Knut Rage
Eit hundeliv
Eit siste innlegg
Det er sjølvsagt smigrande å sjå at det blir skrive både kommentarar og innlegg vedk. min avgang frå Forfattarbloggen. Men eg trur mest eg må få oppklara eit par saker:
Eg trur for det første at eg er ganske tøff når det gjeld "herskarar", og noko slikt har inga verdas ting med saka å gjera i dette tilfellet. Eg veit ikkje om herskarar på FB - og slett ikkje Mayway, som for det meste har skrive positive kommentarar på bloggen min. Og om ho kanskje ein gong eller to har slengt frå seg at noko er dårleg - ja, så er det kanskje dårleg, då.
Årsakene er ganske andre:
1) Då eg byrja blogga på FB var det fordi eg hadde kome mellom dei ti vinnarene i Vinduet sin novellekonkurranse 2007 (eller var det 2006?) og tenkte at dette var ein gyllen sjanse til å ta opp skjønnlitterær skriving att, etter mange års fråvere. Men på dei to-tre åra som har gått har eg ikkje skrive stort anna enn 6-7 noveller og nokre dikt, pluss to større utkast. Så kor lenge skal eg liggja på venstresida og kalla meg forfattar? I selskap med Mayway, Hagemann, Lotherington, Eggen osv. vert det jo direkte pinleg i lengda. Kanskje eg kjem med ei bok att - men inntil då vert det berre dumt å liggja her til venstre.
2) Forutan mitt daglege virke som bibliotekleiar er eg travelt oppteken som lokalhistorikar, som artikkelforfattar, foredragshaldar og årbokredaktør m.m. Eg har også mine eigne "forskingsprosjekt" som tek tid - og eg skriv artiklar på lokalhistoriewiki (burde i det minste gjera det, litt oftare). For meg står desse tinga som nyttige - FB derimot fortonar seg slik sett meir eller mindre som unyttig navlebeskueri (no snakkar eg for meg sjølv).
3) I denne situasjonen gjekk eg etter kvart tom for overskot til blogging. Det tok rett og slett for mykje av tida mi, eller rettare sagt - eg har lita tid til det. SÅ enkel er forklaringa.
Men ja - eg har planar om å venda tilbake til bloggsfæren - med eit meir prosjektbasert opplegg.
Så see ya.
PS. Og denne gongen har eg opna for kommentarar.
PSS. Eg prøvde å sletta heile bloggen min i går, men ikkje pokker - det gjekk ikkje. Så innlegga vert ståande. Parolen er: Ein gong FB, alltid FB.
Posted at 01:47PM okt 23, 2009 by Rage in Diverse | Kommentarer[17]
Takk for meg
Alt har ein ende, også mitt engasjement her på FB. Så dermed takkar eg for meg - og ein takk til dykk som har kommentert innlegga mine - "ingen nemnd, ingen gløymd", men likevel ein særs takk til Jan Otto Fauske, som er ein kjernekar. Utan han ville bloggen vore endå tammare enn den forlengst er. Snakkast kanskje ved eit anna høve! Knut
Posted at 10:48AM okt 21, 2009 by Rage in Diverse | Kommentarer[0]
Quadrophenia!

Artig og nostalgisk artikkel i siste nr. av Vinduet - ein av verdas fremste litteraturkritikarar skriv om eit av verdas beste rockealbum, med verdas desidert beste rockeband gjennom tidene: James Wood skriv om Quadrophenia, The Who sitt klassiske album.
Quadrophenia kom i 1973, og har sidan den gongen følgd meg. På same måte som The Who har følgd meg. At The Who er tidenes største rockeband er slikt ein mest ikkje gidd diskutera - her er ein kompleksitet i musikken og ein gneistrande energi som får alle andre band til å høyrast ganske tamme ut - og The Who live er noko for seg. Særleg då får du med deg havet av trommer og bassgangar som gjer musikken deira så levande, så energisk.
Ikkje til å undrast over at det i dag berre er to medlemmar av dei opphavlege fire som framleis er i live. I The Who må det ha gått hardt for seg.
Quadrophenia handlar om mods. Det var eit ungdomsopprør ca. 1961-1965 som knapt kom til Noreg, men framleis hugsar eg stilen frå mine gutedagar i vesle Stavanger - parkas og duffelcoat, spisse sko, slips, italiensk- eller fransk-inspirerte dressar, snobbete haldning - og sjølvsagt scooter, då helst ein Vespa GS 160. I England var The Who eit mods-band, skriv James Wood - som altså hyller både tekstane og musikken i albumet Quadrophenia i siste nr. av Vinduet. Og som tek fram nokre av dei herlege, typiske The Who-one linerne som alle Who-fans kan utanat:
- I was born with a plastic spoon in my mouth
- Teenage wasteland
- The parting on the left/Is now the parting on the right
- Meet the new boss/Same as the old boss
- Magically bored/On a quiet street corner
- And in the battle on the streets/You fight computers and receipts
Posted at 11:28AM okt 19, 2009 by Rage in Diverse | Kommentarer[4]
Det heimsøkte huset på Lund
På veg over øya Yell (!) på Shetland i august køyrde me forbi det heimsøkte huset Lund House, der det ikkje har budd folk sidan 1947. Det vert sagt at Djevelen sjølv sette merket sitt der! Soga er den gode gamle: på 1800-talet vart ei tenestejente gravid med sonen i huset, det kunne sjølvsagt aldri bli noko av og ho styrta seg utfor og tok livet av seg. Sidan den tid har det spøkt i huset. No står det altså tomt... Det slo meg at som ved ein skjebnens ironi er det faktisk den skrømtande tenestejenta som til slutt vart husfrua på Lund. PS. Eg treng vel ikkje seia at eg er ein hund etter heimsøkte hus og triste viser, vind og regn og whisky.
