Bokliste


 

Knut Rage


Eit hundeliv

 
fredag okt 23, 2009

Eit siste innlegg

Det er sjølvsagt smigrande å sjå at det blir skrive både kommentarar og innlegg vedk. min avgang frå Forfattarbloggen. Men eg trur mest eg må få oppklara eit par saker:

Eg trur for det første at eg er ganske tøff når det gjeld "herskarar", og noko slikt har inga verdas ting med saka å gjera i dette tilfellet. Eg veit ikkje om herskarar på FB - og slett ikkje Mayway, som for det meste har skrive positive kommentarar på bloggen min. Og om ho kanskje ein gong eller to har slengt frå seg at noko er dårleg - ja, så er det kanskje dårleg, då.

Årsakene er ganske andre:

1) Då eg byrja blogga på FB var det fordi eg hadde kome mellom dei ti vinnarene i Vinduet sin novellekonkurranse 2007 (eller var det 2006?)  og tenkte at dette var ein gyllen sjanse til å ta opp skjønnlitterær skriving att, etter mange års fråvere. Men på dei to-tre åra som har gått har eg ikkje skrive stort anna enn 6-7 noveller og nokre dikt, pluss to større utkast. Så kor lenge skal eg liggja på venstresida og kalla meg forfattar? I selskap med Mayway, Hagemann, Lotherington, Eggen osv. vert det jo direkte pinleg i lengda. Kanskje eg kjem med ei bok att - men inntil då vert det berre dumt å liggja her til venstre.

2) Forutan mitt daglege virke som bibliotekleiar er eg travelt oppteken som lokalhistorikar, som artikkelforfattar, foredragshaldar og årbokredaktør m.m. Eg har også mine eigne "forskingsprosjekt" som tek tid - og eg skriv artiklar på lokalhistoriewiki (burde i det minste gjera det, litt oftare). For meg står desse tinga som nyttige - FB derimot fortonar seg slik sett meir eller mindre som unyttig navlebeskueri (no snakkar eg for meg sjølv).

3) I denne situasjonen gjekk eg etter kvart tom for overskot til blogging. Det tok rett og slett for mykje av tida mi, eller rettare sagt - eg har lita tid til det.  SÅ enkel er forklaringa.  

Men ja - eg har planar om å venda tilbake til bloggsfæren - med eit meir prosjektbasert opplegg.
Så see ya.  

PS. Og denne gongen har eg opna for kommentarar.
PSS. Eg prøvde å sletta heile bloggen min i går, men ikkje pokker - det gjekk ikkje. Så innlegga vert ståande. Parolen er: Ein gong FB, alltid FB. 

onsdag okt 21, 2009

Takk for meg

Alt har ein ende, også mitt engasjement her på FB. Så dermed takkar eg for meg - og ein takk til dykk som har kommentert innlegga mine - "ingen nemnd, ingen gløymd", men likevel ein særs takk til Jan Otto Fauske, som er ein kjernekar. Utan han ville bloggen vore endå tammare enn den forlengst er. Snakkast kanskje ved eit anna høve! Knut

mandag okt 19, 2009

Quadrophenia!

Artig og nostalgisk artikkel i siste nr. av Vinduet - ein av verdas fremste litteraturkritikarar skriv om eit av verdas beste rockealbum, med verdas desidert beste rockeband gjennom tidene: James Wood skriv om Quadrophenia, The Who sitt klassiske album.
Quadrophenia kom i 1973, og har sidan den gongen følgd meg. På same måte som The Who har følgd meg. At The Who er tidenes største rockeband er slikt ein mest ikkje gidd diskutera - her er ein kompleksitet i musikken og ein gneistrande energi som får alle andre band til å høyrast ganske tamme ut - og The Who live er noko for seg. Særleg då får du med deg havet av trommer og bassgangar som gjer musikken deira så levande, så energisk. 
Ikkje til å undrast over at det i dag berre er to medlemmar av dei opphavlege fire som framleis er i live. I The Who må det ha gått hardt for seg.

Quadrophenia handlar om mods. Det var eit ungdomsopprør ca. 1961-1965 som knapt kom til Noreg, men framleis hugsar eg stilen frå mine gutedagar i vesle Stavanger - parkas og duffelcoat, spisse sko, slips, italiensk- eller fransk-inspirerte dressar, snobbete haldning - og sjølvsagt scooter, då helst ein Vespa GS 160. I England var The Who eit mods-band, skriv James Wood - som altså hyller både tekstane og musikken i albumet Quadrophenia i siste nr. av Vinduet. Og som tek fram nokre av dei herlege, typiske The Who-one linerne som alle Who-fans kan utanat:  

- I was born with a plastic spoon in my mouth
- Teenage wasteland
- The parting on the left/Is now the parting on the right
- Meet the new boss/Same as the old boss
- Magically bored/On a quiet street corner
- And in the battle on the streets/You fight computers and receipts
   

fredag okt 09, 2009

Det heimsøkte huset på Lund

 

På veg over øya Yell (!) på Shetland i august  køyrde me forbi det heimsøkte huset Lund House, der det ikkje har budd folk sidan 1947. Det vert sagt at Djevelen sjølv sette merket sitt der! Soga er den gode gamle: på 1800-talet vart ei tenestejente gravid med sonen i huset, det kunne sjølvsagt aldri bli noko av og ho styrta seg utfor og tok livet av seg. Sidan den tid har det spøkt i huset. No står det altså tomt...  Det slo meg at som ved ein skjebnens ironi er det faktisk den skrømtande tenestejenta som til slutt vart husfrua på Lund.   PS. Eg treng vel ikkje seia at eg er ein hund etter heimsøkte hus og triste viser, vind og regn og whisky.

Å, kor kjærleiken kan råka
i det heimsøkte huset på Lund
Djevelen sjølv sette merket sitt
i det heimsøkte huset på Lund

Det var den gamle soga
om elsk og svik og kjærleiks frukt
Du veit, den gamle soga
om elsk og svik og kjærleiks tukt

Ei tenestejente var ho
og ho tente i huset på Lund
Og han var son til herren i huset
son til herren på Lund

Og ho elska han og gav han alt
alt kva ho fann av gåver
Og han elska ho att
slik som du ser dei travar og snåver

Så vart det då den gamle soga
om elsk og svik og kjærleiks tukt
Du veit, den gamle soga
om herremanns son og forboden frukt

Så styrta ho seg frå tårnet
i det heimsøkte huset på Lund
- tenestejenta som svor på at ho ein dag
skulle for alltid bli frua på Lund

 

fredag sep 04, 2009

Zen-soger: Om porten til helvete og porten til Paradis


 

Ein soldat kom ein gong til ein læremeister
og ville vita om det verkeleg var så at det fanst
 eit paradis og eit helvete.

"Kven er du? spurde meisteren.
"Eg er ein samurai," sa soldaten.
"Kva, du... ein soldat?" svarte meisteren forakteleg.
"Kva slags herskar vil vel ha ein ynkeleg mann som deg
i hæren sin? Du ser ut som ein krøpling."
Samuraien vart så sint då han høyrde det
at han la handa på sverdet.
"Jaså, så du vil trekkja sverdet?" heldt meisteren fram.
"Eggen ser altfor sløv ut til at du vil greia å hogga hovudet
av meg med det sverdet der!"

Då svingde soldaten med sverdet og ville hogga.
"Der opna porten til helvete seg," sa meisteren.
Då han høyrde desse orda
skjøna samuraien kva meisteren meinte.
Han  stakk sverdet i slira att og bukka.
"No opna porten til Paradis seg," sa den vise.

Tradisjonell

torsdag sep 03, 2009

Zen-soger: Det går over


 

Ein elev gjekk til læraren sin i meditasjon og sa:
"Eg får ikkje til å meditera!
Eg vert distrahert heile tida.
Anten er det slik at tankane mine går hit og dit,
eller så klør det, eller eg har vondt i foten."
"Det går over," sa læraren.

Ei veke seinare kom eleven tilbake.
"Meditasjonen min er vidunderleg," sa han.
"Eg kjenner ei slik merksemd,
eit slikt medvit, eg er så levande! Det er så godt."
"Det går over," sa læraren.

Tradisjonell

lørdag aug 29, 2009

Her sluttar vegen

Her sluttar vegen i Storbritannia - så langt og ikkje lengre kjem du. Det er ikkje noko skilt som kunngjer hendinga, det er berre slik at vegen går rett og slett ikkje lengre. Den sluttar i eit gardstun, sånn heilt utan vidare. Du er på det nordlegaste punktet i UK. Om du tek beina fatt kan du gå ned til sandstranda, eller du kan vandra opp på høgdedraget i bakgrunnen og stira ut på fyret på toppen av den vesle stupbratte holmen Muckle Flugga, og vidare til Out Stack. Men er UK jamnt slutt...
Kort sagt - eg er på nordspissen av øya Unst, den nordlegaste øya på Shetland. Godveret vil ingen ende ta. Det har vore solskin to heile dagar til ende.

Og kva har dette med Forfattarbloggen å gjera?
Ikkje anna enn at det etter tradisjonen var her Robert Louis Stevenson unnfanga ideen til tidenes største sjørøvarroman: "Skattøya" - etter at han besøkte desse traktene i juni 1869, 19 år gammal. Rett nok skreiv han ikkje boka før i 1881, men han skal visstnok aldri ha gløymd denne ville staden og øya Unst, så langt nord i Storbritannia som ein kan koma. Og i dag er Unst meir fråflytta og aude enn nokon gong. Frå no av kjem eg til å lesa dei første kapitlane av "Skattøya" på ein ganske annan måte. At vertshuset "Admiral Benbow" låg på Unst og ingen annan stad kan eg levande førestilla meg...

Dessutan ei seinsommarhelsing frå meg her vestpå -

onsdag aug 19, 2009

Polakk


 

Det hadde teke til å bli mørkt då ho passerte den breide elva.
Ho hadde det travelt, og ho likte ikkje å køyra bil. Det gjorde ikkje saka betre at eit eller anna fuska. Ho hadde ikkje peiling på bilar, så ho visste ikkje kva det var. Berre nok til å vita at noko var gale, det slarka under panseret, eller var det under føtene hennar? Ho var ikkje sikker.

Foten hennar verka. Ho hadde problem med venstrefoten, det hadde vore slik sidan ho var lita og dei hadde i grunnen aldri funne ut av det, det var berre slikt ein levde med, ein deformasjon frå fødselen, slikt ein lærte seg å ignorera. Ho hadde alltid gått litt rart, men ingen hadde erta henne noko særleg for det og no var ho vaksen og gav blaffen i om folk stirde i forbifarta. Ho var vaksen, ho var si si eiga kvinne, ho hadde gjort det stort, ho var i ferd med å fullføra doktorgraden i sjukepleie, som omhandla omsorg i terminalfasen, og hadde fått ein bokkontrakt i fjor. Og no var boka her, på veg frå trykkeriet, det var mindre enn ei veke til utgjevinga. Først skulle ho til dette seminaret som vart halde på eit fjordhotell i Hardanger og snakka om arbeidet sitt, ho hadde vore på nettet og sett bilete av møtesalen der foredraga skulle haldast, seminaret gjekk over tre dagar og i morgon stod ho på programmet i lag med ein prest, ein lege og ein fysioterapeut. Det var litt underleg, når ho tenkte på det no, ho hadde alltid kjend ein eigen slags ro i nærleik av døden, ho ville ikkje nett kalla det dragning, men det hadde vore der sidan ho mista mora i tiårsalderen. Slik sett hadde det vore naturleg for henne å skriva masteroppgåva om nett dette emnet, og etterpå hadde ho takka ja til eit doktorgradsstipend.    
Ho kasta eit fort blikk på seg sjølv i sladrespegelen. To bua augnebryn, to mørke auge. Ho var vakker, det visste ho, på ein mjuk, litt gammaldags måte.
Bilisten bak hadde mista tålmodet. Han hadde blinka med langlyset eit par gonger, no gav han plutseleg gass og køyrde fort forbi like før ein sving. Ho såg etter dei raude halelysa til dei drog frå henne og forsvann rundt neste sving.
Ho kasta eit nytt blikk på klokka. Ho rakk neppe middagen på hotellet, men det gjorde i grunnen ikkje så mykje. Det viktigaste var morgondagen, eit møte med ungdomsskulelevar på føremiddagen og foredraget  om ettermiddagen.
Foten verka. Ho måtte stadig vekk ta han opp frå gasspedalen, berre nokre sekundar. Rundt henne var det stummande mørkt. Bortsett frå eit par møtande bilar var det lite trafikk på vegen. Veglysa blinka i ein stadig tynnare snor nedetter dalføret, langt unna glitra det i ein masse bitte små lys, kanskje det var tettstaden ho skulle til.
Ein rasteplass dukka opp. Ho svinga inn, såg at det ikkje fanst korkje benk eller bord der, slik det hadde stått på skiltet. Men det var vel såpass seint på hausten at dei hadde vore og fjerna det for vinteren.
Ho stansa, let motoren gå på tomgang og lydde etter den hakkete ulyden som hadde plaga henne den siste halve timen. Men no gjekk motoren fint, skulle ikkje tru den hadde gjort noko anna. Det roa henne, samstundes fylte det henne med ei vag nervøsitet. Ho sette foten på bakken,  strekte den ut, prøvde å vri på ankelen. Det kjendest betre. Ho trekte den milde kveldslufta djupt ned i lungene og gjekk bort til gjerdet, stirde nedetter den mørke dalen og såg på lysa i det fjerne.
I det same høyrde ho det skrapa i grusen.
Ho var ikkje åleine.
Bak henne stod ein ung mann. Han vippa litt frå den eine sida til den andre. Ho såg straks kor dårleg kledt han var. Den raude joggebuksa harmonerte lite  med støvlane og den tynne vindjakka som var open foran.
Det tok litt tid før ho skjøna det. Han måtte tru at ho hadde stoppa for han!
- No, sa ho. - I... I didn't stop for you. You... misunderstand.
- You are going to Oslo? sa han.
Ho rista på hovudet. - Nei, sa ho. - No. Just down there. Ho peikte. - To a... Kva pokker heitte det no igjen? - To a... seminar. At a hotel.
Han såg på henne som om han ikkje forstod.
- I am Polish, sa han. - From Poland. Student. Selling pictures, you know?
Han byrja setja seg inn i bilen.
- No... no! ropte ho, sprang fram og skubba han til sides. - I didn't stop for you. It was my foot. And the car.
Hendene hennar handla automatisk, ho skunda seg inn bak rattet og  låste bildøra innanfrå samstundes som ho vreid om tenningsnøkkelen, så fulgte dei raske, små rørslene som skulle til for å starta bilen - ho trakka ned gasspedalen og kjende korleis køyretyet gjorde eit hopp framover, ho merka i det same at ho køyrde på han, så var ho i gong, gav endå meir gass og no gjekk alt som det skulle, ho hadde kontrollen, ho såg han i spegelen, såg han veifta med armane etter henne, etter bilen,  så spann ho ut på hovudvegen, la bilen stødig i køyrebana, heldt den der, kasta eit nytt blikk i bakspegelen, fekk eit siste glimt av ein forhutla ung mann i raud joggebukse og ei tynn vindjakke med ei mørk t-skjorte under.
Herregud, kvifor gjorde eg det? tenkte ho brått. Og så, då ho hadde køyrt nokre minutt og hadde byrja få det heile på avstand, kjende ho seg dum, flau. Såg det latterlege i situasjonen. Han var berre ein fattig polakk som ville ha haik og skulle til Oslo. Søren også, skulle ho snu? Køyra tilbake og henta han? Nei. Nei, sjølvsagt ikkje. Men jo. Ho tenkte på kor tynnkledd han hadde vore. Kunne ikkje la han stå slik i den kalde haustkvelden. Nei, kunne ikkje. Ho ville koma for seint til hotellet, til dei som venta på henne.
Ho svingde inntil vegkanten. Venta. Tenkte ikkje.
Tok ein U-sving og sette kursen tilbake. Køyrde fort no.
Ho hadde køyrt lengre enn ho hadde tenkt. Det tok fleire minuttar før ho fekk auge på rasteplassen. Ho køyrde inn på skrå, stansa berre ein meter frå murkanten, stirde ut.
Ingen å sjå. Ho vreid hovudet bakover, såg ut bakruta. Ingen.
Han var der ikkje.
Det kunne ikkje stemma. Kvar skulle han gå?
Sjølvsagt. Han kunne fått haik med ein annan.
Ho prøvde å tenkja seg om, rynka panna. Haustmørkret fanga henne inn i seg. På himmelen hadde dei tunge skyene glidd til sides, ho stirde lenge på nokre blenkjande stjerner. Det sveiv henne at dette var ein slik usamanhengande situasjon som livet var fullt av. Skulle ho fortelja om dette til nokon ville det bli ei historie heilt utan poeng.
Likevel var det nett det ho gjorde. Under middagen, på hotellet, neste kveld, etter opplesinga. Ho vende seg mot sidemannen, som ikkje hadde sagt stort til nokon, og heller ikkje verka som han høyrde etter. Men han høyrde på henne.
- Det skjedde noko pussig på vegen hit, byrja ho. - Eg svingde inn på ein rasteplass, for å ta ein pause i køyringa. Du ser eg har ein vond fot, og det var smertefullt etter så lang tid på gasspedalen. Og der stod det ein polakk. Han trudde eg hadde stoppa for hans skuld...
Tilhøyraren nikka.
Og ho var nøgd no. Det var ei slik historie ein godt kunne fortelja i ei setting som denne. Og kven visste, kanskje det vart ei historie ho kom til å fortelja fleire gonger.
 

