Knut Rage
Eit hundeliv
Vind

Den vesle landsbyen i teksten ein laurdag ettermiddag i august 2007, nett etter at eg hadde vore innom daglegvarebutikken oppe i gata og handla inn ei flaske whisky, med kyrkja i bakgrunnen - Castlebay på øya Barra, dei ytre Hebridane. Orsak at eg seier det, men som resten av dei ytre Hebridane er det ein gudsjammerleg plass. Nett noko for ein som meg... Les her:
Han hadde budd i den vesle landsbyen nokre veker, men han hadde aldri besøkt kyrkja som låg på toppen av berget. Det var eigentleg ikkje godt å seia kvifor han ikkje hadde gjort det, for det fanst knapt andre stader å gå. Han hadde kome hit for å vera i ro, åleine. For å finna fram til noko.
Det var ein stille stad. Ei gate ned mot hamna, med butikkar på den eine sida. Nokre laushundar, måkeskrik. Fiskebåtar som låg og duppa og danna ein skog av mastar. Kald vind frå Atlanterhavet. Eit vertshus der han hadde leigd seg eit rom i andre etasje, på baksida, slik at han ikkje høyrde stort til surret av røystar frå puben om kveldane. Frå takvinduet kunne han skimta berget, men ikkje kyrkja. Det var elles ikkje noko stort rom, men han hadde det han trengde - ei seng og ein vask, ein stol og eit bord der han kunne sitja med skrivesakene sine. Ein telefonkontakt i veggen. Maten åt han anten i puben eller på kafeen nede i hamna. Etter måltida hendte det at han rusla ein tur innetter vegen og ned til sandstranda utanfor landsbyen og vart ståande og sjå på brenningane. Det var haust, ingen tok nokon notis av han.
Dagar kom og gjekk.
Han hadde byrja å falla til ro.
Det var særleg dette at han gleid så umerkeleg inn i lokalsamfunnet som fekk han til å slappa av. Han hadde vore spent på det i førstninga. Men uansett kvar han kom, når han gjorde sine små innkjøp i butikkane, eller hadde andre ærend, så var det berre som det skulle vera. Ingen lot til å reagera på språket hans heller, endå han stundom måtte leita litt etter dei rette orda.
Landsbyen lå på sørspissen av ei øy. For å koma til øya fanst det to vegar - anten med båt frå fastlandet, ei lang og tung sjøferd, eller den raskare vegen - med eit lite fly frå British Airways som landa på sandstranda to gongar i veka, når vatnet stod lågt. Det var slik han hadde kome hit, på den raske og ganske risikable måten. Med ein trillekoffert og ei pc-veske.
Og no hadde vekene gått.
Arbeidet gjekk trått, men det gjekk. Trutt og jamnt kvar dag. Av og til var han redd for at rutinen ville innhenta han her også. Smått om senn ville det nok skje. Men framleis var alt nytt, han fann dei kreftene han var kome for å henta.
Det var lite å sjå kring landsbyen, anna enn sandstranden og forblåste lyngheier. Og det var ikkje mykje å sjå i sjølve landsbyen heller. Nokre gongar kunne han bli ståande og prata litt med dama som dreiv den eine daglegvarebutikken då han stakk innom for å kjøpa brød eller ei flaske whisky, ho var frå Canada og ein framand her som han - skjønt, framand var vel kanskje ikkje rette ordet. Det var fleire av dei lokale innbyggjarane som han trefte regelmessig på gata som hadde byrja å helsa på han, korte nikk som oftast, korkje vennleg eller uvennleg, berre for å visa at dei kjende han att og at dei syntest han var verd eit nikk, men ikkje desto mindre var både han og kvinna frå Canada innflyttarar til staden - og det gav dei begge ei slags kjensle av fellesskap. Når han rusla attende til vertshuset med whiskyflaska i lomma, innpakka i papir, pla han kjenna ei slags glede, ei indre oppløfting, etter samtala med den kanadiske kvinna og utveksling av røynsler og synspunkt. Det var kjærleiken som hadde brakt henne hit, sa ho alltid. Ho vart gift med ein mann frå øya, dei hadde drive butikken saman, no var han død.
