Bokliste


 

Kristine Tofte


-

 
mandag jun 01, 2009

Signerte bøker

Eg har fått ein del epostar med ønsker om signerte bøker. Tusen takk for interessa!
Men eg har ingen bøker her på Stord, og har ikkje fått svar i løpet av pinsa frå forlaget om korleis eg reint praktisk skal ordne dette. Kan hende får eg signert bunken i Oslo på torsdag (hos forlaget) og så blir det sendt derifrå. Kan hende må eg finne ein annan måte å gjere det på. Eg prøver å finne ut av noko, folkens! Ber over med ein klønete debutant!

Lillehammer debriefing 09

Då er Lillehammer litteraturfestival 2009 overstått. Eg har vore festivalpublikum fire dagar og nesten til ende, og på veg heim sovna eg både på toget og på flyet (før sikkerhetsdemonstrasjonen - endå eg tenkte bestemt at eg burde ha den med meg, slik at alle instruksar sto klart for meg om eg søvndrukken og forvirra skulle orientere meg i ein krisesituasjon). I natt har eg sove 11 timar. No er det debriefing før eg føler at eg kan komme meg vidare.

Litterære høgdepunkt:
Ragnfrid TrohaugHøyre Ragnfrid Trohaug lese Gunnhild Øyehaug sine gjendikta gjendikt av Sonja Åkesson. Ragnfrid les så eg vil grine. Ragnfrid les så eg vil vere Ragnfrid, og eg vil vere Gunnhild og eg vil vere Sonja og eg vil i alle fall ikkje vere Sonja, for dikta hennar er på eit vis grusomme, og Gunnhild har barselspermisjon og eg er så veldig ferdig med barselspermisjonar så eg vil ikkje vere Gunnhild heller, og då sit eg igjen på ein paviljong i skuggen i Parken i Lillehammer og frys ikkje, og etterpå ser eg Ragnfrid springe avgarde med trillekofferten for ho skal til Bergen og Festspel og er travel, og eg sit att med stemma hennar og vil vere Ragnfrid.

darren shanHøyre Darren Shan fortelje. Han er ikkje noko litterært høgdepunkt, eigentleg. Og ikkje les han frå boka si heller. Men han kan fortelje. Han spring opp på scenen, gliser, snakkar med horrorstemme, brøler skremmeeffektar inn i mikrofonen, kosar seg når me skvett i stolane. Han elskar å fortelje. Eg elskar å høyre på.
Han er ein superstar, ungar og ungdommar flokkar seg rundt han etterpå med utslitte bøker for signering. Så sjeldsynt er rå og yr forteljarglede.

Høyre Per Petterson lese frå Jeg forbanner tidens elv. Eg vil ikkje vere Per Petterson. Han driv ikkje med slikt. Eg gløymer kven han er, eg gløymer at nokon sit der oppe på scena og les dette. Eg gløymer at dette er skrive, at dette er litteratur.
Rett etterpå er det nokon som snakkar til meg. Spør meg "kva skal me no, skal me vidare til banken?" Eg kan ikkje svare. Eg må komme tilbake først.

Endre Lund EriksenHøyre tre forfattarar lese om born som mister foreldra sine til sjøen, til døden, til fengsel. Caterina Cattaneo, Endre Lund Eriksen og Vidar Kvalshaug las i eit mørkt, tomt rom. Sommarsola sto brå i skallen på alle utanfor, alle der ute, mens inne var me nesten ingen, og det kjølege mørket på Bingoen gjorde oss her inne så annleis enn dei utanfor. Me delte noko hemmeleg, noko intimt. Cattaneo, Lund Eriksen og Kvalshaug braut ikkje med kvarandre sine tekstar, slik tilfeldige litterturkonglomerat nesten alltid gjer. Dei kompletterte kvarandre. Den vesle guten som berre håper og ønsker og lengtar etter far sin. Den større guten som observerar mor si, stemmene, den drypande bitre tilbaketrekkinga til eit barn som gjennomskuer og skjønar. Den vaksne kvinna, som er ferdig med å lengte og håpe og drøyme, som ikkje lenger har foreldre å observere, ikkje lenger ei å hate fordi han andre er borte, ikkje lenger nokon som er utilstrekkeleg, for dei er ikkje meir.vidar kvalshaug

Festivalhøgdepunkt:
Meteorologisk stigande formkurve.