Å, kor kjærleiken kan råka
i det heimsøkte huset på Lund
Djevelen sjølv sette merket sitt
i det heimsøkte huset på Lund
Det var den gamle soga
om elsk og svik og kjærleiks frukt
Du veit, den gamle soga
om elsk og svik og kjærleiks tukt
Ei tenestejente var ho
og ho tente i huset på Lund
Og han var son til herren i huset
son til herren på Lund
Og ho elska han og gav han alt
alt kva ho fann av gåver
Og han elska ho att
slik som du ser dei travar og snåver
Så vart det då den gamle soga
om elsk og svik og kjærleiks tukt
Du veit, den gamle soga
om herremanns son og forboden frukt
Så styrta ho seg frå tårnet
i det heimsøkte huset på Lund
- tenestejenta som svor på at ho ein dag
skulle for alltid bli frua på Lund
Posted at 10:08PM okt 09, 2009 by Rage in Diverse | Kommentarer[14]
Zen-soger: Om porten til helvete og porten til Paradis

Ein soldat kom ein gong til ein læremeister
og ville vita om det verkeleg var så at det fanst
eit paradis og eit helvete.
"Kven er du? spurde meisteren.
"Eg er ein samurai," sa soldaten.
"Kva, du... ein soldat?" svarte meisteren forakteleg.
"Kva slags herskar vil vel ha ein ynkeleg mann som deg
i hæren sin? Du ser ut som ein krøpling."
Samuraien vart så sint då han høyrde det
at han la handa på sverdet.
"Jaså, så du vil trekkja sverdet?" heldt meisteren fram.
"Eggen ser altfor sløv ut til at du vil greia å hogga hovudet
av meg med det sverdet der!"
Då svingde soldaten med sverdet og ville hogga.
"Der opna porten til helvete seg," sa meisteren.
Då han høyrde desse orda
skjøna samuraien kva meisteren meinte.
Han stakk sverdet i slira att og bukka.
"No opna porten til Paradis seg," sa den vise.
Tradisjonell
Posted at 11:12PM sep 04, 2009 by Rage in Diverse | Kommentarer[10]
Zen-soger: Det går over

Ein elev gjekk til læraren sin i meditasjon og sa:
"Eg får ikkje til å meditera!
Eg vert distrahert heile tida.
Anten er det slik at tankane mine går hit og dit,
eller så klør det, eller eg har vondt i foten."
"Det går over," sa læraren.
Ei veke seinare kom eleven tilbake.
"Meditasjonen min er vidunderleg," sa han.
"Eg kjenner ei slik merksemd,
eit slikt medvit, eg er så levande! Det er så godt."
"Det går over," sa læraren.
Tradisjonell
Posted at 12:27PM sep 03, 2009 by Rage in Diverse | Kommentarer[9]
Her sluttar vegen

Her sluttar vegen i Storbritannia - så langt og ikkje lengre kjem du. Det er ikkje noko skilt som kunngjer hendinga, det er berre slik at vegen går rett og slett ikkje lengre. Den sluttar i eit gardstun, sånn heilt utan vidare. Du er på det nordlegaste punktet i UK. Om du tek beina fatt kan du gå ned til sandstranda, eller du kan vandra opp på høgdedraget i bakgrunnen og stira ut på fyret på toppen av den vesle stupbratte holmen Muckle Flugga, og vidare til Out Stack. Men då er UK jamnt slutt...
Kort sagt - eg er på nordspissen av øya Unst, den nordlegaste øya på Shetland. Godveret vil ingen ende ta. Det har vore solskin to heile dagar til ende.
Og kva har dette med Forfattarbloggen å gjera?
Ikkje anna enn at det etter tradisjonen var her Robert Louis Stevenson unnfanga ideen til tidenes største sjørøvarroman: "Skattøya" - etter at han besøkte desse traktene i juni 1869, 19 år gammal. Rett nok skreiv han ikkje boka før i 1881, men han skal visstnok aldri ha gløymd denne ville staden og øya Unst, så langt nord i Storbritannia som ein kan koma. Og i dag er Unst meir fråflytta og aude enn nokon gong. Frå no av kjem eg til å lesa dei første kapitlane av "Skattøya" på ein ganske annan måte. At vertshuset "Admiral Benbow" låg på Unst og ingen annan stad kan eg levande førestilla meg...
Dessutan ei seinsommarhelsing frå meg her vestpå -
Posted at 07:54PM aug 29, 2009 by Rage in Diverse | Kommentarer[11]
Polakk

Det hadde teke til å bli mørkt då ho passerte den breide elva.
