Knut Rage
Eit hundeliv
Slapstick
Ein dag banka nabokona på døra hans. Ho såg redd ut.
- Kan eg få gøyma meg hos deg? spurde ho.
Han hadde ikkje mykje å by på. Under senga eller i klesskapet. Kort sagt, dei klassiske gøymestadene. Ho valde klesskapet.
Og sant nok, nokre minuttar seinare hadde han mannen hennar på døra.
Han såg ikkje mindre forstyrra ut, han heller.
- Har du sett kona mi? spurde han.
Han syntest han måtte seia nei, så han sa det.
- Nei, sa han.
- Underleg, sa mannen.
- Kvifor det? sa han.
- Fordi ho kan ikkje ha rukke langt på denne korte stunda. Ho kan ikkje ha kome ned på gata. Då ville eg sett henne i trappa.
- Vel, eg er lei meg, sa han.
- Ja, kva trur du ikkje eg er? brast det ut av mannen. Han såg litt komisk ut der han stod, kledd i ein sid grøn slåbrok.
- Det veit eg ikkje noko om.
- Er ho her, eller er ho ikkje?
- Ho er her ikkje.
Mannen såg på han over kanten av brilleglasa.
- Godt, då seier me det, sa han. - Då seier me at du ikkje har sett henne.
- Ja, nikka han.
Mannen dreidde om.
- Ja, då går eg.
Han nikka.
- Sei frå om du ser henne.
- Ja, nikka han endå ein gong. - Kvar går du?
- For å sjå etter henne.
- På gata?
- Ja, kvar elles? Ho er jo ikkje her, sa mannen.
- Nei, sa han. - Det er sant.
Han lydde etter stega ned trappa, så gjekk han inn i husværet.
- Det er i orden, sa han. - Du kan koma ut.
- Sikkert?
- Heilt.
Han kjende seg som om han var med i noko. Eit eller anna. Ein tåpeleg film.
Nabokona slo seg ned i sofaen. Han hadde ikkje invitert henne.
Det slo han at han aldri hadde sett særleg nøye på nabokona før, ho var liksom ikkje den sorten ein såg særleg nøye på. Han hadde heller aldri merka seg at det var noko gale mellom dette ekteparet. Dei hadde budd i same oppgangen, dør i dør, i mest to år no. Ein og annan gong veksla han eit og anna ord med mannen. Litt om fotball, litt om vêret, slike ting.
Ho gjorde eit kast med hovudet, og han såg at håret var kastanjebrunt og nydeleg. Han la merke til at ho var kledd i ein gul kjole, var det ein morgonkjole?
- Noko i vegen? spurde han.
- Mannen min må ikkje sjå meg.
- Nei, han gjekk.
- Er du sikker på det?
- Ja, sjølvsagt. Eg høyrde han gjekk.
- Godt.
- Men han kjem vel igjen. Før eller sidan.
- Det gjer han, sa ho. - Men ikkje her.
- Nei, sa han. - Eg trur ikkje det.
Det verka som ho slappa litt av.
- Det er vel ikkje altfor gale? spurde han. - Mellom dykk?
Det var eit dumt spørsmål. Ein kjem vel ikkje fykande og gøymer seg i klesskapet til folk om det ikkje er noko gale. Om ein då ikkje driv på med ein svært avansert form for gøymeleik.
- Eg går ikkje tilbake til husværet vårt, sa ho bestemt. Ho understreka det med å leggja hendene i kross over brystet. Når folk la armane i kross over brystet pleidde han følgja dømet deira og gjera det same, men denne gongen greidde han å la vera.
- Ikkje? sa han.
- Nei. Ikkje.
- Då er det noko gale, sa han.
- Kall det kva du vil. Men eg går ikkje til han.
Han visste ikkje kva han skulle meina og tru om dette. Så han reiste seg opp frå kommoden han hadde lent seg mot og spurde: - Vil du ha noko? Ein kopp kaffi?