lørdag aug 15, 2009

Men mor mi døydde til slutt anten eg ville det eller ikkje

 

Det var søstera mi som ordna med mor mi si gravferd. Eg kom ikkje til byen før sjølve gravferdsdagen. Eg var ikkje der då ho døydde. Eg sa til alle at det angra eg på. Ein skulle vore til stades. Det er jo slikt ein meiner ein bør seia. Men eigentleg var eg ikkje lei meg for det. Eg var glad i mor mi. Ho var ei god mor. Og det sa presten også i tala ho heldt. Søstera mi hadde fortald mykje godt då presten kom heim til henne eit par dagar etter dødsfallet og noterte litt. Om mor mi var det berre godt å seia. Difor kom det etter måten ganske mykje folk i kapellet.
Eg tok avskjed med mor mi eit par månader før ho døydde.
Det var ikkje noko som tyda på at ho snart ikkje skulle leva meir. Men eg visste det. Og ho visste det.
Likevel ville eg ikkje tru på det.
Men mor mi døydde til slutt anten eg ville det eller ikkje.
Seinare sa eg til alle at eg var lei for at eg ikkje hadde sete ved sjukesenga då augneblinken var inne. Men det var altså berre noko eg sa.
- Ho låg berre der, sa søstera mi. - Plutseleg merka eg at ho ikkje pusta meir. Ho låg berre heilt stilt med halvlukte auge og stirde nedetter. Ho var brått blitt vekke utan at eg merka det.
- Det er underleg, sa søstera mi.

Kapellet var kvitt og ikkje særleg stort. Dei tjukke murveggene tok vekk alle lydar utanfrå. Kista var det kvitaste av alt. Og så smal, tykte eg. Det var umogleg å tenkja seg at mor mi låg inne i denne smale kista. Då me bar henne ut til grava var det endå meir umogleg å forestilla seg. Endå handa mi berre var 20-30 cm frå hovudet hennar. Difor sa eg ikkje farvel.
Eg hadde sagt farvel på trappa heime for fleire veker sidan.

Den dagen mor mi døydde kom ein bokmeldar for å låna pc'en min.
- Eg trur eg slaktar denne boka, sa han.
- Gjer som du vil, sa eg. - Men eg synest boka var bra.
Telefonen attmed vindauget ringde.
Det var søstera mi, på mobil.
-  Mor er død, kviskra ho
- Eg står attmed sjukesenga.
Og eg sa det til bokmeldaren.
Og han sa: - Skal eg gå heim?
- Nei, sa eg.  - Du kan like godt skriva ferdig.
Etterpå åt eg opp resten av av det som var att i kjekspakka hans.

Mor mi døydde tidleg på hausten. Det var varmt i veret, strålande solskin. Ei humle slo seg ned i ei rose på kista.
Kring kyrkjegarden summa det av liv. Alle stader.
To pakistanske kvinner med kvar si barnevogn rusla bortetter fortauet på hi sida av det låge steingjerdet.
Eg tenkte på kor stor byen vår eigentleg var.
- Du veit at dette ikkje var den einaste gravferda i dag, sa eg til søstera mi etterpå, då me rusla bort til parkeringsplassen. - Det er fleire gravkapell og kyrkjer i denne byen. Det har vore mange gravferder i dag. No gjer dei alt i stand til ei ny.
Eg veit ikkje om ho skjøna kva eg meinte.
Men for meg var det ein god tanke.

fredag aug 07, 2009

Slapstick

 

Ein dag banka nabokona på døra hans. Ho såg redd ut.
- Kan eg få gøyma meg hos deg? spurde ho.
Han hadde ikkje mykje å by på. Under senga eller i klesskapet. Kort sagt, dei klassiske gøymestadene. Ho valde klesskapet.