Og han sjølv, kva var det som hadde brakt han hit?
Kanskje ein slags kjærleik, det også. Til arbeidet, til sanninga. Til beste for menneskeslekta. Faktisk. Om prosjektet lukkast.
Eller kva låg eigentleg bak?
Han slo tanken frå seg. Kva som helst kunne liggja bak. Men han ville ikkje spekulera i det. Det hadde ikkje noko å seia for resultatet.
Han prøvde å finna fram til ei regelmessig arbeidsrytme. Stansa arbeidet når helga kom, gjekk litt nede i hamna, på stranda, på puben. Men aldri opp på berget. Sundag morgon låg han lenge, vakna og låg under teppet og lytta til bilar som køyrde forbi utanfor, på framsida av vertshuset, eller til dei fjernare brenningane som kasta seg inn over stranda i skumkvite byks, eller til hundeglam eller alle dei andre små lydane frå livet på utsida. Dette vesle livet som trass i alt ikkje var hans.
Sundagen var fri. Han bestemte seg for at han ville bruka dagen til ingenting.
Først då kyrkjeklokka på berget slutta å slå for andre gongen stod han opp og rusla ned trappa for å få seg noko mat.
Ein kveld kom han i prat med ein av dei lokale på puben. Han hadde byrja vanka der fast, sette pris på ein øl eller to eller eit glas whisky, eller øl og whisky, når han var ferdig med arbeidet sitt for kvelden.
Innbyggjarane i landsbyen hadde vist lita interesse for han - påfallande lita interesse, tenkte han stundom. Det hadde teke si tid før nokon kom bort for å slå av ein prat. Mannen var ein typisk representant for staden - kraftig, med digre arbeidsnever, eit ærleg og direkte blikk i dei brune augene, raudmussa hud, med noko udefinbart i tonefallet, som om han styrte samtala målmedvite mot eit bestemt mål som han hadde ein eller annan tanke med.
- Ein øl til?
- Eh… ja. Men eg kan…
Mannen veifta med handa. - Nei, nei. Det same?
- Jo, men eg kan… sjølv.
- Bitter?
Han gav seg. - Ok. Takk.
- Miss, ropte mannen til jenta bak disken.- To bitter.
- Dei kjem.
Mannen snudde seg nøgd, lente ryggen mot kanten på disken. Puben var halvtom denne kvelden - eller halvfull, alt etter korleis ein såg på det. Han bestemte seg for det siste.
Glasa kom.
- Skål.
- Skål.
Dei drakk. Han hadde byrja setja pris på bitter.
- Så, sa mannen og turka noko av skummet som sat att på fingrane av på buksebeinet. Han førte handa opp på magen og falda den saman med den andre handa, fletta fingrane inn i kvarandre. All verdas ro.
Så mykje eg skulle gjeve for å eiga ei slik ro.
- Så, sa han. - Du er han norske?
- Ja, det stemmer. Eg er vel det.
- Likar du deg her?
- Ja. Det er triveleg her.
- Det kan du ikkje meina.
Han såg forvirra på mannen. - Jo, eg meiner det. Folk verkar lukkelege her.
- Vel, sa mannen og tok ein solid slurk. - Om dei gjer det, så er det fordi dei ikkje tenkjer. Fordi dei ikkje har noko val.
- Vel…
- Og du skal reisa herfrå ein gong. Du planleggjar vel ikkje å bu her for alltid?
- Vel, nei.
- Der ser du.
Dei drakk begge.
- Kva gjer du her? Eg ser du går lange turar ned på stranda og litt i butikkane, men bortsett frå det er du ikkje å sjå.
- Eg held meg ovanpå, svarte han. - På rommet mitt.
- På rommet ditt?
- Ja. Han drakk att, kjende at han var på veg til å bli berusa. På den gode måten. - Eg skriv.
