plugga ut
ein landsens bibliotekar
Hannelore, på ein måte
Frå det gamle tinghuset og over til kommunehuset er det berre nokre hundre meter. Ikkje det eingong. Eit par hundre meter, er vel meir nøyaktig å seia. Men på alle andre måtar er det bortimot eit gap mellom dei to bygningane, ei djup kløft som du må ta sats og hoppa over av alle krefter. Klarar du det ikkje og ramlar ned i den gapande kjeften er du fortapt for alltid. Kommunehuset er langtfrå nytt, det er ei heller versliten samling av grå betongklossar der til og med ordet "komune" manglar ein m. Kvar gong eg nærmar meg inngangsdøra lurar eg på kvar den m'en har vorte av. Har nokon klatra opp på det flate partiet over døra og brote han av, eller er det vaktmeisteren som har fjerna han av ein eller annan grunn? Og det mest interessante spørsmålet av dei alle - kvifor kjem m’en ikkje på plass att?
Eg skyv opp døra og går inn. Det er vel feil å seia at eg tek meg saman kvar gong eg kjem inn i desse korridorane, men jo - eg mannar meg litt opp. Eg kjenner meg ikkje heime her. Dette er nokre andre sitt område. Det er ei steril lukt i slike bygg, som om vaskedama har gjort sitt ytste for å skjula alle spor etter seg sjølv.
Kvar tysdag har biblioteksjefen møte med kulturkonsulenten, som er biblioteksjefen sin overordna. Kulturkonsulenten er på si side underlagt skulesjefen, som bryr seg lite om kultursaker - og han er på si side underlagt rådmannen, som bryr seg endå mindre. Derimot bryr kulturkonsulenten seg om biblioteksaker, på sin eigen måte. Ho ser for seg ein stor kulturetat ein gong i framtida, då alt skal bli så mykje betre, og biblioteket er ein av byggjesteinane mot denne etaten. Med biblioteket trygt plassert under kulturkontoret har ho allereie ein heil liten etat.
Eg strammar meg opp og kjenner ei ørlita drope av sveitte pipla nedetter ryggen då eg opnar døra til skulekontoret og går inn i den smale korridoren. Dører berre på eine sida - til venstre. Skottar inn den første døra, der sit ho bøygd over eit eller anna papir på pulten. Eg er litt tidleg ute, det er ikkje tid for lunsjpause enno, klokka er berre fem på halv tolv, men eg har litt å gjera først. Eg seier "Hei!"" og det får henne til å skvetta himmelhøgt. Ho tek seg fort saman og bøygjer seg over papiret att, let som ho er djupt konsentrert, men eg veit ho ikkje er det. Eg har litt moro av at ho alltid kvepp slik, men har aldri våga å nemna det. Ho er svært anspent, det er ho alltid. Det er noko tungt og stridsvognaktig over ho, ho er ingen venleik, samstundes som ho har sin eigen stil. Eg freistar alltid finna fram til eit klart glimt i dei vasne blå augene bak dei tjukke, svarte brillene, men må gje tapt. Eg har ein mistanke om at ho må vera konstant deprimert.
Eg gjekk fort forbi og vidare til eg kom til skranken. Kontordama Else reiste seg smilande.
- Nei, hei… er det deg? helsa kontordama. Armane hennar var fulle av nokre gulbrune mapper, ho kom frå skulesjefen sitt kontor heilt inst i korridoren og var ein slik person eg kunne kjenna meg nokolunde komfortabel saman med. Det spisse, puddelaktige andletet hennar braut ut i eit smil. Ho sa eit eller anna som eg ikkje oppfatta, men me lo høgt av det begge to og eg lo framleis så utvungent eg berre kunne då eg banka på døra til kulturkonsulenten, med posten til biblioteket som Else hadde funne fram til meg frå bibliotekhylla, og opna den då eg syntest ho sa kom inn på den andre sida, for ho hadde lukka døra i mellomtida, det var ein bra entré, ja, det var ein storarta måte å koma anstigande kontoret hennar på, eg kjende at no ville det gå bra, eg kunne slappa av for i dag, eg såg ho smilte litt då ho såg meg og såg at eg lo, for om sant skulle seiast var ho ein outsider i dette miljøet ho også og ho trengde å vera med, ho som meg, og ingen av oss ante kva me lo av då ho veifta meg ned i den låge besøksstolen foran skrivebordet og reiste seg for å hella vatn i kaffikanna og skru på traktaren.
