså.
Ein gong i veka kjem eg hit. Rett framfor meg ligg rådhuset. Eller ligg er no ei underdriving. Står, meiner eg. Reiser seg, prangar. For eit rådhus er sjeldan småtteri. Sjølv ikkje på denne vesle staden som knapt nok er avmerka på noko større kart. På venstre side - her har eg det gamle rådhuset. Eller rettare sagt tinghuset, som det heiter. Ein trebygning frå før andre verdskrigen, kanskje eldre, vennlegare, snart moge for rydding og tøming og riving. På høgre side av rådhuset finn me først eit tungt, firkanta hus som rommar likningskontoret og lokalavisa, og bortanfor, litt oppe i ein bakke, lyser sparebanken kvit og mektig i den grå, forblåste dagen. Ein heil liten leikeby der all makt på øya er samla - rådhuset, avisa og banken. Elles finst det ikkje stort anna her. Ingen butikkar, ingen frisørar. Alt slikt må ein inn til tettstaden Øyvågen for å sjå. Etter arbeidstid klokka fire ligg alt daudt her. Men slik er den lokale distriktspolitikken. Så lenge Øyvågen har butikkane, dvs. næringslivet, så skal Øydalen i det minste ha makta. Slik funkar det her.
Eg skrår over vegen og går opp på baksida av det gamle tinghuset. Klokka er nokre minuttar før ni. Som vanleg står gamle Nilsen der og ventar på meg. Eg er her ein gong i veka, frå ni til elleve, og same pokker står han der kvar veke og ventar på meg. Og han opnar alltid med det same nikket og dei same orda: - Jaja, du er på plass?
- Klart det, seier eg. Eller for å variera på det: - Eg er på plass, ja. Eller berre: - Jada.
Han ventar medan eg finn fram nøkkelsettet og finn den rette nøkkelen.
- Han va helste kalle i dag.
- Ja. Eg må gje den tunge døra ein spark. Døra gjev etter og opnar seg med ei knirking som i ein spøkelsesfilm. Eg går foran gjennom den digre hallen innanfor og bort til neste dør. Ny nøkkel, nytt spark. Nilsen står bak meg, taus, med veska si i handa. Eg finn ikkje holet med det same. (Høyrer brått stemma til svogeren min, ut av ingenting: - Er du ikkje holvant? Hadde han vore her no var det nett det han ville sagt.) Det er ikkje godt å seia kvifor, men slikt gjer meg nervøs. Ein mann skal sikta seg inn og treffa holet støtt og sikkert og vri om. Ikkje stå slik og tulla som dette. Eg anar ikkje korleis det går til, men plutseleg svinger døra inn i det varme mørkret og kastar eit bleikt lys over kopimaskina og dei digre plakatane av Amalie Skram som dekker dei to langveggene i det vesle rommet, der det elles finst ein raud stumtjenar av metall i hjørnet.
Posted at 08:53AM nov 20, 2009 by unplugged in Diverse | Kommentarer[3]
Skrevet av smathise , 12:41, fredag 20. november 2009 #
No må det rett nok seiast at dette berre er ein bit av ein større tekst som har vore publisert forut i etter kvart mange delar og som kjem frametter - heilt til sommaren, kanskje. Eg skriv altså ein roman fortløpande - på nett. Eg kunne sjølvsagt lagt ut lengre avsnitt, men tenkjer at desse bitane er akkurat pass lengde til at dei vert lesne. Men - ja, eg skal sjå på det du skriv, det er bra med slik kritikk.
Skrevet av unplugged , 13:13, fredag 20. november 2009 #
Jeg liker tekstene dine. Synes du fanger leseren. Det henger i hop. På en fin måte. Virker som du har en god plan. Synes at dette at du blir distrahert av svogern din nettopp er festlig. Det funker for meg. Jeg tror dette blir bra.
Skrevet av Fredag , 21:50, fredag 20. november 2009 #