Ho hadde det travelt, og ho likte ikkje å køyra bil. Det gjorde ikkje saka betre at eit eller anna fuska. Ho hadde ikkje peiling på bilar, så ho visste ikkje kva det var. Berre nok til å vita at noko var gale, det slarka under panseret, eller var det under føtene hennar? Ho var ikkje sikker.
Foten hennar verka. Ho hadde problem med venstrefoten, det hadde vore slik sidan ho var lita og dei hadde i grunnen aldri funne ut av det, det var berre slikt ein levde med, ein deformasjon frå fødselen, slikt ein lærte seg å ignorera. Ho hadde alltid gått litt rart, men ingen hadde erta henne noko særleg for det og no var ho vaksen og gav blaffen i om folk stirde i forbifarta. Ho var vaksen, ho var si si eiga kvinne, ho hadde gjort det stort, ho var i ferd med å fullføra doktorgraden i sjukepleie, som omhandla omsorg i terminalfasen, og hadde fått ein bokkontrakt i fjor. Og no var boka her, på veg frå trykkeriet, det var mindre enn ei veke til utgjevinga. Først skulle ho til dette seminaret som vart halde på eit fjordhotell i Hardanger og snakka om arbeidet sitt, ho hadde vore på nettet og sett bilete av møtesalen der foredraga skulle haldast, seminaret gjekk over tre dagar og i morgon stod ho på programmet i lag med ein prest, ein lege og ein fysioterapeut. Det var litt underleg, når ho tenkte på det no, ho hadde alltid kjend ein eigen slags ro i nærleik av døden, ho ville ikkje nett kalla det dragning, men det hadde vore der sidan ho mista mora i tiårsalderen. Slik sett hadde det vore naturleg for henne å skriva masteroppgåva om nett dette emnet, og etterpå hadde ho takka ja til eit doktorgradsstipend.
Ho kasta eit fort blikk på seg sjølv i sladrespegelen. To bua augnebryn, to mørke auge. Ho var vakker, det visste ho, på ein mjuk, litt gammaldags måte.
Bilisten bak hadde mista tålmodet. Han hadde blinka med langlyset eit par gonger, no gav han plutseleg gass og køyrde fort forbi like før ein sving. Ho såg etter dei raude halelysa til dei drog frå henne og forsvann rundt neste sving.
Ho kasta eit nytt blikk på klokka. Ho rakk neppe middagen på hotellet, men det gjorde i grunnen ikkje så mykje. Det viktigaste var morgondagen, eit møte med ungdomsskulelevar på føremiddagen og foredraget om ettermiddagen.
Foten verka. Ho måtte stadig vekk ta han opp frå gasspedalen, berre nokre sekundar. Rundt henne var det stummande mørkt. Bortsett frå eit par møtande bilar var det lite trafikk på vegen. Veglysa blinka i ein stadig tynnare snor nedetter dalføret, langt unna glitra det i ein masse bitte små lys, kanskje det var tettstaden ho skulle til.
Ein rasteplass dukka opp. Ho svinga inn, såg at det ikkje fanst korkje benk eller bord der, slik det hadde stått på skiltet. Men det var vel såpass seint på hausten at dei hadde vore og fjerna det for vinteren.
Ho stansa, let motoren gå på tomgang og lydde etter den hakkete ulyden som hadde plaga henne den siste halve timen. Men no gjekk motoren fint, skulle ikkje tru den hadde gjort noko anna. Det roa henne, samstundes fylte det henne med ei vag nervøsitet. Ho sette foten på bakken, strekte den ut, prøvde å vri på ankelen. Det kjendest betre. Ho trekte den milde kveldslufta djupt ned i lungene og gjekk bort til gjerdet, stirde nedetter den mørke dalen og såg på lysa i det fjerne.
I det same høyrde ho det skrapa i grusen.
Ho var ikkje åleine.
Bak henne stod ein ung mann. Han vippa litt frå den eine sida til den andre. Ho såg straks kor dårleg kledt han var. Den raude joggebuksa harmonerte lite med støvlane og den tynne vindjakka som var open foran.
Det tok litt tid før ho skjøna det. Han måtte tru at ho hadde stoppa for han!
- No, sa ho. - I... I didn't stop for you. You... misunderstand.
- You are going to Oslo? sa han.
Ho rista på hovudet. - Nei, sa ho. - No. Just down there. Ho peikte. - To a... Kva pokker heitte det no igjen? - To a... seminar. At a hotel.
Han såg på henne som om han ikkje forstod.
- I am Polish, sa han. - From Poland. Student. Selling pictures, you know?
Han byrja setja seg inn i bilen.
- No... no! ropte ho, sprang fram og skubba han til sides. - I didn't stop for you. It was my foot. And the car.
Hendene hennar handla automatisk, ho skunda seg inn bak rattet og låste bildøra innanfrå samstundes som ho vreid om tenningsnøkkelen, så fulgte dei raske, små rørslene som skulle til for å starta bilen - ho trakka ned gasspedalen og kjende korleis køyretyet gjorde eit hopp framover, ho merka i det same at ho køyrde på han, så var ho i gong, gav endå meir gass og no gjekk alt som det skulle, ho hadde kontrollen, ho såg han i spegelen, såg han veifta med armane etter henne, etter bilen, så spann ho ut på hovudvegen, la bilen stødig i køyrebana, heldt den der, kasta eit nytt blikk i bakspegelen, fekk eit siste glimt av ein forhutla ung mann i raud joggebukse og ei tynn vindjakke med ei mørk t-skjorte under.
