Bokliste


 

Knut Rage


Eit hundeliv

 
onsdag jul 08, 2009

Ein sakte død

 

Då han såg henne stå på den andre sida av gata, med ryggen til, oppteken  med å sjekka saldoen i minibanken, tok ho til å bli borte for han.  Ho var ikkje lengre kona hans, ikkje henne han hadde kjent så intimt, på mest alle tenkelege måtar - slik han såg henne no, på denne avstanden, var ho berre ei i mengda, eit like anonymt og uvedkomande menneske som alle desse som hasta forbi, på veg til sine eigne gjeremål, utan interesse for andre.

Så lite skal det altså til, tenkte han.
Dei hadde stansa i ein småby, om ein kunne kalla denne vesle staden ein by, då - siste stasjon før den store  vidda. Siste sjanse til å fylla bensin på ei stund, siste sjanse til å handla inn noko  å eta. Siste sjanse til å hoppa ut av bilen og springa over gata for å sjekka saldoen.
Ein høg og tynn mann kledd i dongeribukser og med ein blå caps på hovudet gjekk forbi kona hans på fortauet. I nett denne augneblinken var dei like fjerne og framande for han.
Han tok ein slurk av isteen og såg henne snu seg, børsta håret vekk frå panna i den turre vinden, stikka visakortet i lomma og skunda seg over den traffikerte gata. Det var seint i august, han hadde trudd at turisttrafikken ville ha dabba av innan no, men den vesle tettstaden var stappfull av bubilar og køyrety med tyske og hollandske skilt. Kva fanken er det med desse bubilane? tenkte han. Viss dei har så mykje pengar at dei kan investera  ein bubil, kvifor ikkje heller  bruka pengane på hotell?
Ho drog opp bildøra frå utsida og sette seg inn. Det var ho som køyrde. Det  var ein lang tur, dei bytta på det.
- Vel? sa han.
- Det såg greitt ut.
- Kor mykje då?
- Nok.
- Ja, men kor mykje?
- Eit par tusen.
Han rekna fort i hovudet. - Ja, då held det akkurat. Til hotellet og heim att, meiner eg.
- Trur det.
Ho starta bilen. Han såg på henne frå sida.Ho merka det ikkje, var oppteken med sitt. No var ho nær att. Fylte heile synsfeltet. Ikkje berre ei kvinne på den andre sida av gata som brått hadde vorte ganske uvedkomande. Rart, tenkte han. Eg og mitt, mi livssoge, mitt liv, er ganske uinteressant for alle andre. Og når alt kjem til alt, tenkte han vidare, lever me eit einsamt liv saman, eg og ho.
Ho rygga behendig ut frå parkeringsplassen, styrte ved hjelp av sidespeglane, litt for fort, syntest han. Så var dei framme  ved europavegen att. Det  var allereie smellvarmt i kupeen. Han bøygde seg fram og justerte klimaanlegget.
- Det er eit galleri her, mumla han.
Ho let vera å svinga inn på hovudvegen.
- Ein lokal kunstnar. Trur ikkje me kjenner han.
- Eg kan godt... Bilen vart ståande.
- Nei, eg trur ikkje det. Berre gløym det. Han kasta eit fort blikk i sidespegelen på si side. - Det står ein bil bak oss og ventar.
- Ja, eg ser han.
Ein augneblink trudde han at ho ville bli ståande. Så starta ho bilen med eit rykk. Køyretyet gjorde eit hopp framover så han måtte ta seg for. Han kjende krafta frå alt det som befann seg under panserloket  mot handflata då han tok seg føre på dashbordet.
Ho svingde brått ut på hovudvegen. I løpet av eit minutt var dei ein del av ein kø. Alle saman på veg austover.
- Det var siste sjansen til å fylla bensin på ei stund, bemerka han - noko for seint og ganske overflødig.
