plugga ut
ein landsens bibliotekar
Pedersen
Eg skvatt til, lurte på om eg høyrde rett. I dei vekene og månadene eg hadde budd her hadde dørklokka aldri ringt før. Eg tenkte ein fort tanke, eg hadde minna meg sjølv på å setja batteri i klokka, eg hadde altså gjort det.
Det ringde på nytt.
Eg reiste meg fort. Kvifor hadde eg alltid denne skuldkjensla når det ringde på ei dør, eller telefonen ringde (det skjedde heller ikkje så ofte meir), eller nokon kom bort for å snakka med meg - kva kom det seg av?
Eg opna døra og fekk straks auge på ein fyr i mørke klede som berre stod der, som om han venta at eg ville dukka opp og at det ikkje var naudsynt å ringa på meir, og at det var slik ein gjorde det her, for ikkje å vera uhøfleg. Han var som sagt kledd i svart, ikkje dress akkurat, men noko nære på. Pluss kvit skjorte og mørkt slips. Håret var også svart, endå han var mykje eldre enn meg, og i dei endå mørkare auga stakk det stundom i eit kvasst blikk som trefte meg som nålestikk eller kva eg no skal seia ein augneblink eller to, som skarpe refleksar som fekk meg til å blunka. Det var noko ved han som lokka meg. Eg skjøna straks at eg stod framfor ein mann som hadde skoda forbi det meste av det denne verda hadde å by på, ein mann som kjende ei sanning og som gjerne ville gje denne sanninga vidare til andre. T.d. til meg.
- Bibliotekaren? sa han. Eg høyrde straks at han snakka med nordnorsk aksent. Ikkje påtrengjande, men meir avslipt.
- Eh, ja. Det er meg. Eigentleg er eg ikkje bibliotekaren, stotra eg forfjamsa, det kom brått på. Det var framleis han som hadde overtaket. - Eg er...
- Ja, eg veit kven De er, sa han.
Det trefte meg meir enn eg ville trudd. For det første sa han De til meg, for det andre meir enn påstod han at han visste noko om meg, og det høyrdest beint ut sagt nokså ubehageleg ut. Eg hadde mykje å skjula. Svært mykje. Og denne mannen såg ut som han kjende kvar einaste løyndom eg hadde, jamvel slike ting eg ikkje visste om sjølv. Han fylte meg med ei uhygge som ikkje eingong Algernon Blackwood eller Sheridan LeFanu ville makta å driva fram i meg. Samstundes var eg fascinert av han. Eg var ynkeleg klar over at eg heile mitt liv hadde vandra rundt i ein dal full av åndeleg mørkre. Om nokon dukka opp og sa dei kjende sanninga, eller i det minste delar av sanninga, så ville eg svært gjerne høyra på kva dei hadde å seia. Eg flytta blikket frå dei svarte augene og dei mørke kleda og såg på hendene hans. Dei var kvite, finslege, utan lyte.
Eg påstår ikkje at eg tenkte medvite på alle desse tinga då eg stod med denne mannen framfor meg i gangen i huset eg leigde, eg seier berre at desse tankane likevel kom til meg i ein slags sum, ein fasit - denne mannen er kanskje sendt til deg, av ei makt som vil deg vel, tenkte eg. Og om han verkar ubehageleg, ja, så er det fordi sanninga er ubehageleg...
- Ja, eg meinte berre, eg er ikkje utdanna bibliotekar. Eg er biblioteksjef. Bibliotekar er ei eiga...
Det verka ikkje som han høyrde. Han såg på døra inn til stova.
- Å, sa eg. - Ja, vil du ikkje stiga på?
- Takk.
Han gjekk foran meg inn i stova og såg seg rundt. Eg gjorde det same. Utanfor skein sola no. Det var ein strålande haustdag. Stille.
- Det var frost i morges, sa gjesten min. - Tre minusgrader.
- Å.
- På tide å tenke på vedfyring. Ikke for det, jeg og kona har fyrt lenge. Nesten hele september.
Eg hadde fått unna det verste og sette meg i ein stol attmed sofaen. Han sat i den andre stolen. - Skal eg fyra?
Han veifta med handa. - Ikke for min del. No høyrde eg endå meir tydeleg aksenten av nordnorsk når han snakka. - Jeg skal ikke være lenge. Tenkte bare jeg ville hilse på. Så du er altså den nye bibliotekaren... Han sette dei mørke augene i meg så hardt at eg kvapp. - Ja, jeg kjente jo godt ho som var der før. Ho Helga oppe i Øvregarden. Ho hadde biblioteket i en hel mannsalder. I det gamle skolehuset rett nedenfor sagbruket. Ved bekken der. Du ser det nesten ikke i dag. Det er så tilvokse alle steder nu.
Eg nikka. Sjølv om eg ikkje visste korleis det kunne ha sett ut før.
- Ja, sa han plutseleg og letta litt på seg, som om det var ein reint sjølvsagt ting han hadde gløymt. - Det er jeg som bor i det gule huset nede ved sjøen.
Eg kunne ikkje hugsa at eg hadde sett noko gult hus nedmed sjøen. Ikkje for det, når eg tenkte meg om syntest eg at eg kunne hugsa eit lite, knallgult hus med spisst tak og små vindauge, ein kvit veranda og eit svart smijarnsgjerde, ei brygge og eit naust, kanskje det var der?
- Ja, nettopp.