Og sant nok, nokre minuttar seinare hadde han mannen hennar på døra.
Han såg ikkje mindre forstyrra ut, han heller.     
- Har du sett kona mi? spurde han.
Han syntest han måtte seia nei, så han sa det.
- Nei, sa han.
- Underleg, sa mannen.
- Kvifor det? sa  han.
- Fordi ho kan ikkje ha rukke langt på denne korte stunda. Ho kan ikkje ha kome ned på gata. Då ville eg sett henne i trappa.
- Vel, eg er lei meg, sa han.
- Ja, kva trur du ikkje eg er? brast det ut av mannen. Han såg litt komisk ut der han stod, kledd i ein sid grøn slåbrok.
- Det veit eg ikkje noko om.
- Er ho her, eller er ho ikkje?
- Ho er her ikkje.
Mannen såg på han over kanten av brilleglasa.
- Godt, då seier me det, sa han. - Då seier me at du ikkje har sett henne.
- Ja, nikka han.
Mannen dreidde om.  
- Ja, då går eg.
Han nikka.
- Sei frå om du ser henne.
- Ja, nikka han endå ein gong. - Kvar går du?
- For å sjå etter henne.
- På gata?
- Ja, kvar elles? Ho er jo ikkje her, sa mannen.
- Nei, sa han. - Det er sant.
Han lydde etter stega ned trappa, så gjekk han inn i husværet.
- Det er i orden, sa han. - Du kan koma ut.
- Sikkert?
- Heilt.
Han kjende seg som om han var med i noko. Eit eller anna. Ein tåpeleg film.
Nabokona slo seg ned i sofaen. Han hadde ikkje invitert henne.
Det slo han at han aldri hadde sett særleg nøye på nabokona før, ho var liksom ikkje den sorten ein såg særleg nøye på. Han hadde heller aldri merka seg at det var noko gale mellom dette ekteparet. Dei hadde budd i same oppgangen, dør i dør, i mest to år no. Ein og annan gong veksla han eit og anna ord med mannen. Litt om fotball, litt om vêret, slike ting.
Ho gjorde eit kast med hovudet, og han såg at håret var kastanjebrunt og nydeleg. Han la merke til at ho var kledd i ein gul kjole, var det ein morgonkjole?
- Noko i vegen? spurde han.
- Mannen min må ikkje sjå meg.
- Nei, han gjekk.
- Er du sikker på det?
- Ja, sjølvsagt. Eg høyrde han gjekk.
- Godt.
- Men han kjem vel igjen. Før eller sidan.
- Det gjer han, sa ho. - Men ikkje her.
- Nei, sa han. - Eg trur ikkje det.
Det verka som ho slappa litt av.
- Det er vel ikkje altfor gale? spurde han. - Mellom dykk?
Det var eit dumt spørsmål. Ein kjem vel ikkje fykande og gøymer seg i klesskapet til folk om det ikkje er noko gale. Om ein då ikkje driv på med ein svært avansert form for gøymeleik.
- Eg går ikkje tilbake til husværet vårt, sa ho bestemt. Ho understreka det med å leggja hendene i kross over brystet. Når folk la armane i kross over brystet pleidde han følgja dømet deira og gjera det same, men denne gongen greidde han å la vera.
- Ikkje? sa han.
- Nei. Ikkje.
- Då er det noko gale, sa han.
- Kall det kva du vil. Men eg går ikkje til han.
Han visste ikkje kva han skulle meina og tru om dette. Så han reiste seg opp frå kommoden han hadde lent seg mot og spurde: - Vil du ha noko? Ein kopp kaffi?
Ho såg fort opp på han med store brune auge.
- Ja, fint.
- Flott. Så du vil?
- Kva då?
- Ha ein kopp kaffi.
- Ja. Ja, takk. Svart.
- Ok.
Han gjekk ut på det vesle kjøkenet sitt og byrja romstera med kaffitraktaren. Sjølv etter tjue år med kaffitraktar dreiv han framleis på og rota med rekkjefølgjen på kaffi, filter og vatn, om det då fanst nokon bestemt rekkjefølgje - og kor vatnet skulle. Men det gjekk fint.
Då han kom inn i stova hadde ho lagt det eine kneet over det andre under den gule kjolen, og ho hadde funne fram ein sigarett frå pakka hans som låg på salongbordet.
- Me kjenner ikkje kvarandre så godt, sa ho.
- Nei, me gjer vel ikkje det. Men eg plar prata litt med mannen din.
- Ja, han har sagt det. Eg trur han set pris på å møta deg.
- Eg likar å treffa han.
- Der ser du.
Ho tende sigaretten og såg direkte på han.
- Me har faktisk aldri skjønt kva du driv med?
- Driv med?
- Jobbar med. Kva gjer du?
- Å, ingenting. Eg meiner, litt av kvart. Skriv grøss. Det er eg som skriv den populære grøssarserien på tv. Har du sett den?
- Nei.
- Nei, det er vel mest for ungdom.
Ho såg på han med ei heilt anna nyfikne i blikket. - Det ville eg aldri trudd. Du verkar så roleg, så beskjeden.
- Skulle eg ikkje vore det?
Ho trakk på eine skuldra. - Eg veit ikkje.
Han fann ikkje på meir å seia. Som vanleg var det godt å ty til musikk, som ein rein avleiingsmanøver.
- Eg høyrer på 60-tals for tida, sa han. - Kinks, Searchers.
Ho såg spørjande på han.
- Du veit…
- Eg er ikkje så gammal.
Ok, det var ein tabbe.
- Men du kan berre setja på ei plate for det.
- Det er faktisk ei samling med cd'ar, sa han. - Men blås i det. I staden skrudde han på tv'en. Nyhende, sport. Han svitsja frå kanal til kanal til han fann noko nøytralt. Eit kulturprogram. Noko på NRK2. Det gjorde at han slappa litt meir av. Som om dei hadde fått ein tredje part inn i stova.
- Så det er difor du er så mykje heime? sa ho.
- Ja, eg plar vera heime og skriva. Der borte i kroken. Han hadde eit lite pc-bord ståande der. - Eller på senga.
- På senga?
- Berbar pc.
Ho såg endå meir interessert på han.
- Veit du, me trudde du var trygda eller noko slikt.
- Neidå. Eg skriv for tv. Og reklame.
- Då kjenner du kanskje nokon? Du veit, kjendisar?
Det verka som ho hadde gløymd mannen sin for lenge sidan. Det hadde han òg. Dei trengde vel noko anna å tenkja på, snakka om, begge to.
- Nokre, sa han.
- Kven då?
- Dei som spelar i serien. Dessutan treff eg einskilde andre. Eg vert stadig vekk invitert når det er noko. Men det er ikkje alltid eg går.
- Hm. Det hadde eg aldri trudd om deg.
Han lika ikkje måten ho sa det på.
På tide å snakka om noko anna.
- Kva med deg, då?
- Å, det veit du kanskje. Deltid på kontor.
- Kva slags kontor?
- Fisk. Eksport. Mannen min er jo sjef der. Kontorsjef.
- Å.
- Ja.
Ein liten pause. - Meir kaffi?
- Ja, takk.
Han skjenka i begge krusa.
- Så no… byrja han for å bringa emnet attende til det dei snakka om.
- Ja, det verka sikkert litt rart at eg kom bardus på denne måten. Men du ser…
- Det er i orden, sa han. - Du treng ikkje forklåra noko. Eg skjønar. Eg er her for å hjelpa.
Berre han kunne seia noko så dumt. Han hadde det med å spela rolla som den riddarlege riddaren.
Ho såg på han att, såg på han med dette blikket sitt. Var det ei slags gryande tiltrekking der inne ein stad? Heldt dei på å oppdaga kvarandre, etter å ha vore naboar aldri så lenge? Jo, det var noko her.
Det var stilt mellom dei lenge.
Endeleg sa ho: - Så viss eg kunne…
Han visste kva ho ville spørja om.
- … bli her i natt?
Riddaren i han tok til beins.
- Eg veit ikkje om det er så lurt.
- Mannen min vil ikkje få vita om det. Det er jo difor eg er her. Du sa jo til han at du ikkje hadde sett meg. Han vil ikkje vera så frekk å koma hit ein gong til.
Det kunne godt henda. Men dette var trass alt ei privatsak, og han hadde ikkje lyst til å blanda seg. Og når alt kom til alt var det mannen hennar han kjende best. Så han visste ikkje heilt. Samstundes tok forfattaren i han til å vakna. Denne historia kunne grovt sett utvikla seg på to måtar -  anten gjekk ho, eller så vart ho verande. Om ho gjekk ville det vera greitt. Heile greia ville vera ute av verda for hans del. Om ho vart verande kunne det utvikla seg i ei heil rekkje med underkategoriar. Nokre av dei kunne han allereie ana, men det kunne også henda ting han ikkje hadde noko aning om enno…
- Han vil roa seg til i morgon. Då vil alt vera i orden.
- Trur du?
- Heilt sikker.
- Tja.
- Han vil koma til å takka deg for det.
- Seier du det.
- Umm.
Han likte ikkje uorden i livet sitt. Men ok. Han kunne ikkje kasta henne på dør heller.
- Eg vil ikkje bli verande viss det er til bry. Eg kan finna eit hotell…
- Nei, nei. Det er greitt.
- Om du har ein sovesofa…
- Nei, eg har ikkje noko slikt, sa han og slo ut med handa. - Berre lenestolar. Men du kan låna senga mi. Eg sit oppe og skriv om natta likevel. Det har ikkje noko å seia.
- Sikker?
- Jadå.
Så var det avgjort. Ho ville smetta over til deira eige husvære i morgon tidleg, når mannen hadde roa seg. Han fann fram noko mat, ein pizza faktisk, som han laga om til sin eigen med steikt sopp og smelta ost, og serverte det heile med raudvin og ein kopp te etterpå. Levande lys fann han òg. Utanfor hadde det mørkna. Ein stille og fin forsommarnatt. Om mannen hennar hadde kome heim i mellomtida, så ville dei ikkje høyrt det. Han hadde skrudd av tv'en og hadde 60-tals cd nummer tre gåande. Mykje Searchers. Han hadde overhøyrt dei den gongen, dei var ikkje så verst oppdaga han no.
Det var blitt seint utan at han hadde registrert det. Klokka hadde passert elleve.
Han skjøna ikkje kvifor han gjekk med på dette.
Det var ei privatsak mellom dei to, og han hadde ikkje...
- Då seier eg god natt.
Han såg opp. Ho stod i døropninga til soverommet, hans soverom, kledd i den gule kjolen og (tenkte han brått) lite og ingenting under. Sjølvsagt hadde alt dette hatt ei viss erotisk tyding for han heile tida. Det skulle berre mangla om han ikkje hadde hatt slike tankar svirrande i bakhovudet. Men han hadde i grunnen ikkje tenkt på det før no. Ikkje så direkte. Kvifor stod ho og lente seg slik inntil dørkarmen, med håret slått ut som ein heil liten foss nedetter skuldrene?  Var det ein invitasjon?
Nei, sjølvsagt ikkje.
Han reiste seg og gjekk bort til den vesle skrivekroken sin. Dette med at han pleidde arbeida om natta var ikkje heilt sant. Alt i alt var han eit dagmenneske. Men i kveld var det annleis. Dessutan var det ikkje så ille å sitja oppe ei varm sommarnatt. Slett ikkje. Og å stupa trøytt til sengs utpå morgonkvisten, vel tilfreds med ei natts arbeid.
- Er du sikker på at du får arbeida?
- Ja. Ikkje noko problem.
Han skrudde på pc'en, gjekk gjennom ritualet med passordet og glodde på skjermen. Dette med grøssarserien var ikkje hans påfunn. Men då han først hadde tent på idéen hadde han teke over. Heilt og halde. Han hadde gjort det til sin serie, ei blanding av grøssar og komedie. Ingen hadde slått seg på denne miksen før. Det hadde blitt utruleg populært, ikkje minst etter at den knallblonde  silikonpuppe-dokka Anita O. hadde fått ei av dei leiande rollene. Var han heldig hadde han ein halvtimes episode ferdig i løpet av 3-4 dagar. Det var ikkje ofte han stod fast. Det kom berre an på å få ein idé. Helst ein god ein.
Han høyrde at ho lukka døra.
Tv'en stod ikkje på lenger. Ikkje cd-spelaren heller. Arbeidslampa lyste opp den eine halvdelen av skjermen. Han kjende at det var varmt. Utanfor hadde trafikken stilna av.
- Kanskje eg burde fortelja deg korleis det heng saman likevel...
Han snudde seg. Ho stod i døropninga som sist, lente seg mot karmen, berre at denne gongen hadde ho ikkje på seg anna enn ei tynn t-skjorte eller bluse som så vidt dekka trusa. Ho såg ut som ei ung jente, med slanke, lange og faste lår, lysebrune, sterke.
Han svelgde.
- Eg får ikkje sova før du har fått vita det.
Han skjøna straks kva ho sikta til.
Og han ville vita det.
Og han ville ikkje vita det.
Herregud, at eit par kvinnehofter kunne vera slik.
At Vårherre hadde skapt kvinna!
- Du treng ikkje, sa han.
- Jo, du skal høyra det. Det er i grunnen nokså idiotisk. Eg forstyrrar vel ikkje? Du er vel ikkje midt oppe i noko?
Om så var, så ville han ha rista på hovudet uansett.
- Nei.
- Han er etter meg på grunn av brevet. Og eg kasta det.
- Brevet?
- Ja, og så vil han vita kva som stod der.
- Kva for eit brev?
- Frå sjukehuset. Han gjekk til dokteren, og dokteren sendte han vidare til sjukehuset. Til ei grundigare undersøking. Han hadde så vondt i magen. Og dokteren meinte det var best å sjekka det nærare. For å sjå. Og… Så kom brevet frå sjukehuset.
Ho tidde.
Han sa: - Ja?
- Det ser ikkje bra ut. Eg spretta brevet. Og så kasta eg det. Eg orka ikkje å la han sjå det. For det såg ikkje bra ut.
- Du kasta det?
- Ja. Eg kasta det i do og trekte i snora. Berre at han såg det. Han såg at eg kasta eit brev i do, og no vil han vita det. Han veit kva for eit brev det var. Han vart heilt frå seg. Så eg flykta frå han.
Dette var noko av det mest absurde han hadde høyrt i heile sitt liv.
- Kan han ikkje berre ringa til sjukehuset i morgon tidleg?
- Sikkert. Men han vil ikkje. Han vågar ikkje.
- Og du kasta det berre… i do?
- Ja. Eg orka ikkje å la han sjå kva som stod i det.
- Kva stod det, då?
- Eg… trur han har kreft. I magen. Du veit.
Han visste. Ein lever ikkje lenge med slikt.
- Så eg tenkte… Vel, eg tenkte at han kunne leva lukkeleg ei stund til. Difor underslo eg brevet.
Dette byrja utvikla seg i ei heilt umogleg retning. Om lag som dei gongene han køyrde seg fast med ein eller annan episode. Det skjedde ikkje så ofte, men det skjedde.
- Men legen vil vel ta kontakt?
- Sikkert. Før eller sidan. Men ikkje nett no. Og når tida byrjar bli knapp, er nett no… Ho let orda hengja i lufta.
- Nettopp.
Han reiste seg frå pc-bordet. Han kjende det som han var komen inn i ei verd der alt gjekk på skeive. Men på hi sida var det ein slags logikk i det også - ein perfekt logikk, eigentleg. Ho smugles posten til ektemannen, ser at han har kreft (det dei begge inst inne har frykta, men ikkje har våga å snakka høgt om), får panikk og skyler brevet ned i do, han ser det, vert heilt gal av dødsangst og livsangst og vil tvinga henne til å seia kva som stod der, orkar ikkje å venta med det til i morgon, tør ikkje spørja legen rett ut, blir heilt frå seg, heilt vill, jagar henne, hissar seg opp, skrik høgt osv. - og ho legg på sprang over til naboen. Noko slikt.
Han ville ikkje vita meir.
Stort sett er det sjeldan kjekt å smugtitta på andre.
Stort sett er det som oftast berre pinleg.
Mannen hennar var altså døyande. Ikkje enno, men snart. Kanskje.
Han gjekk tettare inntil henne. Han visste ikkje kva for ei kraft som dreiv han til det. Berre… noko.
Håret hennar låg i uorden. Panna draup av sveitte. Ho lukta uvaska. Brysta skalv under den tynne blusen. Han prøvde å sjå på henne som eit menneske, eit medmenneske, ein person med integritet, sin eigen verdi, eit subjekt. Det var ikkje lett.
- Eg trur du skal gå attende til mannen din, sa han.
Ho svarte ikkje.
- Eg synest ikkje eg har noko med dette. Eg misforstod. Eg trudde det var noko… du veit, slikt som kan henda mellom mann og kone. At du hadde grunn til å røma huset, at han slo deg. Eller noko. Men dette. Eg veit ikkje…
- Du veit ikkje.
- Nei, eg veit ikkje.
Ho såg rett opp på han.
Nok ein gong kunne alt henda.
Men det einaste som hende var at ho slo blikket ned og sa: - Du har rett. Eg går inn til han.
Ho gjekk og henta kjolen, den gule kjolen, som ho hadde kasta frå seg på golvet framfor senga, og han tenkte på at alle plagg hadde vore nye og fine ein gong, ein hadde funne dei i ein butikk og teke dei opp, heldt dei opp framfor seg og sett at dette var noko som passa, noko ein ville kjenna seg vel i, bli vakrare i, inntil dei ein dag ikkje ville vera noko meir, krøllete, falma, noko som ikkje passa lenger, noko som gjorde ein styggare, ikkje finare.
I det same tenkte han også at han ikkje visste namnet hennar.
Men no hadde han ikkje bruk for å vita det heller.
Han følgde henne ut i entreen, opna døra.
Oppgangen var nattstille.
Ho gav han handa.
Handa var turr, hard.
- Vel, takk.
- Å. Det gjer ingenting.
Han venta ikkje til ho hadde opna si eiga dør.
Han lukka og gjekk inn på soverommet, stod der i halvmørkret og snusa inn lukta etter henne. Så sette han seg framfor pc'en og jobba ei stund før han gjekk og la seg. Det var blitt seint, og det ville ikkje vera lenge før det lysna ute. Best å somna medan det enno var mørkt.

lørdag aug 01, 2009

Ein forlaten hage

 

Blomane veks framleis
her i gardsrommet
Endå to vårar har kome og gått
sidan meisteren deira var her sist

Vindauga, verandaen og persiennane av bambus
er nett som dei alltid har vore
Men i inngangsdøra til huset
manglar ein -
du!
 
Etter Po Chü-i (772-846)  - tidl. publisert i Diktkammeret

onsdag jul 29, 2009

Dei raude mandelblomane

  

I femten lange år
i tider utan tal
har eg kome
for å sjå dei raude mandelblomane
opna seg om våren

No byrjar eg dra på åra
ja, heile tre og sytti er eg min sann
og det røynar på beina
å gå så langt

Eg er redd for at dette
vert siste gongen
og er komen
for å byda dei raude mandelblomane
eit langt farvel

Etter Po Chü-i (772-846) - tidl. publisert i Diktkammeret 

 

fredag jul 24, 2009

Båtgrav på Balladoole


Finn eg far etter det gamle folket,
her på Chapel Hill?
I minnet åt somme
er dei her framleis,
namnlause, i gjeve kappar
utan kroppar
Og eg tenkjer
at eg høyrer dei i vinden òg

lørdag jul 18, 2009

Stilleben

 

- Det var ikkje slik eg tenkte meg det, sa han.
- Kva då? spurde ho.
- At det skulle vera slik. Eg meiner, far din vart jo eldre, me vart eldre, ikkje sant, og ein dag ville han jo… falla frå. Det hende at eg tenkte på det. Tenkte at me kanskje trengte å førebu oss. Men eg tenkte ikkje at det ville bli slik.
- Korleis hadde du tenkt deg det, då?
- Eg veit ikkje. Meir dramatisk, meir opprivande.

