Bokliste


 

Knut Rage


Eit hundeliv

 
lørdag sep 01, 2007

Bøker som lever sitt stille liv

Det vart nemnd her på Forfattarbloggen at dei fleste bøker lever eit tiår eller to, så er dei gløymde - og at det er ok at det er slik. Det var vel i første omgang såkalla underhaldningslitteratur som kjem i store opplag det vart sikta til. Det er greitt. Men stundom opplever ein det motsette - at ein forfattar og bøkene hans/hennes held fram med å leva, kanskje frå det eine hundreåret til det neste, ofte berre for ein liten krins av lesasar, eller for ein bestemt lokal stad. Stundom kjem det ut bøker som måtte skrivast - om enn berre for ein handfull lesarar. Som bibliotekmann ser eg at bestseljarar og hotte forfattarnamn frå berre ti eller tjue år tilbake er heilt gløymd i dag. Kassering av bøker er dagleg rutine for meg. Men så er det desse andre bøkene, då... desse stillferdige, små banda som ingen skriv eller snakkar om, men som stadig vekk vert spurt etter...

I vinter har eg på oppdrag jobba med å skriva om den lokale kraftutbygginga i kommunen der eg bur. Det er eit emne som er mykje meir interessant enn det umiddelbart kan høyrast ut som - eit viktig emne også. Ikkje minst sidan det er skrive såpass lite om den tida det vart strekt straumnett i bygd og by. Eg har vore heldig som har fått intervjua mange av gamlekara som framleis er oppegåande og dessutan er flinke forteljarar. Som ei slags avslutning på prosjektet tok eg sist måndag med ein av desse oldtimarane på tur til det splitter nye kraftverket til Sunnhordland Kraftlag i Kvinnherad, eit av dei mest moderne i landet, samstundes som me også besøkte den gamle kraftstasjonen der han sjølv jobba som lærling vinteren 1953. Med oss som guide frå SKL denne dagen får me ei hyggeleg kvinne som tek oss med opp i tusen meters høgd i ein firehjulstrekkar for å visa oss ein av dei øvste demningane. På nedturen spør ho om me har lyst til å sjå ein gammal fjellgard som ligg ganske einsamt til. Garden har lege der sidan 1600-talet. Ho kan heile gardshistoria på rams, alle desse som har levd sine liv her i den nådelause fjellheimen, eller vore innom.

Så viser det seg at ho har skrive ei bok om garden. Ei stor, tjukk bok som attpåtil er velskriven, ser eg. Ei bok som har vore mykje lese og sett stor pris på i lokalmiljøet og av folk som interesserer seg for fjellgardar. Ei bok som år etter år vert teke ut or bokhylla eller bibliotekhylla og studert, om att og om att. Ei bok som aldri vert omtala nokon stad. Ei av desse utallege stumme bøkene som held fram med å leva lenge etter at suksessbøkene og deira forfattarar er gløymde. I møte med menneske er det utruleg kor mykje me har rundt oss, utan at me alltid veit det. Kven skulle tru at eg ville møta ein forfattar i SKL-kjeledress?

fredag aug 31, 2007

Bokmål er for knipsk

Ei av dei beste diktsamlingene i verda skal visstnok vera Walt Whitman si gedigne "Leaves of grass". Eg les ho for tida på senga. Men anten det no er omsetjaren si skuld (og det er det neppe, for han har gjort eit storverk etter kva eg kan sjå), eller om det berre ER slik når Whitman sine tekstar vert omsette til norsk, så finn eg ikkje den same poesien eller klangen i det språklege i denne utgåva, sjølv om ord for ord-omsetjinga er godt ivareteke. Det høyrer du med ein gong på den omsette tittelen: "Gresstrå". Ei samanbiten hvisling. Ikkje det same som det opne og syngjande "Liiiivs of græææsss", er det vel?
Eg tilrår å finna originalen på nettet.
"Leaves of grass" er forresten meir enn ei bok. Det er ein heil mann. Whitman skreiv på denne boka, som han gav ut på eige forlag, heile livet. "Leaves of grass" kom i den eine versjonen etter den andre. I dag står boka som det fremste meisterverket i amerikansk poesi.
Heilt frå gymnastida forelska eg meg i tekstar frå boka, som "Pioneers! o, pioneers" og "I hear America singing". Dei høyrde på sitt vis heime mellom beatpoetane og Bob Dylan. Absolutt eit verk å ta vare på.
Omsetjinga ville klinga betre på nynorsk. Bokmål er for knipsk.

 
© Knut Rage