Bokliste


 

Knut Rage


Eit hundeliv

 
lørdag jul 18, 2009

Stilleben

 

- Det var ikkje slik eg tenkte meg det, sa han.
- Kva då? spurde ho.
- At det skulle vera slik. Eg meiner, far din vart jo eldre, me vart eldre, ikkje sant, og ein dag ville han jo… falla frå. Det hende at eg tenkte på det. Tenkte at me kanskje trengte å førebu oss. Men eg tenkte ikkje at det ville bli slik.
- Korleis hadde du tenkt deg det, då?
- Eg veit ikkje. Meir dramatisk, meir opprivande.

Ho slutta å spela.
- Var det slik då foreldra dine døydde?
- Nei. Jo, då far min døydde. Han døydde så brått, veit du. Var der i den eine augneblinken, død i den neste. Og eg var berre nitten. Men med mor mi var det annleis. Ho var gammal, over åtti…
- Det er ikkje gammalt.
- Over åtti er gammalt. Uansett er det ikkje mange som blir nitti.
- Men mor di var berre litt over åtti. Det er ti år til nitti.
- Uansett. Ikkje sant.
Han følgde fingrane hennar med augene. Det var underleg å høyra henne spela på det gamle pianoet. Dei var åleine i huset, og utanfor den sterkt avgrensa, velfriserte byhagen var det stilt. Formiddagsstilt. Ho hadde alltid vore stolt over dette strøket. Det var her ho hadde vakse opp, her hadde ho bakgrunnen sin, referansane. Pianoet var ein del av det heile. Ein viktig del. I dette miljøet var pianoet eit symbol på danning. Saman med biblioteket, måleria, møblane, dei små figurane av dansk porselen, selde i små opplag, nummererte etter talet på eksemplar og serie. Åja, pianoet var så absolutt ein del av det. Men det var ikkje berre det. Han visste at ho var glad i pianoet. Ho hadde teke undervisning gjennom heile oppvoksteren. Sidan hadde ho ikkje spelt. Han hadde ikkje hatt noko aning om at ho var så dyktig, at ho spelte så avanserte stykke som ho gjorde. Det var ei side ved henne han aldri hadde kjent. Han lurte ein augneblink på om den første mannen hennar hadde visst det, høyrt henne sitja ved tangentane. Ho hadde aldri eigd eit piano sjølv, men ho kunne ha spelt for den første mannen då dei var her på besøk, i barndomsheimen hennar, sjølv om ho aldri hadde spelt for han.
- Mor di, då?
- Då ho døydde?
- Ja.
- Men det er så lenge sidan, sa ho. -  Eg var berre ti år då.
- Ja, det er sant. Men då må det ha vore ekstra vondt, på ein måte.
- Sjølvsagt. Eg hugsar det godt. Kjensla, korleis det var å sitja ved sjukesenga. Lukta av sjukehuset. Men det var noko anna. Eg meiner, ikkje slik som når ein er vaksen.
- Kva meiner du med det?
- Eg meiner, eg var ung då. At mor døydde var ein katastrofe. Ein kjempekatastrofe. Som om heile verda ramla i grus kring meg. Men eg var så ung. Sjølv var eg udøyeleg. Far også. At mor døydde var ei ulukke, men det var på ein måte eit unnatak. Det var jo ikkje slikt som hende til vanleg. Me andre kunne halda fram med å leva i all æve.
- Ja. Det er noko anna no. Ikkje den same katastrofen, kanskje. Men… eg meiner, no rykkjer me opp i deira generasjon, på ein måte. Me blir dei eldste. Me har vaksne born, me blir snart besteforeldre. Far din var den siste av foreldra våre som døydde. Eva sine foreldre døydde jo også nyleg.
Ho slo blikket ned. Ho likte ikkje å høyra snakk om Eva, han visste det og han skjøna ikkje kvifor han stadig vekk måtte nemna henne, men han tenkte at i denne samanhengen ville det berre vera naturleg, iallfall ikkje unaturleg.
- Spel litt meir.
- Nei, uff. Eg er så dårleg.
- Det synest eg ikkje. Eg synest du spelar vakkert. Så kjenslevart. Og eg visste ikkje at du var kome på eit slikt nivå.
- Til Elise er ikkje så vanskeleg.
- Men alt det andre. Kvifor spelar du aldri meir? For meg?
- Me har ikkje piano.
- Me kan kjøpa eit. Det vil seia, no har du jo dette. Me kan ta det med oss når me køyrer heim etter gravferda.
- Ein tek ikkje med seg eit piano bak i bilen. Sjølv om det hadde vore plass.
- Du skjønar kva eg meiner.
- Dag…
- Ja?
Ho tok seg i det. - Det var ikkje noko.
- Kvir du deg til gravferda i morgon?
- Ja. Både òg. Eg ser ikkje fram til det.
- Nei, kven gjer det.
Han tromma med peikefingeren og tommelen på pianoloket ei lita stund medan han såg på henne frå sida. Ho var vakker. Det lange håret falt i mjuke bølgjer nedetter ryggen, som ein gulbrun foss, og brysta lyfte seg stramt under blusen. I augneblink som dette kunne han ikkje fatta korleis den første mannen hennar kunne gå frå henne. Ho hadde alt - og meir til.
- Spel litt.
Denne gongen gjorde ho som han bad om. Dei lange, sterke fingrane hennar rørde seg over tangentane, sakte, målmedvitne, med grasiøse rørsler. Tonane frå det gamle instrumentet dreiv gjennom rommet.
- Kva spelar du?
- Høyrer du ikkje?
- Nei?
- Mendelssohn.
- Å, ja. På sangens vinger, ikkje sant?
Ho smilte til han medan ho heldt fram med å spela.
Musikken høyrde heime her, i desse stovene. Innanfor skyvedøra kunne han skimta spisestova, og det var også ei bestestove i huset, der han først var blitt vist inn den gongen ho hadde teke han med heim til faren for at dei skulle helsa på kvarandre.
Pianostykka var kanskje ikkje anna enn kitsch, noko ein sikkert kunne seia om så mykje anna i huset.  
- Me  spør bror din om me ikkje kan ta det. Pianoet.
Ho såg opp på han.
- Har me plass til det?
- Sjølvsagt har me plass. Eit Schimmel, det er eit kostbart piano.
- Det er det.
Han nikka, nøgd. - Då seier me det.
Noko var ordna opp i. Han gjekk litt rundt i stova medan ho spela. Det kunne vera det same med resten av innbuet, berre ho kunne ta med seg pianoet. Bror hennar fekk ha eit ord med i laget når han kom hit med familien i kveld. Så ordna dei nok opp med alt det andre seinare i haust. Det var rart når ein døydde slik. Ein døydde liksom berre frå alt. I nattbordskuffa til far hennar hadde han funne ein pose med kamferdrops. Brillene låg attmed ei bok han heldt på å lesa. Han hadde lagt fram nokre klede han aldri fekk bruka. Ein døydde berre frå det og let andre rydda opp etter seg. Ein vart berre borte.
Sameleis hadde det vore i går, då dei var for å sjå han. Det var som det var ein annan mann som låg der. Ein måtte mest stå i ein eigen vinkel for å kjenna han att. Som om ein skulle tru at gravferdsbyrået hadde forbyta han med ein annan. Han hadde angra på at dei gjekk dit. Dei hadde vore dei einaste. Bror hennar hadde vorte hindra, han hadde så mykje å ta seg av.
Han såg på teppet, på skorne sine.
Men me lever, tenkte han. Me er her.
Me er her. Eg er her, med henne.
Han gjekk bort og stilte seg bak henne. Strauk handa gjennom det blanke håret hennar. Bøygde seg fram, kviskra inn i øyret hennar: - Eg har lyst på deg…
Ho drog seg unna.
- Far er nettopp død. Han er ikkje gravlagd enno.
Han drog seg attende, han også.
- Orsak, eg meinte ikkje…
Ho reiste seg frå pianoet, slo loket ned.
Blikket hennar var fullt av noko han ikkje kunne tyda. Han såg at noko arbeidde der inne. Han skjøna berre ikkje kva. Hadde aldri sett det før, ikkje anna enn som små glimt.
Ho gjekk forbi han, inn i spisestova.
Han følgde etter, men stansa.
I staden snudde han seg, såg på pianoet.
Det stod åleine no, lukka, utan ein lyd. Utanfor slo vinden i hageporten.