Herregud, kvifor gjorde eg det? tenkte ho brått. Og så, då ho hadde køyrt nokre minutt og hadde byrja få det heile på avstand, kjende ho seg dum, flau. Såg det latterlege i situasjonen. Han var berre ein fattig polakk som ville ha haik og skulle til Oslo. Søren også, skulle ho snu? Køyra tilbake og henta han? Nei. Nei, sjølvsagt ikkje. Men jo. Ho tenkte på kor tynnkledd han hadde vore. Kunne ikkje la han stå slik i den kalde haustkvelden. Nei, kunne ikkje. Ho ville koma for seint til hotellet, til dei som venta på henne.
Ho svingde inntil vegkanten. Venta. Tenkte ikkje.
Tok ein U-sving og sette kursen tilbake. Køyrde fort no.
Ho hadde køyrt lengre enn ho hadde tenkt. Det tok fleire minuttar før ho fekk auge på rasteplassen. Ho køyrde inn på skrå, stansa berre ein meter frå murkanten, stirde ut.
Ingen å sjå. Ho vreid hovudet bakover, såg ut bakruta. Ingen.
Han var der ikkje.
Det kunne ikkje stemma. Kvar skulle han gå?
Sjølvsagt. Han kunne fått haik med ein annan.
Ho prøvde å tenkja seg om, rynka panna. Haustmørkret fanga henne inn i seg. På himmelen hadde dei tunge skyene glidd til sides, ho stirde lenge på nokre blenkjande stjerner. Det sveiv henne at dette var ein slik usamanhengande situasjon som livet var fullt av. Skulle ho fortelja om dette til nokon ville det bli ei historie heilt utan poeng.
Likevel var det nett det ho gjorde. Under middagen, på hotellet, neste kveld, etter opplesinga. Ho vende seg mot sidemannen, som ikkje hadde sagt stort til nokon, og heller ikkje verka som han høyrde etter. Men han høyrde på henne.
- Det skjedde noko pussig på vegen hit, byrja ho. - Eg svingde inn på ein rasteplass, for å ta ein pause i køyringa. Du ser eg har ein vond fot, og det var smertefullt etter så lang tid på gasspedalen. Og der stod det ein polakk. Han trudde eg hadde stoppa for hans skuld...
Tilhøyraren nikka.
Og ho var nøgd no. Det var ei slik historie ein godt kunne fortelja i ei setting som denne. Og kven visste, kanskje det vart ei historie ho kom til å fortelja fleire gonger.
Posted at 06:30PM aug 19, 2009 by Rage in Diverse | Kommentarer[2]
Men mor mi døydde til slutt anten eg ville det eller ikkje

Det var søstera mi som ordna med mor mi si gravferd. Eg kom ikkje til byen før sjølve gravferdsdagen. Eg var ikkje der då ho døydde. Eg sa til alle at det angra eg på. Ein skulle vore til stades. Det er jo slikt ein meiner ein bør seia. Men eigentleg var eg ikkje lei meg for det. Eg var glad i mor mi. Ho var ei god mor. Og det sa presten også i tala ho heldt. Søstera mi hadde fortald mykje godt då presten kom heim til henne eit par dagar etter dødsfallet og noterte litt. Om mor mi var det berre godt å seia. Difor kom det etter måten ganske mykje folk i kapellet.
Eg tok avskjed med mor mi eit par månader før ho døydde.
Det var ikkje noko som tyda på at ho snart ikkje skulle leva meir. Men eg visste det. Og ho visste det.
Likevel ville eg ikkje tru på det.
Men mor mi døydde til slutt anten eg ville det eller ikkje.
Seinare sa eg til alle at eg var lei for at eg ikkje hadde sete ved sjukesenga då augneblinken var inne. Men det var altså berre noko eg sa.
- Ho låg berre der, sa søstera mi. - Plutseleg merka eg at ho ikkje pusta meir. Ho låg berre heilt stilt med halvlukte auge og stirde nedetter. Ho var brått blitt vekke utan at eg merka det.
- Det er underleg, sa søstera mi.
Kapellet var kvitt og ikkje særleg stort. Dei tjukke murveggene tok vekk alle lydar utanfrå. Kista var det kvitaste av alt. Og så smal, tykte eg. Det var umogleg å tenkja seg at mor mi låg inne i denne smale kista. Då me bar henne ut til grava var det endå meir umogleg å forestilla seg. Endå handa mi berre var 20-30 cm frå hovudet hennar. Difor sa eg ikkje farvel.
Eg hadde sagt farvel på trappa heime for fleire veker sidan.
Den dagen mor mi døydde kom ein bokmeldar for å låna pc'en min.
- Eg trur eg slaktar denne boka, sa han.
- Gjer som du vil, sa eg. - Men eg synest boka var bra.
Telefonen attmed vindauget ringde.
Det var søstera mi, på mobil.