Halde ut ein heil quiz sjølv om eg visste me ikkje kunne vinne noko. Oppdage at dei folka som var på laget mitt likevel kunne veldig mykje, silk at me vann over Anne Marit Godal og Leser søker bok-laget.

Møte heidningar og invitere kvarandre på sleppefest og blot.

Sjå boka mi i så mange andre sine nevar.

Rekke å drikke tre flasker vin på plenen før me blei oppdaga og jaga derifrå.

Sovne midt i fnisande fortruleg forteljing frå romvenninne på hotellet.

Vakne neste morgon og fortelje kvarandre alt me hadde drøymt.

Vere manisk og grenselaus glad utan å bli korrigert.

Komme heim og framleis ha ein dag fri.

Myriam Bjerkli sitt bilete av Caterina og meg LLF 08

 

Caterina Cattaneo, eg og Myriam Bjerkli (bak kamera) i fjor. I år sat meg på omlag same stad og hadde det omlag endå meir gøy.

mandag mai 25, 2009

Debutboka i neven

Då er eg inne i varmen her med flunkande nytt passord, og det passar jo fint. No har eg nemleg noko eg må ut med. Boka mi er komme!

Den offisielle lanseringa er 4 juni, og då er alle som vil invitert til fest. Men den kom til forlaget frå trykkeriet før helga, og i følge ryktene har enkelte av dei som har førehandstinga i lokale bokhandlarar alt fått boka i dag. Nettbokhandlarane har også sendt melding til dei som har tinga den i dag og i går at boka er på veg i posten.

Framleis har ingen kritikarar lese og skrive noko, og framleis kan eg nyte denne grøne kolossen på nattbordet naivt og utan realitetsorienterande skår i gleda. Likevel: Er du glad no? No er du vel GLAD! spør og påstår folk. Debutantar skal vere glade. Debutantar har det som gravide: Møtt med ei gratulerande haldning frå omverda. Ingen spør om eg er redd. Ingen ser bekymra på meg og seier: No er det gjort, Kristine. No kan det ikkje gjerast om. Du kan ikkje endre eit einaste ord. Du kan ikkje trekke den tilbake. Angrar du?

Det er rart. Eitt års planlegging og research, to års manusarbeid. Det er litt i overkant mykje anna enn glede knytt opp til ei debutbok.

Eg klarte ikkje å så på den då den kom. Anders kom ut med snøggbåten laurdag, eg var ute i Gamlehuset. Midt på blanke ettermiddagen sat eg bak uthuset med eit glas kvitvin, mens tårene trilla ned på varmejakka. Der ute på Fjelberg, der halve huset er 270 år gammalt gardshus, og halve huset er så gamalt at ingen veit anna enn at det har vore årestove i middelalderen. Der sat eg aleine og skreiv alle scenane om Aun, om eikeskogen som brann og dei syrrenske soldatane som tvang mor hans til å fortelje og fornedre seg framfor barneflokken. Der skreiv eg alle scenane om kvitvargen, ulvekongen frå Jernskogen som vaktar verjene i verda, og som framleis er så mykje ulv at han ikkje skjønar kvifor menneskefolk let ein svak kvalp leve. Der sat eg med den grøne boka med koparbokstavane trykt utanpå, namnet mitt i svart og orda mine inni.

No har eg turd å opne den. Sett på karta, vignettane, lese nokre sider her og der.

Mi bok. Ikkje mi bok. No er den ute. Eg angrar ikkje.

Eg får seie som ein røynd forfattar og medbloggar: Eg står for den. Komme det som komme vil.
No skal eg skrive andre og siste boka om Eirabu, og får lite på at det fins folk der ute som kjem til å like det eg skriv. Ein og annan. Du der ute, du som kjem til å like boka: Eg skriv den neste til deg.