Kommentarer:

Gode replikker og god tekst. Moro å lese det du det setter opp på bloggen. Jeg liker kombinasjonen av bilde og tekst.

Skrevet av Thymallus , 01:01, mandag 20. juli 2009 #

Thymallus - Takk! Skulle berre ønskja eg hadde betre/meir tid til skriving av dette slaget - og til poesi.

Skrevet av Rage , 08:20, mandag 20. juli 2009 #

Det høyrest kanskje noko sært ut, men desse forteljingane/novellene har alle sine konkrete utgangspunkt i stader eller bilete: "Tog" frå Atna i Gudbrandsdalen, "Kamikaze" frå Sandnes, "Vind" frå Castletown på Hebridane osv. -og denne novella frå biletet som er sett som illustasjon: "The Awakened Conscience" av William Holman Hunt (1854). Mykje kan seiast om dette biletet, det får heller vera i denne omgangen - tittelen seier likevel det meste, og fortel også om det evige (?) mistilhøvet mellom kvinner og menn.

Skrevet av Rage , 08:34, mandag 20. juli 2009 #

Det "evige mistilhøve" er kanskje den "evige samkjensla" og den "evige dragningen mot det som er annerledes". Jeg kjenner meg ellers igjen i tidsproblemet , skulle ønske det var mer tid til slik skriving. Ikke minst skulle jeg ønske at du hadde det. Du kommer med spennende arbeider.

Moro at du har så konkrete utgangspunkt. Jeg har brukt slike konkrete steder i en diktsamling jeg utga i England for noen år siden og nå i en bok jeg kommer med i løpet av høsten. Korrektur er lest - så boka er under utgivelse (Taushet, stillhet og kjærlighet) meget spent på hvordan den blir motatt.

Skrevet av Thymallus , 00:09, onsdag 29. juli 2009 #

Spanande, Thymallus! Ser fram til boka di - det er ei diktsamling?
Tid, ja. Det meste av mi tid og energi går med til verksemda som lokalhistorikar, der det stadig vekk er førespurnader om det eine og det andre, som den 16 siders utbrettsfaldaren "Gudestreif i Njardarlog" som kom ut i ørten tusen eksemplar i juni og ligg til utdeling alle stader her lokalt. I tillegg til ei rekkje artiklar om ymse historiske emne, samt foredrag. Forutan at eg er redaktør for ei museumsårbok. Og bibliotekleiar. Så det blir så altfor, altfor lite tid att til skjønnlitterær skriving - prøver å setja av tid til det så godt eg kan. Eit problem som er felles for mange her på bloggen, skulle eg tru. Dermed har dei novellene eg har lagt ut her på FB blitt til på provisorisk vis - "Ein sakte død" vart skrive på ein handholdt pc på sykkeltur over Rallarvegen!
Lukke til med boka di,
Knut

Skrevet av Rage , 13:09, onsdag 29. juli 2009 #

Skriv en kommentar til innlegget:

For å kommentere må du være innlogget.
 
© Knut Rage