Ho såg fort opp på han med store brune auge.
- Ja, fint.
- Flott. Så du vil?
- Kva då?
- Ha ein kopp kaffi.
- Ja. Ja, takk. Svart.
- Ok.
Han gjekk ut på det vesle kjøkenet sitt og byrja romstera med kaffitraktaren. Sjølv etter tjue år med kaffitraktar dreiv han framleis på og rota med rekkjefølgjen på kaffi, filter og vatn, om det då fanst nokon bestemt rekkjefølgje - og kor vatnet skulle. Men det gjekk fint.
Då han kom inn i stova hadde ho lagt det eine kneet over det andre under den gule kjolen, og ho hadde funne fram ein sigarett frå pakka hans som låg på salongbordet.
- Me kjenner ikkje kvarandre så godt, sa ho.
- Nei, me gjer vel ikkje det. Men eg plar prata litt med mannen din.
- Ja, han har sagt det. Eg trur han set pris på å møta deg.
- Eg likar å treffa han.
- Der ser du.
Ho tende sigaretten og såg direkte på han.
- Me har faktisk aldri skjønt kva du driv med?
- Driv med?
- Jobbar med. Kva gjer du?
- Å, ingenting. Eg meiner, litt av kvart. Skriv grøss. Det er eg som skriv den populære grøssarserien på tv. Har du sett den?
- Nei.
- Nei, det er vel mest for ungdom.
Ho såg på han med ei heilt anna nyfikne i blikket. - Det ville eg aldri trudd. Du verkar så roleg, så beskjeden.
- Skulle eg ikkje vore det?
Ho trakk på eine skuldra. - Eg veit ikkje.
Han fann ikkje på meir å seia. Som vanleg var det godt å ty til musikk, som ein rein avleiingsmanøver.
- Eg høyrer på 60-tals for tida, sa han. - Kinks, Searchers.
Ho såg spørjande på han.
- Du veit…
- Eg er ikkje så gammal.
Ok, det var ein tabbe.
- Men du kan berre setja på ei plate for det.
- Det er faktisk ei samling med cd'ar, sa han. - Men blås i det. I staden skrudde han på tv'en. Nyhende, sport. Han svitsja frå kanal til kanal til han fann noko nøytralt. Eit kulturprogram. Noko på NRK2. Det gjorde at han slappa litt meir av. Som om dei hadde fått ein tredje part inn i stova.
- Så det er difor du er så mykje heime? sa ho.
- Ja, eg plar vera heime og skriva. Der borte i kroken. Han hadde eit lite pc-bord ståande der. - Eller på senga.
- På senga?
- Berbar pc.
Ho såg endå meir interessert på han.
- Veit du, me trudde du var trygda eller noko slikt.
- Neidå. Eg skriv for tv. Og reklame.
- Då kjenner du kanskje nokon? Du veit, kjendisar?
Det verka som ho hadde gløymd mannen sin for lenge sidan. Det hadde han òg. Dei trengde vel noko anna å tenkja på, snakka om, begge to.
- Nokre, sa han.
- Kven då?
- Dei som spelar i serien. Dessutan treff eg einskilde andre. Eg vert stadig vekk invitert når det er noko. Men det er ikkje alltid eg går.
- Hm. Det hadde eg aldri trudd om deg.
Han lika ikkje måten ho sa det på.
På tide å snakka om noko anna.
- Kva med deg, då?
- Å, det veit du kanskje. Deltid på kontor.
- Kva slags kontor?
- Fisk. Eksport. Mannen min er jo sjef der. Kontorsjef.
- Å.
- Ja.
Ein liten pause. - Meir kaffi?
- Ja, takk.
Han skjenka i begge krusa.
- Så no… byrja han for å bringa emnet attende til det dei snakka om.