- Det veit eg.
- Me har full tank, ser eg.
- Det har me.
Så vart det ikkje sagt meir. Kva var det å seia nett no. Han feste blikket inn i sidespeglen  på si side og betrakta halen av bilar bak dei. Køen gleid jamnt og roleg på veg opp  mot vidda. Den møtande trafikken var hissig. Ein blå Volvo lastebil, med ei tømmerlast på slep, kom dundrande mot dei, raste forbi. Det var lita klaring, likevel tok dei det med den største ro, begge partar, og han ville tru at alle bilar lastebilen møtte på sin veg kom seg velberga fram dit dei skulle.
Men likevel. Det var ikkje mykje om å gjera, tenkte han. Så lite som skulle til før dei kunne bli drept. For kvar møtande forbipassering rekna dei med at livet ville halda fram som før. Dei ville nå fram til turisthotellet som planlagt, om eit par timars tid. Dei ville sykla over vidda som dei hadde snakka om sidan i fjor. Dei ville koma heim att om fire dagar, nokre dagar før dei byrja på jobb att - det ville bli jul, dei ville få fleire borneborn, til slutt kom pensjonen og kanskje dei ville ha kvarandre til dei fylte åtti. Ja, det kom sikkert til å gå slik. Men for kvar møtande bil som kom susande mot dei, særleg dei tunge køyretya, innsåg han kor skjørt livet  var. Det skulle så lite til. Ein uoppmerksam sjåfør, eit illebefinnende, ein ilter veps, ei tankerekkje som krov for mykje, ja, det kunne vera tusen ting. For høg fart. Eller sjølvmord. Han hadde høyrt at det stundom kunne vera slik. At ein styrte rett i døden på det viset. Og reiv andre med seg.
Ein tømmerbil kom mot dei. Braka forbi. Nokre få meters klaring. Det kunne sjå ut som dei gjekk katastrofen  møte. Men dei passerte kvarandre. Kvar gong.
Han våga ikkje nemna for henne kva han tenkte på.
Somme tider tok det berre nokre sekund å døy.
Bilen klatra opp på vidda, saman med ei rekkje andre bilar.
- Trafikken flyt fint, bemerka han.
Ho nikka.
- Du verkar tankefull, sa han.
- Det er eg ikkje.
- Men du verkar slik.
- Fordi eg ikkje snakkar?
- Ja. Kanskje.
- Eg konsentrerar meg om køyringa. Eg slappar av.
- Eg kan godt køyra.
- Nei. Og så: - Eg klarar meg.
- Ok.
Han stirde ut sidevindauget. - Det er jammen flott her. Svære vidder. Eg kunne ha lyst til å stoppa bilen og berre byrja gå og gå.
- Det seier du kvar gong.
- Ja, men.
- Du kunne gjera det skikkeleg ein gong. Eg meinar, i ferien.
- Ja, sa han. - Gå innover vidda. Forsvinna. Bli borte.
- Det er nett det du kan, sa ho. - Det skal så lite til. Du kan ta feil av retninga. Gå deg vill. Det er farleg.
Han kneip augene saman og myste ut bilvindauget. Ein mørk skuggje jaga over den sollyse vidda. Han trong ikkje snu hovudet tre hundre seksti gradar for å vita at vidda var rundt dei alle stader. Det gjekk i den same augneblinken opp for han at verda var stor.
- Verda er stor, sa han.
Ho kasta eit fort blikk på han frå sida.
- Og livet er langt. Eigentleg. Eg meiner, eit minutt er ganske langt, er det ikkje?
Ho sa framleis ingenting.
- Vel... Det gjekk opp for han at han sat der og plapra. Og om det var noko ho ikkje lika, korkje hos han eller andre, så var det folk som plapra.
Difor teia  han. Heldt munn.
Fomla med radioen, fann ein stasjon.
Bilar kom susande imot dei - personbilar, stasjonsvognar, bubilar, lastebilar. Ein motorsykkel. Ho køyrde i jamnt litt over åtti.