Ho slutta å spela.
- Var det slik då foreldra dine døydde?
- Nei. Jo, då far min døydde. Han døydde så brått, veit du. Var der i den eine augneblinken, død i den neste. Og eg var berre nitten. Men med mor mi var det annleis. Ho var gammal, over åtti…
- Det er ikkje gammalt.
- Over åtti er gammalt. Uansett er det ikkje mange som blir nitti.
- Men mor di var berre litt over åtti. Det er ti år til nitti.
- Uansett. Ikkje sant.
Han følgde fingrane hennar med augene. Det var underleg å høyra henne spela på det gamle pianoet. Dei var åleine i huset, og utanfor den sterkt avgrensa, velfriserte byhagen var det stilt. Formiddagsstilt. Ho hadde alltid vore stolt over dette strøket. Det var her ho hadde vakse opp, her hadde ho bakgrunnen sin, referansane. Pianoet var ein del av det heile. Ein viktig del. I dette miljøet var pianoet eit symbol på danning. Saman med biblioteket, måleria, møblane, dei små figurane av dansk porselen, selde i små opplag, nummererte etter talet på eksemplar og serie. Åja, pianoet var så absolutt ein del av det. Men det var ikkje berre det. Han visste at ho var glad i pianoet. Ho hadde teke undervisning gjennom heile oppvoksteren. Sidan hadde ho ikkje spelt. Han hadde ikkje hatt noko aning om at ho var så dyktig, at ho spelte så avanserte stykke som ho gjorde. Det var ei side ved henne han aldri hadde kjent. Han lurte ein augneblink på om den første mannen hennar hadde visst det, høyrt henne sitja ved tangentane. Ho hadde aldri eigd eit piano sjølv, men ho kunne ha spelt for den første mannen då dei var her på besøk, i barndomsheimen hennar, sjølv om ho aldri hadde spelt for han.
- Mor di, då?
- Då ho døydde?
- Ja.
- Men det er så lenge sidan, sa ho. -  Eg var berre ti år då.
- Ja, det er sant. Men då må det ha vore ekstra vondt, på ein måte.
- Sjølvsagt. Eg hugsar det godt. Kjensla, korleis det var å sitja ved sjukesenga. Lukta av sjukehuset. Men det var noko anna. Eg meiner, ikkje slik som når ein er vaksen.
- Kva meiner du med det?
- Eg meiner, eg var ung då. At mor døydde var ein katastrofe. Ein kjempekatastrofe. Som om heile verda ramla i grus kring meg. Men eg var så ung. Sjølv var eg udøyeleg. Far også. At mor døydde var ei ulukke, men det var på ein måte eit unnatak. Det var jo ikkje slikt som hende til vanleg. Me andre kunne halda fram med å leva i all æve.
- Ja. Det er noko anna no. Ikkje den same katastrofen, kanskje. Men… eg meiner, no rykkjer me opp i deira generasjon, på ein måte. Me blir dei eldste. Me har vaksne born, me blir snart besteforeldre. Far din var den siste av foreldra våre som døydde. Eva sine foreldre døydde jo også nyleg.
Ho slo blikket ned. Ho likte ikkje å høyra snakk om Eva, han visste det og han skjøna ikkje kvifor han stadig vekk måtte nemna henne, men han tenkte at i denne samanhengen ville det berre vera naturleg, iallfall ikkje unaturleg.
- Spel litt meir.
- Nei, uff. Eg er så dårleg.
- Det synest eg ikkje. Eg synest du spelar vakkert. Så kjenslevart. Og eg visste ikkje at du var kome på eit slikt nivå.
- Til Elise er ikkje så vanskeleg.
- Men alt det andre. Kvifor spelar du aldri meir? For meg?
- Me har ikkje piano.
- Me kan kjøpa eit. Det vil seia, no har du jo dette. Me kan ta det med oss når me køyrer heim etter gravferda.
- Ein tek ikkje med seg eit piano bak i bilen. Sjølv om det hadde vore plass.
- Du skjønar kva eg meiner.
- Dag…
- Ja?
Ho tok seg i det. - Det var ikkje noko.
- Kvir du deg til gravferda i morgon?
- Ja. Både òg. Eg ser ikkje fram til det.
- Nei, kven gjer det.
Han tromma med peikefingeren og tommelen på pianoloket ei lita stund medan han såg på henne frå sida. Ho var vakker. Det lange håret falt i mjuke bølgjer nedetter ryggen, som ein gulbrun foss, og brysta lyfte seg stramt under blusen. I augneblink som dette kunne han ikkje fatta korleis den første mannen hennar kunne gå frå henne. Ho hadde alt - og meir til.
- Spel litt.
Denne gongen gjorde ho som han bad om. Dei lange, sterke fingrane hennar rørde seg over tangentane, sakte, målmedvitne, med grasiøse rørsler. Tonane frå det gamle instrumentet dreiv gjennom rommet.
- Kva spelar du?
- Høyrer du ikkje?
- Nei?
- Mendelssohn.
- Å, ja. På sangens vinger, ikkje sant?
Ho smilte til han medan ho heldt fram med å spela.
Musikken høyrde heime her, i desse stovene. Innanfor skyvedøra kunne han skimta spisestova, og det var også ei bestestove i huset, der han først var blitt vist inn den gongen ho hadde teke han med heim til faren for at dei skulle helsa på kvarandre.
Pianostykka var kanskje ikkje anna enn kitsch, noko ein sikkert kunne seia om så mykje anna i huset.  
- Me  spør bror din om me ikkje kan ta det. Pianoet.
Ho såg opp på han.
- Har me plass til det?
- Sjølvsagt har me plass. Eit Schimmel, det er eit kostbart piano.
- Det er det.
Han nikka, nøgd. - Då seier me det.
Noko var ordna opp i. Han gjekk litt rundt i stova medan ho spela. Det kunne vera det same med resten av innbuet, berre ho kunne ta med seg pianoet. Bror hennar fekk ha eit ord med i laget når han kom hit med familien i kveld. Så ordna dei nok opp med alt det andre seinare i haust. Det var rart når ein døydde slik. Ein døydde liksom berre frå alt. I nattbordskuffa til far hennar hadde han funne ein pose med kamferdrops. Brillene låg attmed ei bok han heldt på å lesa. Han hadde lagt fram nokre klede han aldri fekk bruka. Ein døydde berre frå det og let andre rydda opp etter seg. Ein vart berre borte.
Sameleis hadde det vore i går, då dei var for å sjå han. Det var som det var ein annan mann som låg der. Ein måtte mest stå i ein eigen vinkel for å kjenna han att. Som om ein skulle tru at gravferdsbyrået hadde forbyta han med ein annan. Han hadde angra på at dei gjekk dit. Dei hadde vore dei einaste. Bror hennar hadde vorte hindra, han hadde så mykje å ta seg av.
Han såg på teppet, på skorne sine.
Men me lever, tenkte han. Me er her.
Me er her. Eg er her, med henne.
Han gjekk bort og stilte seg bak henne. Strauk handa gjennom det blanke håret hennar. Bøygde seg fram, kviskra inn i øyret hennar: - Eg har lyst på deg…
Ho drog seg unna.
- Far er nettopp død. Han er ikkje gravlagd enno.
Han drog seg attende, han også.
- Orsak, eg meinte ikkje…
Ho reiste seg frå pianoet, slo loket ned.
Blikket hennar var fullt av noko han ikkje kunne tyda. Han såg at noko arbeidde der inne. Han skjøna berre ikkje kva. Hadde aldri sett det før, ikkje anna enn som små glimt.
Ho gjekk forbi han, inn i spisestova.
Han følgde etter, men stansa.
I staden snudde han seg, såg på pianoet.
Det stod åleine no, lukka, utan ein lyd. Utanfor slo vinden i hageporten.

fredag jul 10, 2009

Johannes Heggland 90 år - ei artikkelsamling


For to år sidan byrja eg saman med professor Mikal Heldal å arbeida med det som den gongen var tenkt som eit skrift til Johannes Heggland sin 90-års dag. I går kunne eg spretta pallen med bøker som kom frå trykkeriet.  

29. juni 2009 ville diktaren, historikaren og organisasjonsmannen Johannes Heggland fylt 90 år. Då han døydde i januar 2008, 89 år gammal, hadde han ein enorm produksjon bak seg,  som romanforfattar, dramatikar og historikar – om lag 70 romanar for born og vaksne, eit dusin sogespel som vert spela trutt og jamt fleire stader på Vestlandet (Mostraspelet er kanskje det mest kjende), og ikkje minst ein innsats som lokalhistorikar. Det er gjerne som historikar og forfattar av historiske romanar ein tenkjer på Heggland. Det kan sjå ut til at det historiske arbeidet gav liv til ei oppkome av litterære verk – og det litterære arbeidet gav liv til lokalhistoria. Det er dette «vekselbruket» som vert avspegla i denne boka..

I desse dagar lanserer Tysnes Sogelag i samarbeid med Fagbokforlaget ei praktfull bok til Heggland sin 90 årsdag -  Johannes Heggland: Diktar og  historikar. Det er ei artikkelsamling som byggjer på føredrag som vart halde i samband med eit større Heggland-seminar i Tysnes 2005, med foredrag av underteikna, direktør Ottar Grepstad, professor Gunnstein Akselberg og informasjonssjef Bjarne Buset, og i tillegg er det skrive eit innlegg av høgskulelektor Kåre Glette spesielt for denne boka -  samt tre foredrag om gildesamskipnaden under Lokalhistoriske dagar og Årsmøtet i Hordaland sogelag som vart halde på Tysnes 2006, med foredrag av  lektor Lars Bisgaard, arkivar Harald Lindbach og forfattar Johannes Heggland.

Underteikna, som hadde tett kontakt med Johannes Heggland i dei siste leveåra, m.a. med tanke på ei framtidig Heggland-samling i Tysnes, har skrive eit oversyn over forfattarskapen hans. Professor Gunnstein Akselberg ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium ved Universitetet  i Bergen, bidreg med ein artikkel han har kalla Særtrekk ved det episke skriftspråket, medan Ottar Grepstad, direktør ved Ivar Aasen-tunet, har eit innlegg som er kalla Den nynorske prosaforteljaren.

Dr. philos Kåre Glette, som i si tid tok hovudfag i litteratur på trekk ved Heggland sin forfattarskap, tek føre seg den siste romanserien til Heggland,  ”Tusen vårar”,  i artikkelen Å tømra ein tusenårsstad på Tysnes. Informasjonssjef i Gyldendal, Bjarne Buset, har skrive om Johannes Heggland som Gyldendøl. Då Heggland døydde var han den gyldendølen med lengst fartstid i forlaget.

Johannes Heggland var særs oppteken av den mellomalderske gildesamskipnaden og Onarheimsgildet på Tysnes. Ph.d. Lars Bisgaard ved Syddansk Universitet tek såleis føre seg Gildernes oprindelse og deres udvikling i middelalderen, medan arkivar Harald Lindbach ved    Universitetet i Tromsø skriv om Middelaldergildene i Norge. Boka vert avslutta med ein artikkel av Johannes Heggland sjølv, som skriv om Olavsgildet på Onarheim i vestnorsk samfunn. 

Johannes Heggland (1919 - 2008) debuterte 1941 med romanen Folk under fjell. Seinare har han mellom anna skrive mange romanar med emne frå historia. Sogespelet Kristkongane på Moster vert kvart år oppført på Moster, det såkalla Mostraspelet. Han forfatta ei lang rad historiske romanar, drama, ungdomsromanar, barnebøker og noveller. Forfattarskapen er løna med ei rad prisar. Heggland var ordførar i Tysnes 1956-59 og 1968-71, fagkonsulent ved Den Nationale Scene, styremedlem i Den norske forfatterforening, formann i Den norske forfatterforening 1982-85, medlem av Nordisk Råd sin priskomité, medlem av Den norske forfatterforenings litterære råd, medlem av Norsk språkråd og styremedlem i Riksteateret. Han mottok i ein lengre periode Statens Kunstnerstipend. I 2005 vart Heggland utnemnd til Riddar 1. klasse av Den Kongelege Norske St. Olavs Orden for sin innsats for norsk kulturliv, og då særleg hans kjennskap til og skildring av norsk bygdeliv. 

onsdag jul 08, 2009

Ein sakte død

 

Då han såg henne stå på den andre sida av gata, med ryggen til, oppteken  med å sjekka saldoen i minibanken, tok ho til å bli borte for han.  Ho var ikkje lengre kona hans, ikkje henne han hadde kjent så intimt, på mest alle tenkelege måtar - slik han såg henne no, på denne avstanden, var ho berre ei i mengda, eit like anonymt og uvedkomande menneske som alle desse som hasta forbi, på veg til sine eigne gjeremål, utan interesse for andre.

Så lite skal det altså til, tenkte han.
Dei hadde stansa i ein småby, om ein kunne kalla denne vesle staden ein by, då - siste stasjon før den store  vidda. Siste sjanse til å fylla bensin på ei stund, siste sjanse til å handla inn noko  å eta. Siste sjanse til å hoppa ut av bilen og springa over gata for å sjekka saldoen.
Ein høg og tynn mann kledd i dongeribukser og med ein blå caps på hovudet gjekk forbi kona hans på fortauet. I nett denne augneblinken var dei like fjerne og framande for han.
Han tok ein slurk av isteen og såg henne snu seg, børsta håret vekk frå panna i den turre vinden, stikka visakortet i lomma og skunda seg over den traffikerte gata. Det var seint i august, han hadde trudd at turisttrafikken ville ha dabba av innan no, men den vesle tettstaden var stappfull av bubilar og køyrety med tyske og hollandske skilt. Kva fanken er det med desse bubilane? tenkte han. Viss dei har så mykje pengar at dei kan investera  ein bubil, kvifor ikkje heller  bruka pengane på hotell?
Ho drog opp bildøra frå utsida og sette seg inn. Det var ho som køyrde. Det  var ein lang tur, dei bytta på det.
- Vel? sa han.
- Det såg greitt ut.
- Kor mykje då?
- Nok.
- Ja, men kor mykje?
- Eit par tusen.
Han rekna fort i hovudet. - Ja, då held det akkurat. Til hotellet og heim att, meiner eg.
- Trur det.
Ho starta bilen. Han såg på henne frå sida.Ho merka det ikkje, var oppteken med sitt. No var ho nær att. Fylte heile synsfeltet. Ikkje berre ei kvinne på den andre sida av gata som brått hadde vorte ganske uvedkomande. Rart, tenkte han. Eg og mitt, mi livssoge, mitt liv, er ganske uinteressant for alle andre. Og når alt kjem til alt, tenkte han vidare, lever me eit einsamt liv saman, eg og ho.
Ho rygga behendig ut frå parkeringsplassen, styrte ved hjelp av sidespeglane, litt for fort, syntest han. Så var dei framme  ved europavegen att. Det  var allereie smellvarmt i kupeen. Han bøygde seg fram og justerte klimaanlegget.
- Det er eit galleri her, mumla han.
Ho let vera å svinga inn på hovudvegen.
- Ein lokal kunstnar. Trur ikkje me kjenner han.
- Eg kan godt... Bilen vart ståande.
- Nei, eg trur ikkje det. Berre gløym det. Han kasta eit fort blikk i sidespegelen på si side. - Det står ein bil bak oss og ventar.
- Ja, eg ser han.
Ein augneblink trudde han at ho ville bli ståande. Så starta ho bilen med eit rykk. Køyretyet gjorde eit hopp framover så han måtte ta seg for. Han kjende krafta frå alt det som befann seg under panserloket  mot handflata då han tok seg føre på dashbordet.
Ho svingde brått ut på hovudvegen. I løpet av eit minutt var dei ein del av ein kø. Alle saman på veg austover.
- Det var siste sjansen til å fylla bensin på ei stund, bemerka han - noko for seint og ganske overflødig.
- Det veit eg.
- Me har full tank, ser eg.
- Det har me.
Så vart det ikkje sagt meir. Kva var det å seia nett no. Han feste blikket inn i sidespeglen  på si side og betrakta halen av bilar bak dei. Køen gleid jamnt og roleg på veg opp  mot vidda. Den møtande trafikken var hissig. Ein blå Volvo lastebil, med ei tømmerlast på slep, kom dundrande mot dei, raste forbi. Det var lita klaring, likevel tok dei det med den største ro, begge partar, og han ville tru at alle bilar lastebilen møtte på sin veg kom seg velberga fram dit dei skulle.
Men likevel. Det var ikkje mykje om å gjera, tenkte han. Så lite som skulle til før dei kunne bli drept. For kvar møtande forbipassering rekna dei med at livet ville halda fram som før. Dei ville nå fram til turisthotellet som planlagt, om eit par timars tid. Dei ville sykla over vidda som dei hadde snakka om sidan i fjor. Dei ville koma heim att om fire dagar, nokre dagar før dei byrja på jobb att - det ville bli jul, dei ville få fleire borneborn, til slutt kom pensjonen og kanskje dei ville ha kvarandre til dei fylte åtti. Ja, det kom sikkert til å gå slik. Men for kvar møtande bil som kom susande mot dei, særleg dei tunge køyretya, innsåg han kor skjørt livet  var. Det skulle så lite til. Ein uoppmerksam sjåfør, eit illebefinnende, ein ilter veps, ei tankerekkje som krov for mykje, ja, det kunne vera tusen ting. For høg fart. Eller sjølvmord. Han hadde høyrt at det stundom kunne vera slik. At ein styrte rett i døden på det viset. Og reiv andre med seg.
Ein tømmerbil kom mot dei. Braka forbi. Nokre få meters klaring. Det kunne sjå ut som dei gjekk katastrofen  møte. Men dei passerte kvarandre. Kvar gong.
Han våga ikkje nemna for henne kva han tenkte på.
Somme tider tok det berre nokre sekund å døy.
Bilen klatra opp på vidda, saman med ei rekkje andre bilar.
- Trafikken flyt fint, bemerka han.
Ho nikka.
- Du verkar tankefull, sa han.
- Det er eg ikkje.
- Men du verkar slik.
- Fordi eg ikkje snakkar?
- Ja. Kanskje.
- Eg konsentrerar meg om køyringa. Eg slappar av.
- Eg kan godt køyra.
- Nei. Og så: - Eg klarar meg.
- Ok.
Han stirde ut sidevindauget. - Det er jammen flott her. Svære vidder. Eg kunne ha lyst til å stoppa bilen og berre byrja gå og gå.
- Det seier du kvar gong.
- Ja, men.
- Du kunne gjera det skikkeleg ein gong. Eg meinar, i ferien.
- Ja, sa han. - Gå innover vidda. Forsvinna. Bli borte.
- Det er nett det du kan, sa ho. - Det skal så lite til. Du kan ta feil av retninga. Gå deg vill. Det er farleg.
Han kneip augene saman og myste ut bilvindauget. Ein mørk skuggje jaga over den sollyse vidda. Han trong ikkje snu hovudet tre hundre seksti gradar for å vita at vidda var rundt dei alle stader. Det gjekk i den same augneblinken opp for han at verda var stor.
- Verda er stor, sa han.
Ho kasta eit fort blikk på han frå sida.
- Og livet er langt. Eigentleg. Eg meiner, eit minutt er ganske langt, er det ikkje?
Ho sa framleis ingenting.
- Vel... Det gjekk opp for han at han sat der og plapra. Og om det var noko ho ikkje lika, korkje hos han eller andre, så var det folk som plapra.
Difor teia  han. Heldt munn.
Fomla med radioen, fann ein stasjon.
Bilar kom susande imot dei - personbilar, stasjonsvognar, bubilar, lastebilar. Ein motorsykkel. Ho køyrde i jamnt litt over åtti.

