Bokliste


 

Knut Rage


Eit hundeliv

 
lørdag aug 15, 2009

Men mor mi døydde til slutt anten eg ville det eller ikkje

 

Det var søstera mi som ordna med mor mi si gravferd. Eg kom ikkje til byen før sjølve gravferdsdagen. Eg var ikkje der då ho døydde. Eg sa til alle at det angra eg på. Ein skulle vore til stades. Det er jo slikt ein meiner ein bør seia. Men eigentleg var eg ikkje lei meg for det. Eg var glad i mor mi. Ho var ei god mor. Og det sa presten også i tala ho heldt. Søstera mi hadde fortald mykje godt då presten kom heim til henne eit par dagar etter dødsfallet og noterte litt. Om mor mi var det berre godt å seia. Difor kom det etter måten ganske mykje folk i kapellet.
Eg tok avskjed med mor mi eit par månader før ho døydde.
Det var ikkje noko som tyda på at ho snart ikkje skulle leva meir. Men eg visste det. Og ho visste det.
Likevel ville eg ikkje tru på det.
Men mor mi døydde til slutt anten eg ville det eller ikkje.
Seinare sa eg til alle at eg var lei for at eg ikkje hadde sete ved sjukesenga då augneblinken var inne. Men det var altså berre noko eg sa.
- Ho låg berre der, sa søstera mi. - Plutseleg merka eg at ho ikkje pusta meir. Ho låg berre heilt stilt med halvlukte auge og stirde nedetter. Ho var brått blitt vekke utan at eg merka det.
- Det er underleg, sa søstera mi.

Kapellet var kvitt og ikkje særleg stort. Dei tjukke murveggene tok vekk alle lydar utanfrå. Kista var det kvitaste av alt. Og så smal, tykte eg. Det var umogleg å tenkja seg at mor mi låg inne i denne smale kista. Då me bar henne ut til grava var det endå meir umogleg å forestilla seg. Endå handa mi berre var 20-30 cm frå hovudet hennar. Difor sa eg ikkje farvel.
Eg hadde sagt farvel på trappa heime for fleire veker sidan.

Den dagen mor mi døydde kom ein bokmeldar for å låna pc'en min.
- Eg trur eg slaktar denne boka, sa han.
- Gjer som du vil, sa eg. - Men eg synest boka var bra.
Telefonen attmed vindauget ringde.
Det var søstera mi, på mobil.
-  Mor er død, kviskra ho
- Eg står attmed sjukesenga.
Og eg sa det til bokmeldaren.
Og han sa: - Skal eg gå heim?
- Nei, sa eg.  - Du kan like godt skriva ferdig.
Etterpå åt eg opp resten av av det som var att i kjekspakka hans.

Mor mi døydde tidleg på hausten. Det var varmt i veret, strålande solskin. Ei humle slo seg ned i ei rose på kista.
Kring kyrkjegarden summa det av liv. Alle stader.
To pakistanske kvinner med kvar si barnevogn rusla bortetter fortauet på hi sida av det låge steingjerdet.
Eg tenkte på kor stor byen vår eigentleg var.
- Du veit at dette ikkje var den einaste gravferda i dag, sa eg til søstera mi etterpå, då me rusla bort til parkeringsplassen. - Det er fleire gravkapell og kyrkjer i denne byen. Det har vore mange gravferder i dag. No gjer dei alt i stand til ei ny.
Eg veit ikkje om ho skjøna kva eg meinte.
Men for meg var det ein god tanke.

Kommentarer:

Knut
Det er noe med varheten og nærheten i tekstene dine.
Knut,dette er inderlig godt skrevet.
:)
jan-otto

Skrevet av Fauske , 14:13, lørdag 15. august 2009 #

Takk, Jan O.
Eg likar også spontaniteten og den personlege kjensla i det du skriv. Diverre er det altfor mykje som legg beslag på tida mi til at eg får kommentert så mange av innlegga her inne som eg skulle ønskja. Men eg les bortimot alt.

Skrevet av Rage , 14:48, lørdag 15. august 2009 #

God, ærlig, nærværende tekst! Om noe jeg for min del begynner å grue meg mer og mer til.