- Mor er død, kviskra ho
- Eg står attmed sjukesenga.
Og eg sa det til bokmeldaren.
Og han sa: - Skal eg gå heim?
- Nei, sa eg. - Du kan like godt skriva ferdig.
Etterpå åt eg opp resten av av det som var att i kjekspakka hans.
Mor mi døydde tidleg på hausten. Det var varmt i veret, strålande solskin. Ei humle slo seg ned i ei rose på kista.
Kring kyrkjegarden summa det av liv. Alle stader.
To pakistanske kvinner med kvar si barnevogn rusla bortetter fortauet på hi sida av det låge steingjerdet.
Eg tenkte på kor stor byen vår eigentleg var.
- Du veit at dette ikkje var den einaste gravferda i dag, sa eg til søstera mi etterpå, då me rusla bort til parkeringsplassen. - Det er fleire gravkapell og kyrkjer i denne byen. Det har vore mange gravferder i dag. No gjer dei alt i stand til ei ny.
Eg veit ikkje om ho skjøna kva eg meinte.
Men for meg var det ein god tanke.
Posted at 01:51PM aug 15, 2009 by Rage in Diverse | Kommentarer[19]
Slapstick
Ein dag banka nabokona på døra hans. Ho såg redd ut.
- Kan eg få gøyma meg hos deg? spurde ho.
Han hadde ikkje mykje å by på. Under senga eller i klesskapet. Kort sagt, dei klassiske gøymestadene. Ho valde klesskapet.
Og sant nok, nokre minuttar seinare hadde han mannen hennar på døra.
Han såg ikkje mindre forstyrra ut, han heller.
- Har du sett kona mi? spurde han.
Han syntest han måtte seia nei, så han sa det.
- Nei, sa han.
- Underleg, sa mannen.
- Kvifor det? sa han.
- Fordi ho kan ikkje ha rukke langt på denne korte stunda. Ho kan ikkje ha kome ned på gata. Då ville eg sett henne i trappa.
- Vel, eg er lei meg, sa han.
- Ja, kva trur du ikkje eg er? brast det ut av mannen. Han såg litt komisk ut der han stod, kledd i ein sid grøn slåbrok.
- Det veit eg ikkje noko om.
- Er ho her, eller er ho ikkje?
- Ho er her ikkje.
Mannen såg på han over kanten av brilleglasa.
- Godt, då seier me det, sa han. - Då seier me at du ikkje har sett henne.
- Ja, nikka han.
Mannen dreidde om.
- Ja, då går eg.
Han nikka.
- Sei frå om du ser henne.
- Ja, nikka han endå ein gong. - Kvar går du?
- For å sjå etter henne.
- På gata?
- Ja, kvar elles? Ho er jo ikkje her, sa mannen.
- Nei, sa han. - Det er sant.
Han lydde etter stega ned trappa, så gjekk han inn i husværet.
- Det er i orden, sa han. - Du kan koma ut.
- Sikkert?
- Heilt.
Han kjende seg som om han var med i noko. Eit eller anna. Ein tåpeleg film.
Nabokona slo seg ned i sofaen. Han hadde ikkje invitert henne.
Det slo han at han aldri hadde sett særleg nøye på nabokona før, ho var liksom ikkje den sorten ein såg særleg nøye på. Han hadde heller aldri merka seg at det var noko gale mellom dette ekteparet. Dei hadde budd i same oppgangen, dør i dør, i mest to år no. Ein og annan gong veksla han eit og anna ord med mannen. Litt om fotball, litt om vêret, slike ting.
Ho gjorde eit kast med hovudet, og han såg at håret var kastanjebrunt og nydeleg. Han la merke til at ho var kledd i ein gul kjole, var det ein morgonkjole?
- Noko i vegen? spurde han.
- Mannen min må ikkje sjå meg.
- Nei, han gjekk.
- Er du sikker på det?
- Ja, sjølvsagt. Eg høyrde han gjekk.
- Godt.
- Men han kjem vel igjen. Før eller sidan.
- Det gjer han, sa ho. - Men ikkje her.
- Nei, sa han. - Eg trur ikkje det.
Det verka som ho slappa litt av.
- Det er vel ikkje altfor gale? spurde han. - Mellom dykk?
Det var eit dumt spørsmål. Ein kjem vel ikkje fykande og gøymer seg i klesskapet til folk om det ikkje er noko gale. Om ein då ikkje driv på med ein svært avansert form for gøymeleik.
- Eg går ikkje tilbake til husværet vårt, sa ho bestemt. Ho understreka det med å leggja hendene i kross over brystet. Når folk la armane i kross over brystet pleidde han følgja dømet deira og gjera det same, men denne gongen greidde han å la vera.
- Ikkje? sa han.
- Nei. Ikkje.
- Då er det noko gale, sa han.
- Kall det kva du vil. Men eg går ikkje til han.
Han visste ikkje kva han skulle meina og tru om dette. Så han reiste seg opp frå kommoden han hadde lent seg mot og spurde: - Vil du ha noko? Ein kopp kaffi?
Ho såg fort opp på han med store brune auge.
- Ja, fint.
- Flott. Så du vil?
- Kva då?
- Ha ein kopp kaffi.
- Ja. Ja, takk. Svart.
