plugga ut
ein landsens bibliotekar
Laurdag
Takk for kommentarar! Sidan sist har eg byta ut den gamle pc'en med ei ny, så det vart eit opphald i arbeidet med dagboka til den landsens bibliotekaren. Den som byter ut ein god gammal pc med ei flunkande ny veit kva eg snakkar om - det tek tid å overføra alle program og funksjonar til ei ny, i tillegg viste det seg at korkje printer eller scannar funka under Win7, så dermed måtte eg bruka mykje tid på å kjøpa nytt utstyr. Sant nok er eg eigentleg mest Linux-fan, og på den berbare maskina mi har eg siste versjon av Ubuntu - men då vert ein på ein måte set utanfor resten av verda. På den andre sida - er det ikkje nett det me syslar med her inne?
Laurdagar et eg lite, det har eg alltid gjort. Så det var nok grunnen til at eg vart full så fort som eg gjorde. Eg hadde tv'en på, på NRK, det sikra laurdagsstemninga, ein treng slike markeringar, og no når ingen går i kyrkja meir får Tore på sporet og Aidensfield gjera nytten, etter at det norske maktapparatet har gjort sitt fredagskvelden. Eg veit ikkje om eg er den einaste som har lagt merke til at det er ein 10-12 personar som går att i snakkeprogramma fredag kveld, viss de skjønar kva eg meiner.
Det var ein pokkers god vin, ein skulle mest tru den kom frå ei flaske, eg meiner ei flaske kjøpt på polet, men den kom frå ekstrakt og eigenhendig opptappa vatn, eg hadde laga brygget sjølv, det smakte som ekte raudvin og det var raudvin, og på eit eller anna tidspunkt, ganske snart vil eg tru, tok eg til å mista interessa, tv'en stod der og dura i veg med sitt pjatt, eg var fin i farta no, det var tid for alle dei gamle platene mine, eg hadde framleis ein platespelar som hadde overlevd cd-invasjonen, og det same hadde lp-platene mine gjort, eg hadde drege dei meg med hit, eg hadde drege dei med meg alle stader eg hadde budd, eg kom aldri til å kvitta meg med dei, ikkje då, ikkje no. Og no snakkar eg om kremen av lp'ar, min krem - Velvet Underground, Jefferson Airplane, Jimi Hendrix, The Beatles, Jethro Tull, Captain Beefheart, Cannonball Adderley.
Eigentleg hadde eg vakse frå dei, eg høyrde lite på denne musikken meir, rocken hadde døydd for lenge sidan, eg meiner som opprør, eg snakkar om den rocken som tok seg sjølv alvorleg, det var det desse skivene frå 60-talet dreidde seg om. Eg skjenka i glaset og starta forsiktig, nippa til vinen, visste eg kunne ta det med ro så lenge eg ville, eg byrja roleg med musikken også, det vart Velvet Undeground fordi dei alltid hadde engasjert meg minst, så eg lytta til Lou Reed, han venta på mannen, eg drakk, nippa berre, fekk ein tanke, kvifor hadde eg kvitta meg med sykkelen min, den kunne vore fin å ha no, men ikkje tenk på det no, tenk på noko anna… waiting for my man, I'm waiting for my man…
Posted at 11:27AM jan 12, 2010 by unplugged in Diverse | Kommentarer[4]
Må innrømme at har vært inne og lest litt på storyen din siste tida uten å kommentere nevneverdig (sjaim on me...). Dette går ufortrødent på sitt gode vis ;) Virker som du har funnet stemmen! I'm a follower ;)
Skrevet av Underdog , 12:14, tirsdag 12. januar 2010 #
Skrevet av Martin , 12:58, tirsdag 12. januar 2010 #
Skrevet av Zamoyski , 15:45, tirsdag 12. januar 2010 #
Respekt.
Her er jeg så enig, så enig. Den såkalt folkelige underholdningen har sin nytte.
Skrevet av Johnsen , 17:55, tirsdag 12. januar 2010 #