Etter ein halv times tid låg vidda bak dei.
Dei tok til å køyra ned i låglandet. Han svelgde. Det hadde teke til med eit eller anna i halsen, det samla seg spytt som stundom gjorde at han måtte kremta og hiva etter pusten. Han freista gjera det så ho ikkje merka noko.
- Ser ut for at me kjem fram tidleg, sa han. Det gjekk opp for han at ingen av dei hadde snakka på ei lang stund. Ein halv time? Det gjorde ikkje noko. Han hadde ikkje merka det, at dei sat slik utan å snakka - det hadde vore godt, om noko. Han kjende det som han vakna opp av noko, utkvilt - og så verda med klare auge. Fargane i vegkantane var annleis, sterke, dei fylte han med undring. Det varte berre ein augneblink.
- Ti minutt att, så er me der.
Det tok nøyaktig den tida. Høgfjellshotellet kom til syne nede i dalen, nedanfor eit belte av høge, rette grantre, brunbeisa, langstrekt, med kvite vinduskarmar og ein romsleg parkeringsplass framfor inngongen til resepsjonen.
Han kunne køyrt lenge enno.
- Her er me, sa han.
Ho svingte inn på parkeringsplassen.
- Halvfullt, konstaterte han.
- Det er tidleg på ettermiddagen.
- Eg trur ikkje det kjem så mange fleire. Det er seint i sesongen. Det var lett å få rom.
Ho sa ikkje noko til det. Han gjekk rundt bilen og vippa opp bakluka, tok kofferten hennar og sette den på bakken. Deretter hans eigen.
Det var svalt og halvmørkt i resepsjonen. Han kunne ikkje setja fingeren på kva det eigentleg var med slike stader, anna enn at det gav han ei kjensle av å vera herre over ein eller annan situasjon, i ei setting der eventyret venta - der han alt var løyst frå det kvardagslege livet.
Bak disken stod ei ung dame av resepsjonstypen - pen på ein usexy måte, kledd i ei blå drakt, lyst hår, velfrisert og sminka, diskret, men like fullt tydeleg.
Han tok seg av innsjekkinga.
Ho peika, smilte. - Rommet er inn døra der, så er det tredje dør til venstre.
Det viste seg å vera meir enn eit rom. Meir som eit lite husvære, med stove, sovekrok, kjøken og dusj og toalett. Det hadde skya til. Frå vindauget hadde dei eit vidt utsyn over landskapet - ei brei elv som snodde seg gjennom bakkar med lyng og småbjørkar. På plenen nedanfor leika to ungdommar med ein stor hund.
Han merka at ho hadde stilt seg tett inntil han.
- Kva slags hund er det? spurde ho.
- Ein samojed.
- Polarhund?
- Noko den retning.
- Den er fin.
- Me hadde ein hund då eg var liten, sa han. - Han vart påkøyrd. Eg hugsar det enno. Han var kvit, nett som hunden nede på plenen. Dei la han innanfor hageporten vår. Eg hugsar det blødde frå munnen på han. Og augene.
- Uff.
Han snudde seg vekk. - Skal me gå ut ein tur?
- No?
- Ja. Det er tidleg på ettermiddagen enno. Me går ein tur, ein times tid. Så går me og får middag her etterpå. Dei har ein bra restaurant her. Eg fekk ein glimt av den frå resepsjonen.
- Då vil eg skifta først.
- Ok. Eg går utanfor og ventar.
Lufta utanfor høgfjellhotellet var skarp og tung på same tid. Himmelen hadde mørkna til med tunge skyer som hang som festningar av bly over fjella. På hovudvegen raste bilar forbi. Parkeringsplassen var på veg til å fyllast opp.
Ei stund etter kom ho ut. Ho bar allversjakka hans i armen.
- Her, ta på deg denne.
Ho hadde rett, det var kaldt.
Frå hotellet gjekk det ein gangsti innover vidda, ein gammal anleggsveg som hadde teke til å gro att. Dei gjekk utan å seia noko. Etter ei stund tok dei i kvarandre og heldt kvarandre i hendene. Det kjendest godt slik. Det var difor dei hadde kome hit.
Vegen førte dei langs eit vatn. Ein djup skrent førte rett ned.
- Sjå kor grønt det er, sa ho.
- Brevatn ser slik ut, svarte han.
- Det kan ha noko med høgda å gjera, nikka ho.
Han gjekk nærare. Sette foten på kanten og stirde ned. Eit iskaldt vindgufs stod han i andletet. Han tenkte brått at han kunne falla. Tumla ned skråningen og rett i vatnet.
Han tok eit steg attende.
- Kva er det?
- Ingenting.
Noko hadde kome over han. Eit glimt av den røyndommen som ingen kan leva med. Ein veit den er der, ein veit at den kjem. Ein veit at alle lever i ei verd av skuggjer.
Han heiv etter pusten.
- Er det noko gale? Ho såg hjelpelaust på han.
- Eg får ikkje luft. Det er som det strammar i halsen. Han bøygde seg fram, gispa. Vart ståande slik. Sakte gav det seg.
- Skal me gå tilbake?
- Eg trur det.
- Kva var det som skjedde?
- Eg veit ikkje.
- Er du betre no? Ho såg bekymra på han.
- Ja. Det går greitt.

Ein gong i løpet av natta søkte dei saman. I sømne, to varme kroppar , varm hud mot varm hud, i mjuke, duvande rørsler som vart borte og ebba ut i mørkret. Ei stund var dei ikkje to, dei ville til kvarandre og vera eitt.
Det var ei meining med det.
Det var ei meining.
Han fekk berre godta den tanken.
Men då dei køyrde heim att måndag kveld dukka angsten fram att. Han visste i det minste ein ting - at han  hadde døden med seg og at den innhenta han, sakte - dag etter dag.

fredag jul 03, 2009

På stranda

 

Kim og Rune drog ut til stranda denne dagen. Dei meinte dei kunne fortena det. Sidan byrjinga av sommarferien - det som skulle vore ferien - hadde dei jobba trottug på fabrikken. Dei hadde jobba dagskift, ettermiddagsskift, kveldsskift, og i det siste berre nattskift. Nattskifta var fine. No då sommarvarmen var på sitt aller heitaste var det passe temperatur om natta, vindauga stod opne og slapp inn svalande blaff av nattevind, og i matpausen kunne dei sitja på benken utanfor fabrikkbygningen og sjå den aller første byrjinga av soloppgangen over byen. Og heimturen på sykkel gjennom morgonstille gater i sekstida, med fuglekvitter og ein og annan tidleg morgongjengar var berre heilt topp. Jau, det var ikkje noko som slo nattskiftet, det var dei samde om.

Ettersom dei jobba ekstra i helgene var dei nøydde til å ta seg fri innimellom. Som i dag, ein tysdag.
- Me dreg ut på stranda, sa Rune.
Kim drog på det.
- Kvifor ikkje? spurde hin. - Me har ikkje noko betre å gjera på.
- Ok, nikka Kim. - Me er jo kameratar, ikkje sant?
- Det trur eg.
Dei sykla ut til stranda tidleg på formiddagen. Det var mange strender rundt byen. Nokre strender var reine sandstrender, med kvit, fin, mjuk sand kransa av sanddyner, og på desse strendene fann ein mest berre ungdom på ei, hotell på ei anna, småungar på ei tredje osv. Dei valde den stranda som låg aller nordlegast, mest ei mil frå bykjernen. Det var ei flott strand, sjølv om det stundom blåste litt vel mykje, og det var stort sett berre folk i nabolaget som vitja ho, dvs. mest husmødrer og småungar. For to studentar som berre ville vera for seg sjølv var det ein ypparleg stad. Her trengde ein ikkje pretendera noko som helst.
Det var ikkje første gongen dei hadde vore her. Begge to visste om ein ypparleg plass i nordenden. Her kunne dei grava seg ned i ei sandhole og varma seg i sola utan å sjå eit menneske.
Dei var sveitte etter den lange sykkelturen. Begge to vreid av seg kleda, fekk på seg badebukser, litt sjenerte der dei sat med dei bleike kroppane blotta for Gud og kvarmann -  Kim holbrysta og mager så ein kunne sjå ribbeina, Rune på veg til å bli feit. Dei brune augene hans stirde utover den blenkjande havflata bak dei tjukke brilleglasa.
- Det gjeld om å gjera ting rett, sa Kim.
- Sjølvsagt.
- Monadeteorien.
- Kva med den?
- Eg synest den er interessant.
- Historisk sett, absolutt.
Kim drog på smilebandet. - Trur du det er nokre andre som sit på denne stranda og snakkar om dette? Om monadeteorien?
- Sikkert ikkje. Her er berre husmødrer.
- Sikkert ikkje på andre strender heller. Me er nok dei einaste i byn.
- Som om det var noko.
- Men likevel…
Ingen av dei tenkte på å gå ned til sjøen. Kim kunne ikkje sømja. Rune kunne, han var til og med ganske dyktig. Men det var liksom ikkje stilen. Dei la seg ned i sanden, på kvart sitt handkle, tente ein røyk, slappa av i kvarandre sin nærleik. Dei pleidde gjera det. Kjende seg trygge på einannan. Det var berre slik.
- Eg lurer på kva me gjer her, sa Kim.
- Me er på stranda.
- Ved havet. To tredjedelar av jorda er hav.
- Minst. Sikkert meir.
- Og me er... Eg meiner, om eg går berre eit stykke innover land vil eg ikkje sjå havet meir. Eg treng ikkje vita om det.
- Men det er der likevel.
- Ja, objektivt sett. Sjølvsagt er det der. Men ikkje for meg.
- Men det er der for deg.
- Ikkje perseptuelt sett.
- Vel… Rune gjorde eit skuldertrekk. - Eg synest ikkje dette er så interessant.
Kim sa ikkje noko. Han heiste seg opp på olbogene, låg slik på ryggen støtta på underarmane medan magemusklane stramma seg. Det var ei god stilling å liggja i, men ikkje for lenge.
- Se der…
Rune såg. - Ein brettsiglar.
Dei kunne sjå brettsiglaren mest som ein prikk langt der ute på den glitrande, urolege havflata.
- Du veit, sa Kim, - her me ligg kjenner eg det som me er ved enden av noko. Ved enden av ei tid.
- Eller ved byrjinga.
- Ja. Eller ved byrjinga. Dette vart ikkje som eg hadde tenkt.
- Kva hadde du tenkt?
- Noko anna. Noko heilt anna. Men no er det umogleg å gjera det. Me kan ikkje. For det er så mykje anna.
Rune rulla seg rundt på magen og svarte ikkje.
- Eg går ein tur, sa Kim.
Han reiste seg og gjekk ned på stranda. Sanden var varm og sveid under fotsolane. Ein augneblink tenkte han at no kunne han ha vandra i ei anna tid. Reint fysisk ville det ikkje vore nokon skilnad. Han hadde ikkje noko meir enn eit menneske for tusen år sidan ville hatt. Etter ei stund stansa han, såg attende på fotspora sine. Avtrykka i sanden gleid sakte att, sandkorn for sandkorn.
Eit stykke unna såg han eit par, ein mann og ei kvinne, gå hand i hand over sanden, brune, mest nakne, uvedkomande på så lang fråstand. Dei vassa ut i bølgjene og heldt fram med å gå medan dei heldt kvarandre i handa. Det var så langgrunt at ein kunne gå slik i det uendelege før vatnet byrja rekkja opp på låret. Han følgde dei med augene. Sola steikte rett ned. Vatnet var alt som fanst, ei levande, skinande masse som alltid hadde vore der og var sams for dei alle, gratis for kvar og ein. Ein mann og ei kvinne, han høgreist, smal, ho rundare, mjuk rundt livet. Dei gjekk utover til dei la seg ned i vatnet, byrja sømja. Han kunne sjå hovuda deira som to mørke prikkar, så vart dei vekke. Full av  ein underleg jublande lengt vassa han ut i sjøen og vada etter dei, djupare og djupare.

fredag jun 26, 2009

Tog

 

Han kjende varmen stå mot han som ein vegg då han steig ut av bilen, etter å ha parkert borte i enden av stasjonsområdet. Det var ein god varme, blanda med kjensla av gloheit asfalt og ein tung lukt av granskogen som vaks tett på den andre sida av jarnbanesporet. Nokon hadde sagt at han kunne ta toget inn til hovudstaden herfrå. Han hadde eit ærend dit, toppen ein dag eller to. Dei sa at han trygt kunne parkera bilen utanfor stasjonsbygningen så lenge. Det var ein liten stasjon på ein bortgøymd stad der mest ingen kom.