- Å, sa mannen. - No skjønar eg. Du er forfattar. Du har kome hit for å få inspirasjon, vera i fred.
- Eh, ja. Noko slikt.
- Kva skriv du på, då? Ein roman?
- Nei. Ikkje noko slikt. Vitskapshistorie.
- Vitskapshistorie?
- Ja, det vil seia… boka er skrive. Eg skal berre reinskriva manuskriptet. Men det er stort, det tek tid. Og eg sjekkar stadig opp referansar og opplysningar.
Mannen snudde seg mot disken og sette glaset frå seg på disken. Det mørke innhaldet duva sakte frå den eine sida til den andre. - Her? Dei har ikkje eit faens folkebibliotek på denne plassen.
- Via internett.
- Internett? Vel, slikt har eg ikkje greie på. Kvar får du det frå?
- Telefonen.
- Å.
- Men det er ikkje så ofte. Det er mest reinskriving og redigering.
Mannen gjorde eit skuldertrekk. - Å, pokker.
Det var stilt mellom dei. Dei snudde seg slik at dei kunne stå og betrakta dei andre gjestane på puben. Det var berre lokale, turistar såg dei lite til her - og slett ikkje no om hausten. Mannfolka sat og prata roleg og vennleg med kvarandre. Kva snakka dei om? Han hadde ikkje den fjernaste aning. Kvardagslege ting, gjekk han ut frå. Men vart dei aldri leie av kvarandre, av dei same historiene, dei same synspunkta, dei same minna, år ut og år inn? Eller var det nett det som var poenget?
Dei måtte jo ha noko å gje kvarandre.
- Ser du mykje ungdom her?
- He? Nei, berre eldre folk. Eg meiner, vaksne.
- Der ser du.
- Kva då?
- Ungdommen flyttar sin veg. Dei kan ikkje gje seg til her. Ingenting for dei å gjera på ein stad som dette.
- Nei, du har vel rett i det.
- Og du kan også berre reisa. Når du er ferdig med ditt her.
- Jo. Det stemmer. Ein til?
- Kva då?
- Øl.
Mannen rista på hovudet. - Nei. Ein annan gong. På tide å ta kvelden.
Han trekte på skuldra. - Ok. Ein annan gong. Takk for glaset.
- Å, det.
Mannen trykte sixpencen på houvdet og gjekk.
Sjølv gjorde han det same eit par minutt seinare.
Dagen etter måtte han tenkja seg om før han hugsa at det var ein tysdag.
Han hadde vakna tidleg. Og det var ein tysdag. Det hadde ingenting å seia for han kva dag det var, om det då ikkje var sundag. Men heime ville det gjort det. Heime ville tysdag ha noko anna å seia enn måndag eller onsdag. Han stod opp og gjorde dei vanlege tingene. Ein time seinare var han klar til å ta fatt på arbeidet.
Men noko var blitt vekke.
Han visste at det skuldast nervar. Samtala med den lokale mannen på puben i går kveld hadde uroa han. Det var ingen grunn til det, det var berre nervar. Men likevel. Mannen hadde peika på ei sak. Han høyrde ikkje til her. Han var berre på gjesting. Han hadde kome hit med ein jobb som skulle gjerast, så ville han dra sin veg. Han stod utanfor.
Det var ein grå dag, med eit og anna innslag av regn i lufta. Han lot pc'en stå urørt, tok på seg jakka og gjekk utanfor.
Ein iskald vind feide gjennom gata ned til hamna. Det var kvardag, seint på hausten - han gjekk i ein gate i eit framand land. Frå hjørnet nede på hamna kunne han sjå opp mot den vesle skulen. Borna var ute og sprang, det var friminutt. Sjølv her, på ein avsides stad som dette, gjekk borna i skuleuniformar. Han rusla bortetter vegen, forbi hamna og utover mot stranda.