 

lørdag feb 07, 2009

Retten til å ytre seg klønete og å leve sjølvdestruktivt

Frank Rossavik seier det betre enn meg, han er veldig flink. Men greia er at me er samde. Både velformulerte kronikkør og meiningsytrar i Morgenbladet Rossavik, passe greit formulerte bloggar Kristine Tofte og komplett idiotiske vg.no-debattantar skal alle saman ha lov å seie kva me meiner.

Me skal ha lov til å ytre oss klønete, til og med verkeleg dårleg. Me skal ha lov å fornærme, kritisere, debattere, klage og sutre, me skal ha lov å drive gjøn.

Og dei som måtte føle seg latterleggjorte, misforståtte eller direkte krenka skal ha lov å seie imot. Høgt og klårt, og akkurat like klønete og klagete, sutrete eller velformulert.

Dette er ytringsfridommen. Dette er fridommen til å vere i verda for deg og meg, utan å vere redde. Dette er retten til å ikkje vere i stand til å ikle sine ytringar ein uklanderleg form, og likevel delta i debatten.

Jonas Gahr Støre er mannen som alltid seier det riktige, er så velformulert og nydeleg og rettvis. Men her tar han feil. Muhammedkarikaturar bør kunne trykkast, og ein bør få krenke folk sine religiøse kjensler. Ein bør ha lov til åkritisere jødar, kristne, muslimar, hinduistar, ateistar, SV-politikarar, darwinistar og kreasjonistar også om ein ikkje klarar å gjere det like elegant som Støre.

Dessutan bør folk få lov å drite seg ut, så lenge det ikkje går ut over andre enn samtykkande vaksne. Ein bør få drikke seg snydens og røyke på seg kreft, ein bør få stikke sprøyter i armane og skjære seg i pulsårene, ein bør få lov til å dra til helvete og tilbake, eller bli der om ein ikkje overlever reisa. Det er ein menneskerett å få behandle seg sjølv som ein vil. Ein får lov til å ete seg feit, råtne i sofaen, fylle hovudet med realityseriar og anna dårlegdom. Slik bør det også vere med dårlegdom som er hardare ramma av moralistiske forestillingar.

Det betyr ikkje at me stilltiande, eller oppmuntrande, skal sjå dårlegdommen utfalde seg. Snarare tvert om. Me bør som enkeltpersonar, privatpersonar, helsepersonell, lokalsamfunn og velferdsstat gjere kva me kan for å gjere gode liv moglege for alle. Men å putte folk i fengsel fordi dei gjer skade på seg sjølv er ikkje å gje folk gode liv. Det er i mine auge moralsk forkasteleg.
Og me har lov å meine og ytre oss på kryss og tvers, snakke narkomaniet og sjølvmordet og prostitusjonen midt i mot, både i uklanderlege og mindre vellukka former.

Fridom. Medkjensle. Godhet.

God helg.

onsdag feb 04, 2009

Teikne, shoppe

Eg har teikna kart. Uansett kor temporær forteljarformen er, må boka mi ha kart. Det blir ikkje fantasy utan. Eg har trass alt sett opp visse fantasy-dogmereglar for meg sjølv. Kart er eit krav.

Eg likar handteikningar. Skogar der ikkje to tre er like. Sidan eg ikkje har fancy skjerm ein kan teikne på, er det blitt eit gigantisk blyantteikna kart. Så lang, så handmade. Men så skal jo kartet som dekker halve teiknebordet pressast inn på ei bokside. Dessutan skal det gjerne sjå bittelitt meir proft ut enn det hadde gjort om eg farga det med tusj. Så no har arkitekten overteke. Han skjærer, skannar, set saman og (oh, gru: ) photoshoppar.

Når han er ferdig liknar det neppe eit blyantkart.

