Bokliste


 

Knut Rage


Eit hundeliv

 
fredag jul 03, 2009

På stranda

 

Kim og Rune drog ut til stranda denne dagen. Dei meinte dei kunne fortena det. Sidan byrjinga av sommarferien - det som skulle vore ferien - hadde dei jobba trottug på fabrikken. Dei hadde jobba dagskift, ettermiddagsskift, kveldsskift, og i det siste berre nattskift. Nattskifta var fine. No då sommarvarmen var på sitt aller heitaste var det passe temperatur om natta, vindauga stod opne og slapp inn svalande blaff av nattevind, og i matpausen kunne dei sitja på benken utanfor fabrikkbygningen og sjå den aller første byrjinga av soloppgangen over byen. Og heimturen på sykkel gjennom morgonstille gater i sekstida, med fuglekvitter og ein og annan tidleg morgongjengar var berre heilt topp. Jau, det var ikkje noko som slo nattskiftet, det var dei samde om.

Ettersom dei jobba ekstra i helgene var dei nøydde til å ta seg fri innimellom. Som i dag, ein tysdag.
- Me dreg ut på stranda, sa Rune.
Kim drog på det.
- Kvifor ikkje? spurde hin. - Me har ikkje noko betre å gjera på.
- Ok, nikka Kim. - Me er jo kameratar, ikkje sant?
- Det trur eg.
Dei sykla ut til stranda tidleg på formiddagen. Det var mange strender rundt byen. Nokre strender var reine sandstrender, med kvit, fin, mjuk sand kransa av sanddyner, og på desse strendene fann ein mest berre ungdom på ei, hotell på ei anna, småungar på ei tredje osv. Dei valde den stranda som låg aller nordlegast, mest ei mil frå bykjernen. Det var ei flott strand, sjølv om det stundom blåste litt vel mykje, og det var stort sett berre folk i nabolaget som vitja ho, dvs. mest husmødrer og småungar. For to studentar som berre ville vera for seg sjølv var det ein ypparleg stad. Her trengde ein ikkje pretendera noko som helst.
Det var ikkje første gongen dei hadde vore her. Begge to visste om ein ypparleg plass i nordenden. Her kunne dei grava seg ned i ei sandhole og varma seg i sola utan å sjå eit menneske.
Dei var sveitte etter den lange sykkelturen. Begge to vreid av seg kleda, fekk på seg badebukser, litt sjenerte der dei sat med dei bleike kroppane blotta for Gud og kvarmann -  Kim holbrysta og mager så ein kunne sjå ribbeina, Rune på veg til å bli feit. Dei brune augene hans stirde utover den blenkjande havflata bak dei tjukke brilleglasa.
- Det gjeld om å gjera ting rett, sa Kim.
- Sjølvsagt.
- Monadeteorien.
- Kva med den?
- Eg synest den er interessant.
- Historisk sett, absolutt.
Kim drog på smilebandet. - Trur du det er nokre andre som sit på denne stranda og snakkar om dette? Om monadeteorien?
- Sikkert ikkje. Her er berre husmødrer.
- Sikkert ikkje på andre strender heller. Me er nok dei einaste i byn.
- Som om det var noko.
- Men likevel…
Ingen av dei tenkte på å gå ned til sjøen. Kim kunne ikkje sømja. Rune kunne, han var til og med ganske dyktig. Men det var liksom ikkje stilen. Dei la seg ned i sanden, på kvart sitt handkle, tente ein røyk, slappa av i kvarandre sin nærleik. Dei pleidde gjera det. Kjende seg trygge på einannan. Det var berre slik.
- Eg lurer på kva me gjer her, sa Kim.
- Me er på stranda.
- Ved havet. To tredjedelar av jorda er hav.
- Minst. Sikkert meir.
- Og me er... Eg meiner, om eg går berre eit stykke innover land vil eg ikkje sjå havet meir. Eg treng ikkje vita om det.
- Men det er der likevel.
- Ja, objektivt sett. Sjølvsagt er det der. Men ikkje for meg.
- Men det er der for deg.
- Ikkje perseptuelt sett.
- Vel… Rune gjorde eit skuldertrekk. - Eg synest ikkje dette er så interessant.
Kim sa ikkje noko. Han heiste seg opp på olbogene, låg slik på ryggen støtta på underarmane medan magemusklane stramma seg. Det var ei god stilling å liggja i, men ikkje for lenge.
- Se der…
Rune såg. - Ein brettsiglar.
Dei kunne sjå brettsiglaren mest som ein prikk langt der ute på den glitrande, urolege havflata.
- Du veit, sa Kim, - her me ligg kjenner eg det som me er ved enden av noko. Ved enden av ei tid.
- Eller ved byrjinga.
- Ja. Eller ved byrjinga. Dette vart ikkje som eg hadde tenkt.
- Kva hadde du tenkt?
- Noko anna. Noko heilt anna. Men no er det umogleg å gjera det. Me kan ikkje. For det er så mykje anna.
Rune rulla seg rundt på magen og svarte ikkje.
- Eg går ein tur, sa Kim.
Han reiste seg og gjekk ned på stranda. Sanden var varm og sveid under fotsolane. Ein augneblink tenkte han at no kunne han ha vandra i ei anna tid. Reint fysisk ville det ikkje vore nokon skilnad. Han hadde ikkje noko meir enn eit menneske for tusen år sidan ville hatt. Etter ei stund stansa han, såg attende på fotspora sine. Avtrykka i sanden gleid sakte att, sandkorn for sandkorn.
Eit stykke unna såg han eit par, ein mann og ei kvinne, gå hand i hand over sanden, brune, mest nakne, uvedkomande på så lang fråstand. Dei vassa ut i bølgjene og heldt fram med å gå medan dei heldt kvarandre i handa. Det var så langgrunt at ein kunne gå slik i det uendelege før vatnet byrja rekkja opp på låret. Han følgde dei med augene. Sola steikte rett ned. Vatnet var alt som fanst, ei levande, skinande masse som alltid hadde vore der og var sams for dei alle, gratis for kvar og ein. Ein mann og ei kvinne, han høgreist, smal, ho rundare, mjuk rundt livet. Dei gjekk utover til dei la seg ned i vatnet, byrja sømja. Han kunne sjå hovuda deira som to mørke prikkar, så vart dei vekke. Full av  ein underleg jublande lengt vassa han ut i sjøen og vada etter dei, djupare og djupare.

Kommentarer:

Skriv en kommentar til innlegget:

For å kommentere må du være innlogget.
 
© Knut Rage