Etter ein halv times tid låg vidda bak dei.
Dei tok til å køyra ned i låglandet. Han svelgde. Det hadde teke til med eit eller anna i halsen, det samla seg spytt som stundom gjorde at han måtte kremta og hiva etter pusten. Han freista gjera det så ho ikkje merka noko.
- Ser ut for at me kjem fram tidleg, sa han. Det gjekk opp for han at ingen av dei hadde snakka på ei lang stund. Ein halv time? Det gjorde ikkje noko. Han hadde ikkje merka det, at dei sat slik utan å snakka - det hadde vore godt, om noko. Han kjende det som han vakna opp av noko, utkvilt - og så verda med klare auge. Fargane i vegkantane var annleis, sterke, dei fylte han med undring. Det varte berre ein augneblink.
- Ti minutt att, så er me der.
Det tok nøyaktig den tida. Høgfjellshotellet kom til syne nede i dalen, nedanfor eit belte av høge, rette grantre, brunbeisa, langstrekt, med kvite vinduskarmar og ein romsleg parkeringsplass framfor inngongen til resepsjonen.
Han kunne køyrt lenge enno.
- Her er me, sa han.
Ho svingte inn på parkeringsplassen.
- Halvfullt, konstaterte han.
- Det er tidleg på ettermiddagen.
- Eg trur ikkje det kjem så mange fleire. Det er seint i sesongen. Det var lett å få rom.
Ho sa ikkje noko til det. Han gjekk rundt bilen og vippa opp bakluka, tok kofferten hennar og sette den på bakken. Deretter hans eigen.
Det var svalt og halvmørkt i resepsjonen. Han kunne ikkje setja fingeren på kva det eigentleg var med slike stader, anna enn at det gav han ei kjensle av å vera herre over ein eller annan situasjon, i ei setting der eventyret venta - der han alt var løyst frå det kvardagslege livet.
Bak disken stod ei ung dame av resepsjonstypen - pen på ein usexy måte, kledd i ei blå drakt, lyst hår, velfrisert og sminka, diskret, men like fullt tydeleg.
Han tok seg av innsjekkinga.
Ho peika, smilte. - Rommet er inn døra der, så er det tredje dør til venstre.
Det viste seg å vera meir enn eit rom. Meir som eit lite husvære, med stove, sovekrok, kjøken og dusj og toalett. Det hadde skya til. Frå vindauget hadde dei eit vidt utsyn over landskapet - ei brei elv som snodde seg gjennom bakkar med lyng og småbjørkar. På plenen nedanfor leika to ungdommar med ein stor hund.
Han merka at ho hadde stilt seg tett inntil han.
- Kva slags hund er det? spurde ho.
- Ein samojed.
- Polarhund?
- Noko den retning.
- Den er fin.
- Me hadde ein hund då eg var liten, sa han. - Han vart påkøyrd. Eg hugsar det enno. Han var kvit, nett som hunden nede på plenen. Dei la han innanfor hageporten vår. Eg hugsar det blødde frå munnen på han. Og augene.
- Uff.
Han snudde seg vekk. - Skal me gå ut ein tur?
- No?
- Ja. Det er tidleg på ettermiddagen enno. Me går ein tur, ein times tid. Så går me og får middag her etterpå. Dei har ein bra restaurant her. Eg fekk ein glimt av den frå resepsjonen.
- Då vil eg skifta først.
- Ok. Eg går utanfor og ventar.
Lufta utanfor høgfjellhotellet var skarp og tung på same tid. Himmelen hadde mørkna til med tunge skyer som hang som festningar av bly over fjella. På hovudvegen raste bilar forbi. Parkeringsplassen var på veg til å fyllast opp.
Ei stund etter kom ho ut. Ho bar allversjakka hans i armen.
- Her, ta på deg denne.
Ho hadde rett, det var kaldt.
Frå hotellet gjekk det ein gangsti innover vidda, ein gammal anleggsveg som hadde teke til å gro att. Dei gjekk utan å seia noko. Etter ei stund tok dei i kvarandre og heldt kvarandre i hendene. Det kjendest godt slik. Det var difor dei hadde kome hit.
Vegen førte dei langs eit vatn. Ein djup skrent førte rett ned.
- Sjå kor grønt det er, sa ho.
- Brevatn ser slik ut, svarte han.
- Det kan ha noko med høgda å gjera, nikka ho.
Han gjekk nærare. Sette foten på kanten og stirde ned. Eit iskaldt vindgufs stod han i andletet. Han tenkte brått at han kunne falla. Tumla ned skråningen og rett i vatnet.
Han tok eit steg attende.
- Kva er det?
- Ingenting.
Noko hadde kome over han. Eit glimt av den røyndommen som ingen kan leva med. Ein veit den er der, ein veit at den kjem. Ein veit at alle lever i ei verd av skuggjer.
Han heiv etter pusten.
- Er det noko gale? Ho såg hjelpelaust på han.
- Eg får ikkje luft. Det er som det strammar i halsen. Han bøygde seg fram, gispa. Vart ståande slik. Sakte gav det seg.
- Skal me gå tilbake?
- Eg trur det.
- Kva var det som skjedde?
- Eg veit ikkje.
- Er du betre no? Ho såg bekymra på han.
- Ja. Det går greitt.