- Pedersen, sa han og gav meg handa. Ho var ikkje berre bleik og slank, ho kjendest slik også. Eg kjende ein sterk trang til å turka av handflata på buksa etterpå. Og tenkte på Uriah Heep. Dessutan sa han det på ein slik måte at han nærast var oppgjeve over at han endeleg var nøydd for å seia det, som om eg burde ha visst det og at han slapp å opplysa om det. Men eg gjekk ut frå at det trass alt fanst ei viss forståing for innflyttarar. Helt sikker var eg ikkje.
- Hm. Kven var det som kremta? Det var eg.
- Ja, du vet, ho Helga, ho var eit samvittighetsfullt menneske, sa Pedersen etter at han hadde lagt det eine kneet over det andre. - Ho var nøye på ka ho lånte ut. Det var ikke få bøker som ble kassert der i gården, nei.
- Neivel?
- Nei, for du vet det var mye stygt som de sendte ho. Det er mye dårlig som kommer ut mellom to permer. Mye. Og kunst kaller de det også. Kultur. Det siste ordet vart uttala med ein dyster mine.
- Ja. Jo.
- Men ho Helga, vet du, ho bladde gjennom hver eneste bok. For å se om den holdt mål. Det er mye stygt som står i bøkene, du. Han såg på meg som om det var ein sjølvsagt ting at eg var samd. Eg kjende at han hadde sett meg i ein slags sosial klemme det skulle godt gjerast å vri seg ut av. Eg ville gjerne ha eit liv her, så eg sa han ikkje imot. Kanskje seinare ein gong, i ei anna setting. Men ikkje no. Han hadde meg her. Eg var ikkje heilt sikker på kvar han hadde meg, men han hadde meg.
- Ja, det er sant. Det ikkje alle bøker som er like gode. Men...
Pedersen dreiv på, han ansa ikkje meg. - Det er så mange dårlige bøker. Det er så mye dårlig i samfunnet rundt oss, er du ikke enig?
- Jo, jo.
Han tok ein pause og målte meg på nytt. - Jaså, så du er han nye bibliotekaren, du? Ein rad matte tenner kom til syne då han opna leppene på gløtt og smilte. - Er det noe arbeid for en voksen mann det, da?
Eg kjende at vart varm og mjuk og gelé. Stramma meg opp. - Ja, er det ikkje det?
Det var Sanninga som lo. Ikkje mindre enn sanninga med stor S. - Ja, du har vel lønn deretter også, kan jeg tenke meg!
Eg smilte - kva kallar dei det? Fårete. - Eg får løn.
- Jeg har en svoger. Bror hans lider av sånn... ja, nu husker jeg ikke. En muskelsykdom. Men det kunne jo vært noe for han. Å sitte på biblioteket.
Det svarte eg ikkje på.
Han tok til å reisa seg, men ombestemte seg att. - Ja, jeg har vært mye i dette huset, sa han. - Du vet, han dreiv og skreiv litt, han som bodde her.
Eg lente meg interessert fram. - Gjorde han?
- Ja, litt i blada her og sånn. Dikt og... sånt forskjellig. Tull.
Eg tenkte på lydane eg hadde høyrt i huset om nettene. Var det han...?
- Nei, avrunda Pedersen og gjorde nok ein gong mine til å reisa seg. - Hva jeg ville ha sagt, vi skal ha et møte i kveld, her i grenda. Vi er noen venner som pleier å møtes. I bedehuset, du har sikkert sett det. Nede i svingen, forbi saga.
- Eg trur ikkje...
- Det er klokka seks, sa Pedersen.
- Ja, men...
Han reiste seg halvt opp. Såg mørkt på meg. - Så du har noe bedre fore, kanskje?
- Nei, det er ikkje det, men.
- Nåh. Han gjorde seg ferdig med meg og gjekk mot døra.
Eg tenkte fort og gale som eg ofte gjer. Eg hadde kome hit for å bu her, leva her, bli ein del av eit anna samfunn enn det eg kom frå. Sjølv om eg aldri hadde tenkt så langt fram, låg det i korta at eg skulle bli her til eg vart pensjonist. Eg skulle vera ein del av lokalsamfunnet, av bygdafolket. Og då ville det så avgjort vera dumt av meg å visa meg så arrogant at eg blankt avviste ein slik invitasjon som Pedersen kom med no - ja, som han hadde umaka seg med å koma ekstra heilt hit opp til huset for. Eg var ein vennleg mann, rimeleg, og kva kunne det skada om eg gjekk på bedehuset og helsa på bygdafolket. Eg såg det alt føre meg, dei ville ta godt imot meg, dei ville rekkja meg handa, me ville koma på nikk, eg ville vera ein av dei. Sant nok spøkte det ein stad i bakgrunnen at det slett ikkje var det eg ønskte. Tvert om, eg ville vera i fred. Med meg og mitt. Det var difor eg hadde kome hit. Dessutan hadde han fått eit tak på meg, svak som eg var.
- Eg kjem, sa eg.
Han stoppa med handa på dørhandtaket. Eit fort smil gleid over leppene hans. - Verkeleg?
- Ja. Det skal bli hyggeleg. Umerkeleg hadde eg teke til å snakka som han.
- Nåh. Han gleid ut i den solfylte kalde haustdagen og vart vekke.
Posted at 01:45PM jan 15, 2010 by unplugged in Diverse | Kommentarer[1]
Skrevet av Fielill , 14:39, fredag 15. januar 2010 #