Han turka sveitte av panna og såg seg ikring. Nokre få hus, ein Coop-butikk med postkontor. Ikkje ein levande sjel å sjå. Klokka var ni om kvelden. Han sette kursen bort til den gulmåla stasjonsbygningen. Alt var halde i den skjønnaste orden. Bygningen så ut som den nyleg hadde fått eit strok med måling. Det lukta tjøre frå eit lass med tømmerstokkar som var stabla opp på baksida av huset. På kvar side av inngangsdøra stod det ein brun benk. Også dei såg nylakka ut. Det einaste var det runde stasjonsuret over døra. Det hadde stoppa. Underleg nok viste det om lag den rette tida, som var nett no - nokre minutt over ni om kvelden - men visarane rikka seg ikkje.
Med bagen i den eine handa rusla han bort til inngangen og kikka inn. Det sat ein  mann der inne. Han kunne tydeleg sjå det mørke omrisset av skikkelsen. Det var framleis ein tjue minutters tid til toget kom. Han rusla litt att og fram på perrongen. Pusta inn den tunge eimen av sommarkveld. Det var ikkje ein lyd å høyra. Heile dagen hadde det vore mest ulideleg heitt. No var det kome til det punktet då det byrja kjennast behageleg. På tide å leva att.
Han plystra nøgd.
Mannen der inne vart sitjande.
Han gjekk att og fram. Det hadde vore ein lang køyretur over fjellet. Gjennom endelause strekninger med granskog. Ei og anna stove innimellom. Ein gard. Ei grend som dukka opp og forsvann. Men elles - skog.
Han kjende seg bra. Såg nedetter seg sjølv, buksene, skorne. Likte det han såg.
Frå tid til annan stansa han og lytta etter toget.
Summing av insekt, summing frå noko elektrisk ein eller annan stad.
Jarnbanesporet strekte seg bortover det flate landskapet med den tette skogen på den eine sida, gjorde ein slak sving og vart ute av syne.
Det var som tida hadde stoppa opp.
Fem minutt att.
Han høyrde ein lyd bak seg, visste at det var mannen på venterommet. Og ganske rett, der kom det ein kar med ein koffert i handa. Mannen vart ståande under halvtaket foran inngangsdøra.
Dei nikka til kvarandre.
- Det stoppar her, gjer det ikkje? sa han til mannen, mest for å ha noko å seia.
    
Dei gjekk og rusla kvar for seg.
Dei flytta seg litt nærare. Søkte saman, som om det ville hjelpa på situasjonen. For at dei var på veg inn i ein situasjon, det kjende han på seg. Han visste ikkje kva det var. Berre… noko. Det hadde noko med toget å gjera, at det ikkje kom. Eller med mannen. Eller med begge.
- No skulle det vore her for eit kvarter sidan. Han kasta uvilkårleg eit blikk opp mot stasjonsuret då han sa det. Hadde gløymt at det var stansa.
Mannen nikka. - Ja, det er seint, sa han.
- Tog plar vera presise.
- Ha, den var god.
- Desse toga, meiner eg. Langdistansetoga.
- Vel, det er mogleg.
Han tok den andre nærare i augnesyn. Det var noko bleikt over andletet hans, som om han hadde sete for mykje innandørs, kanskje, eller var sjuk. Han hadde på seg ein mørk dress som såg altfor varm ut i dette veret, dessutan svarte sko og kvit skjorte som var open i halsen. Det glinsande svarte håret var stroke rett bakover. Mannen verka ikkje farleg eller ustabil eller trugande på noko vis, men det var noko med han som fekk han til å ønskja at toget snart ville koma. Det var underleg at det gjekk an å vera så bleik etter alt det solskinet dei hadde hatt denne sommaren.   
Dei tok til å snakka om veret.
- Kan ikkje hugsa det har vore så varmt nokon gong, sa han.
- Eg gjer det, sa mannen.
- Gjer du?
- Ja. Då eg var liten. Men det er lenge sidan no
- Ja. Tida går.
Dei tok nokre steg kvar sin veg, gjekk og dreiv litt
Han såg på klokka att. Burde det ikkje vore her no?
- Tjue minutt forseinka.
- Sikkert. Det skjer stadig vekk
Dei venta ei stund til
- Rart det ikkje er nokon her
- Kven skulle det vera? spurde mannen.
- Vel… nokon. Andre passasjerar, ein stasjonsmeister
- Det er ein liten stasjon, veit du.
- Ja, dei bryr seg ikkje eingong om å vedlikehalda stasjonsuret.
- Har du reist her før nokon gong?
- Nei. Enn du?
- Vel…  Eg har vore her før.
- Eg kjem frå ein annan kant av landet. Eg har aldri vore her.
- Ferie?
- Nei. Jobb. Treng å ta ein tur inn til hovudstaden.
- Eg også. Eg skal langt. Eg kjem aldri tilbake hit. Mannen snudde seg mot han. -  Trur du på eit liv etter døden?
- Eit liv... etter døden?  Nei, sanneleg om eg veit. Eg... ja, eg trur det
- Gjer du? Når du veit det er det for seint
- For seint for kva då?
- Å fortelja det til nokon. Så eg kan ikkje fortelja deg det   
Han lo ein litt tåpeleg, nervøs latter. - Nei, kvifor skulle du det?
- Det er jo slikt ein gjerne vil vita, ikkje sant.
Dei sveiv frå kvarandre att. Mannen gjekk nedetter langs jarnbanesporet, stansa og speida mot svingen. Kofferten vart ståande att utanfor stasjonsbygningen. Sommarkvelden var full av svake lydar, summinga av insekt, ei eller anna slags mest umerkeleg kvining som det var uråd å identifisera. Sola var blitt vekke bak skogen. Det var ikkje berre visarane på stasjonsuret som stod stilt. Det var som om sjølve tida hadde stansa opp. Ein rest av blautt solskin kasta ein glans av gull over jarnbanesporet borte i svingen. Mannen vart ståande midt ute på jarnbanelina, breidbeint. Lukta av beisa tømmer var intens, blanda med den mildare dufta av varm skogbotn.
Mannen kom opp att på perrongen.
- Jepp, det tek si tid, sa han.
- Så… du skal langt?
- Ja, det kan ein kalla det.
Det var ikkje så mykje meir å snakka om. Han bestemte seg for å finna eit sete der det sat ein sidemann frå før. Han kunne ikkje tenkja seg ein lang togtur saman med denne mannen.
- Er du gift? Sambuar? spurde mannen plutseleg.
- Gift? Ja, faktisk.
- Du er heldig. Kona mi gjekk frå meg.  
- Det er leitt å høyra.
- Så no er det over. Slutt. Eg har ingen. Ingenting å leva for.
Pønskar denne mannen på noko? fòr det gjennom han. Han har vel ikkje tenkt å…
Han lytta. Dei lytta begge. Ingen lydar.
- No er det verkeleg seint ute, sa han.
Den andre svarte ikkje, men heldt seg heilt nede ved lina att.
- Er det ikkje best du kjem opp, på perrongen?
- Kvifor det?
- Toget.
- Det er jo det eg ventar på.
Han har planar om noko. Han har vel ikkje tenkt å kasta seg foran toget?
Han hadde ikkje før tenkt tanken, så høyrde han eit klemt - og han kunne meir ana enn  sjå toget der det dukka fram i kveldsdisen, borte i svingen. Mannen nede ved jarnbanesporet vart ståande.
Lyskastaren på lokomotivet kom brasande mot dei. Toget sakka ikkje farta, det stemnde rett på, det var som ein hest frå helvete, det kom eit kraftig, åtvarande tut, men det stoppa ikkje. Kva som skjedde i dei neste sekundane sansa han mest ikkje, han såg berre mannen stå der, så var det ikkje ein øyrens lyd å få meir, toget braste inn på stasjonen og raste forbi, han fekk glimt av framande andlet i vindauge etter vindauge som vart trekt frametter som ein rykkande film, han skreik høgt og satte det eine beinet fram, men kom seg ikkje av flekken. Så tok det brått slutt, han stirde mållaus etter den siste vogna som forsvann bortetter togsporet som eit viljelaust haleheng til dei andre.
Og der stod mannen framleis.
Ingen av dei sa noko på ei stund.
Stilla la seg over staden att.
Han var den første som sa noko. - Det stansa ikkje.
- Nei. Mannen gjekk ut på sporet og vart ståande der, breidbeint. - Det stoppa ikkje.
- Du visste at det ikkje ville stoppa!
- Langdistansetog stoppar ikkje på ein fillestasjon som denne.
- Men nokon sa meg…
- Dei tok feil.
Han tidde litt, så brast det ut av han: - Du hadde tenkt å kasta deg foran, hadde du ikkje?
Mannen trekte på den eine skuldra.
- Kanskje. Men eg gjorde det ikkje.
Han hadde køyrt langt. Det ville bli for langt å køyra tilbake.
- Vel, kva no?
Mannen hoppa opp på perrongen, greip den vesle kofferten.
- Kvar skal du?
- Heim.
- Bur du her?
Mannen nikka. - Rett oppe i lia.
- Så du kjem hit…?
- Stundom. Men eg gjer det aldri.
Han såg etter mannen då han traska over stasjonsområdet med kofferten i handa. Ein tykkfallen, litt overdressa mann med feitt, svart hår og bleikt andlet, i skinande blanke svarte sko.
Han ville seia eit eller anna, men kva skulle det vera?
I staden rusla han bort til bilen, slengte bagasjen inn i baksetet. Det var ikkje anna å gjera enn å koma seg i veg herfrå.


lørdag jun 20, 2009

Kamikaze

 

For Tommy hadde det ikkje nokon spesiell hast. Dei kunne alltids sjå filmen seinare, når dei hadde ete eller noko. Men Roger såg ikkje slik på det. Han hadde noko chips og ein sekspakning med cola, og kvifor kunne dei berre ikkje sjå filmen med det same.

