Bokliste


 

Knut Rage


Eit hundeliv

 
fredag jun 26, 2009

Tog

 

Han kjende varmen stå mot han som ein vegg då han steig ut av bilen, etter å ha parkert borte i enden av stasjonsområdet. Det var ein god varme, blanda med kjensla av gloheit asfalt og ein tung lukt av granskogen som vaks tett på den andre sida av jarnbanesporet. Nokon hadde sagt at han kunne ta toget inn til hovudstaden herfrå. Han hadde eit ærend dit, toppen ein dag eller to. Dei sa at han trygt kunne parkera bilen utanfor stasjonsbygningen så lenge. Det var ein liten stasjon på ein bortgøymd stad der mest ingen kom.

Han turka sveitte av panna og såg seg ikring. Nokre få hus, ein Coop-butikk med postkontor. Ikkje ein levande sjel å sjå. Klokka var ni om kvelden. Han sette kursen bort til den gulmåla stasjonsbygningen. Alt var halde i den skjønnaste orden. Bygningen så ut som den nyleg hadde fått eit strok med måling. Det lukta tjøre frå eit lass med tømmerstokkar som var stabla opp på baksida av huset. På kvar side av inngangsdøra stod det ein brun benk. Også dei såg nylakka ut. Det einaste var det runde stasjonsuret over døra. Det hadde stoppa. Underleg nok viste det om lag den rette tida, som var nett no - nokre minutt over ni om kvelden - men visarane rikka seg ikkje.
Med bagen i den eine handa rusla han bort til inngangen og kikka inn. Det sat ein  mann der inne. Han kunne tydeleg sjå det mørke omrisset av skikkelsen. Det var framleis ein tjue minutters tid til toget kom. Han rusla litt att og fram på perrongen. Pusta inn den tunge eimen av sommarkveld. Det var ikkje ein lyd å høyra. Heile dagen hadde det vore mest ulideleg heitt. No var det kome til det punktet då det byrja kjennast behageleg. På tide å leva att.
Han plystra nøgd.
Mannen der inne vart sitjande.
Han gjekk att og fram. Det hadde vore ein lang køyretur over fjellet. Gjennom endelause strekninger med granskog. Ei og anna stove innimellom. Ein gard. Ei grend som dukka opp og forsvann. Men elles - skog.
Han kjende seg bra. Såg nedetter seg sjølv, buksene, skorne. Likte det han såg.
Frå tid til annan stansa han og lytta etter toget.
Summing av insekt, summing frå noko elektrisk ein eller annan stad.
Jarnbanesporet strekte seg bortover det flate landskapet med den tette skogen på den eine sida, gjorde ein slak sving og vart ute av syne.
Det var som tida hadde stoppa opp.
Fem minutt att.
Han høyrde ein lyd bak seg, visste at det var mannen på venterommet. Og ganske rett, der kom det ein kar med ein koffert i handa. Mannen vart ståande under halvtaket foran inngangsdøra.
Dei nikka til kvarandre.
- Det stoppar her, gjer det ikkje? sa han til mannen, mest for å ha noko å seia.
    
