Bokliste


 

Knut Rage


Eit hundeliv

 
lørdag apr 18, 2009

Siste nytt om hegra

 

Trykk for større format
Foto: madsi http://madsi.net

Til dei av dykk som engasjerte seg i hegre-diktet mitt for nokre veker sidan (som attpåtil hamna på Facebook) - om dei stakkars hegrene som vart heimlause då skogen deira kring den lokale sjukeheimen vart felt - kan eg no melda at hegra har funne ein ny heim - rett bak banken. Her driv dei på med innflyttinga og byggjer reir og gjer alt klart så dei kan få det triveleg kring seg - ja, dei ståkar slik at det mest ikkje er nattero for folk meir, uttalar ein nabo til lokalavisa denne veka. Noko fritt etter Olav H. Hauge (jfr. siste line):

Hegra visste råd -
om ikkje det protestantiske soknerådet visste betre:

kva var vel kveldssol i lunden
ovanom kyrkjegarden
mot denne verdas herlegdom?

Om banksjefen ikkje får sova,
det gjev vel hegra blanke i.
Kva skal hegra med børsnoteringar?

 

Kommentarer:

Godt hegra har funnet alternativ boplass og vist tilpasningsevne. Vi har fått ikke bare hegrer men gjess her, og de lager mye uvant lyd. Men vi venner oss nok. Flott at fuglene kan bruke nærområdene ennå.

I Solund f.eks er/var det forresten forbausende lite sjøfugl få år tilbake. Lite fisk i havet, gjør at de forflytter seg.

Skrevet av Sirenia , 10:25, lørdag 18. april 2009 #

Vel - for å vera ærleg, eg er glad for at eg ikkje har ein hegrekoloni i nabolaget. "Lyd" er berre forbokstaven... Men det er triveleg med leven og spetakkel også...

Følgjer elles med på bloggen din , Sirenia. Særleg fint at du krydrar med bilete frå fjordkanten... God helg til deg, helsing Knut

Skrevet av Rage , 10:44, lørdag 18. april 2009 #

Hyggelig at du følger med Knut, godt å vite at en ikke er her aledeles forgjeves..smiler.

Ønsker deg også ei god helg. Er forresten våren kommet langt hos dere?

Skrevet av Sirenia , 10:55, lørdag 18. april 2009 #

Her har våren kome langt, ja. Det spirar og gror alle stader, kvitveisen lyser i sola, fuglane kvitrar frå skogen bak huset, eg har så smått teke til å tenkja å¨hagen. I dag har eg elles tenkt å fella og kløyva ei lita bjørk som diverre må vekk før ho veks seg for stor - eg er glad i bjørk, særleg no i april/mai.

Skrevet av Rage , 11:52, lørdag 18. april 2009 #

Skriv en kommentar til innlegget:

For å kommentere må du være innlogget.
 
© Knut Rage