plugga ut


ein landsens bibliotekar

 
søndag nov 22, 2009

Musikarar

Det er mørkt og kaldt på opphaldsrommet. Eg har for lenge sidan gjeve opp å halda reide på kor tid rektor og dei andre musikkfolka er innom. Kanskje dei ikkje har nokon fast timeplan. I så fall har eg aldri blitt klok på det. Dei kjem og går. Går og kjem. Slik er det berre. Eg tenkjer på dei som ein slags vagabonder på livets landeveg. Eller som uansvarlege born. Ja, eg skal godt innrømma det, dei skremmer meg. Dei gjer meg misunneleg. Dei gjer meg uroleg. Musikarar har flotte klede, dei ser flotte ut - og dei har flotte damer. Og dei gjer eigentleg ingenting. Du kan ikkje akkurat kalla det arbeid. Dei kjem og går som det passar dei. Rektor sitt kontor, som ligg vegg i vegg med det felles opphaldsrommet vårt,  ser ut som ein slagmark. Det flyt av papir og instrument og cd'ar og skuleplanar og rekningar og gudane veit kva på kontoret hans. Den enorme svingstolen er full av holer i det blå trekket. Pc'en hans står alltid på. Eg kan ikkje hugsa at dei nokon gong har  skrudd av maskina. Frå staden min ved kaffitraktaren i det vesle kjøkenet der det alltid står ein stabel med skitne koppar etter han og austeuropearen som underviser her, som oftast med avfeldige popmelodiar på keyboard,  kan eg sjå skjermspararen som bølgjer uroleg over skjermen. Det ser alltid ut som han (rektor) nett er gått, eller nett kjem. Sjølv hit inn kan eg kjenna den stikkande lukta av gammal sigarettrøyk. Men flott kledde er dei, flotte ser dei ut. Og flotte damer har dei. Jau, eg skal innrømma det her eg står og drysser kaffi oppi filteret - eg er redd dei og eg misunnar dei, eg kjenner meg utrygg rundt dei og eg skulle gjerne sett like flott ut og hatt like fine klede og hatt ein bulkete billegbil som likevel ser stilig ut, for ikkje å snakka om massevis av damer. For dei får alltid damer, musikarane. Det får meg til å tenkja på gamle Svendsen i bussgarasjen då me snakka om ei jente som eg trudde var i lag med ein musikar. - Det må vera musa hennar han spelar på, i så fall, sa Svendsen. Minnet set meg brått på låtten og får meg til å humra der eg står, så eg tek meg saman og ser ut slik eg går ut frå at dei forventar at eg skal sjå ut, passe keisam og intellektuell. Eller nei, ikkje intellektuell, akkurat - men bibliotekaktig.

Noja. Whatever.

Medan kaffitraktaren putrar går eg inn att i rommet med alle hyllene. Til ein filial i ein liten utkantkommune å vera er det inga dårleg boksamling. Det er berre det at ho høyrer heime på 70-talet, det meste av det. Ein god del frå 60-talet, og ein haug med reiseskildringar frå 50-åra - og jamvel mykje frå 80-talet også, det er ikkje det -. men det står ikkje til å nekta for at det aller meste av det ein finn i desse tettpakka og tettståande hyllene er frå 70-talet. Det må ha vore ei glanstid for biblioteket her den gongen, lurer på kvifor. 

Kommentarer:

bare lurer på en ting; kan du legge inn avsnitt i tekstene dine? Det er (og dette er forsket på altså...) vanskeligere å lese tekst fra skjerm når den ikke er delt inn i avsnitt. Så man bør ha flere avsnitt på skjermtekster enn man ellers er vant med (fra papiret). Du skriver så godt at jeg synes du bør gi flere sjansen til å henge med hele veien/få med seg alle detaljene. ;)

Skrevet av LaLa , 10:12, mandag 23. november 2009 #

Takk for tips, det skal eg gjera!

Skrevet av unplugged , 10:39, mandag 23. november 2009 #

Skriv en kommentar til innlegget:

For å kommentere må du være innlogget.
 
© plugga ut