Dei gjekk og rusla kvar for seg.
Dei flytta seg litt nærare. Søkte saman, som om det ville hjelpa på situasjonen. For at dei var på veg inn i ein situasjon, det kjende han på seg. Han visste ikkje kva det var. Berre… noko. Det hadde noko med toget å gjera, at det ikkje kom. Eller med mannen. Eller med begge.
- No skulle det vore her for eit kvarter sidan. Han kasta uvilkårleg eit blikk opp mot stasjonsuret då han sa det. Hadde gløymt at det var stansa.
Mannen nikka. - Ja, det er seint, sa han.
- Tog plar vera presise.
- Ha, den var god.
- Desse toga, meiner eg. Langdistansetoga.
- Vel, det er mogleg.
Han tok den andre nærare i augnesyn. Det var noko bleikt over andletet hans, som om han hadde sete for mykje innandørs, kanskje, eller var sjuk. Han hadde på seg ein mørk dress som såg altfor varm ut i dette veret, dessutan svarte sko og kvit skjorte som var open i halsen. Det glinsande svarte håret var stroke rett bakover. Mannen verka ikkje farleg eller ustabil eller trugande på noko vis, men det var noko med han som fekk han til å ønskja at toget snart ville koma. Det var underleg at det gjekk an å vera så bleik etter alt det solskinet dei hadde hatt denne sommaren.   
Dei tok til å snakka om veret.
- Kan ikkje hugsa det har vore så varmt nokon gong, sa han.
- Eg gjer det, sa mannen.
- Gjer du?
- Ja. Då eg var liten. Men det er lenge sidan no
- Ja. Tida går.
Dei tok nokre steg kvar sin veg, gjekk og dreiv litt
Han såg på klokka att. Burde det ikkje vore her no?
- Tjue minutt forseinka.
- Sikkert. Det skjer stadig vekk
Dei venta ei stund til
- Rart det ikkje er nokon her
- Kven skulle det vera? spurde mannen.
- Vel… nokon. Andre passasjerar, ein stasjonsmeister
- Det er ein liten stasjon, veit du.
- Ja, dei bryr seg ikkje eingong om å vedlikehalda stasjonsuret.
- Har du reist her før nokon gong?
- Nei. Enn du?
- Vel…  Eg har vore her før.
- Eg kjem frå ein annan kant av landet. Eg har aldri vore her.
- Ferie?
- Nei. Jobb. Treng å ta ein tur inn til hovudstaden.
- Eg også. Eg skal langt. Eg kjem aldri tilbake hit. Mannen snudde seg mot han. -  Trur du på eit liv etter døden?
- Eit liv... etter døden?  Nei, sanneleg om eg veit. Eg... ja, eg trur det
- Gjer du? Når du veit det er det for seint
- For seint for kva då?
- Å fortelja det til nokon. Så eg kan ikkje fortelja deg det   
Han lo ein litt tåpeleg, nervøs latter. - Nei, kvifor skulle du det?
- Det er jo slikt ein gjerne vil vita, ikkje sant.
Dei sveiv frå kvarandre att. Mannen gjekk nedetter langs jarnbanesporet, stansa og speida mot svingen. Kofferten vart ståande att utanfor stasjonsbygningen. Sommarkvelden var full av svake lydar, summinga av insekt, ei eller anna slags mest umerkeleg kvining som det var uråd å identifisera. Sola var blitt vekke bak skogen. Det var ikkje berre visarane på stasjonsuret som stod stilt. Det var som om sjølve tida hadde stansa opp. Ein rest av blautt solskin kasta ein glans av gull over jarnbanesporet borte i svingen. Mannen vart ståande midt ute på jarnbanelina, breidbeint. Lukta av beisa tømmer var intens, blanda med den mildare dufta av varm skogbotn.
Mannen kom opp att på perrongen.
- Jepp, det tek si tid, sa han.
- Så… du skal langt?
- Ja, det kan ein kalla det.
Det var ikkje så mykje meir å snakka om. Han bestemte seg for å finna eit sete der det sat ein sidemann frå før. Han kunne ikkje tenkja seg ein lang togtur saman med denne mannen.
- Er du gift? Sambuar? spurde mannen plutseleg.
- Gift? Ja, faktisk.
- Du er heldig. Kona mi gjekk frå meg.  
- Det er leitt å høyra.
- Så no er det over. Slutt. Eg har ingen. Ingenting å leva for.
Pønskar denne mannen på noko? fòr det gjennom han. Han har vel ikkje tenkt å…
Han lytta. Dei lytta begge. Ingen lydar.
- No er det verkeleg seint ute, sa han.
Den andre svarte ikkje, men heldt seg heilt nede ved lina att.
- Er det ikkje best du kjem opp, på perrongen?
- Kvifor det?
- Toget.
- Det er jo det eg ventar på.
Han har planar om noko. Han har vel ikkje tenkt å kasta seg foran toget?
Han hadde ikkje før tenkt tanken, så høyrde han eit klemt - og han kunne meir ana enn  sjå toget der det dukka fram i kveldsdisen, borte i svingen. Mannen nede ved jarnbanesporet vart ståande.
Lyskastaren på lokomotivet kom brasande mot dei. Toget sakka ikkje farta, det stemnde rett på, det var som ein hest frå helvete, det kom eit kraftig, åtvarande tut, men det stoppa ikkje. Kva som skjedde i dei neste sekundane sansa han mest ikkje, han såg berre mannen stå der, så var det ikkje ein øyrens lyd å få meir, toget braste inn på stasjonen og raste forbi, han fekk glimt av framande andlet i vindauge etter vindauge som vart trekt frametter som ein rykkande film, han skreik høgt og satte det eine beinet fram, men kom seg ikkje av flekken. Så tok det brått slutt, han stirde mållaus etter den siste vogna som forsvann bortetter togsporet som eit viljelaust haleheng til dei andre.
Og der stod mannen framleis.
Ingen av dei sa noko på ei stund.
Stilla la seg over staden att.
Han var den første som sa noko. - Det stansa ikkje.
- Nei. Mannen gjekk ut på sporet og vart ståande der, breidbeint. - Det stoppa ikkje.
- Du visste at det ikkje ville stoppa!
- Langdistansetog stoppar ikkje på ein fillestasjon som denne.
- Men nokon sa meg…
- Dei tok feil.
Han tidde litt, så brast det ut av han: - Du hadde tenkt å kasta deg foran, hadde du ikkje?
Mannen trekte på den eine skuldra.
- Kanskje. Men eg gjorde det ikkje.
Han hadde køyrt langt. Det ville bli for langt å køyra tilbake.
- Vel, kva no?
Mannen hoppa opp på perrongen, greip den vesle kofferten.
- Kvar skal du?
- Heim.
- Bur du her?
Mannen nikka. - Rett oppe i lia.
- Så du kjem hit…?
- Stundom. Men eg gjer det aldri.
Han såg etter mannen då han traska over stasjonsområdet med kofferten i handa. Ein tykkfallen, litt overdressa mann med feitt, svart hår og bleikt andlet, i skinande blanke svarte sko.
Han ville seia eit eller anna, men kva skulle det vera?
I staden rusla han bort til bilen, slengte bagasjen inn i baksetet. Det var ikkje anna å gjera enn å koma seg i veg herfrå.