- Ja, det verka sikkert litt rart at eg kom bardus på denne måten. Men du ser…
- Det er i orden, sa han. - Du treng ikkje forklåra noko. Eg skjønar. Eg er her for å hjelpa.
Berre han kunne seia noko så dumt. Han hadde det med å spela rolla som den riddarlege riddaren.
Ho såg på han att, såg på han med dette blikket sitt. Var det ei slags gryande tiltrekking der inne ein stad? Heldt dei på å oppdaga kvarandre, etter å ha vore naboar aldri så lenge? Jo, det var noko her.
Det var stilt mellom dei lenge.
Endeleg sa ho: - Så viss eg kunne…
Han visste kva ho ville spørja om.
- … bli her i natt?
Riddaren i han tok til beins.
- Eg veit ikkje om det er så lurt.
- Mannen min vil ikkje få vita om det. Det er jo difor eg er her. Du sa jo til han at du ikkje hadde sett meg. Han vil ikkje vera så frekk å koma hit ein gong til.
Det kunne godt henda. Men dette var trass alt ei privatsak, og han hadde ikkje lyst til å blanda seg. Og når alt kom til alt var det mannen hennar han kjende best. Så han visste ikkje heilt. Samstundes tok forfattaren i han til å vakna. Denne historia kunne grovt sett utvikla seg på to måtar - anten gjekk ho, eller så vart ho verande. Om ho gjekk ville det vera greitt. Heile greia ville vera ute av verda for hans del. Om ho vart verande kunne det utvikla seg i ei heil rekkje med underkategoriar. Nokre av dei kunne han allereie ana, men det kunne også henda ting han ikkje hadde noko aning om enno…
- Han vil roa seg til i morgon. Då vil alt vera i orden.
- Trur du?
- Heilt sikker.
- Tja.
- Han vil koma til å takka deg for det.
- Seier du det.
- Umm.
Han likte ikkje uorden i livet sitt. Men ok. Han kunne ikkje kasta henne på dør heller.
- Eg vil ikkje bli verande viss det er til bry. Eg kan finna eit hotell…
- Nei, nei. Det er greitt.
- Om du har ein sovesofa…
- Nei, eg har ikkje noko slikt, sa han og slo ut med handa. - Berre lenestolar. Men du kan låna senga mi. Eg sit oppe og skriv om natta likevel. Det har ikkje noko å seia.
- Sikker?
- Jadå.
Så var det avgjort. Ho ville smetta over til deira eige husvære i morgon tidleg, når mannen hadde roa seg. Han fann fram noko mat, ein pizza faktisk, som han laga om til sin eigen med steikt sopp og smelta ost, og serverte det heile med raudvin og ein kopp te etterpå. Levande lys fann han òg. Utanfor hadde det mørkna. Ein stille og fin forsommarnatt. Om mannen hennar hadde kome heim i mellomtida, så ville dei ikkje høyrt det. Han hadde skrudd av tv'en og hadde 60-tals cd nummer tre gåande. Mykje Searchers. Han hadde overhøyrt dei den gongen, dei var ikkje så verst oppdaga han no.
Det var blitt seint utan at han hadde registrert det. Klokka hadde passert elleve.
Han skjøna ikkje kvifor han gjekk med på dette.
Det var ei privatsak mellom dei to, og han hadde ikkje...
- Då seier eg god natt.
Han såg opp. Ho stod i døropninga til soverommet, hans soverom, kledd i den gule kjolen og (tenkte han brått) lite og ingenting under. Sjølvsagt hadde alt dette hatt ei viss erotisk tyding for han heile tida. Det skulle berre mangla om han ikkje hadde hatt slike tankar svirrande i bakhovudet. Men han hadde i grunnen ikkje tenkt på det før no. Ikkje så direkte. Kvifor stod ho og lente seg slik inntil dørkarmen, med håret slått ut som ein heil liten foss nedetter skuldrene? Var det ein invitasjon?
Nei, sjølvsagt ikkje.