Forskjellen på å skrive og å teikne? Det er mogleg å teikne sjølv om hovudet er fullt av havregraut. Faktisk blir det mindre og mindre havregraut inni skallen mens ein teiknar.
Og det er mogleg å høyre musikk. Ikkje Johnny Cash. Han snakkar for mykje. Men sånn der kjenslevar og lite pratete musikk går bra. Det går til og med bra med ganske bråkete og høg musikk. Fine greier.

Innimellom teiknar eg brakteater. Nesten sjølvkomponerte. Det er nok ikkje copyright på tusen år gamle teikningar uansett. Men eg likar å få symbolikken til å passe saman med mytologien i Eirabu. Tufta på norrøn mytologi, så det er ikkje heilt av vegen med brakteatera slik dei ser ut. Små endringar og så er me der. Vips i boks.

Ahhh. Snart kjem språkvasken tilbake. Då skal eg sitte i Litteraturhuset og ha ein heil, stor, bråkete by rundt meg mens eg endrar tull og tøys som språkvaskaren har knipe meg i. Det blir ei fin veke.

Men først: Teikne. Illustrasjonane skal vere ferdige før eg begynner på neste tekstredigering.

 

- blyantskisse: kystlinjer, fjellrekker, elver, innsjøar.

tirsdag jan 27, 2009

Lese høgt

Eg les manuset mitt for ektefellen.Det er ikkje måte på kor mykje språkleg rusk, og kor mange gjentakingar og litt keisame avsnitt eg finn.

Merkeleg, for eg har lese det før. Eg har lese på pc, eg har fått redaktørtilbakemeldingar, lese om att, og arbeidd med teksten eit utal gonger. Eg har printa ut utallige versjonar og lese på papir. Eg har til og med lese denne teksten høgt for meg sjølv.

Det skjer noko når ein les høgt for andre, noko med kva ein ser og høyrer. Dette blir skjerpa: Viljen og trongen til å underhalde, gjere seg forstått, rett og slett fortelje ei knakande god historie utan pinlege eller unødige formuleringar.

Det blir spurt ein annan stad her på FB kvifor ein skriv. Eg blei spurt om dette for ei tid tilbake, og fann ut at sjølve drivkrafta er dette: Vakne auge i eit fjes med lett open munn. Den som lyttar med heile seg, gløymer seg sjølv og er inne i forteljinga. Om det er å fortelje røvarhistoriar på byen, eller å underhalde venninne med heimlege anekdotar, så er forteljargleda den same.

No les eg manuset mitt for ein som lyttar, og raudblyanten flyg over papiret samstundes. Eg grip meg i å hoppe over ord og setningar, og då skal dei bort. Eg gripe meg i å omformulere når eg les, då skal det endrast. Og det hender eg helst vil at kapittelet skal slutte her, og ikkje vare ved ei side eller to. Det må gjerast noko med.

Det er fint å lese høgt. Det er nyttig. Det får teksten til å leve der den skal: Eg blir sogeforteljaren, og eg fortel slik at den som høyrer lyttar med heile seg, gløymer seg og er inne i forteljinga. Teksten blir betre, og eg blir lukkelegare.

torsdag jan 22, 2009

Språket aleine er berre bokstavar

Eg har undra meg lenge over denne unisone hyllesten til språkdrive skjønnlitteratur. Motsett handlingsdrive, som altså skal kjenneteikne underhaldningslitteraturen. Den språkdrivne skjønnlitteraturen, slik eg forstår den, har eit så godt språk at innhaldet er underordna.

For det første trur eg ikkje på dei som hyllar språket slik.

For det andre trur eg ikkje denne litteraturen fins.

[Les mer]

tirsdag jan 20, 2009

Milepåle/champagnekork

Då er manuset levert til språkvask.

Eg begynner å bli van med desse milepålane no. Intense dagar, kvelder og netter, kjensla av å vere inne i prosjektet, sitringa i fingertuppane, smerten i høgre skulder.
Og så "Send". Og ingenting.

Berre litt sliten, og uroleg fordi eg ikkje veit kva eg skal bruke tida til no.

