Knut Rage
Eit hundeliv
Kamikaze
For Tommy hadde det ikkje nokon spesiell hast. Dei kunne alltids sjå filmen seinare, når dei hadde ete eller noko. Men Roger såg ikkje slik på det. Han hadde noko chips og ein sekspakning med cola, og kvifor kunne dei berre ikkje sjå filmen med det same.
- Den japsefilmen, sa Tommy.
- Japsefilmen, nikka Roger nøgd. - Jævlig bra.
- Sett han før?
- I fjor ein gong. Jævlig bra.
- Ser ikkje slik ut på omslaget. Ser kjedeleg ut.
- Han er ikkje kjedeleg. Her er det action heile vegen.
- Er det sex også?
- Nei. Ikkje sex. Berre action. Aldri sex i desse filmane. Det ville berre øydelagd dei. Harakiri og kamikaze, ikkje sant. Dei slagsmåla. Det er ei scene der ein fyr får spretta opp magen. Det berre spruter ut. Den styrten. Eg lo då eg såg det. Faen så bra.
- Ok. Har du chipsen, då?
- På kjøkenet.
Tommy gjekk ut på kjøkenet.
- Er faen ingenting her.
- Øvste hylla. Over oppvaskmaskina.
- Ikkje faen.
- Å, herregud. Må eg koma sjølv?
- Der har eg han. Skal eg ta det i ein skål?
- Det held med posen. Er du blitt fin på det?
Tommy kom inn att. - Berre spurde. Ikkje noko anna.
- Ok. Men hald kjeft no.
Roger bøygde seg fram, tok posen og reiv opp han opp i liminga.
- Med chili. Dei hadde ikkje noko anna.
- Greitt nok for meg. Eg er ikkje nøye på det.
- Eg er ikkje noko for chili. Ikkje i chipsen. Men ok. Det var det einaste dei hadde. Faens butikk, når du tenkjer på det. Dei har aldri noko. Men det er vel ikkje så lett for den jævelen heller. Eg meiner, dei store driv og tyner dei små, ikkje sant. Skal vedda på at det ikkje vert lenge før han går dukken. Det kan du banna på. Kva vil du ha å drikka? Eg har øl.
- Cola.
- Cola? Eg har øl.
- Eg tek Cola.
- Eg òg. Når du seier det.
Tommy gjekk ut att på kjøkenet. - Liter eller boks?
- Samma faen.
- Boks.
Tommy kom inn att med boks. Ei til kvar.
- Jævlig greitt med desse boksane, ikkje sant. Du slipp å finna knuste glaskår overalt.
- Ja, berre flatklemde boksar. Skal me sjå filmen no.
- Ok.
- Ok.
Tommy rørde på seg. - Skal berre trekkja for gardinet.
- Det treng du ikkje.
- Det skader ikkje.
- Ok.
Det vart litt mørkare i stova no då alt lyset frå gata utanfor forsvann - gatelysa, lysa frå huset tvers over, neonlyset frå reklamen over butikken nede på hjørnet. Samstundes vart det varmare, tenkte Tommy. Det var ei av dei varmaste periodane denne sommaren, det hadde vore tropetemperatur i over ei veke. Når ein snakka om tropetemperatur, hadde Tommy høyrt, så tydde det at det måtte vera meir enn 23 varmegradar om natta. Og det hadde det vore. Det hadde vore så varmt at dei var leie av det. Dei sat der i berre t-skjorter og shorts og sveitta. Det var godt å ha det slik på ein måte. Men det var ikkje naturleg.
Tommy slo seg ned i den djupe lenestolen. Roger hadde starta videoen og lente seg attende i sofaen.
- Denne må du berre sjå, sa han.
- Snakkar dei japansk?
- Ja, for faen. Kva elles. Kamikazeflygarane var jo japanske, ikkje sant.
- Veit du kva eg trur. Dei vart tvungne til det.