Kommentarer:

Mektig tematikk!

Tips: Søk domumentet for ordet "han" og sjå nærare på om du kan omformulere enkelte stader. Teksten blir ustø og samanhengen forvirrande her & der - kring dette ordet.

Skrevet av mayway , 17:37, fredag 26. juni 2009 #

Det har du rett i, mayway.
Men no er dette samstundes ikkje ein endeleg tekst, heller eit (vonleg godt)utkast.
Takk for tipset!

Skrevet av Rage , 19:21, fredag 26. juni 2009 #

Rage! Jeg synes at Toget er en kjempetekst. Den sitter som et skudd.

Skrevet av Fredag , 00:08, lørdag 27. juni 2009 #

Eg oppfatta det akkurat slik, som eit utkast. Og at du ville ha konstruktive framlegg om betringar/justeringar. Var ikkje meiningen å ta seg tilrette med raudblyanten...eg må skjerpe meg, og ikkje gje råd eg ikkje er beden om å gje.

Lovar.

Skrevet av mayway , 00:14, lørdag 27. juni 2009 #

Absolutt et godt utkast! Jeg hadde veldig sansen for både oppbyggingen og språket i denne.

Skrevet av My , 00:30, lørdag 27. juni 2009 #

mayway - Eg vil gjerne ha både raudblyant og kommentarar!
Elles er dette kanskje saka uvedkomande, men desse tekstane/novellene er for meg sterkt knytta til konkrete stader. Den første teksten Vind til Castletown på Hebridane, Kamikaze til Sandnes og Tog til Atna i Gudbrandsdalen, ein liten stasjon der eg var nokre timar ein sommarkveld nett som i forteljinga.

Skrevet av Rage , 10:40, lørdag 27. juni 2009 #

Levende skrevet. Det er ikke ofte jeg leser nynorsk, men her tenkte jeg knapt nok over det. Og det er et bra tegn.

Skrevet av Jo , 11:15, lørdag 27. juni 2009 #

Fin og en ny vri fra deg, Knut.Pulsen min slo raskere etterhvert som jeg leste nedover.

god sommer til deg

Skrevet av SNyHETTa , 12:27, lørdag 27. juni 2009 #

SNyHETTA - God sommar til deg også. Men me tek vel ikkje ferie frå FB, vel...? Sjølv har eg forresten fullt opp å gjera i sommar - eg skal halda foredrag og vera bussguide, i tillegg til boklansering av ei artikkelsamling om Johannes Heggland som me har jobba lenge med. Og så er eg på jobb fire dagar i veka. Mellom anna.

Skrevet av Rage , 12:45, lørdag 27. juni 2009 #

Tar med pc-en når jeg besøker min gamle far på 86 år.Blir nok tid til litt skriving da,selv om han "mostrer" når jeg sitter med laptopen på knærne.

ps:Enig med Mayway i kommentaren om han..
"Han kjende varmen stå mot han som ein vegg då han steig ut av bilen, etter å ha parkert borte i enden av stasjonsområdet"-Det ser bedre ut med ....."Han kjende..............stå mot seg som ein vegg...."

Skrevet av SNyHETTa , 13:52, lørdag 27. juni 2009 #

Skriv en kommentar til innlegget:

For å kommentere må du være innlogget.
 
© Knut Rage