plugga ut


ein landsens bibliotekar

 
torsdag jan 14, 2010

Lazy Sunday Afternoon

Då eg vakna sundag morgon var det langt på dag. Med åra hadde eg teke til å vakna tidlegare, no var det som eg var tilbake i ei tid… for lenge sidan. Den gongen eg kunne liggja til både to og tre, om så var. Eg heiste meg opp på albogen og såg at klokka var tolv. Ikkje så altfor gale. Eg var tørst og kjende meg skiten i munnen. Det tok nokre augneblink før alt tok til å venda tilbake til meg, kvelden før, eg tenkte på kva tid eg skulle bli vaksen, ein mann som var trygg og hadde tyngd i seg sjølv ville ikkje finna på slikt, men på den andre sida - livet  var eit mysterium og eit galehus. Heile verdshistoria var ei oppvising i galskap. Og kven var det som var mest galne? Dei normale. Den mannen eg nett hadde ønskt å vera. Han var gal. Så ta det med ro…

Ei sak var at eg kjende meg skiten i munnen, ein annan ting var at eg hadde vondt i hovudet og kjende det dirra i heile kroppen. Det var som det gjekk ein serie raske skjelvingar gjennom ledda, om att og om att. Når eg seier "var som", så er det fordi eg ikkje veit kva det var. Det einaste eg visste var at eg ikkje kjende meg bra og at det var noko anna enn fyllesjuke.

Stova var eit trist syn i det stille grålyset. Golvet var overstrødd med lp-plater. Eg hadde gløymd å skru av stereoanlegget. Møblar var drege fram og stod hulter til bulter. Sofakroken var full av glas - herregud, kvifor hadde eg drukke av så mange glas? Heile huset var som ein einaste stor dass. Linoleumen var kald og fråstøytande då eg tassa barbeint gjennom den rotete stova og ut på det endå verre kjøkenet. Stablar av skitne kjørler, gryter, ei steikepanne, glas med mjølkerestar, eg hadde ikkje rydda eller teke oppvasken på heile veka. Kvifor er det slik at ein først legg merke til slikt på ein sundag? Sundagen er den dagen då ein vaknar til sokskin og strekkjer seg så lang ein er, sundagen er den dagen då ein tek på seg finkleda og steikjer oksekjøt med brun lauk, sundagen er ikkje den dagen då ein kjem tuslande barbeint når klokka nærmar seg halv eitt til eit hus som treng ein storvask.

Eg sette på ein kopp kaffi, kledde på meg, drakk kaffien og gjekk i gong med å få skikk på huset. Og eg gjorde det grundig. Eg vaska opp, eg støvsugde, eg rydda, eg pynta, eg tok på meg reine klede og bar alt skitentøyet ned i vaskekjellaren, den gamle kjellaren under huset der det var så lågt at eg måtte gå krum i ryggen, eg stelte i stand ein skikkeleg middag, og då eg la meg på sofaen for å kvila middag etterpå var klokka ikkje meir enn tre, eg kjende at eg var kome i takt med tida og verda og alle andre att, eg hadde grunn til å kjenna meg nøgd med det meste og det gjorde eg mest òg, men berre nesten.

Så låg eg der og hadde grunn til å slappa av. Det var sundag. Då skulle ein gløyma alt. I morgon vart det tidsnok måndag.
Angsten låg og murra under huda.
Angsten slepte aldri taket.
Det ringde på døra.

Kommentarer:

Føles ganske gjenkjennelig dette gitt... ;)
"kjende meg skiten i munnen" - dette var en for meg et nytt begrep... Er det common nynorsk, eller heller det mer mot dialekt?

Og "Eg sette på ein kopp kaffi" er en vendign jeg, helt siden bestemors tid, har undra meg mye over. Så mye rart man sier som, når man ser nøyere på det virker ganske pussig... Nåvel....

Og er det bare inni huet mitt, eller bytter du profilbilde like ofte som enkelte bytter mobiltelefon/truse/partner/sokker??

Skrevet av Underdog , 11:07, torsdag 14. januar 2010 #

.....eh...lite supplement: Klart det er gangbar nynorsk, lurte vel mer på om det var et vanlig begrep...?

...og så skulle det være Vending og ikke vendign.... ;))

Skrevet av Underdog , 11:09, torsdag 14. januar 2010 #

Jeg er med. Og det er ikke fordi jeg er høflig og oppofrende men fordi jeg liker.

Skrevet av Fielill , 11:28, torsdag 14. januar 2010 #

Haha, herlig :

" ( ... )livet var eit mysterium og eit galehus. Heile verdshistoria var ei oppvising i galskap. Og kven var det som var mest galne? Dei normale. Den mannen eg nett hadde ønskt å vera. Han var gal."

Skrevet av Zamoyski , 16:36, torsdag 14. januar 2010 #

unplugged er diverre altfor oppteken med å vera på jobb store delar av tida og/eller halda deadline, og/eller gjera ein masse andre ting - så eg får ikkje vera så mykje til stades her på FB som eg skulle ønskja. Men takk for at de les!

Skiten i munnen - var det ikkje Cipp som kjende seg slik, då? Og setja på kaffi - hehe, det einaste (vesle) eg drikk av kaffi er vatn som eg har helt på ein vasskokar, deretter blanda med pulverkaffi, type frysetørra.

Og fint at Fielill ikkje berre er høfleg og oppofrande og at Zamoyski har skjønt det.

Og ganske absurd - her ein dagen var det ei jente som tok med seg "Den 4. parallell" (?) Og eg var frista til å seia: "Ja, men Johnsen, han som har skrive boka, les bloggen min." "Kva for ein blogg?" vlle dei svara då. Og kva skulle eg seia - eg skriv jo undercover. Så eg heldt kjeft.

Skrevet av unplugged , 20:08, torsdag 14. januar 2010 #

He-he. Morsomt at noen plukker med seg boka, unplugged. Og her er du undercover,ja. Deep undercover. De hyppig skiftende profilbildene dine har gjort meg stadig mer forvirret. Det er vel en del av undercover-strategien vil jeg tro :)

Skrevet av Johnsen , 20:15, torsdag 14. januar 2010 #

Skriv en kommentar til innlegget:

For å kommentere må du være innlogget.
 
© plugga ut