- Dei var fanatiske. Dei trudde på det dei gjorde. Dei gjorde det for fedrelandet, ikkje sant. For keisaren. For alt det dei trudde på. Du kan seia kva faen du vil, men japsane er tøffe. Se berre på landet deira. Se deg omkring her i husværet. Kor mykje kjem ikkje frå Japan? Videoen, tv'et. Kameraet. Bilen din, for helvete. Heilt spesielle folk, det der. Dei har alltid gått rett i døden, akkurat som maur. Kasta seg rett på sverdet.
Tommy tok ein handfull chips og tenkte seg om.
- Går maur i døden?
- Gjer dei vel. På ein måte. Det finst krigarmaur, ikkje sant. Sjå no, der kjem det første flyet. Fytti helvete. Styrtar seg berre rett i det amerikanske krigsskipet. Rart dei ikkje vann krigen.
- Dei fekk atombomba.
På videoen snakka dei japansk. Mykje av filmen gjekk føre seg i høgt tempo, men så kom det nokre lange dødperiodar som var heilt jævlige før det tok seg opp att. Tommy vart aldri lei av å sjå på andleta til pilotane akkurat då dei senka nasen på flyet nedover og byrja styrta mot målet i ein fem og førti gradars vinkel, rett inn i døden. Måten dei beit tennene saman på. Det stirrande blikket som aldri veik. Det var menn som visste kva dei ville. At dei gjorde det einaste rette. Som berre såg med forakt på tanken om at dei ikkje ville vera der meir om nokre få sekundar.
Men kvifor i helvete gjorde dei det? Tommy greidde ikkje å bli kvitt alt dette som vasa rundt i hovudet hans. Var dei tvungne til det? Hadde dei familie, kone, ungar, kjæraste? Gjorde dei det for å vinna heider og ære? Gjorde dei det for å oppklåra noko i dei aller siste sekunda?
Då filmen slutta var det blitt uuthaldeleg varmt i stova.
Roger sat og fikla med fjernkontrollen, surfa frå den eine kanalen til den andre. Alle desse menneska som flimra fram og vart vekke att.
- Trur eg vil ta ein tur ut, sa Tommy.
- Ok.
- Blir du med?
- Trur ikkje det.
- Ok.
- Blir du lenge vekke?
- Nei. Tenkte berre ein liten tur.
- Stikk du innom kiosken for meg?
- Kva vil du ha?
- Veit ikkje heilt. Berre noko. Meir chips.
- Ok.
Tommy fann bilnøklane og gjekk ut på fortauet.
Det var mest som den svarte plastdelen på nøkkelen smelta mellom tommelen og peikefingeren då han stakk metallet inn i låsen. Og det var heitt som i ein bakaromn då han aka seg inn bak rattet. Det hadde vorte litt meir vanskeleg for mest kvar veke no. Magen var litt større for kvar gong. Den fuktige t-skjorta strauk borti rattet. Han lurte på kor lenge det skulle vera slik. Kor mange kilo han kjem til å vega til slutt. Om han ville koma til å eksplodera ein gong. Han flirte litt ved tanken. Magen ville rivna, all chipsen og colaen og junk fooden ville koma styrtande ut i ein einaste hissig sprut.
Nei, så langt ville det ikkje koma.
Eg døyr før den tid, tenkte han.
Kvelden var enno for ung til at det var noko særleg liv i byen. Han køyrde opp frå sentrum med nedrulla vindauge og ønskte han hadde hatt ei luke i taket, så svingde han ut på motorvegen og cruisa sørover ei stund, heldt jamnt hundre. Olbogen kvilande på karmen. Det var fint å køyra slik. Ein var åleine med seg sjølv. I vest skein enno ein siste rest av sola, farga himmelen raudblå, mørkeblå, blygrå. Bilar kom susande mot han i motsett køyrebane. Folk som skulle ein stad. På nattjobb, på besøk, kanskje nokon som skulle inn til sjukehuset for å føda. Han hadde nyleg lese ein stad at ikkje så reint få front mot front-kollisjonar kom seg av at det var folk som tok livet sitt på den måten. Dei skeina plutseleg over i motgåande køyrefelt og brasa inn i ein bil. Slik vart dei ikkje berre sjølvmordarar, men mordarar også. Massemordarar, til og med. Fy faen, tenkte Tommy. Noko så jævlig.