- Ok.
Han gjekk ut på det vesle kjøkenet sitt og byrja romstera med kaffitraktaren. Sjølv etter tjue år med kaffitraktar dreiv han framleis på og rota med rekkjefølgjen på kaffi, filter og vatn, om det då fanst nokon bestemt rekkjefølgje - og kor vatnet skulle. Men det gjekk fint.
Då han kom inn i stova hadde ho lagt det eine kneet over det andre under den gule kjolen, og ho hadde funne fram ein sigarett frå pakka hans som låg på salongbordet.
- Me kjenner ikkje kvarandre så godt, sa ho.
- Nei, me gjer vel ikkje det. Men eg plar prata litt med mannen din.
- Ja, han har sagt det. Eg trur han set pris på å møta deg.
- Eg likar å treffa han.
- Der ser du.
Ho tende sigaretten og såg direkte på han.
- Me har faktisk aldri skjønt kva du driv med?
- Driv med?
- Jobbar med. Kva gjer du?
- Å, ingenting. Eg meiner, litt av kvart. Skriv grøss. Det er eg som skriv den populære grøssarserien på tv. Har du sett den?
- Nei.
- Nei, det er vel mest for ungdom.
Ho såg på han med ei heilt anna nyfikne i blikket. - Det ville eg aldri trudd. Du verkar så roleg, så beskjeden.
- Skulle eg ikkje vore det?
Ho trakk på eine skuldra. - Eg veit ikkje.
Han fann ikkje på meir å seia. Som vanleg var det godt å ty til musikk, som ein rein avleiingsmanøver.
- Eg høyrer på 60-tals for tida, sa han. - Kinks, Searchers.
Ho såg spørjande på han.
- Du veit…
- Eg er ikkje så gammal.
Ok, det var ein tabbe.
- Men du kan berre setja på ei plate for det.
- Det er faktisk ei samling med cd'ar, sa han. - Men blås i det. I staden skrudde han på tv'en. Nyhende, sport. Han svitsja frå kanal til kanal til han fann noko nøytralt. Eit kulturprogram. Noko på NRK2. Det gjorde at han slappa litt meir av. Som om dei hadde fått ein tredje part inn i stova.
- Så det er difor du er så mykje heime? sa ho.
- Ja, eg plar vera heime og skriva. Der borte i kroken. Han hadde eit lite pc-bord ståande der. - Eller på senga.
- På senga?
- Berbar pc.
Ho såg endå meir interessert på han.
- Veit du, me trudde du var trygda eller noko slikt.
- Neidå. Eg skriv for tv. Og reklame.
- Då kjenner du kanskje nokon? Du veit, kjendisar?
Det verka som ho hadde gløymd mannen sin for lenge sidan. Det hadde han òg. Dei trengde vel noko anna å tenkja på, snakka om, begge to.
- Nokre, sa han.
- Kven då?
- Dei som spelar i serien. Dessutan treff eg einskilde andre. Eg vert stadig vekk invitert når det er noko. Men det er ikkje alltid eg går.
- Hm. Det hadde eg aldri trudd om deg.
Han lika ikkje måten ho sa det på.
På tide å snakka om noko anna.
- Kva med deg, då?
- Å, det veit du kanskje. Deltid på kontor.
- Kva slags kontor?
- Fisk. Eksport. Mannen min er jo sjef der. Kontorsjef.
- Å.
- Ja.
Ein liten pause. - Meir kaffi?
- Ja, takk.
Han skjenka i begge krusa.
- Så no… byrja han for å bringa emnet attende til det dei snakka om.
- Ja, det verka sikkert litt rart at eg kom bardus på denne måten. Men du ser…
- Det er i orden, sa han. - Du treng ikkje forklåra noko. Eg skjønar. Eg er her for å hjelpa.
Berre han kunne seia noko så dumt. Han hadde det med å spela rolla som den riddarlege riddaren.
Ho såg på han att, såg på han med dette blikket sitt. Var det ei slags gryande tiltrekking der inne ein stad? Heldt dei på å oppdaga kvarandre, etter å ha vore naboar aldri så lenge? Jo, det var noko her.
Det var stilt mellom dei lenge.
Endeleg sa ho: - Så viss eg kunne…
Han visste kva ho ville spørja om.
- … bli her i natt?
Riddaren i han tok til beins.
- Eg veit ikkje om det er så lurt.
- Mannen min vil ikkje få vita om det. Det er jo difor eg er her. Du sa jo til han at du ikkje hadde sett meg. Han vil ikkje vera så frekk å koma hit ein gong til.
Det kunne godt henda. Men dette var trass alt ei privatsak, og han hadde ikkje lyst til å blanda seg. Og når alt kom til alt var det mannen hennar han kjende best. Så han visste ikkje heilt. Samstundes tok forfattaren i han til å vakna. Denne historia kunne grovt sett utvikla seg på to måtar - anten gjekk ho, eller så vart ho verande. Om ho gjekk ville det vera greitt. Heile greia ville vera ute av verda for hans del. Om ho vart verande kunne det utvikla seg i ei heil rekkje med underkategoriar. Nokre av dei kunne han allereie ana, men det kunne også henda ting han ikkje hadde noko aning om enno…
- Han vil roa seg til i morgon. Då vil alt vera i orden.