Ein gong i løpet av natta søkte dei saman. I sømne, to varme kroppar , varm hud mot varm hud, i mjuke, duvande rørsler som vart borte og ebba ut i mørkret. Ei stund var dei ikkje to, dei ville til kvarandre og vera eitt.
Det var ei meining med det.
Det var ei meining.
Han fekk berre godta den tanken.
Men då dei køyrde heim att måndag kveld dukka angsten fram att. Han visste i det minste ein ting - at han  hadde døden med seg og at den innhenta han, sakte - dag etter dag.

Kommentarer:

Denne novella er knakende god. Jeg har vært inne her og lest den fleire ganger, og den taper ingenting på gjentatt lesing.
Det som har holdt meg fra å kommentere er en følelse av at jeg har lest (og kanskje kommentert) den før. Har du lagt ut denne tidligere? En anna versjon? Eller er det bare hodet mitt som streiker litt? Ikke uvanlig i så fall.

Tilbake til novella. Pussig at det skal så små ting til for å rive med leseren. Tankene hans når han ser på ho, nesten minimalistisk skildra, skaper en trang i meg til å få vite meir. Hva har skjedd, hva skjer, hva kommer til å skje.

Jeg skal ikke sitte her og pjatte, analyser og sånn kan jeg ikke noe med, bare oppsummerer med å si at Dette likte jeg!

Skrevet av Fielill , 07:26, torsdag 9. juli 2009 #

Mogleg at noko av teksten har vore lagt ut her før. Eg skreiv den i 2006, på Rallarvegen (sykkelrute over Hardangervidda) - har liksom ikkje sett på teksten som heilt ferdig, men kanskje eg kan la det stå slik? Takk for at du tok deg tid - og at du likte det!

Skrevet av Rage , 07:54, torsdag 9. juli 2009 #

I mine øyne er den ferdig. Å legge til noe meir er unødvendig. Greit å overlate litt til leseren også, vi trenger tygge litt, ikke bare spise grøt. Veldig bra.

Skrevet av Fielill , 08:58, torsdag 9. juli 2009 #

Denne teksten synes jeg er ferdig. Den er hel. Den er vanskelig å rive seg løs fra. Synes dette er en innertier. Likte den veldig godt.

Skrevet av Fredag , 13:45, torsdag 9. juli 2009 #

Ja, dette ER ei novelle på stødig nynorsk.

Lurer litt på om du ikkje skulle halde litt tilbake opplysinga om at det er kona som står ved minibanken...slik at kvinna liksom ikkje blir plassert med ein gong?

Elles fekk novella meg til å tenkje på Frode Gryttens "Rom ved havet, rom i byen - ei novellesamling vel verdt å lese.

Skrevet av oregano , 14:00, torsdag 9. juli 2009 #

Skriv en kommentar til innlegget:

For å kommentere må du være innlogget.
 
© Knut Rage