Han reiste seg og gjekk bort til den vesle skrivekroken sin. Dette med at han pleidde arbeida om natta var ikkje heilt sant. Alt i alt var han eit dagmenneske. Men i kveld var det annleis. Dessutan var det ikkje så ille å sitja oppe ei varm sommarnatt. Slett ikkje. Og å stupa trøytt til sengs utpå morgonkvisten, vel tilfreds med ei natts arbeid.
- Er du sikker på at du får arbeida?
- Ja. Ikkje noko problem.
Han skrudde på pc'en, gjekk gjennom ritualet med passordet og glodde på skjermen. Dette med grøssarserien var ikkje hans påfunn. Men då han først hadde tent på idéen hadde han teke over. Heilt og halde. Han hadde gjort det til sin serie, ei blanding av grøssar og komedie. Ingen hadde slått seg på denne miksen før. Det hadde blitt utruleg populært, ikkje minst etter at den knallblonde silikonpuppe-dokka Anita O. hadde fått ei av dei leiande rollene. Var han heldig hadde han ein halvtimes episode ferdig i løpet av 3-4 dagar. Det var ikkje ofte han stod fast. Det kom berre an på å få ein idé. Helst ein god ein.
Han høyrde at ho lukka døra.
Tv'en stod ikkje på lenger. Ikkje cd-spelaren heller. Arbeidslampa lyste opp den eine halvdelen av skjermen. Han kjende at det var varmt. Utanfor hadde trafikken stilna av.
- Kanskje eg burde fortelja deg korleis det heng saman likevel...
Han snudde seg. Ho stod i døropninga som sist, lente seg mot karmen, berre at denne gongen hadde ho ikkje på seg anna enn ei tynn t-skjorte eller bluse som så vidt dekka trusa. Ho såg ut som ei ung jente, med slanke, lange og faste lår, lysebrune, sterke.
Han svelgde.
- Eg får ikkje sova før du har fått vita det.
Han skjøna straks kva ho sikta til.
Og han ville vita det.
Og han ville ikkje vita det.
Herregud, at eit par kvinnehofter kunne vera slik.
At Vårherre hadde skapt kvinna!
- Du treng ikkje, sa han.
- Jo, du skal høyra det. Det er i grunnen nokså idiotisk. Eg forstyrrar vel ikkje? Du er vel ikkje midt oppe i noko?
Om så var, så ville han ha rista på hovudet uansett.
- Nei.
- Han er etter meg på grunn av brevet. Og eg kasta det.
- Brevet?
- Ja, og så vil han vita kva som stod der.
- Kva for eit brev?
- Frå sjukehuset. Han gjekk til dokteren, og dokteren sendte han vidare til sjukehuset. Til ei grundigare undersøking. Han hadde så vondt i magen. Og dokteren meinte det var best å sjekka det nærare. For å sjå. Og… Så kom brevet frå sjukehuset.
Ho tidde.
Han sa: - Ja?
- Det ser ikkje bra ut. Eg spretta brevet. Og så kasta eg det. Eg orka ikkje å la han sjå det. For det såg ikkje bra ut.
- Du kasta det?
- Ja. Eg kasta det i do og trekte i snora. Berre at han såg det. Han såg at eg kasta eit brev i do, og no vil han vita det. Han veit kva for eit brev det var. Han vart heilt frå seg. Så eg flykta frå han.
Dette var noko av det mest absurde han hadde høyrt i heile sitt liv.
- Kan han ikkje berre ringa til sjukehuset i morgon tidleg?
- Sikkert. Men han vil ikkje. Han vågar ikkje.
- Og du kasta det berre… i do?
- Ja. Eg orka ikkje å la han sjå kva som stod i det.
- Kva stod det, då?
- Eg… trur han har kreft. I magen. Du veit.
Han visste. Ein lever ikkje lenge med slikt.
- Så eg tenkte… Vel, eg tenkte at han kunne leva lukkeleg ei stund til. Difor underslo eg brevet.