- Trur du?
- Heilt sikker.
- Tja.
- Han vil koma til å takka deg for det.
- Seier du det.
- Umm.
Han likte ikkje uorden i livet sitt. Men ok. Han kunne ikkje kasta henne på dør heller.
- Eg vil ikkje bli verande viss det er til bry. Eg kan finna eit hotell…
- Nei, nei. Det er greitt.
- Om du har ein sovesofa…
- Nei, eg har ikkje noko slikt, sa han og slo ut med handa. - Berre lenestolar. Men du kan låna senga mi. Eg sit oppe og skriv om natta likevel. Det har ikkje noko å seia.
- Sikker?
- Jadå.
Så var det avgjort. Ho ville smetta over til deira eige husvære i morgon tidleg, når mannen hadde roa seg. Han fann fram noko mat, ein pizza faktisk, som han laga om til sin eigen med steikt sopp og smelta ost, og serverte det heile med raudvin og ein kopp te etterpå. Levande lys fann han òg. Utanfor hadde det mørkna. Ein stille og fin forsommarnatt. Om mannen hennar hadde kome heim i mellomtida, så ville dei ikkje høyrt det. Han hadde skrudd av tv'en og hadde 60-tals cd nummer tre gåande. Mykje Searchers. Han hadde overhøyrt dei den gongen, dei var ikkje så verst oppdaga han no.
Det var blitt seint utan at han hadde registrert det. Klokka hadde passert elleve.
Han skjøna ikkje kvifor han gjekk med på dette.
Det var ei privatsak mellom dei to, og han hadde ikkje...
- Då seier eg god natt.
Han såg opp. Ho stod i døropninga til soverommet, hans soverom, kledd i den gule kjolen og (tenkte han brått) lite og ingenting under. Sjølvsagt hadde alt dette hatt ei viss erotisk tyding for han heile tida. Det skulle berre mangla om han ikkje hadde hatt slike tankar svirrande i bakhovudet. Men han hadde i grunnen ikkje tenkt på det før no. Ikkje så direkte. Kvifor stod ho og lente seg slik inntil dørkarmen, med håret slått ut som ein heil liten foss nedetter skuldrene? Var det ein invitasjon?
Nei, sjølvsagt ikkje.
Han reiste seg og gjekk bort til den vesle skrivekroken sin. Dette med at han pleidde arbeida om natta var ikkje heilt sant. Alt i alt var han eit dagmenneske. Men i kveld var det annleis. Dessutan var det ikkje så ille å sitja oppe ei varm sommarnatt. Slett ikkje. Og å stupa trøytt til sengs utpå morgonkvisten, vel tilfreds med ei natts arbeid.
- Er du sikker på at du får arbeida?
- Ja. Ikkje noko problem.
Han skrudde på pc'en, gjekk gjennom ritualet med passordet og glodde på skjermen. Dette med grøssarserien var ikkje hans påfunn. Men då han først hadde tent på idéen hadde han teke over. Heilt og halde. Han hadde gjort det til sin serie, ei blanding av grøssar og komedie. Ingen hadde slått seg på denne miksen før. Det hadde blitt utruleg populært, ikkje minst etter at den knallblonde silikonpuppe-dokka Anita O. hadde fått ei av dei leiande rollene. Var han heldig hadde han ein halvtimes episode ferdig i løpet av 3-4 dagar. Det var ikkje ofte han stod fast. Det kom berre an på å få ein idé. Helst ein god ein.
Han høyrde at ho lukka døra.
Tv'en stod ikkje på lenger. Ikkje cd-spelaren heller. Arbeidslampa lyste opp den eine halvdelen av skjermen. Han kjende at det var varmt. Utanfor hadde trafikken stilna av.
- Kanskje eg burde fortelja deg korleis det heng saman likevel...
Han snudde seg. Ho stod i døropninga som sist, lente seg mot karmen, berre at denne gongen hadde ho ikkje på seg anna enn ei tynn t-skjorte eller bluse som så vidt dekka trusa. Ho såg ut som ei ung jente, med slanke, lange og faste lår, lysebrune, sterke.
Han svelgde.
- Eg får ikkje sova før du har fått vita det.
Han skjøna straks kva ho sikta til.
Og han ville vita det.
Og han ville ikkje vita det.
Herregud, at eit par kvinnehofter kunne vera slik.
At Vårherre hadde skapt kvinna!
- Du treng ikkje, sa han.
- Jo, du skal høyra det. Det er i grunnen nokså idiotisk. Eg forstyrrar vel ikkje? Du er vel ikkje midt oppe i noko?
Om så var, så ville han ha rista på hovudet uansett.
- Nei.
- Han er etter meg på grunn av brevet. Og eg kasta det.
- Brevet?
- Ja, og så vil han vita kva som stod der.
- Kva for eit brev?
- Frå sjukehuset. Han gjekk til dokteren, og dokteren sendte han vidare til sjukehuset. Til ei grundigare undersøking. Han hadde så vondt i magen. Og dokteren meinte det var best å sjekka det nærare. For å sjå. Og… Så kom brevet frå sjukehuset.
Ho tidde.
