Bokliste


 

Knut Rage


Eit hundeliv

 
fredag okt 09, 2009

Det heimsøkte huset på Lund

 

På veg over øya Yell (!) på Shetland i august  køyrde me forbi det heimsøkte huset Lund House, der det ikkje har budd folk sidan 1947. Det vert sagt at Djevelen sjølv sette merket sitt der! Soga er den gode gamle: på 1800-talet vart ei tenestejente gravid med sonen i huset, det kunne sjølvsagt aldri bli noko av og ho styrta seg utfor og tok livet av seg. Sidan den tid har det spøkt i huset. No står det altså tomt...  Det slo meg at som ved ein skjebnens ironi er det faktisk den skrømtande tenestejenta som til slutt vart husfrua på Lund.   PS. Eg treng vel ikkje seia at eg er ein hund etter heimsøkte hus og triste viser, vind og regn og whisky.

Å, kor kjærleiken kan råka
i det heimsøkte huset på Lund
Djevelen sjølv sette merket sitt
i det heimsøkte huset på Lund

Det var den gamle soga
om elsk og svik og kjærleiks frukt
Du veit, den gamle soga
om elsk og svik og kjærleiks tukt

Ei tenestejente var ho
og ho tente i huset på Lund
Og han var son til herren i huset
son til herren på Lund

Og ho elska han og gav han alt
alt kva ho fann av gåver
Og han elska ho att
slik som du ser dei travar og snåver

Så vart det då den gamle soga
om elsk og svik og kjærleiks tukt
Du veit, den gamle soga
om herremanns son og forboden frukt

Så styrta ho seg frå tårnet
i det heimsøkte huset på Lund
- tenestejenta som svor på at ho ein dag
skulle for alltid bli frua på Lund

 

Kommentarer:

Knut
Fortellerstemmen er solid som grunnfjellet.
Liker godt det du deler her.
:)
jan-otto

Skrevet av Fauske , 00:42, lørdag 10. oktober 2009 #

Jeg liker dine glimt fra de gamle besittelser i vest.

Alt jeg har fra Færøyene fikk jeg i sommer, i det jeg hadde glemt å slå av mobilen på flytur fra Oslo til Reykjavik:

"Welcome to Faroese Telecom network. Have a pleasant stay in the Faroe Islands"

Og et sug i magen etter et glimt av den forrevne men utrolig grønne nordkysten av øygruppa.

Skrevet av Skarstein , 11:24, mandag 12. oktober 2009 #

Fauske - Det vart litt vel mykje whisky då eg skreiv desse linene. Prøver å lasta opp eit bilete av det heimsøkte huset, men ikkje pokker -same kva eg prøver.

Skarstein - Du kommenterte også det vesle glimtet frå ei båtgrav på Balladoole for nokre veker sidan her på FB. Ei fyldigare og meir seriøs skildring frå same staden finn du i siste nr. av Historie, der eg har skrive ein lengre artikkel om norrøne gravfunn på vikingøya Man.

Skrevet av Rage , 20:11, mandag 12. oktober 2009 #

Det skal jeg - takk for tipset.
Jeg har og skrevet i Historie som tøtsjer Isle of Man... om en annen slags"viking" som ble holdt der 1941-1945 mot sin vilje... Kan man se noe til interneringsleirene fra andre verdenskrig der fremdeles?

Skrevet av Skarstein , 11:16, tirsdag 13. oktober 2009 #

glemte URL: http://skarstein.no/buskoHistorie.pdf

Skrevet av Skarstein , 11:16, tirsdag 13. oktober 2009 #

Haha - ok, ser nå at jeg faktisk ikke omtaler at Devold ble plassert på Isle of Man i den artikkelen - det var i en engelsk utgave av samme saken som gikk i Polar Research samme år. :) ANYWAY! Nå skal jeg være stille.

Skrevet av Skarstein , 11:21, tirsdag 13. oktober 2009 #

Både fin historie og dikt!
Øh, hva betyr "snåver" montro?

Skrevet av Martin , 11:43, tirsdag 13. oktober 2009 #

Snåver/snåvar - snublar
Altså kjærleiken gjør deg ør, blind, dum, du snublar rundt omkring

Skrevet av Rage , 18:03, tirsdag 13. oktober 2009 #

PS No fekk eg endeleg lagt ut eit bilete også - ikkje verdas beste

Skrevet av Rage , 18:04, tirsdag 13. oktober 2009 #

Skarstein - Ok. Nei, interneringsleirane der veit eg ikkje noko om - det er ikkje mitt bord. Men interessant.

Skrevet av Rage , 18:07, tirsdag 13. oktober 2009 #

Ahh, herlig Dikt
og et herlig hjemsøkt
Lund House, jeg og
elsker slike historier
og besøker gamle hus !

Skrevet av Zamoyski , 21:07, tirsdag 13. oktober 2009 #

Knut
Whisky er godt,og bildet er absolutt tydelig nok.
Ble det tatt sammen med litt whisky.(tuller litt, og bildet gir absolutt en god bakgrunn til/for teksten).
:)
jan-otto

Skrevet av Fauske , 21:10, tirsdag 13. oktober 2009 #

Smoky taste of peatbog blowing down the throat

Skrevet av Thymallus , 16:42, mandag 19. oktober 2009 #

Synest peat luktar herleg, eg - som myr, turka eller røyk

Skrevet av Rage , 19:50, mandag 19. oktober 2009 #

Skriv en kommentar til innlegget:

For å kommentere må du være innlogget.
 
© Knut Rage