Eg tok til å bli alvorleg att. Eg heldt på låtten så lenge eg kunne, men til slutt var han der ikkje meir. Ikkje så rart, all den tid eg ikkje ante kva eg lo av.
- Hva var det som var så morsomt? spurde ho med det ubestemmelege sørlandstonefallet sitt.
Ho stod med ryggen til og fikla med kaffi og filter.
- Å… berre noko. - Umogleg å forklara.
- Ja, Else kan være morsom, sa Hannelore, det var det ho heitte. - På en måte.
Hannelore fann fram to krus og sette det eine bort til meg. - Du tar bare kaffen svart på en måte, gjør du ikke?
Ho spurde meg om det same kvar bidige gong.
- Jo.
Eg vreid meg litt i stolen. Den var ikkje vond å sitja i eller noko slikt, men noko ved å sitja der fekk meg til å kjenna meg liten, ubetydeleg, som ein bonde i eit sjakkspel ein alltids hadde råd til å ofra om det galdt, nei verre, eg var endå meir ynkeleg, eg var eit null her inne på det store, lyse, flotte kontoret med dei moderne kontormøblane, hyllene med permer som stod sirleg ordna på rekkje og rad, med dokument som alle saman hadde si tyding for eit eller anna, si reine lukt og duft av kaffi. Plakatane på veggene, frå sogespel og jazzfestivalar og lokale kulturdagar. Papira på skrivebordet, ordna i sirlege bunkar. Og dagboka, A-planen hennar, innbutten i mjukt skinn og stappande full av viktige notat, og notatboka, der ho stadig vekk noterte ting eg sa…
Samstundes med at ho ordna med kaffitraktaren fann ho fram matpakka si. Hannelore var ikkje den som gjekk på slankekur. Sjølv om ho tok seg ganske bra ut i den grå dressliknande buksedrakta med kvit bluse. Dei breie skuldrane og det tette, svarte håret som fall i tjukke krøller nedetter ryggen og lokkene som forvilla seg over dei tunge brystene fekk meg til å gløyma at ho i realiteten var ganske fyldig, for å seia det pent. Men somme kvinner kler overvekt, Hannelore var ei av dei.
Ho deisa endeleg ned på kontorstolen sin bak skrivebordet og fekk meg til å kjenna meg endå mindre. Det er slik dei konstruerer desse kontora.
- Nå, hvordan går det?
Eg er i min rett til ganske mykje, men aldri her. Utan at det vert sagt rett ut er dette ei slags sjefs- og underordna-samtale. Det ein kallar ei medarbeidarsamtale.
- Jo, fint.
- Er det bra besøk på biblioteket?
- Nja, det går fint. Ganske bra besøk.
- Godt. Ho spissa fingrane mot kvarandre. Hendene hennar var vakre, smale, bleike, feminine. - Ja, men det er fint. Du vet, de har jo snakket litt i formannskapet på en måte… Ho braut plutseleg av og reiste seg. Henta kaffikanna og skjenka til oss begge. Deretter deisa ho ned på stolen att og opna matpakka si. Det var ikkje småtterier. Smørbrød, vaflar, ein youghurt. Eg såg at ho hadde liggjande ein sjokolade på skrivebordet. Ein kort augneblink kjende eg meg litt svolten. Men det gjekk fort over. Eg åt aldri her, ho sat alltid og åt åleine. Ho hadde aldri spurd meg.
Hannelore tok det ikkje så nøye med etevanane. Ho stappa i seg og prata medan ho togg.
- Du, sa ho. - Jeg har lurt på en ting… på en måte... Ho togg.
Eg venta. Eg kunne sjå korleis det lyse brødet vart blanda saman med tomatpålegget til ei blaut masse i munnen hennar. Leppene hennar var like mjuke og feminine som hendene. Raude, fyldige, lytefrie.
Neste: Hannelore vil gjerne arrangera ein forfattarkveld for folket, og meiner at Tomas Espedal er folkets mann
Posted at 07:29AM nov 24, 2009 by unplugged in Diverse | Kommentarer[5]
Skrevet av Sosima , 15:26, onsdag 25. november 2009 #
Skrevet av Fielill , 16:41, onsdag 25. november 2009 #
Skrevet av unplugged , 17:30, onsdag 25. november 2009 #
Og som de ser - Tomas Espedal er vår mann. Året er 2009. Eller noko slikt. Plans have changed.
Skrevet av unplugged , 17:57, onsdag 25. november 2009 #
Skrevet av Sosima , 18:45, onsdag 25. november 2009 #