Dette byrja utvikla seg i ei heilt umogleg retning. Om lag som dei gongene han køyrde seg fast med ein eller annan episode. Det skjedde ikkje så ofte, men det skjedde.
- Men legen vil vel ta kontakt?
- Sikkert. Før eller sidan. Men ikkje nett no. Og når tida byrjar bli knapp, er nett no… Ho let orda hengja i lufta.
- Nettopp.
Han reiste seg frå pc-bordet. Han kjende det som han var komen inn i ei verd der alt gjekk på skeive. Men på hi sida var det ein slags logikk i det også - ein perfekt logikk, eigentleg. Ho smugles posten til ektemannen, ser at han har kreft (det dei begge inst inne har frykta, men ikkje har våga å snakka høgt om), får panikk og skyler brevet ned i do, han ser det, vert heilt gal av dødsangst og livsangst og vil tvinga henne til å seia kva som stod der, orkar ikkje å venta med det til i morgon, tør ikkje spørja legen rett ut, blir heilt frå seg, heilt vill, jagar henne, hissar seg opp, skrik høgt osv. - og ho legg på sprang over til naboen. Noko slikt.
Han ville ikkje vita meir.
Stort sett er det sjeldan kjekt å smugtitta på andre.
Stort sett er det som oftast berre pinleg.
Mannen hennar var altså døyande. Ikkje enno, men snart. Kanskje.
Han gjekk tettare inntil henne. Han visste ikkje kva for ei kraft som dreiv han til det. Berre… noko.
Håret hennar låg i uorden. Panna draup av sveitte. Ho lukta uvaska. Brysta skalv under den tynne blusen. Han prøvde å sjå på henne som eit menneske, eit medmenneske, ein person med integritet, sin eigen verdi, eit subjekt. Det var ikkje lett.
- Eg trur du skal gå attende til mannen din, sa han.
Ho svarte ikkje.
- Eg synest ikkje eg har noko med dette. Eg misforstod. Eg trudde det var noko… du veit, slikt som kan henda mellom mann og kone. At du hadde grunn til å røma huset, at han slo deg. Eller noko. Men dette. Eg veit ikkje…
- Du veit ikkje.
- Nei, eg veit ikkje.
Ho såg rett opp på han.
Nok ein gong kunne alt henda.
Men det einaste som hende var at ho slo blikket ned og sa: - Du har rett. Eg går inn til han.
Ho gjekk og henta kjolen, den gule kjolen, som ho hadde kasta frå seg på golvet framfor senga, og han tenkte på at alle plagg hadde vore nye og fine ein gong, ein hadde funne dei i ein butikk og teke dei opp, heldt dei opp framfor seg og sett at dette var noko som passa, noko ein ville kjenna seg vel i, bli vakrare i, inntil dei ein dag ikkje ville vera noko meir, krøllete, falma, noko som ikkje passa lenger, noko som gjorde ein styggare, ikkje finare.
I det same tenkte han også at han ikkje visste namnet hennar.
Men no hadde han ikkje bruk for å vita det heller.
Han følgde henne ut i entreen, opna døra.
Oppgangen var nattstille.
Ho gav han handa.
Handa var turr, hard.
- Vel, takk.
- Å. Det gjer ingenting.
Han venta ikkje til ho hadde opna si eiga dør.
Han lukka og gjekk inn på soverommet, stod der i halvmørkret og snusa inn lukta etter henne. Så sette han seg framfor pc'en og jobba ei stund før han gjekk og la seg. Det var blitt seint, og det ville ikkje vera lenge før det lysna ute. Best å somna medan det enno var mørkt.
Posted at 10:53PM aug 07, 2009 by Rage in Diverse | Kommentarer[2]
Skrevet av Fielill , 22:18, lørdag 8. august 2009 #
Skrevet av masha , 12:37, søndag 9. august 2009 #