- Den japsefilmen, sa Tommy.
- Japsefilmen, nikka Roger nøgd. - Jævlig bra.
- Sett han før?
- I fjor ein gong. Jævlig bra.
- Ser ikkje slik ut på omslaget. Ser kjedeleg ut.
- Han er ikkje kjedeleg. Her er det action heile vegen.
- Er det sex også?
- Nei. Ikkje sex. Berre action. Aldri sex i desse filmane. Det ville berre øydelagd dei. Harakiri og kamikaze, ikkje sant. Dei slagsmåla. Det er  ei scene der ein fyr får spretta opp magen. Det berre spruter ut. Den styrten. Eg lo då eg såg det. Faen så bra.
- Ok. Har du chipsen, då?
- På kjøkenet.
Tommy gjekk ut på kjøkenet.
- Er faen ingenting her.
- Øvste hylla. Over oppvaskmaskina.
- Ikkje faen.
- Å, herregud. Må eg koma sjølv?
- Der har eg han. Skal eg ta det i ein skål?
- Det held med posen. Er du blitt fin på det?
Tommy kom inn att. - Berre spurde. Ikkje noko anna.
- Ok. Men hald kjeft no.
Roger bøygde seg fram, tok posen og reiv opp han opp i liminga.
- Med chili. Dei hadde ikkje noko anna.
- Greitt nok for meg. Eg er ikkje nøye på det.
- Eg er ikkje noko for chili. Ikkje i chipsen. Men ok. Det var det einaste dei hadde. Faens butikk, når du tenkjer på det. Dei har aldri noko. Men det er vel ikkje så lett for den jævelen heller. Eg meiner, dei store driv og tyner dei små, ikkje sant. Skal vedda på at det ikkje vert lenge før han går dukken. Det kan du banna på. Kva vil du ha å drikka? Eg har øl.
- Cola.
- Cola? Eg har øl.
- Eg tek Cola.
- Eg òg. Når du seier det.
Tommy gjekk ut att på kjøkenet. - Liter eller boks?
- Samma faen.
- Boks.
Tommy kom inn att med boks. Ei til kvar.
- Jævlig greitt med desse boksane, ikkje sant. Du slipp å finna knuste glaskår overalt.
- Ja, berre flatklemde boksar. Skal me sjå filmen no.
- Ok.
- Ok.
Tommy rørde på seg. - Skal berre trekkja for gardinet.
- Det treng du ikkje.
- Det skader ikkje.
- Ok.
Det vart litt mørkare i stova no då alt lyset frå gata utanfor forsvann - gatelysa, lysa frå huset tvers over, neonlyset frå reklamen over butikken nede på hjørnet. Samstundes vart det varmare, tenkte Tommy. Det var ei av dei varmaste periodane denne sommaren, det hadde vore tropetemperatur i over ei veke. Når ein snakka om tropetemperatur, hadde Tommy høyrt, så tydde det at det måtte vera meir enn 23 varmegradar om natta. Og det hadde det vore. Det hadde vore så varmt at dei var leie av det. Dei sat der i berre t-skjorter og shorts og sveitta. Det var godt å ha det slik på ein måte. Men det var ikkje naturleg.
Tommy slo seg ned i den djupe lenestolen. Roger hadde starta videoen og lente seg attende i sofaen.
- Denne må du berre sjå, sa han.
- Snakkar dei japansk?
- Ja, for faen. Kva elles. Kamikazeflygarane var jo japanske, ikkje sant.
- Veit du kva eg trur. Dei vart tvungne til det.
- Dei var fanatiske. Dei trudde på det dei gjorde. Dei gjorde det for fedrelandet, ikkje sant. For keisaren. For alt det dei trudde på. Du kan seia kva faen du vil, men japsane er tøffe. Se berre på landet deira. Se deg omkring her i husværet. Kor mykje kjem ikkje frå Japan? Videoen, tv'et. Kameraet. Bilen din, for helvete. Heilt spesielle folk, det der. Dei har alltid gått rett i døden, akkurat som maur. Kasta seg rett på sverdet.
Tommy tok ein handfull chips og tenkte seg om.
- Går maur i døden?
- Gjer dei vel. På ein måte. Det finst krigarmaur, ikkje sant. Sjå no, der kjem det første flyet. Fytti helvete. Styrtar seg berre rett i det amerikanske krigsskipet. Rart dei ikkje vann krigen.
- Dei fekk atombomba.
På videoen snakka dei japansk. Mykje av filmen gjekk føre seg i høgt tempo, men så kom det nokre lange dødperiodar som var heilt jævlige før det tok seg opp att. Tommy vart aldri lei av å sjå på andleta til pilotane akkurat då dei senka nasen på flyet nedover og byrja styrta mot målet i ein fem og førti gradars vinkel, rett inn i døden. Måten dei beit tennene saman på. Det stirrande blikket som aldri veik. Det var menn som visste kva dei ville. At dei gjorde det einaste rette. Som berre såg med forakt på tanken om at dei ikkje ville vera der meir om nokre få sekundar.
Men kvifor i helvete gjorde dei det? Tommy greidde ikkje å bli kvitt alt dette som vasa rundt i hovudet hans. Var dei tvungne til det? Hadde dei familie, kone, ungar, kjæraste? Gjorde dei det for å vinna heider og ære? Gjorde dei det for å oppklåra noko i dei aller siste sekunda?
Då filmen slutta var det blitt uuthaldeleg varmt i stova.
Roger sat og fikla med fjernkontrollen, surfa frå den eine kanalen til den andre. Alle desse menneska som flimra fram og vart vekke att.
- Trur eg vil ta ein tur ut, sa Tommy.
- Ok.
- Blir du med?
- Trur ikkje det.
- Ok.
- Blir du lenge vekke?
- Nei. Tenkte berre ein liten tur.
- Stikk du innom kiosken for meg?
- Kva vil du ha?
- Veit ikkje heilt. Berre noko. Meir chips.
- Ok.
Tommy fann bilnøklane og gjekk ut på fortauet.
Det var mest som den svarte plastdelen på nøkkelen smelta mellom tommelen og peikefingeren då han stakk metallet inn i låsen. Og det var heitt som i ein bakaromn då han aka seg inn bak rattet. Det hadde vorte litt meir vanskeleg for mest kvar veke no. Magen var litt større for kvar gong. Den fuktige t-skjorta strauk borti rattet. Han lurte på kor lenge det skulle vera slik. Kor mange kilo han kjem til å vega til slutt. Om han ville koma til å eksplodera ein gong. Han flirte litt ved tanken. Magen ville rivna, all chipsen og colaen og junk fooden ville koma styrtande ut i ein einaste hissig sprut.
Nei, så langt ville det ikkje koma.
Eg døyr før den tid, tenkte han.
Kvelden var enno for ung til at det var noko særleg liv i byen. Han køyrde opp frå sentrum med nedrulla vindauge og ønskte han hadde hatt ei luke i taket, så svingde han ut på motorvegen og cruisa sørover ei stund, heldt jamnt hundre. Olbogen kvilande på karmen. Det var fint å køyra slik. Ein var åleine med seg sjølv. I vest skein enno ein siste rest av sola, farga himmelen raudblå, mørkeblå, blygrå. Bilar kom susande mot han i motsett køyrebane. Folk som skulle ein stad. På nattjobb, på besøk, kanskje nokon som skulle inn til sjukehuset for å føda. Han hadde nyleg lese ein stad at ikkje så reint få front mot front-kollisjonar kom seg av at det var folk som tok livet sitt på den måten. Dei skeina plutseleg over i motgåande køyrefelt og brasa inn i ein bil. Slik vart dei ikkje berre sjølvmordarar, men mordarar også. Massemordarar, til og med. Fy faen, tenkte Tommy. Noko så jævlig.
Det låg ein pickup framfor han. Køyrde sikkert ikkje i meir enn åtti. Tommy dreidde litt på rattet og køyrde forbi. Bye, bye. Eit mørkt hovud inne i den vesle lastebilen. Han følgde det med augene til pickupen heldt på å bli ein miniatyrbil i bakspegelen. Til bilen der bak såg ut som ein leiketøysbil på den breie tofelts køyrebanen.
Noko fekk han til å ta av til venstre då skiltet som varsla om eit industriområde dukka opp. Han svinga vidare til høgre, og der låg staden - ein heil by med digre bygningar, fabrikkar, kontor, lagringsplassar, ein tom by med gater og rundkøyringar, ein stad som låg heilt aude på denne tida av døgeret, bortsett frå at han rekna med det var vakter her og der, og patruljebilar frå private tryggleiksfirma. Men ingen å sjå. For alt han visste var han mutters åleine her mellom dei høge piggrådgjerdene og dei mørke vindauga.
Det var eigentleg merkeleg at han hadde teke vegen hit. Han skjøna ikkje heilt kva han skulle.
Han køyrde litt rundt. Det var framleis varmt, sjølv om det var blitt mørkt. Men temperaturen var på ein måte annleis her. Det lukta gummi, metall. Lufta var full av støv, skarpe lukter av saker han ikkje kunne setja namn på. Ei gjennomborande lukt av einsemd, av noko som ikkje var.
Til slutt kom han ikkje lenger. Han hadde køyrd inn på ein open plass, stor som ein parkeringsplass. Kring plassen var det høg netting. Rett framfor han enda alt saman i ein solid port.
Ikkje godt å seia kva dei dreiv med her.
Produksjon av eit eller anna. Noko teknisk.
Han stirde på porten, på den enorme kasseliknande bygningen innanfor. Plutseleg kjende han seg åleine som aldri før. Han likte seg ikkje. Kjende korleis sveitten hadde lagt seg som eit lag innafor t-skjorta. Han skrudde på radioen. Noko gammal jazz. Ei dame. Noko han hadde høyrt før. God bless the child…
Foten trakka på gasspedalen medan motoren heldt fram med å gå på tomgang.
Trakka ned.
Han sat slik og trakka medan han stirde stivt på porten.
Nokon ville ikkje ha han inn.
Han trakka til motoren brølte. Som eit fly.
Det var berre å hiva bilen i gir og køyra.

onsdag jun 17, 2009

Min engel

Ein engel er med meg
i all mi ferd
Eg ser han ikkje
men veit han er der
Kjem regn, kjem oske
han er framleis her

Kva vil han meg,
han er der trass alt
Om enn eg snåva
og datt og falt

mandag jun 15, 2009

Vind

 

Den vesle landsbyen i teksten ein laurdag ettermiddag i august 2007, nett etter at eg hadde vore innom daglegvarebutikken oppe i gata og handla inn ei flaske whisky, med kyrkja i bakgrunnen - Castlebay på øya Barra, dei ytre Hebridane. Orsak at eg seier det, men som resten av dei ytre Hebridane er det ein gudsjammerleg plass. Nett noko for ein som meg...  Les her:

Han hadde budd i den vesle landsbyen nokre veker, men han hadde aldri besøkt kyrkja som låg på toppen av berget. Det var eigentleg ikkje godt å seia kvifor han ikkje hadde gjort det, for det fanst knapt andre stader å gå. Han hadde kome hit for å vera i ro, åleine. For å finna fram til noko.

Det var ein stille stad. Ei gate ned mot hamna, med butikkar på den eine sida. Nokre laushundar, måkeskrik. Fiskebåtar som låg og duppa og danna ein skog av mastar. Kald vind frå Atlanterhavet. Eit vertshus der han hadde leigd seg eit rom i andre etasje, på baksida, slik at han ikkje høyrde stort til surret av røystar frå puben om kveldane. Frå takvinduet kunne han skimta berget, men ikkje kyrkja. Det var elles ikkje noko stort rom, men han hadde det han trengde - ei seng og ein vask, ein stol og eit bord der han kunne sitja med skrivesakene sine. Ein telefonkontakt i veggen. Maten åt han anten i puben eller på kafeen nede i hamna. Etter måltida hendte det at han rusla ein tur innetter vegen og ned til sandstranda utanfor landsbyen og vart ståande og sjå på brenningane. Det var haust, ingen tok nokon notis av han.

Dagar kom og gjekk.
Han hadde byrja å falla til ro.
Det var særleg dette at han gleid så umerkeleg inn i lokalsamfunnet som fekk han til å slappa av. Han hadde vore spent på det i førstninga. Men uansett kvar han kom, når han gjorde sine små innkjøp i butikkane, eller hadde andre ærend, så var det berre som det skulle vera. Ingen lot til å reagera på språket hans heller, endå han stundom måtte leita litt etter dei rette orda.
Landsbyen lå på sørspissen av ei øy. For å koma til øya fanst det to vegar - anten med båt frå fastlandet, ei lang og tung sjøferd, eller den raskare vegen - med eit lite fly frå British Airways som landa på sandstranda to gongar i veka,  når vatnet stod lågt. Det var slik han hadde kome hit, på den raske og ganske risikable måten. Med ein  trillekoffert og ei pc-veske.
Og no hadde vekene gått.
Arbeidet gjekk trått, men det gjekk. Trutt og jamnt kvar dag. Av og til var han redd for at rutinen ville innhenta han her også. Smått om senn ville det nok skje. Men framleis var alt nytt, han fann dei kreftene han var kome for å henta.
Det var lite å sjå kring landsbyen, anna enn sandstranden og forblåste lyngheier. Og det var ikkje mykje å sjå i sjølve landsbyen heller. Nokre gongar kunne han bli ståande og prata litt med dama som dreiv den eine daglegvarebutikken då han stakk innom for å kjøpa brød eller ei flaske whisky, ho var frå Canada og ein framand her som han - skjønt, framand var vel kanskje ikkje rette ordet. Det var fleire av dei lokale innbyggjarane som han trefte regelmessig på gata som hadde byrja å helsa på han, korte nikk som oftast, korkje vennleg eller uvennleg, berre for å visa at dei kjende han att og at dei syntest han var verd eit nikk, men ikkje desto mindre var både han og kvinna frå Canada innflyttarar til staden - og det gav dei begge ei slags kjensle av fellesskap. Når han rusla attende til vertshuset med whiskyflaska i lomma, innpakka i papir, pla han kjenna ei slags glede, ei indre oppløfting, etter samtala med den kanadiske kvinna og utveksling av røynsler og synspunkt. Det var kjærleiken som hadde brakt henne hit, sa ho alltid. Ho vart gift med ein mann frå øya, dei hadde drive butikken saman, no var han død.
Og han sjølv, kva var det som hadde brakt han hit?
Kanskje ein slags kjærleik, det også. Til arbeidet, til sanninga. Til beste for menneskeslekta. Faktisk. Om prosjektet lukkast.
Eller kva låg eigentleg bak?
Han slo tanken frå seg. Kva som helst kunne liggja bak. Men han ville ikkje spekulera i det. Det hadde ikkje noko å seia for resultatet.
Han prøvde å finna fram til ei regelmessig arbeidsrytme. Stansa arbeidet når helga kom, gjekk litt nede i hamna, på stranda, på puben. Men aldri opp på berget. Sundag morgon låg han lenge, vakna og låg under teppet og lytta til bilar som køyrde forbi utanfor, på framsida av vertshuset, eller til dei fjernare brenningane som kasta seg inn over stranda i skumkvite byks, eller til hundeglam eller alle dei andre små lydane frå livet på utsida. Dette vesle livet som trass i alt ikkje var hans.
Sundagen var fri. Han bestemte seg for at han ville bruka dagen til ingenting.
Først då kyrkjeklokka på berget slutta å slå for andre gongen stod han opp og rusla ned trappa for å få seg noko mat.

Ein kveld kom han i prat med ein av dei lokale på puben. Han hadde byrja vanka der fast, sette pris på ein øl eller to eller eit glas whisky, eller øl og whisky, når han var ferdig med arbeidet sitt for kvelden.
Innbyggjarane i landsbyen hadde vist lita interesse for han - påfallande lita interesse, tenkte han stundom. Det hadde teke si tid før nokon kom bort for å slå av ein prat. Mannen var ein typisk representant for staden - kraftig, med digre arbeidsnever, eit ærleg og direkte blikk i dei brune augene, raudmussa hud, med noko udefinbart i tonefallet, som om han styrte samtala målmedvite mot eit bestemt mål som han hadde ein eller annan tanke med.
- Ein øl til?
- Eh… ja. Men eg kan…
Mannen veifta med handa. - Nei, nei. Det same?
- Jo, men eg kan… sjølv.
- Bitter?
Han gav seg. - Ok. Takk.
- Miss, ropte mannen til jenta bak disken.- To bitter.
- Dei kjem.
Mannen snudde seg nøgd, lente ryggen mot kanten på disken. Puben var halvtom denne kvelden - eller halvfull, alt etter korleis ein såg på det. Han bestemte seg for det siste.
Glasa kom.
- Skål.
- Skål.
Dei drakk. Han hadde byrja setja pris på bitter.
- Så, sa  mannen og turka noko av skummet som sat att på fingrane av på buksebeinet. Han førte handa opp på magen og falda den saman med den andre handa, fletta fingrane inn i kvarandre. All verdas ro.
Så mykje eg skulle gjeve for å eiga ei slik ro.
- Så, sa han. - Du er han norske?
- Ja, det stemmer. Eg er vel det.
- Likar du deg her?
- Ja. Det er triveleg her.
- Det kan du ikkje meina.
Han såg forvirra på mannen. - Jo, eg meiner det. Folk verkar lukkelege her.
- Vel, sa mannen  og tok ein solid slurk. - Om dei gjer det, så er det fordi dei ikkje tenkjer. Fordi dei ikkje har noko val.
- Vel…
- Og du skal reisa herfrå ein gong. Du planleggjar vel ikkje å bu her for alltid?
- Vel, nei.
- Der ser du.
Dei drakk begge.
- Kva gjer du her? Eg ser du går lange turar ned på stranda og litt i butikkane, men bortsett frå det er du ikkje å sjå.
- Eg held meg ovanpå, svarte han. - På rommet mitt.
- På rommet ditt?
- Ja. Han drakk att, kjende at han var på veg til å bli berusa. På den gode måten. - Eg skriv.
- Å, sa mannen. - No skjønar eg. Du er forfattar. Du har kome hit for å få inspirasjon, vera i fred.
- Eh, ja. Noko slikt.
- Kva skriv du på, då? Ein roman?
- Nei. Ikkje noko slikt. Vitskapshistorie.
- Vitskapshistorie?
- Ja, det vil seia… boka er skrive. Eg skal berre reinskriva manuskriptet. Men det er stort, det tek tid. Og eg sjekkar stadig opp referansar og opplysningar.
Mannen snudde seg mot disken og sette glaset frå seg på disken. Det mørke innhaldet duva sakte frå den eine sida til den andre. -  Her? Dei har ikkje eit faens folkebibliotek på denne plassen.
- Via internett.
- Internett? Vel, slikt har eg ikkje greie på. Kvar får du det frå?
- Telefonen.
- Å.
- Men det er ikkje så ofte. Det er mest reinskriving og redigering.
Mannen gjorde eit skuldertrekk. - Å, pokker.
Det var stilt mellom dei. Dei snudde seg slik at dei kunne stå og betrakta dei andre gjestane på puben. Det var berre lokale, turistar såg dei lite til her - og slett ikkje no om hausten. Mannfolka sat og prata roleg og vennleg med kvarandre. Kva snakka dei om? Han hadde ikkje den fjernaste aning. Kvardagslege ting, gjekk han ut frå. Men vart dei aldri leie av kvarandre, av dei same historiene, dei same synspunkta, dei same minna, år ut og år inn? Eller var det nett det som var poenget?
Dei måtte jo ha noko å gje kvarandre.
- Ser du mykje ungdom her?
- He? Nei, berre eldre folk. Eg meiner, vaksne.
- Der ser du.
- Kva då?
- Ungdommen flyttar sin veg. Dei kan ikkje gje seg til her. Ingenting for dei å gjera på ein stad som dette.
- Nei, du har vel rett i det.
- Og du kan også berre reisa. Når du er ferdig med ditt her.
- Jo. Det stemmer. Ein til?
- Kva då?
- Øl.
Mannen rista på hovudet. - Nei. Ein annan gong. På tide å ta kvelden.
Han trekte på skuldra. - Ok. Ein annan gong. Takk for glaset.
- Å, det.
Mannen trykte sixpencen på houvdet og gjekk.
Sjølv gjorde han det same eit par minutt seinare.