Ein annan stad, i eit anna klima, ville det vore ei praktfull badestrand. Brenningane tordna. Han gjekk ut på sanden, bortover langs sjøen som trekte seg att og fram. Stansa ei stund og lytta til den svake fresinga av bobler som sprakk. Havet er den verkelege landevegen, tenkte han. Herfrå var det ingenting som kunne hindra han i å reisa lukt til Kina, om han ville. Han sette seg på huk og bora handa ned i den mjuke sanden, lot den sildra ut att mellom fingrane. Sand var ei samling små partiklar av finmalt stein og bergartar. Sand fann ein gjerne der vatn eller vind tærer på grunnfjellet, samstundes med at mykje rørsle i landskapet hindrar danning av eit jordsmonn. Ein definisjon på sandkorn seier at dei har ein diameter på mellom 0,002 og 2 mm. Større partiklar gjev grus, medan mindre gjev silt. Slitte sandpartiklar bind seg dårleg til kvarandre og er lause å gå i.
Slike ting visste han.
Og som at sand kunne nyttast som råstoff til glas.
Han gjekk sakte frå den eine enden av stranda til den andre. Såg seg over skuldra, såg at fotefara hans vart viska ut av vinden i den mjuke sanden. Han hugsa ei novelle han ein gong hadde lese. Ei kvinne hadde vandra på ei sandstrand nedanom eit hotell der ho budde saman med mannen. På stranda hadde ho møtt ein mann. Ho visste at det var noko kjent med han, og - ja, det var Picasso. Han rita bilete i sanden med ein stokk. Fantastiske figurar. Frå seg av begeistring sprang ho opp på hotellet og henta mannen. Men då dei kom ned att hadde Picasso gått, og tidevatnet hadde vaska vekk figurane.
Frå den andre enden av stranda kunne han sjå landsbyen som ein miniatyrby. Husa klumpa seg saman på slettelandet, låge og mørke under ein vid himmel. På denne avstanden såg han kor nøye kyrkja på berget hang saman med resten av staden. Folka som levde her på øya var katolikkar. Det kunne ein ikkje unngå å leggja merke til. I vegkantane stod helgenbilete i små opne kassar. Sett herfrå verka det heile ganske uvedkomande. Ein slik stad ein kunne passera utan å ta noko større notis av. Gløymd i neste augneblink. Og likevel fanst det menneske som levde sine liv her. Det måtte ein aldri gløyma.
Kva med han sjølv? Staden han sjølv hadde forlate, reist frå? Og henne?
Han var langt frå heimlandet, men butten av så mange slags band.
Enn om han kutta dei over…?
Han stakk hendene djupt ned i lommene på jakka og gjekk fortare i sanden.
Stirde framfor seg medan han gjekk.
Eg veit mykje om mykje, tenkte han. Eg har skrive eit heilt verk om vitskapens historie. Eg kjenner vitskapsdisiplinane. Den samla kunnskapen om verda er enorm. Så mykje me veit. Men jorda er ein einsam stad. Om me går mot katastrofen er det ingen der ute til å stoppa det, ingen til å gripa inn - ingen til å sjå det. Me er åleine på denne kloten, i eit mørkt og tomt univers.
Eg er eit einsamt menneske.
Eg høyrer ikkje heime her.
Eg høyrer ikkje heime - der heller.
Eg vandrar som ein død mellom døde.
Eg har koma hit for å fullføra eit arbeid, bu i fred nokre veker, få høve til å konsentrera meg. Kvifor vert det likevel til at eg er oppteken av kva folk her synest, kvifor søkjer eg inn til dei?
I det same hadde han bestemt seg.
Han merka korleis vinden tok tak i lua hans då han kom opp på toppen av berget. Det gjekk ein bratt trapp opp skråninga. Han stansa andpusten på toppen, drog den friske vinden ned i lungene. Nokre sjøfuglar sigla på skrå over den grå himmelen, strevde for å halda kursen langsmed sjøen.
Hit opp kom folk ikkje berre om sundagen. Mange kom hit kvar dag, til kveldsmesse. Han kasta eit blikk på armbandsuret. Det var framleis midt på føremiddagen. Her oppe frå kunne han sjå biltrafikken nede i hovudgata som strekte seg frå hamna, den vesle trafikken som var. Folk som gjekk til og frå, øya si einaste rutebuss som stod parkert på sin faste plass nedst i gata. Kvar og ein oppteken med sitt.