Men snart, i alle fall ut over kvelden, vil det boble igjen. Eg har allereie ergra meg over ting eg ikkje har skrive ned. Tankar om neste bok. Dei har fått vente, men no skal dei få komme tilbake.

Ja, slik er det: No skal eg få lov å skrive neste bok!

tirsdag jan 13, 2009

Litt metablogging

Det er sikkert feil stad og tid og alt det der. Men eg tenkte eg ville seie noko om at det er det faktisk alltid.

Eg har vore på nett i åtte år, sidan eg som gravid utlending logga meg på heimlege mammaforum for å sikre meg at eg spiste passelege mengder røykelaks, blåmuggost og folat. Sidan bar det inn på forum der ein berre prata for å prate, og til sist (no altså) er eg ute i bloggeverda der alle kan lese.

No kunne eg kategorisert og generalisert og oppsummert. Og så kunne andre skulda meg for navleplukkande metanettbruk og at DETTE er jo faen meg berre interessant for innspiste forumistar og elitebloggarar, og dessutan er du, Tofte, noko av det mest ekskluderande og innspiste og navleinteresserte som fins på nett.

Og så kunne eg protestert, og så kunne me danna fraksjonar, og så kunne dei som ikkje hadde kommentert til no komme inn til sist og metadebattert diskusjonen i kommentarfeltet, og sagt at "sjå der, her er jo så klikkete og tenk på nykommarane korleis dei føler seg og dessutan er dette ein FORFATTERBLOGG og ikkje ein barnehage".

Joda.

Derfor nøyer eg meg med å seie at internett faktisk ikkje er særleg morosamt eller spanande. Det var betre før. Og dei andre som ikkje gidd vere med meir er alltid dei som laga liv og røre. Og dei som er no er så jækla like og keisame at eg geispar og geispar og det er nesten så eg gidd lese Morgenbladet, så keisamt er det her.

Og då siterer eg nærast ordrett kommentarar og postar frå samtlege nettsamfunn og fora og bloggdebattar eg har vore innom.

Konklusjonen må vere at slik er det overalt. Betre før. Keisamt. Innspist. Dei gøyale er borte. Faen så rævva.

Eventuelt er det berre slik alle stader EG er. Og det kan eg tenke litt på, mens eg skroller opp og ned her og tenker at fy faen så keisamt, det er nesten så eg må JOBBE så keisamt er det. Fytti for nokre folk.

Ja, det kan i alle fall ikkje vere mitt ansvar, all denne keisemda.

mandag jan 12, 2009

Til Fauske II

Hotelldirektøren i Hebron

held lokale for eigen rekning.

Alle involverte partar er samla.

Næringa sviktar,

hjørnesteinsbedriften er i fare.

Journalistane vil gjerne bli.

- Me har også heimen vår her,

seier dei og veivar laust med armane

mot faste rom og elskerinner.

Dei lokale konfliktleverandørane

peiker på at konkurransen

er blitt for hard, innsatsen for høg.

Hamas i Gaza fekk anbodet,

CNN flyttar hovudkvarteret.

Til Fauske

Du søv med tunge augnelok

ingen REM-svevn

vipper utan skugge i skyminga


Eg held handa over nase og munn

utan å røre

merker pusten samle seg

i rommet mellom

som om me elska kvarandre

lørdag jan 10, 2009

Kraftsentrum blødde og døydde

Sjuande og siste utgåve av det forfattardrivne litterære tidsskriftet Kraftsentrum blei i går kveld feira på Knøderen i Bergen. Redaktørane Olaug Nilssen og Gunnhild Øyehaug haldt først felles tale med mykje mikrofonbytting, og først etterpå kom eg i tankar om at eg skulle jo blogge om dette og måtte lage skisser (sidan mobilen tek dei elendigaste bileta). Heldigvis hadde BT ein journalist på staden som dokumenterte heltinnene, og i bakgrunnen ser de meg og manden som glor og drikk øl og sånn.