Skrevet av Hamre , 17:22, lørdag 15. august 2009 #

Vakkert.
"Mentalt makabert", kanskje?
Merkelig hvor mange tanker fra alle involverte, som aldri kommer frem når slike ting hender en, men som er der likevel.

Jeg syns du skriver veldig, veldig godt og ikke minst ærlig om noe vanskelig for mange.

Skrevet av SoriaMoria , 18:32, lørdag 15. august 2009 #

Usentimentalt men ekte om den vanskelige døden. Den kommer enten en er forberdt eller ei. Vi slipper ikke unna noen av oss. Når våreste nærmeste er borte, er det vi som står for tur. Og ofte er det verre for dem som står igjen. Om en da ikke er godt forberedt, selv da er det også vondt å miste..

Skrevet av Sirenia , 19:28, lørdag 15. august 2009 #

Fin tekst, Rage.

Skrevet av Tommeliten , 21:15, lørdag 15. august 2009 #

En utrolig flott tekst, som dro meg med til siste ord. Veldig bra og godt å lese. Ligger mye mellom linjene her, føler jeg.

Skrevet av Arthur Mogens Sørensen , 00:04, søndag 16. august 2009 #

Dine tekster er studier i stemninger. Takker for at jeg får lese, Knut. Man blir jo rent rørt av linjene du deler.

Skrevet av Skarstein , 10:14, søndag 16. august 2009 #

;-)

(lest og likt)

Skrevet av FridaK , 10:21, søndag 16. august 2009 #

En stor tekst Knut, takk for at jeg fikk lese den.

Skrevet av Fielill , 12:46, søndag 16. august 2009 #

En lun og stemmningsfylt tekst som berører meg. Har lest den flere ganger, og den fulgte meg til jeg sovnet i går kveld. Takk! :)

Skrevet av Mickeline , 13:44, søndag 16. august 2009 #

Oi, dette var bra. Det er ikke mange som kan få en setning som "Etterpå åt eg opp resten av av det som var att i kjekspakka hans." til å fungere i denne sammenhengen. Men det kan du, Knut. Det er mange andre slike setninger også, som viser en fingerspissfølelse av de sjeldne. De er plassert så hundre prosent riktig, disse setningene, og tonen i dem er perfekt.

Skrevet av Johnsen , 21:11, søndag 16. august 2009 #

Det skulle vore sånn tommel her slik at eg kunne berre gi ein tommel som bekrefting på at eg likar det eg les. Det er vanskeleg å kommentere slike tekster synest eg, men likar godt det eg las her Rage

Skrevet av AG , 21:40, søndag 16. august 2009 #

Takk for gode kommentarar, alle saman!

Skrevet av Rage , 16:24, mandag 17. august 2009 #

Dette var en vond og vakker tekst. Og jeg kjenner tomheten helt inn.

Glitrende!

Skrevet av Skywalker , 16:54, mandag 17. august 2009 #

Jeg har vært innom noen ganger og startet å skrive noe, men finner ikke noe annet vettugt enn at dette er praktfull lesing - helt ned til siste smule kjeks.

Skrevet av Arthur , 17:40, mandag 17. august 2009 #

Leste denne i går. Spesielt godt språk og gripende innhold, Rage. Denne berørte meg.

Skrevet av MarianneT , 20:56, tirsdag 18. august 2009 #

Sentimentalt, ikkje usentimentalt. Me som ikkje bur heime, eller nær heime meir, ser nok betre kva du skriv enn dei som bur vegg i vegg med ho mor eller han far. Sjølv er eg nærare foreldra enn nokon gong, kanskje av di eg bur så langt frå dei.

Kvart møte tydar noko, kvar gong eg fer tek eg farvell. Me veit a eg kan daude, og dei kan daude, so me held kvarandre litt ekstra i neven.

Rudolph.

Skrevet av Adolph , 06:49, onsdag 26. august 2009 #

Sjølv synest eg denne teksten er noko over grensa for det sentimentale. men for meg er sentimentalitet ein heilt ok ting.

Skrevet av Rage , 10:45, tirsdag 1. september 2009 #

Skriv en kommentar til innlegget:

For å kommentere må du være innlogget.
 
© Knut Rage