plugga ut


ein landsens bibliotekar

 
mandag nov 23, 2009

So much for positivism


Nilsen har bevega seg over i den andre enden av lokalet. I røynda står me berre nokre få meter frå kvarandre. Men det er to mannshøge hyller og tusenvis av bøker mellom oss.  Eg ser han står med ryggen til, glaner opp på bøkene i hylla rett foran andletet, ein gammal mann kledd i ein blå vindjakke, grå i håret, grå bukser, med ein eim av hyppige turar i skogen og eit tun med ein solid vedstabel som han har vore meister for sjølv. I dei lange, mørke kveldane les han bøker frå biblioteket der han sit i den mjuke stolen inne i stova si, i skinet frå stovelampa, lunt og trygt har han det medan haustvinden herjar i trea utanfor, han blar sakte frå den eine boksida til den neste, har god tid, og kona? ho sit og strikkar i ljoskrinsen frå den same lampa, eller ho putlar ute på kjøkenet. Og her står me no.  Han har kome etter ei forsyning med bøker. Nokre krimbøker (der følgjer han godt med i tida), nokre romanar av den gode gamle solide sorten (Falkberget, Undset, Vera Henriksen) og litt dokumentar (her er det eigentleg smått stell, men det uroar ikkje vår ven Nilsen, for han går åra i eitt likevel og ei bok om ei aktuell sak som ligg tjue år attende i tida er god nok for han).

- Du har vel ikkje Anne Holt? seier han brått.

Han må ha merka at eg er der og ser på han. Det tek meg heilt på fersken. Eg kjenner meg som ein dokikkar. Ein fyldig eim av nytrakta kaffi breier seg gjennom det nedstøva rommet. Utanfor, nede på hovudvegen, køyrer ein og annan bil forbi. Helst slike nyttige bilar. Lastebilar. Varebilar. Ein sementbil. Og små bilar av den sorten som pensjonistar eig. Dei svingar inn på parkeringsplassen nedanom det gamle tinghuset der biblioteket held hus, dei lommeparkerar på rekkje og rad utanfor fysioterapeuten som har lokala sine i det gamle bygget til lokalavisa og karrar  seg inn for å få behandling. Dei ser ikkje spreke ut.  

- Holt? hentar eg meg inn att.
- Ja, du veit Anne Holt.
- Jaja. Holt, ja.
- Den siste.
- Nei, den har eg ikkje. Har ikkje fått ho. Boka, altså.
- Dæh. Fæle greier, det der.
- Kva då?
- Med Holt. Ho er jo sånn, sant. Lever med ei anna dame.
- Ja. Gift. Visst.
- Det er ei anna her som eg ikkje har lese...
- Men Lindell har eg. Den siste.
- Å. Kor då?
- Der. Til høgre. Litt bortanfor.
- Å... åja.

Eg går attende til det vesle kjøkenet. Skyljer opp eit reint krus. Heller opp kaffi. Kva som helst kan skje no, tenkjer eg. Det er fullt mogleg.  I teorien er det mogleg. Fullt mogleg og vel så det. Samstundes veit eg at det er endå meir mogleg at det ikkje er mogleg. For ikkje å seia umogleg. Kva eg tenkjer på? Tja, at ein elefant skal dukka opp nede på parkeringsplassen.
Men eg gidd ikkje sjå etter. So much for positivism.

Ute i gangen eller entreen eller forrrommet eller kva pokker ein skal kalla det (der du kjem inn, etter å ha stått i den mørke og utrivelege hallen, der det er fem meter under taket minst, kanskje våt til skinnet etter å ha trossa og  traska gjernnom vestlandske regnbyger, eg snakkar om rommet med kopimaskina og stumtenaren, samt tidsskriftstativet der ein kunne finna diverse offentlege publikasjonar og liknande, samt siste nummer av både lokalavisa og regionalavisa) høyrde eg to røyster eg hadde lært å kjenna ganske godt etter kvart. Den eine innpå nitti år gammal, den andre ei ti  år yngre dame, men langtfrå så sprek som den første. Eg veit ikkje om dei kjende kvarandre i privatlivet, eller om det berre trefte seg slik at møttest utanfor, på veg same stad til same tid. Det var så mykje ved bygdesamfunnet eg ikkje skjøna. Ja, eigentleg skjøna eg ingenting. Bygdedyret, leika det med meg heile tida?