Kraftsentrum gravøl

Etter redaktørane si mikrofonbyttetale, der dei tulla og tøysa og var alvorlege og takka folk og gjorde alt slike avtroppande redaktørar kan finne passande, las nokre bidragsytande skribentar opp tekstar.

Kjersti Rorgemoen las først. Ho var veldig lågmælt, og det tok tid før hjelpsam ung mann kom og skrudde opp lyden, så eg fekk berre med meg halve teksten. Men ho var til gjengjeld uendeleg søt.

kjersti-rorgemoen2

Det viste seg at teksten til Kjersti var komme på trykk i eit festskriv, som Nils-Øivind Haagensen frå Flamme forlag kunne overraske Gunnhild Øyehaug med. Ho blei direkte rørt, og så song alle Hurra for deg som fyller ditt år, vel og merke utan å bukke, nikke, neie eller snu seg kring sin eigen akse, sikkert fordi dei ikkje hadde drukke nok øl, eller fordi det var folk der dei ikkje kjente eller noko. Men bursdagsbarnet Gunnhild smilte og såg vakker og lukkeleg ut, og då gjorde det sikkert ikkje noko at bukking og snurring uteblei.

Så las Agnes Ravatn opp frå ein roman ho skriv, og her fekk me høyre korleis det går når ein seint på kvelden blir med ein framand mann heim for å få gryterett, og det viser seg at han er meir oppteken av erotisk relatert sjølvforsvar enn matlaging.

agnes-ravatn

Manden likte teksten til Olav Øyehaug aller best. Då hadde eg drukke så mykje øl at eg ikkje kunne multitaske, og eg var så oppteken av å teikne at eg ikkje klarte å lytte skikkeleg. Men manden kunne fortelje at teksten handla om å symje ut på djupt vatn, og bli der lenge. Så lenge at ein fann ut at ein kunne overleve der ute, og til og med ha eit godt liv. Men til sist kunne ein komme til å innsjå at einaste grunnen til at ein hadde symd heilt der ut og overlevd og slikt, var berre fordi ein skulle sjå om det gjekk an. Og etter ein slik innsikt kunne ein i grunnen symje heim att.

olav-c3b8yehaug1

Siste bidragsytar var John Erik Riley, som mellom diktskriving og forfatting og intervjuing av amerikanske forfattarar og slikt, også er forleggar og har vore Kraftsentrum sin begeistra mann i Damm. Eg har tidlegare omtalt han som mogleg søtnos i bloggen, der eg tok atterhald fordi eg aldri hadde møtt han. Dette nemner eg fordi eg gjerne vil oppgradere han frå mogleg søtnos til søtnos.

john-erik-riley

Arrangementet var hyggeleg, Knøderen var fullstappa, det var gratis sveler i baren, og Gunnhild Øyehaug og Olaug Nilssen skal ha takk for innsatsen bak det kritikarroste tidsskriftet sitt desse tre åra. Skal ein vere så produktiv og varm og fin og kreativ som desse damene, må det vere drive av lyst, og eg ser fram til kva dei enn måtte ha overskot og lyst til i åra framover. Lukke til med det heile, finaste damene!

Dei lova elles ei rimeleg pakkeløysing med tidlegare utgåver av Kraftsentrum, du får følge med på heimesida deira.

fredag jan 09, 2009

Heil og vakker i halve hjernen

Bloggdronning Drusilla la ut dette vesle foredraget med hjerneforskar Jill Bolte Taylor som sin til no aller siste bloggpost.

Når Chevalienne og mettebergsommann leikar med språk og røynd her på bloggen, får eg lyst til å dele med dykk. For språket vårt og oppfattinga av alt i og rundt oss, inklusiv opplevinga av at det faktisk fins ei verd som er atskilt frå oss, er alt saman i hjernane våre. Og det er ikkje slik at den måten me opplever verda på er den einaste opplagt logiske. Det er ikkje eingong slik at den måten me oppfattar verda på er den einaste vår eigen hjerne er i stand til å vise oss. Hjernen vår kan meir, og det avslører den når dei overstyrande funksjonane blir slått av.