Dagen etter måtte han tenkja seg om før han hugsa at det var ein tysdag.
Han hadde vakna tidleg. Og det var ein tysdag. Det hadde ingenting å seia for han kva dag det var, om det då ikkje var sundag. Men heime ville det gjort det. Heime ville tysdag ha noko anna å seia enn måndag eller onsdag. Han stod opp og gjorde dei vanlege tingene. Ein time seinare var han klar til å ta fatt på arbeidet.
Men noko var blitt vekke.
Han visste at det skuldast nervar. Samtala med den lokale mannen på puben i går kveld hadde uroa han. Det var ingen grunn til det, det var berre nervar. Men likevel. Mannen hadde peika på ei sak. Han høyrde ikkje til her. Han var berre på gjesting. Han hadde kome hit med ein jobb som skulle gjerast, så ville han dra sin veg.  Han stod utanfor.
Det var ein grå dag, med eit og anna innslag av regn i lufta. Han lot pc'en stå urørt, tok på seg jakka og gjekk utanfor.
Ein iskald vind feide gjennom gata ned til hamna. Det var kvardag, seint på hausten - han gjekk i ein gate i eit framand land. Frå hjørnet nede på hamna kunne han sjå opp mot den vesle skulen. Borna var ute og sprang, det var friminutt. Sjølv her, på ein avsides stad som dette, gjekk borna i skuleuniformar. Han rusla bortetter vegen, forbi hamna og utover mot stranda.
Ein annan stad, i eit anna klima, ville det vore ei praktfull badestrand. Brenningane tordna. Han gjekk ut på sanden, bortover langs sjøen som trekte seg att og fram. Stansa ei stund og lytta til den svake fresinga av bobler som sprakk. Havet er den verkelege landevegen, tenkte han. Herfrå var det ingenting som kunne hindra han i å reisa lukt til Kina, om han ville. Han sette seg på huk og bora handa ned i den mjuke sanden, lot den sildra ut att mellom fingrane. Sand var ei samling små partiklar av finmalt stein og bergartar. Sand fann ein gjerne der vatn eller vind tærer på grunnfjellet, samstundes med at mykje rørsle i landskapet hindrar danning av eit jordsmonn. Ein definisjon på sandkorn seier at dei har ein diameter på mellom 0,002 og 2 mm. Større partiklar gjev grus, medan mindre gjev silt. Slitte sandpartiklar bind seg dårleg til kvarandre og er lause å gå i.
Slike ting visste han.
Og som at sand kunne nyttast som råstoff til glas.
Han gjekk sakte frå den eine enden av stranda til den andre. Såg seg over skuldra, såg at fotefara hans vart viska ut av vinden i den mjuke sanden. Han hugsa ei novelle han ein gong hadde lese. Ei kvinne hadde vandra på ei sandstrand nedanom eit hotell der ho budde saman med mannen. På stranda hadde ho møtt ein mann. Ho visste at det var noko kjent med han, og - ja, det var Picasso. Han rita bilete i sanden med ein stokk. Fantastiske figurar. Frå seg av begeistring sprang ho opp på hotellet og henta mannen. Men då dei kom ned att hadde Picasso gått, og tidevatnet hadde vaska vekk figurane.
Frå den andre enden av stranda kunne han sjå landsbyen som ein miniatyrby. Husa klumpa seg saman på slettelandet, låge og mørke under ein vid himmel. På denne avstanden såg han kor nøye kyrkja på berget hang saman med resten av staden. Folka som levde her på øya var katolikkar. Det kunne ein ikkje unngå å leggja merke til. I vegkantane stod helgenbilete i små opne kassar. Sett herfrå verka det heile ganske uvedkomande. Ein slik stad ein kunne passera utan å ta noko større notis av. Gløymd i neste augneblink. Og likevel fanst det menneske som levde sine liv her. Det måtte ein aldri gløyma.
Kva med han sjølv? Staden han sjølv hadde forlate, reist frå? Og henne?
Han var langt frå heimlandet, men butten av så mange slags band.
Enn om han kutta dei over…?
Han stakk hendene djupt ned i lommene på jakka og gjekk fortare i sanden.
Stirde framfor seg medan han gjekk.
Eg veit mykje om mykje, tenkte han. Eg har skrive eit heilt verk om vitskapens historie. Eg kjenner vitskapsdisiplinane. Den samla kunnskapen om verda er enorm. Så mykje me veit. Men jorda er ein einsam stad. Om me går mot katastrofen er det ingen der ute til å stoppa det, ingen til å gripa inn - ingen til å sjå det. Me er åleine på denne kloten, i eit mørkt og tomt univers.
Eg er eit einsamt menneske.
Eg høyrer ikkje heime her.
Eg høyrer ikkje heime - der heller.
Eg vandrar som ein død mellom døde.
Eg har koma hit for å fullføra eit arbeid, bu i fred nokre veker, få høve til å konsentrera meg. Kvifor vert det likevel til at eg er oppteken av kva folk her synest, kvifor søkjer eg inn til dei?
I det same hadde han bestemt seg.

Han merka korleis vinden tok tak i lua hans då han kom opp på toppen av berget. Det gjekk ein bratt trapp opp skråninga. Han stansa andpusten på toppen, drog den friske vinden ned i lungene. Nokre sjøfuglar sigla på skrå over den grå himmelen, strevde for å halda kursen langsmed sjøen.
Hit opp kom folk ikkje berre om sundagen. Mange kom hit kvar dag, til kveldsmesse. Han kasta eit blikk på armbandsuret. Det var framleis midt på føremiddagen. Her oppe frå kunne han sjå biltrafikken nede i hovudgata som strekte seg frå hamna, den vesle trafikken som var. Folk som gjekk til og frå, øya si einaste rutebuss som stod parkert på sin faste plass nedst i gata. Kvar og ein oppteken med sitt.
Han snudde seg og gjekk bort til kyrkja, trykte ned dørhandtaket. Sjølv om han visste at kyrkja aldri vart låst greip han seg sjølv i å kjenna seg overraska då døra gleid opp. Frå døra kom han rett inn i kyrkjerommet. Det var ikkje slik han hadde venta. Det var romsleg og kvitt og med god plass. Ingen helgenbilete, ingen prangande jomfru Maria-bilete heller. Det var ei overraskande tom kyrkje i høve til kva han hadde venta seg.
Han gjekk fram midtveges og aka seg inn på ein benk på venstre side.
Etter ei stund høyrde han det gjekk i døra. Han snudde seg halvveges. Ein mann hadde kome inn i kyrkja. Han såg at mannen skvetta vievatn i andletet og bøygde kne i midtgangen. Det var den same karen han hadde kome i prat med på puben kvelden før.
Mannen nikka og sette seg innmed han.
- Hei.
- Hallo.
- Tenkte eg ville finna deg her, sa mannen.
Han snudde seg og såg spørjande på han. - Å, korleis det?
- Dei plar enda opp her. Til slutt.
Han sa ikkje noko til det. Visste ikkje noko å svara.
- Du er ikkje katolikk, er du vel?
- Nei. Ingen er katolikkar der eg kjem frå. Mest ingen.
- Her er alle det.
- Ja, eg veit.
- Er det difor du aldri har vore her? I kyrkja vår?
- Ja, sikkert.
- Men no kom du.
- Ja.
- Om Jesus hadde kome tilbake... byrja mannen. - Eg meiner, eg veit ikkje om han hadde kome hit. Om han ville vore katolikk, meiner eg. Kva trur du om det?
- Eg veit ikkje. Kanskje ikkje.
- Ikkje for det, mumla mannen. - Eg veit ikkje kva eg skal tru. Jau, eg kjem inn her, bøygjer kne og alt det der. Mest ein skikk, gammal vane. Eg meiner, livet er underleg, det er ikkje det. Ikkje sant, det kan då ikkje ha oppstått heilt av seg sjølv… livet, universet og… alt mogleg? Det må då vera noko? Me veit då ikkje alt…?
Han snudde seg og så på mannen frå sida. - Korleis visste du at eg ville koma hit?
Mannen trekte på den eine skuldra. - Berre sånt ein veit, som eg sa.
Eg gjer det, tenkte han. Eg blir.
- Eg miste kona i fjor, sa mannen. - Eg får henne aldri att…  
I det same gjekk det eit kraftig vindgufs oppe under det høge kyrkjetaket. Det høyrdest ut som brak av kuling i eit blafrande segl. Om att og om att. Han falda hendene i fanget og løfte hovudet.

Han visste kva vind var.
Vind er delvis horisontale luftrørsler i atmosfæren, som kjem av ujamn oppvarming av jorda si overflate. Vind oppstår når luft strøymer frå området med høgt trykk til området med lågt trykk for å jamne ut denne trykkskilnaden. Corioliseffekten fører derimot til at lufta ikkje strøymer i rette linjer mellom dei to trykksystema, men følgjer sirkulære banar inn mot lågtrykkssenteret. Vind kan klassifiserast ut frå vindstyrke eller det geografisk området dei oppstår i. Det finst global vind som eksisterer mellom dei atmosfæriske sirkulasjonscellene. Eit døme på slik vind er jetstraumen eller passatvinden. Det finst vind på synoptisk skala som kjem av trykkskilnadar mellom to luftmassar på midlare breidder, og det finst vind som oppstår av topografiske forhold. Mesoskala vind er vind som oppstår på lokal skala, t.d. i samband med kraftige regnbyger. På den minste skalaen har ein mikroskala vind som kan blåse frå ti til hundresvis av meter og vere svært uforutsigbare, som t.d. støvkvervlar.

Sjølvsagt visste han slik ting.
Men denne vinden var annleis. Denne vinden tydde noko anna.
Vinden bles kvar helst han vil.
Og alt er jag etter vind.
Vinden talte til han i det sjuande språket.
Det språket som sjølv Gud måtte lytta til.
Han  venta mest at vinden ville gripa tak i seglet og føra dei avgarde for alvor.
Han bøygde hovudet og visste mest ikkje kor lenge han hadde sete slik. Då han vakna og kom til seg sjølv att var det som om alt var annleis, som om han såg seg sjølv og alt anna for første gong.  Det varte berre ein augneblink.
Mannen hadde gått.
Då han kom ut hadde det slutta å blåsa.

mandag jun 08, 2009

Du skal venta lenge på ei sanning

Det er ikkje gull alt som glimrar
Dei er ikkje kristne alle som ber
Det er ikkje så galt med alt som svimrar
Dei er ikkje glade alle som ler

Men ventar du ei sanning her
skal du venta lenge

 

lørdag jun 06, 2009

Dei kvite solveggane

Dei kvite solveggane
som tok farvel om hausten
som sa takk for no
og såg meg mildt av stad
- dei er berre eit minne no

Eg hadde håpa at vindauga
ville seia meg noko
men det gjer dei aldri

Folka har gått inn for kvelden,
endå det er lyst framleis

lørdag mai 09, 2009

Morgon på folkemuseet

 

Trykk for større format
Foto: madsi http://madsi.net/index.php

Ein dis kring husnovene
Det er tidleg morgon framleis
Enno har ikkje trafikken nede i sentrum
teke seg opp
På folkemuseet går ingen
Hardingfela har stilna
Nokon har dytta isopor oppunder
dei fuktige takhellene

 

torsdag mai 07, 2009

Å, du regntunge skog

 

Trykk for større format
Foto: madsi http://madsi.net/index.php

 

Å, du regntunge skog
Så bitter ei sorg!

Kan eg sona denne
verdas synder -
berusa av vind og duft av brake?

 

mandag mai 04, 2009

Spinoza og svigerfar

 

Trykk for større format
Foto: madsi http://madsi.net/index.php

 

Spinoza sa at sjølv steinen viser vilje til
å berga seg sjølv -
strittar imot å bli knust

Svigerfar lærte meg kunsten
lette slag
ei lett slegge
då knuser du steinen

 

tirsdag apr 28, 2009

Hund med stein

 

Trykk for større format
Foto: madsi http://madsi.net/index.php

 

På ei heilag øy
vest i havet
møter eg ein hund
- og jomfrua smilar i vegkanten

Her finst ingen pinnar
Og ein hund er berre
ein hund

Eg kastar ein stein
dei er det nok av

 

mandag apr 27, 2009

Eg er meg

 

Trykk for større format
Foto: madsi http://madsi.net/index.php

All denne tida
Alt dette lyset
Alle desse dagane
All denne vinden
Alt dette som ikkje
finst meir

Eg er midt i tida
Eg er midt i lyset
Eg er midt i alle desse dagane
Eg står i vinden
Og var meg

 

torsdag apr 23, 2009

Skuffande bibliotekmelding

Det var kanskje ikkje anna å venta, men likevel hadde eg venta det - venta og håpa på betre kår for folkebiblioteka her i landet. No er Bibliotekmeldinga her. Og kva heiter det ikkje i meldinga: "Det er i alle høve ein føresetnad at dei mål, strategiar og tiltak som det vert gjort framlegg om i denne meldinga, skal kunne dekkjast innanfor dei gjeldande budsjettrammer."

Med andre ord, alt blir meir eller mindre det same som før. Noko pengedryss over folkebiblioteka er det liten grunn til å rekna med ut frå ei slik formulering.
 
Noreg er ein biblioteksinke, ikkje minst om me samanliknar oss med dei andre nordiske landa - eller meiner kanskje Kulturdepartementet at biblioteka får nok pengar - det er berre det at biblioteka driv for dårleg?

 
© Knut Rage