Desse damene er ganske formelle. Den eine av dei det ein kallar tjukk og rund, og blid, den andre meir alvorsam, knoklete (det er noko ved aldringsprosessen som fråstøyter meg mest, denne tendensen til å verta knoklete, særleg om det er kombinert med leverflekkar) og med tjukke brilleglas i ei innfatning som dekkjer mesteparten av andletet. Den første helsar vennleg, den andre nøyer seg med eit nikk.

Eg helsar og nikkar attende.

Så er det tid for det faste ritualet. Den trinne og blide dama, som heiter Olga, opnar nettet sitt og halar ut ei utruleg mengd med herregårdsromanar og liknande. No er biblioteket her rett nok godt forsynt med slike (Runaserien, Herregårdsserien, Jalnabøkene osv. samt Gabbaen Walle og Margit Sandemoe, men at me kunne ha så mange, det tok jo aldri slutt?) Ikkje for det, dei skulle berre ha visst. Her sat eg som ein annan dr. Jekyll. Og inst inne kjente eg ei sterk misunning. Denne gamle dama, med sin enkle litterære smak og manglande utdanning, eigde ei leseglede som eg sjølv hadde mista - eller hadde eg sjølv gått frå han?  Hadde eg?

Kva var i vegen med meg? Kvifor klarte eg ikkje å lesa ei enkel bok frå ende til annan som andre folk? Sanninga var slik at eg ikkje likte å tenkja på ho. Ikkje her, no. Kanskje seinare.
Eg såg på stabelen av herregårdsromanar som stod foran meg på den grågrøne plata av metall som me alle kalte for "disken". Hadde ho ikkje lånt dei før ein gong? Var det slik det hang saman, var det  difor det aldri tok slutt?

- Bles i dag.
- Ja, det gjer det.
- Bles det mykje oppe hos deg?
- Veit du kor eg bur, då? Det datt ut av meg. Kanskje låg det eit snev av paranoia i spørsmålet mitt. Eg hadde teke til å ana at det kunne liggja ein godt skjult vondskapsfull agenda bak sjølv den mest uskuldege replikk når ein hadde med bygdefolket å gjera.
- Ja, bur du ikkje oppe i huset til gamle banksjefen, då?
- Jau. Eg sat framleis med ei kjensle av at her burde ein passa seg. Kva visste folk om den gamle banksjefen og huset hans som eg ikkje visste? Svaret var enkelt: dei visste alt. Og eg visste ingenting.
- Ja, det bles vel der òg?
- Ja, det bles der òg.
- Det har blese lenge.
- Ja, det har det.

Bak henne står den andre dama og kikkar over skuldra på den tunge, ferme dama framfor seg. Det er noko ved henne som får meg til å tenkja på ein fugl, ein langbeint hegre med briller. Kva er det forresten som får folk til å kle seg så forskjellig i takt med korleis dei eldest - og kva er det som får meg til å halda att med all makt? Tanken streifer meg i forbifarta før den vert slukt opp av ein straum med andre forvirrande tankar. Eg meiner, kvifor må desse damene alltid gå med desse hattane som ikkje er det minste fine? Og desse kåpane - og desse tynne tørklea? Men eg tenkjer ikkje lenge på det, berre lenge nok til å tenkja at eg sjølv, som er nærare femti, framleis går kledd som den gongen eg var på slutten av tenåra, dvs. i dongeri og t-skjorte, med skjegg og rimeleg langt hår. Ja, eg veit det, eg makta aldri å skilla meg frå 60-talet. Eg har teke til å lura på kvifor ungdommen i dag går så håplaust kledd. Jepp, eg veit det.

Men det var ho dama bak. No stig ho til sides og fram.
- Eg har med ei lapp, seier ho.
Ho rekkjer meg ein lapp, eit utklypp. Det er frå avisa Vårt Land, ei bokmelding av ei reiseskildring av Torbjørn Færevåg. Frå Kina.
Eg les.
- Har du den?

Eg svarar som eg plar. - Nei, det trur eg ikkje. Men eg kan sikkert skaffa.
I mitt stille sinn håper eg ho vil seia at det ikkje gjer noko, ho kan ta noko anna. Men det gjer ho ikkje. Ho snakkar underleg, dialekten hennar er ikkje heilt herfrå, det er noko austlandsk i den, ja, ein distinkt austlandsk, når eg lyder etter, og ho seier: - Ja, men da kan du kanskje bestilla boka? Eller kjøpe den inn?
Tida går. Tida gjekk. Tida går og gjekk og kjem aldri att. Og her sat eg og trudde eg hadde kasta meg ut i noko. Men lufta var den same, den grå. Sykkelspennene mine! Ja, tenkte eg. Her sit eg og tida renn frå meg. Heile tida heile tida.