Han snudde seg og gjekk bort til kyrkja, trykte ned dørhandtaket. Sjølv om han visste at kyrkja aldri vart låst greip han seg sjølv i å kjenna seg overraska då døra gleid opp. Frå døra kom han rett inn i kyrkjerommet. Det var ikkje slik han hadde venta. Det var romsleg og kvitt og med god plass. Ingen helgenbilete, ingen prangande jomfru Maria-bilete heller. Det var ei overraskande tom kyrkje i høve til kva han hadde venta seg.
Han gjekk fram midtveges og aka seg inn på ein benk på venstre side.
Etter ei stund høyrde han det gjekk i døra. Han snudde seg halvveges. Ein mann hadde kome inn i kyrkja. Han såg at mannen skvetta vievatn i andletet og bøygde kne i midtgangen. Det var den same karen han hadde kome i prat med på puben kvelden før.
Mannen nikka og sette seg innmed han.
- Hei.
- Hallo.
- Tenkte eg ville finna deg her, sa mannen.
Han snudde seg og såg spørjande på han. - Å, korleis det?
- Dei plar enda opp her. Til slutt.
Han sa ikkje noko til det. Visste ikkje noko å svara.
- Du er ikkje katolikk, er du vel?
- Nei. Ingen er katolikkar der eg kjem frå. Mest ingen.
- Her er alle det.
- Ja, eg veit.
- Er det difor du aldri har vore her? I kyrkja vår?
- Ja, sikkert.
- Men no kom du.
- Ja.
- Om Jesus hadde kome tilbake... byrja mannen. - Eg meiner, eg veit ikkje om han hadde kome hit. Om han ville vore katolikk, meiner eg. Kva trur du om det?
- Eg veit ikkje. Kanskje ikkje.
- Ikkje for det, mumla mannen. - Eg veit ikkje kva eg skal tru. Jau, eg kjem inn her, bøygjer kne og alt det der. Mest ein skikk, gammal vane. Eg meiner, livet er underleg, det er ikkje det. Ikkje sant, det kan då ikkje ha oppstått heilt av seg sjølv… livet, universet og… alt mogleg? Det må då vera noko? Me veit då ikkje alt…?
Han snudde seg og så på mannen frå sida. - Korleis visste du at eg ville koma hit?
Mannen trekte på den eine skuldra. - Berre sånt ein veit, som eg sa.
Eg gjer det, tenkte han. Eg blir.
- Eg miste kona i fjor, sa mannen. - Eg får henne aldri att…
I det same gjekk det eit kraftig vindgufs oppe under det høge kyrkjetaket. Det høyrdest ut som brak av kuling i eit blafrande segl. Om att og om att. Han falda hendene i fanget og løfte hovudet.
Han visste kva vind var.
Vind er delvis horisontale luftrørsler i atmosfæren, som kjem av ujamn oppvarming av jorda si overflate. Vind oppstår når luft strøymer frå området med høgt trykk til området med lågt trykk for å jamne ut denne trykkskilnaden. Corioliseffekten fører derimot til at lufta ikkje strøymer i rette linjer mellom dei to trykksystema, men følgjer sirkulære banar inn mot lågtrykkssenteret. Vind kan klassifiserast ut frå vindstyrke eller det geografisk området dei oppstår i. Det finst global vind som eksisterer mellom dei atmosfæriske sirkulasjonscellene. Eit døme på slik vind er jetstraumen eller passatvinden. Det finst vind på synoptisk skala som kjem av trykkskilnadar mellom to luftmassar på midlare breidder, og det finst vind som oppstår av topografiske forhold. Mesoskala vind er vind som oppstår på lokal skala, t.d. i samband med kraftige regnbyger. På den minste skalaen har ein mikroskala vind som kan blåse frå ti til hundresvis av meter og vere svært uforutsigbare, som t.d. støvkvervlar.