Han sa: - Ja?
- Det ser ikkje bra ut. Eg spretta brevet. Og så kasta eg det. Eg orka ikkje å la han sjå det. For det såg ikkje bra ut.
- Du kasta det?
- Ja. Eg kasta det i do og trekte i snora. Berre at han såg det. Han såg at eg kasta eit brev i do, og no vil han vita det. Han veit kva for eit brev det var. Han vart heilt frå seg. Så eg flykta frå han.
Dette var noko av det mest absurde han hadde høyrt i heile sitt liv.
- Kan han ikkje berre ringa til sjukehuset i morgon tidleg?
- Sikkert. Men han vil ikkje. Han vågar ikkje.
- Og du kasta det berre… i do?
- Ja. Eg orka ikkje å la han sjå kva som stod i det.
- Kva stod det, då?
- Eg… trur han har kreft. I magen. Du veit.
Han visste. Ein lever ikkje lenge med slikt.
- Så eg tenkte… Vel, eg tenkte at han kunne leva lukkeleg ei stund til. Difor underslo eg brevet.
Dette byrja utvikla seg i ei heilt umogleg retning. Om lag som dei gongene han køyrde seg fast med ein eller annan episode. Det skjedde ikkje så ofte, men det skjedde.
- Men legen vil vel ta kontakt?
- Sikkert. Før eller sidan. Men ikkje nett no. Og når tida byrjar bli knapp, er nett no… Ho let orda hengja i lufta.
- Nettopp.
Han reiste seg frå pc-bordet. Han kjende det som han var komen inn i ei verd der alt gjekk på skeive. Men på hi sida var det ein slags logikk i det også - ein perfekt logikk, eigentleg. Ho smugles posten til ektemannen, ser at han har kreft (det dei begge inst inne har frykta, men ikkje har våga å snakka høgt om), får panikk og skyler brevet ned i do, han ser det, vert heilt gal av dødsangst og livsangst og vil tvinga henne til å seia kva som stod der, orkar ikkje å venta med det til i morgon, tør ikkje spørja legen rett ut, blir heilt frå seg, heilt vill, jagar henne, hissar seg opp, skrik høgt osv. - og ho legg på sprang over til naboen. Noko slikt.
Han ville ikkje vita meir.
Stort sett er det sjeldan kjekt å smugtitta på andre.
Stort sett er det som oftast berre pinleg.
Mannen hennar var altså døyande. Ikkje enno, men snart. Kanskje.
Han gjekk tettare inntil henne. Han visste ikkje kva for ei kraft som dreiv han til det. Berre… noko.
Håret hennar låg i uorden. Panna draup av sveitte. Ho lukta uvaska. Brysta skalv under den tynne blusen. Han prøvde å sjå på henne som eit menneske, eit medmenneske, ein person med integritet, sin eigen verdi, eit subjekt. Det var ikkje lett.
- Eg trur du skal gå attende til mannen din, sa han.
Ho svarte ikkje.
- Eg synest ikkje eg har noko med dette. Eg misforstod. Eg trudde det var noko… du veit, slikt som kan henda mellom mann og kone. At du hadde grunn til å røma huset, at han slo deg. Eller noko. Men dette. Eg veit ikkje…
- Du veit ikkje.
- Nei, eg veit ikkje.
Ho såg rett opp på han.
Nok ein gong kunne alt henda.
Men det einaste som hende var at ho slo blikket ned og sa: - Du har rett. Eg går inn til han.
Ho gjekk og henta kjolen, den gule kjolen, som ho hadde kasta frå seg på golvet framfor senga, og han tenkte på at alle plagg hadde vore nye og fine ein gong, ein hadde funne dei i ein butikk og teke dei opp, heldt dei opp framfor seg og sett at dette var noko som passa, noko ein ville kjenna seg vel i, bli vakrare i, inntil dei ein dag ikkje ville vera noko meir, krøllete, falma, noko som ikkje passa lenger, noko som gjorde ein styggare, ikkje finare.
I det same tenkte han også at han ikkje visste namnet hennar.
Men no hadde han ikkje bruk for å vita det heller.
Han følgde henne ut i entreen, opna døra.
Oppgangen var nattstille.
Ho gav han handa.
Handa var turr, hard.
- Vel, takk.
- Å. Det gjer ingenting.
Han venta ikkje til ho hadde opna si eiga dør.
Han lukka og gjekk inn på soverommet, stod der i halvmørkret og snusa inn lukta etter henne. Så sette han seg framfor pc'en og jobba ei stund før han gjekk og la seg. Det var blitt seint, og det ville ikkje vera lenge før det lysna ute. Best å somna medan det enno var mørkt.
Posted at 10:53PM aug 07, 2009 by Rage in Diverse | Kommentarer[2]
Ein forlaten hage

Blomane veks framleis
her i gardsrommet
Endå to vårar har kome og gått
sidan meisteren deira var her sist
Vindauga, verandaen og persiennane av bambus
er nett som dei alltid har vore
Men i inngangsdøra til huset
manglar ein -
du!
Etter Po Chü-i (772-846) - tidl. publisert i Diktkammeret
Posted at 01:31PM aug 01, 2009 by Rage in Diverse | Kommentarer[2]