- Kjøpa ho inn? Jau... Eg hadde gløymt kva bok ho snakka om. - Lindell?

- Nei, nei. No rista dei begge på hovudet og smilte. Det var på nippet før dei lo av meg, syntest eg var dum, nippet før dei fekk noko å fortelja på butikken eller i kaffislabberas eller kva visste eg kva dette samfunnet som eg forstod så lite av hadde å by på av sladreplassar. Men eg avverga det med å le med. Eg hadde berre tulla litt med dei. Og så var eg jo ein slik godmodig smådistre nisse som dei alle snart ville bli fine venner med. Eg tenkte at det var slik det ville gå med meg etter kvart, eg ville koma tuslande på butikken og  slå av ein prat med bygdefolket, dei hadde byrja å venna seg til meg no, dei hadde skjønt kor tankespreidd eg kunne vera og dei elska meg for det, eg hadde vorte ein slags skjeggut teddybamse. - Færevåg.

- Kvar er det? datt det ut av meg, eg syntest tydeleg eg hadde høyrt at det var ein stad her som heitte det.
- Torbjørn Færevåg. Kina.
Eg såg på lappen ho hadde gjeve meg. - Kina. Ja.
Mykje kunne seiast om Kina. Ja. Visst kunne mykje seiast om Kina. Tu-Fu, til dømes. Eg hadde lese Tu-Fu. Eg hadde høyrt Georg Johannesen lesa Tu-Fu.  Eg hadde lese dei taoistiske skriftene. I Ching. Og no stod det eit rynkete skinn her og prata eit pent bokmål og skulle ha ei bok om Kina ho hadde lese om i... Vårt Land. Ja, det var det det stod.
- Det sto om den i Vårt Land.
- Ja. Eg ser det.
- Det skal visst være en god bok.

Kva var eit bibliotek om det ikkje kunne skaffa det folk ønskte, gode eller dårlege bøker? Og ettersom eg alltid har hatt den ulukksalege trongen til å seia meg samd med alt og alle nikka eg og sa ja, det var sikkert ei god bok, og når dei sa det i Vårt Land så måtte det vel stemma. Var ikkje Vårt Land ei kulturavis? Jau, det var ho. Rett nok hadde eg aldri lese eit einaste nummer av publikasjonen, men jamført med Dagen var visstnok Vårt Land reine Dagbladet. Og Dagbladet var ei kulturavis, var det ikkje. Ikkje at eg las Dagbladet heller. Når sant skulle seinast las eg ikkje aviser i det heile. Til meg sjølv - og ikkje minst til andre, ja særleg dei -  sa eg at eg ikkje las aviser fordi det berre var det same som vart teke opp att dag ut og dag inn. Eg hadde langt på veg rett i det. Aviser er stort sett berre underhaldning og drøvtygging og lite anna. På same vis som radio og tv. Men det eg ikkje forstod heilt den gongen var at eg hadde miste grepet. For lenge sidan.

- Eg kjøpar ho inn, sa eg storsinna.
- Vil du det?
- Ja, klart det. Det er filosofien min her, svarte eg, forbausa over at eg hadde nokon filosofi i det heile. - Eg plar lytta etter kva folk er interessert i, og så kjøper eg inn. Og det er sikkert fleire som er interesserte i denne boka. Særleg når ho har fått så god omtale i Vårt Land.

Kommentarer:

jeg ler av nyttige biler... og av gjenkjennelse. Regn, bygdedyret, bibioteket, huff - og en viss trygghet i det også?

Skrevet av LaLa , 10:09, mandag 23. november 2009 #

Jeg leser og koser meg, det er ei fantastisk historie du har på gang her. og denne bibliotekaren er jo bare herlig: "Det er filosofien min her, svarte eg, forbausa over at eg hadde nokon filosofi i det heile." Kunne ikke vært bedre.

Skrevet av Fielill , 13:25, mandag 23. november 2009 #

Jeg er med. Dette liker vi.

Skrevet av Sosima , 13:43, mandag 23. november 2009 #

Flotte greier.
Så lange avsnitt som dette?

Skrevet av unplugged , 14:53, mandag 23. november 2009 #

Gjerne! Når de er så gode som dette er det ikke noe problem :-)

Skrevet av Fielill , 14:56, mandag 23. november 2009 #

Skriv en kommentar til innlegget:

For å kommentere må du være innlogget.
 
© plugga ut