Sjølvsagt visste han slik ting.
Men denne vinden var annleis. Denne vinden tydde noko anna.
Vinden bles kvar helst han vil.
Og alt er jag etter vind.
Vinden talte til han i det sjuande språket.
Det språket som sjølv Gud måtte lytta til.
Han venta mest at vinden ville gripa tak i seglet og føra dei avgarde for alvor.
Han bøygde hovudet og visste mest ikkje kor lenge han hadde sete slik. Då han vakna og kom til seg sjølv att var det som om alt var annleis, som om han såg seg sjølv og alt anna for første gong. Det varte berre ein augneblink.
Mannen hadde gått.
Då han kom ut hadde det slutta å blåsa.
Posted at 09:11AM jun 15, 2009 by Rage in Diverse | Kommentarer[10]
Skjønner ikke hvorfor bloggfolkene våre ikke gidder å lese og kommentere slike solide, dog litt lengre litterære bidrag.
Skrevet av jarecky , 01:37, tirsdag 16. juni 2009 #
Skrevet av Sosima , 09:37, tirsdag 16. juni 2009 #
Rage kan skrive, og jeg anbefaler alle å lese hans bidrag til Vinduets novellekonkurranse i 2007, en veldig god tekst.
Denne teksten flyter godt, og er kanskje ment å være lenger? Den ganske langsomme og gradvise oppbygningen kan i det minste tyde på det. Jeg synes nok at slutten, der sammenhengen mellom vind og de religiøse og eksistensielle spørsmålene, kanskje blir litt forsert og påstått, at det går litt raskt i svingene etterhvert her, særlig sett i forholdet til tempoet tidligere i teksten. Tid og forgjengelighet er tematisert i rikelig grad, med høst, tidevann som visker fantastiske motiver vekk fra sanden, de forskjellige vindtypene - helt ned til de flyktigste, over til de evige spørsmål og lange perspektiver. Er det noe all denne tematiseringa behøver, så er det nettopp mer tid, større plass, men som sagt, for alt jeg vet, kan dette være begynnelsen til en lengre tekst.
Skrevet av mettebergsommann , 11:46, tirsdag 16. juni 2009 #
Skrevet av semjar , 11:58, tirsdag 16. juni 2009 #
Takk til dykk som tok den tida det tek å lesa ein såpass lang tekst på pc'en. I tida frametter kjem eg til å leggja ut fleire novelletekstar.
Eg ser klårt at dette kunne vera byrjinga på ein lengre tekst, t.d. ein roman. Men det er det ikkje, teksten sluttar her - noko uavklåra for somme. Eg likar å gjera det slik, laga ein open slutt, eit spørsmål hengjande i lufta - noko som byrjar, nett no... Om det kan setjast eit felles motto for novellene som kjem frametter, så kunne det kanskje vera dette: "Byrjingar".
Takk for gode og oppmuntrande kommentarar. Håper de blir med meg i fortsetjinga.
Skrevet av Rage , 23:04, onsdag 17. juni 2009 #
Skrevet av jarecky , 00:28, torsdag 18. juni 2009 #
Skrevet av mettebergsommann , 00:42, torsdag 18. juni 2009 #
Skrevet av jarecky , 00:52, torsdag 18. juni 2009 #
Det var en fin måte å si det på, gjenkjennelig, og en god inngang. Fanget min oppmerksomhet, har vært på ei lita øy i samme ærend. Og også vært på ytre Hebridene.
Stillheten. Ikke bli tatt notis av. De konkrete observasjonene. Disse tinga som åpner opp for noe.
Du skriver veldig godt om det! Og så kommer man før eller siden i samtale med en ukjent. Som også åpner noe.
Han visste kva vind var -men denne var annleis.
Jøss, dette var overraskende og gjennkjennelig lesing. Og altså veldig fint!
Skrevet av vilja , 17:17, lørdag 20. juni 2009 #
Det var gode ord.
Knut
Skrevet av Rage , 17:45, lørdag 20. juni 2009 #