Høyr Bolte Taylor si historie om kva som skjedde med røynda hennar då hjerneforskaren fekk oppleve eit hjerneslag frå innsida.

http://www.ted.com/talks/view/id/229

tirsdag jan 06, 2009

Stille mellom orda

Romanen sluker meg, fyller meg med forteljing. Eg blir rive med av hendingar, spenningar, karakterar. Orda tek all plass, refleksjonsrommet blir invadert, eg er og eg les.

Poesi står midt på boksida med tomrom kring seg. Eg les, eg sluttar å lese. Eg sit i mitt eige refleksjonsrom, og det er stille kring meg.

Poesi krev at eg orkar meg sjølv.

 

Stilhed

Stadig mere altid
tonløse timer
som flormelis' fald
på linoleumsborde
formiddage uden lugt

stadig mere altid
viser døden
sig i dette reservat
af genkendeligheder

medens iris dækkes
af pulver så fint
af støv så hvidt
lever jeg i sprogets celler
i dets væv tilbageviser jeg stilhed.

- Pia Tafdrup

lørdag jan 03, 2009

Sluttspurt

Ferdig manus. Det vil seie: Ferdig er eit relativt omgrep, har eg lært. Ekstern konsulent har lese ferdig manus, og har nokre innvendingar. Ikkje mange, men dette er ei svær og omfattande historie med ein røys med folk, mytologi, storpolitisk spel, relasjonar på kryss og tvers, og informasjon som lesaren må ha og bør ha undervegs for å henge med. Sjølv "små endringar" får ringverknader, og eg grublar. Tek meg saman, fell ut, les manus, får briljante idear, ordnar opp, grublar litt igjen og lurer på om det briljante eigentleg var teit. Kva i all verda skal eg gjere med bestemora, korleis skal eg få svogeren til kong Brage av Blåinn inn i forteljinga tidlegare, korleis skal eg unngå at Svart-Hubro "forsvinn" litt i slaget?

Eg lagar meg ein kopp kaffe, ringer Caterina, snakkar for lenge i telefonen, røyker for mykje. Tek meg saman igjen. Flyttar eit avsnitt, strammar inn. Hm. Blei det eigentleg betre?

Ferdig manus. Snart er eg der. "Snart". Berre ein månad med språkvask, ein månad med korrekturlesing. Så er det over. Så begynner noko heilt anna.

Eg tenker på det, tenker ikkje på det. Men det kjem, samma faen. Lanseringa. Sjekke eposten og mobilen, håpe ein eller annan journalist tek kontakt. Ringe forlaget og spørre med skjelvande røyst om dei veit om det er solgt nokre bøker? Eller så er det heilt annleis. Eg anar ikkje, eg er debutant. Ikkje tenke på det no. Bestemor Gerd, kva gjer eg med soga hennar, perspektivet, skal nokon andre få æra av å fortelje Ragna om foreldra hennar?

Og så vil eg så frykteleg gjerne få fortsetje. Skrive andre delen, Song for Eirabu II. Gjere verket ferdig. Men det trengs pengar. Eg må jobbe, eg må finne ein måte å kombinere, eg må ringe sjukehuset på mandag og høyre om dei kan bruke meg ei tid, kanskje lenge, kanskje litt meir fleksibelt, eg veit jo ikkje kva framtida vil by på.

Ferdig manus. Ei dør på gløtt der framme, ei strime lys mest utan informasjon. Kva er det der ute? Etter debuten? Etter lanseringa? Eg reknar jo ikkje med at det fins gull og grøne skogar utanfor den døra, men eit eller anna er det jo. Noko.

Ikkje tenke på det no. Gjere ferdig manus. Logg av, Tofte. Kom deg tilbake til OpenOffice og to opne dokument som ventar. Song for Eirabu I og redaktøren sine siste innspel. Fokus.

Kanskje eg treng ein kopp kaffe.

 
© Kristine Tofte