Det låg ein pickup framfor han. Køyrde sikkert ikkje i meir enn åtti. Tommy dreidde litt på rattet og køyrde forbi. Bye, bye. Eit mørkt hovud inne i den vesle lastebilen. Han følgde det med augene til pickupen heldt på å bli ein miniatyrbil i bakspegelen. Til bilen der bak såg ut som ein leiketøysbil på den breie tofelts køyrebanen.
Noko fekk han til å ta av til venstre då skiltet som varsla om eit industriområde dukka opp. Han svinga vidare til høgre, og der låg staden - ein heil by med digre bygningar, fabrikkar, kontor, lagringsplassar, ein tom by med gater og rundkøyringar, ein stad som låg heilt aude på denne tida av døgeret, bortsett frå at han rekna med det var vakter her og der, og patruljebilar frå private tryggleiksfirma. Men ingen å sjå. For alt han visste var han mutters åleine her mellom dei høge piggrådgjerdene og dei mørke vindauga.
Det var eigentleg merkeleg at han hadde teke vegen hit. Han skjøna ikkje heilt kva han skulle.
Han køyrde litt rundt. Det var framleis varmt, sjølv om det var blitt mørkt. Men temperaturen var på ein måte annleis her. Det lukta gummi, metall. Lufta var full av støv, skarpe lukter av saker han ikkje kunne setja namn på. Ei gjennomborande lukt av einsemd, av noko som ikkje var.
Til slutt kom han ikkje lenger. Han hadde køyrd inn på ein open plass, stor som ein parkeringsplass. Kring plassen var det høg netting. Rett framfor han enda alt saman i ein solid port.
Ikkje godt å seia kva dei dreiv med her.
Produksjon av eit eller anna. Noko teknisk.
Han stirde på porten, på den enorme kasseliknande bygningen innanfor. Plutseleg kjende han seg åleine som aldri før. Han likte seg ikkje. Kjende korleis sveitten hadde lagt seg som eit lag innafor t-skjorta. Han skrudde på radioen. Noko gammal jazz. Ei dame. Noko han hadde høyrt før. God bless the child…
Foten trakka på gasspedalen medan motoren heldt fram med å gå på tomgang.
Trakka ned.
Han sat slik og trakka medan han stirde stivt på porten.
Nokon ville ikkje ha han inn.
Han trakka til motoren brølte. Som eit fly.
Det var berre å hiva bilen i gir og køyra.
Posted at 01:50PM jun 20, 2009 by Rage in Diverse | Kommentarer[4]
Jeg ble fengslet og fikk lyst til å lese mere! Lese mere fra både før og etter film i svett stue og kjøreturen til Tommy.
Du skriver veldig, veldig bra! Imponert over f.eks. samtalen du skaper mellom Tommy og Roger!
Jævlig dritfett, ass! ;)
-og over stillheten og stemningen du skildrer på fra kjøreturen..
Som sagt, jeg får lyst til å vite mere.
Skrevet av SoriaMoria , 11:30, søndag 21. juni 2009 #
Knut
Skrevet av Rage , 20:55, søndag 21. juni 2009 #
Uansett, jeg syns du skriver mesterlig! Du skildrer veldig godt syns jeg hvordan f.eks. en "slack samtale" mellom to unge mennesker kunne ha foregått osv., osv.!
Det er forresten store muligheter for a vi kommer til vestlandet en gang i høst. Min bestefar fyller 90 og vi "må" til Voss en tur. Kanskje vi da er heldige og rekker innom dere? Det hadde vært fint! :)
Klem i midtsommernatten til deg!
Skrevet av SoriaMoria , 22:22, tirsdag 23. juni 2009 #
Det ante eg ikkje.
Men gje lyd.
Skrevet av Rage , 19:22, fredag 26. juni 2009 #